Ta kontakt
Send oss ei melding
Lag, organisasjonar, skuleklassar, barnehagar og andre kan få omvising i Gruo.
Minste gruppe 10 personar. Full pakke omvising er først informasjon om det tidlegare gruvesamfunnet på Litlabø og korleis oppveksten for borna som budde der var. Deretter vert det togtur inn i Høgåsen og vandring i gruvegangane med forteljar. Heile omvisinga med orientering og vandring tek eit par timar. For barnehagar vert opplegget noko kortare då togtur i fjellet nok er det kjekkaste.
Ta med varme klede då temperaturen i gruvegangane er frå tre til fem grader.
For å bestille omvising, leige av Heishuset og andre førespurnader:
Kontaktperson: Torbjørn Marthinsen,
mobil: 994 99 457, e-post: stiger@gruo.no
Ver tidleg ute med spurnader/tingingar.
OBS Ver merksam på at Venelaget for Gruo ikkje tek imot omvisingar i månadene desember, januar og februar.