- Mange av medlemene i laget er fødde og oppvoksne i ”Gruo”, eller er etterkomarar av gruvearbeidarar, men etter kvart har også andre fått interesse for og glede av å ta del i arbeidet. Laget har i dag om lag 140 medlemer.
- Første oppgåva for Venelaget var å vera pådrivar til at snikkarverkstaden og stigerkontoret vart berga og restaurert, noko som skjedde med økonomiske midlar frå «Stord i utvikling». Venelaget fekk deretter reist monumentet over gruvearbeidaren, laga av Arne Mæland i Os og avduka 1. mai 1996.
- I 2004 rydda Venelaget mange turstiar i gruveområdet, og i 2005 sette me lys på sjakttårnet frå 1928.
- Venelaget for Gruo arrangerer ofte guida turar for grupper på gruveområdet og i fleire av bygningane.
- 15 -20 personar i ulike aldrar møtest kvar måndag klokka 18 til aktiv innsats. Elles er folk i sving fleire dagar i veka etter behov. Mellom dei aktive er mange ulike kompetansefelt representert: Røyrleggjar, elektrikar, bygningskyndig, mekanikar, sveisar, maskinkøyrar, landmålar, pedagog, geolog, … Det verdfulle mangfaldet gjer oss i stand til å løysa dei oppgåvene me til ei kvar tid støyter på.
- Trass i mangfaldige timar med dugnadsinnsats, sponsing og gode tilbod frå ulike leverandørar og samarbeidspartnarar, vil Venelaget for Gruo trenga både hjelp, støttespelarar og økonomiske midlar for å kunna nå dei måla som er skisserte. Me vonar at du ser verdien av å nå måla me har for gruvesamfunnet på Litlabø, og difor vil støtta opp om arbeidet vårt.
- Me har plass til og behov for alle!
Me ønskjer spesielt nokon som kan vere med som omvisarar, høyrast det spanande ut ta kontakt!
- Vil du ha meir informasjon, eller ønskjer omvisning, ta kontakt!
Kontaktpersonar:
Leiar: Torbjørn Marthinsen inn: Tlf. 994 99 457/53 49 34 03
Kasserar: Ingvild Skaret Sortland, mobil 950 76 284
Adresse:
Venelaget for Gruo
Gruva 11
5415 Stord
Epost:
stiger@gruo.no
Organisasjonsnummer:
Org.nr. 989 633 759
For omvisingar/leige av Heishuset, ta kontakt på e-post : stiger@gruo.no
Venelaget for Gruo ønskjer fleire støttemedlemer både aktive og passive. Så snart kasserar har registrert summen på konto, er du medlem i venelaget.
For einskildpersonar kostar medlemskapet kr. 200,00 pr. år og kr. 250,00 for familiar.
Velkomen skal du vera.