Det har vore langt og lenge mellom skuleklassar som har vore på omvising hjå Venelaget for Gruo i år. Årsaka er openberr, Covid-19 pandemien. Men torsdag rulla 64 elevar og seks lærarar frå 5. klasse ved Langeland skule, dei fleste på sykkel, opp framfor Heishuset. Gjestene vart leia inn i Heishuset på rekke og rad og i døra fekk dei nokre dråpar desinfeksjonssprit i nevane. Leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, ønskte velkomen, fortalde om gruo den gongen og filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Kvar klasse entra toget med Thor Hauglid som lokførar, og vart køyrt i tre puljer inn i Høgåsen. Der vart dei tekne imot av forteljar og omvisar på tur inn i Sadalen gruve. Stort sett var elevane interesserte i å høyra om gruva og arbeidet der.
Fem born, som har siste året i barnehagen, og to vaksne frå Nysæter barnehage vitja Venelaget for Gruo måndag. Dei vart tekne i mot av leiar i laget Torbjørn Marthinsen. Han fortalde bitte lite om gruva og kor lange gangane er. Filmen vart synt før borna skreiv seg inn i gjesteboka. Hjelmar på hovudet og toget vart entra med Thor Hauglid som lokførar. Han tok følgjet inn i Høgåsen gruvegang og ut att til portalen. Vandringa inn til den blå grotte vart noko utanom det vanlege då lyset var gått i gangen. Det vart vansdring i mørkret med lommelykt og hjelmlykt. I grottta som ikkje var blå men svart då det ikkje var lys, song dei ein song. Ute i Heishuset att fekk dei diplom for å ha vore i grotta, av Ivar J. Helleland.
Geir Magne Hamnes med gul hjelm, var forteljar og omvisar for klasse B med Jarle Lorentsen som baktropp. Her i den store hallen i Sadalen gruve.
Ein venegjeng med Britt og Torger Tvedten som vertar, vitja Venelaget for Gruo laurdag. I fleire år har gjengen m.a. vore på Kanariøyane og gått fotturar der. I år var ikkje det mogeleg, difor Stord og m.a. Gruo.
Gjestene vart mottekne av leiar for VfG, Torbjørn Marthinsen. I Heishuset noterte dei seg på mogeleg smittesporingsliste og antibakka seg. Filmen om Stordø Kisgruber i 1960 vat synt og Marthinsen fortalde om anlegget, før turen gjekk inn i stoll Sadalen, med meir informasjon frå leiaren på vegen. I gjengen var det både tilreisande og lokale vener. Dei uttrykte alle vel om omvisinga.
21. mai, Kristi Himmelfartsdag, hadde Nysæter og Stord kyrkjelydar planlagt friluftsgudsteneste i parken ved Stordø Kisgruber. Covid-19 utbròtet sette stoppar for det. Ny dato vart sett til sundag 21. juni, men då var det regn og lite eigna til gudsteneste ute. Men kyrkjelydane gav seg ikkje, ny dato, 30. august vart sett og dagen rann, om ikkje med skinnande sol, ho kom om ettermiddagen, vart gudstenesta halden i parken.
Etter avtale med Venelaget for Gruo, vart det ope Heishus, omvising i Sjakttårnet, like til topps, og omvisng i fjellet under tårnet. Til stades for VfG var Geir Magne Hamnes, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen. Til saman 30 personar var innom Heishuset og skreiv seg på smittevernregistrering før dei fekk puljevis tilgang til omvising. Borna som hadde vore til topps i tårnet, fekk tårndiplom då dei kom ned.
Sundag hadde VfG storfin vitjing frå Dresden i Tyskland. Matthias Richter og sambuar Ute Meneses hadde teke turen til Stord medan dei ferierte på Tysnes. Matthias Richter er ingen kvensonhelst for VfG. Det var nemleg frå han VfG fekk det vesle grøne loket «Geito».
Soga om «Geito» er lang, men krot fortald fekk han i byte ein «rustklump» av eit Montania-lok som var henta ut frå gruvegangane i Høgåsen i 1995 mot at VfG fekk «Geito». Det var av same type som eit lok som gjekk i Gruo på 1940 og -50 talet. «Geito» kom til Gruo i juni 2005.
