Lok Blåmann med skuleklasse på tur inn i fjellet og parkert ved stasjonen. Foto Tor Resser ©
Jernbanen er ein viktig del av eit levande og spennande gruvemuseum. Dei små toga på gruveplanet og på banen mellom vaskeriet og utskipingskaia på Grunnavågneset var eit markant innslag som mange på øya vil minnast med glede. Samstundes representerer banedrifta ein viktig del av den tekniske kultursoga.
Banen er smalspora med sporvidde 600 mm, som alltid var brukt ved Stordø Kisgruber. Venelaget har bygt tilsaman 250 meter bane frå Gruo stasjon til stoll-opninga bak Snikkarverkstaden, pluss sidespor inn til lok- og vognstallen. Vidare kan det køyrast tog 250 meter inn i stollen og 50 meter inn i stollen ved sjakttårnet.
Jernbanen knyter på ein naturleg måte saman mange av dei gamle bygningane som ligg på rekkje og rad på gruveplanet og som alle fortel kvar sin del av historia frå gruvetida: Heishuset, stigerkontoret, sjakttårnet med steinknusar, smio og snikkarverkstaden.
Tre vogner til persontransport og spesialvogn for rullestolar er bygde på dugnad. Graving, grusing og legging av sviller og skjener er og gjort ved dugnadsarbeid. Me har fått i gåve ei god mengde jernbaneskjener frå Nittedal Torvindustri i Solør og frå Os kommune i Hordaland. Sviller vart kappa ved Litlabø sag.
Meir detaljert om jernbanen kan du lesa i boka - Nye og gamle spor i Gruo av Per Ivar Tautra.