DVD «Glimt frå Stordø
Kisgruber 1960»
I boka på 136 sider med format 22×21 cm vert soga om den elektriske jernbanen mellom Litlabø og Grunnavågneset presentert, i tillegg til dei små toga som frakta steinmassar og varer i og utanfor gruva. Og endeleg er soga om korleis Venelaget for Gruo ved iherdig dugnadsinnsats klarde å rekonstruera ein del av gruvejernbanen nedteikna. For nærare presentasjon og omtalar, sjå her.
Pris: 300,-.
Boka «Nye og gamle spor i Gruo»
Ny DVD – utgitt 2011 – med unike filmopptak frå Stordø Kisgruber. Tor Resser dokumenterte gruveanlegget med 16 mm fargefilm i 1960. No, 50 år seinare, er opptaka digitaliserte og redigerte. Det vert lese kommentarar til filmen, og kombinasjonen av film og kommentarar gir ein flott presentasjon av gruveanlegget. Det vert synt unike opptak frå både heishuset, lasting i gruva, tipping av vogner i sjakttårnet, kvinnene som plukka ut gråberg på skeideanlegget, vaskekassar og herdebord i vaskeriet, og ikkje minst av den elektriske jernbanen og utskipingskaien.
Filmen har 7,5 minutt speletid.
Pris: 250,-
Boka «Gruva – Litlabøsamfunnet gjennom 100 år»
Boka vart i utgangspunktet gjeve ut av Stord kommune i 1991. Venelaget for Gruo fekk overta restopplaget frå kommunen for nokre år sidan. No er det ikkje så mange eks. att før boka er utselt. Er du interessert i tett lokalhistorie frå eit fare samfunn, sikra deg boka.
Pris: 300,-