Richter var attende i Gruo i 2008 for å «helsa på» Geito. Den gongen var det smått med spor å køyra loket på, difor ønakte han å koma attende i år då han var på Tysnes lkevel. Gjestene fekk køyra tog til endes på sporet i Høgåsen gruvegang, kring 250 meter inn i fjellet, og fekk omvising med Ivar J. Helleland, både der, i Sadalen gruve og i Sjakttårnet.
Gjestene var storlegen nøgde med vitjinga då dei reiste. Matthisa Richter arbeider med å restaurera «rustklumpen» han fekk i 2005. Når arbeidet er ferdig, vil han invitera VfG til Dresden for å sjå lokomotivet. Det skal vera det einaste av sitt slag att.
Du kan lesa meir om soga til «Geito» i Per Ivar Tautra si bok Ny og gamle spor i Gruo, side 100 og følgjande.
Andre opne dag i Sjakttårnet hjå Venelaget for Gruo i samband med Geopark Sunnhordland sine aktivitetsdagar for born. Det var få som vitja VfG og Sjakttårnet første opne dag for ei veke sidan, færre på andre opne dag torsdag, berre ått personar, sju av dei klatra tårnet til topps. Litt skuffande , men det heile har vore etter måten dårleg utlyst. VfG hadde lagt meldinga ut på Facebooksida, utan at det hadde særleg verknad. Like fullt, dei som kom fekk ei fin oppleving, dei vart også tekne med i fjellet under tårnet, for å få ei kjensle av korleis det var å arbeida i gruva.
Vel nede og ute att vart gjestene servert kaffi, saft og nysteikte lappar av Ingvild og Britt ute framfor Heishuset i den fine varme sommardagen.
Som ein lekk i Geopark Sunnhordland sine aktivitetsdagar for born i sommar, opma Venelaget for Gruo Sjakttårnet for omvising torsdag. Så overvettes mange var det ikkje som hadde funne vegen til Gruo, men til saman møtte det ni personar som vart tekne i to grupper. Først ut var familien Christophersen frå Finnøy i Rogaland. Dei var på ferie i Fitjar og hadde googla seg fram til Gruo. Der måtte dei først skriva seg inn på liste med namn og telefonnr. i tilfelle smittesøking, noko som vert gjort med alle som vitjar VfG i tida framover.
Ivar J. Helleland tok familein med i tårnet, like til topps, og nede att inn i stollen under tårnet, for å få sjå litt av fjellet frå innsida. Etter omvisinga vart set gjeve tydeleg uttrykk for at dette hadde vore kjekt, særleg for borna.
Den andre gruppa, to vaksne par, fekk omvising med Torbjørn Marthinsen som omvisar, og gjekk same ruta som familien.
Venelaget for Gruo opnar Sjakttårnet for omvising også komande torsdag 13. august mellom klokka 1100 og 1400.
For eitt års tid sidan var Bergen Amcarclub i kontakt med Venelaget for Gruo om å vitja Stordø Kisgruber og omvising i gruvegangane laurdag 13. juni. VfG svara positivt, men så kom koronkrisa og heldt på å setja stoppar for heile turen. Men i siste liten vart det opna for samling av eit femtitalspersonar når smittevernreglane vart følgde. Laurdag laina 15 amcarar frå byd’n opp framfor heishuset. Ut «myldra» 32 personar, karrar og damer, og vart tekne imot av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Dei vart tekne inn i Heishuset, plassert fire ved kvart bord slik at meteren og vel så det vart følgt.
Filmen Glimt får Stordø Kisgruber vart synt før gjesten vart delt i to grupper av dei 22 som ønskte tur inn i fjellet. I og med krononarestriksjonane, måtte omvisinga delast og for VfG vart det ei utfordring å få to omvisarar med revediltarar. Men Rune Marcussen, som ikkje har vore omvisar tidlegare, tok utfordinga på stark arm og tok med den eine gruppa medan Torbjørn Marthinsen tok den andre.
Attened i Heishuset serverte Ingvild Skaret Sortland og Britt Furre betasuppe, kaffi og kringle. Gjestene takka for interessant og spanande omvising
Utetter mai månad var 1. klasse, 5. klasse, 6. klasse og 7. klasse ved Litlabø skule på omvising i Sjakttårnet. Med det har alle elvane ved skulen fått vita meir om gruvesamfunnet som ein gong var i bygda. Omvisar og forteljar alle gongene var leiar av Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen.
Tre dagar, måndag, tysdag og torsdag denne veka har leiar av Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen, teke med seg tre klassar, 4. 2. og 3. frå Litlabø skule på omvising i Sjakttårnet og gjeve informasjon om korleis det var i området medan det var gruvedrift.. Tiltaket er gjort mellom anna for å knyta eit tettare band mellom skulen og VfG då skulen er næraste granne. Til saman 51 elevar og 7 lærarar og assistentar var med.
Christer Steffensen var interessert i å få omvising i Gruo på Øvre Litlabø og vende seg til Venelaget for Gruo med spørsmål om det var mogeleg. Steffensen fortel at han har litt nerdete intersser, mellom anna om gamle, tidlegare gruver/skjerp og gruvesamfunn. Planen og målet er ein gong å få gjeve ut bok om tidlegare gruver i det som i dag heiter Vestland fylke. Han bur på Frekkhaug i Nordhordland og driv som freelans videofotograf. Målet med turen til Gruo var i hovudsak å fotografera, og få vita litt om historia. Han vart motteken av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen og Geir Magne Hamnes som tok Steffensen og kona Sandra på omvising under Sjakttårnet ved heissjakta, til Høgåsen gruve og Sadalen gruve. Deretter gjekk dei på «sjølvstyr» i dagen opp til storsynken i Høgåsen. Steffensen var elles interessert i alt som måtte vera av tidlegare gruver og skjerp på Stord, ein del hadde han alt funne ut sjølv.
Ei litt uvanleg omvising i dag tysdag. Ei omvising for heile Vestland fylke (og vidare med), for dei som måtte sjå på NRK Vestland midt på føremiddagen. Det hadde seg nemleg slik at leiar VfG, Torbjørn Marthinsen, fekk telefon frå journalist Oddgeir Øystese måndag, om han kune koma og laga ei direkte straumesending, live, som det heiter, frå Gruo. Leiaren svara ja meir eller mindre på sparket og tysdag kring trekvart time før sending klokka elleve, svinga NRK- bilen med Oddgeir Øystese og fotograf Anette Berentsen inn på plassen med lokstallen.
Torbjørn Marthinsen tok journalist og fotograf og alle sjåarane på ein runde opp til øvste avsats i Sjakttårnet, inn i Heishuset der m.a. raidet på Stordø Kisgruber i 1943 vart omtalt, Børtveitaggregatet, arbeidarfanene, den 490 millionar år gamle fjellformasjonen i Sadalen og meir. Det heile vart avslutta med togturn til portalen i Høgåsen. Inn i stollane var det ikkje vits å gå då dei direkte fjernsynssignala ikkje ville nå fram til sendar i Bergen så alikevel. Vona er at NRK kjem attende og lagar ein full reportasje om Gruo og VfG.
Torbjørn Marthinsen var ein framifrå fortelja, kjenner det meste ut og inn, Oddgeir Øystese hadde tydeleg sett seg inn i mykje av materien kring gruene slik det gjekk fram av spørsmålsstillinga. Fotografen Anette Berentsen gjorde ein kjempejobb med å formidla bilete heile vegen, ikkje minst opp dei tronge og stundom kronglete trappene til toppen av Sjakttårnet, og ned att.
Det nærmar seg ein tradisjon, no, at Sagvåg Maritime Fusa Barnehage er dei første som kjem på omvising hjå Venelaget for Gruo i eit nytt år. Torsdag kom 16 born og fire vaksne, frå gruppene Bleksprut blå og Sjøstjerne gul, dei som skal slutta i barnehagen til sommaren, til VfG. Leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, tok i mot og ønskte gjestene velkomne i Heishuset. Dei fekk sjå ein kort videosnutt frå avslutninga for dei eldste borna frå SMFB i hallen i Høgåsen i fjor. Etter ein kort samtale mellom borna og Ivar J. Helleland, vart filmen om Stordø Kisgruber 1960 synt. Etter at gjestene hadde skrive namna i gjesteboka fekk dei hjelm på hovudet, entra toget og vart køyrt inn i stoll Høgåden med Torbjørn Marthinsen som lokførar. Ved utgangen tok Ivar J. Helleland over og vart omvisar og forteljar inn til den Blå grotte. Vel ute i Heishuset att, var det tid for nistemat.
Torbjørn Marthinsen kunne fortelja at då ha var på veg ut gjennom stollen for å sløkka lyste, for at borna skulle få sjå kor mørkt det er i gruvegangane, møtte han på to flaggermyser.