Sterk internasjonal vitjing til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. 14 tilsett i firmaet Cognite A/S ønskte omvising i gruo. I utgangspunktet var dei på synfaring på Kværner. Gruppa hadde eit par timar ledig og hadde fått tips om at ein tur til VfG hadde noko for seg. Cognite A/S er eit norsk IT-selskap med base på Lysaker. Firmaet er berre eit par år gamalt, skipa 7. desember 2016. Til saman har firmaet 120 tilsette frå til saman 22 land. Maria Sviggum var leiar for gruppa som i hovudsak var praktikantar i firmaet. Dei var frå, forutan Noreg, China, India, Singapore, Canad, Tyrkia og USA.
Gruppa vart motteken og ønskt velkomen av leiaren i Vfg, Torbjørn Marthinsen. Ansgar Vedå synte filmen om Stordø Kisgruber før Ivar J. Helleland fortalde på engelsk om gruo. Dei fekk hjelm og jakkar før Torbjørn Marthinsen tok dei på toget inn i fejlelt. Fotturen gjekk til Sadalen gruve og den store hallen med Ivar J. Helleland som omvisar og forteljar.
Torsdag fekk Venelaget for Gruo vitjing av dei eldste borna frå Sagvåg barnehage avd. Nysæter. Saman med tre vaksne hadde dei åtte borna gått like frå Nysæter kyrkje til Gruo, i regn. Men dei var like glade for det, då dei kom fram, og inn i Heishuset. Der vart dei tekne imot og ønskt velkomne av laiaren i VfG, Torbjørn Marthinsen. Dei sat som lys og følgde med då filmen om Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Ivar J.Helleland hadde samtale om laust og fast med borna før dei fekk hjelm og vart køyrt inn i fjellet med toget og lokkførar Thor Hauglid. Turen i fjellet gjekk til den blå grotte. Der fekk dei oppleva kor mørkt det vert når lyset vert sløkt. Som takk for turen framførte borna ein song før dei gjekk ut att til toget.
Vel attende i Heishuset kviterte ein av dei små, då han gav frå seg hjelmen , at «det var litt av ein dag». Tydeleg at det hadde vore vellukka. I Heishuset hadde borna nistepause før turen gjekk attende til Nysæter.
Eit forprosjekt held på å undersøkja om det er mogeleg å får til ein Geopark i Sunnhordland. Der kan Bømlo med sitt steinrike, Stord med Stordø Kisgruber og steinparken i Kvinnherad vera viktige område. Onsdag var ein delegasjon på vitjing ved Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Pådrivar for ein Geopark Sunnhordland er Brynjar Stautland frå Bømlo. Med seg har han Samarbeidsrådet for Sunnhordland. Vert det noko av parken, vert Bømlo med amfiet det administrative sentert . Ifølgje Wikipedia er geopark :
Eit område som må kunne syne korleis dei geologiske føresetnadane har påverka biologisk mangfald, landbruk, busetnad, industriutvikling, samferdsel og kultur.
Gjestene fekk sjå gruvefilmen frå 1960. Brynjar Stautland orienterte om geopark og kva mogelegheiter der kan vera, før turen gjekk inn i fjellet og til Sadalen gruve. Ivar J. Helleland og Thorbjørn Marthinsen var omvisarar og forteljarar.
Fredag ettermiddag i firetida rulla ein stor Tide-buss inn framfor Heishuset ved Stordø Kisgruber. Ut «velta» 30 personar, frå Erko Settefisk, som var på blåtur. 14 av deltakarane var tilsette ved Erko settefis i Grunnavågen, Sagvåg. Resten kom frå konsernkontoret i Bergen. Gjestene vart mottekne av leiar av Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen. Ivar J.Helleland gav ei kort-kort innføring om Stordø Kisgruber og kiskaien i Grunnavågen. Ansgar Vedå «sveivde» igang Gruvefilmen før gjesten fekk hjelm på hovudet og vart køyrd inn i fjellet i toget. Gruppa vart delt i to med Ivar J.Helleland som omvisar i den eine og Torbjørn Marthinsen i den andre, innover i Sadalen gruve. Vel komne ut att fôr bussen vidare på blåturen til ukjend stad.
6. klassesteg frå Langeland skule, 51 elevar og lærarar, vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo torsdag. Det er første gong skulen tek turen til gruo. Voneleg ikkje siste. Dei allar fleste sykla om Sagvåg. Dei vart mottekne av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Knut Inge Øien Hovin køyrde filmen om Stordø Kisgruber 1960. Etter ønskje frå elevane, fortalde Ivar J. Helleland om raidet på Stordø Kisgruber natta 24. januar 1943. Han budde på Gjerde og kom tett på hendinga.
Gjestene fekk hjelm på hovudet og fekk togtur med Thor Hauglid som lokførar, inn i stoll Høgåsen. Ved inngangen, etter tur inn i stollen, gjekk turen til fots inn i Sadalen gruve. Wilferd Sætre var omvisar for klasse a med Knut Inge Øien Hovin som ankermann. Torbjørn Marthinsen var omvisar for klasse b med Ivar J.Helleland som ankermann.
Som de kan lesa i saka under, hadde Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo vitjing av 37 geologar som var med på ein større konferanseom gruvedrift i havet. I etterkant fekk VfG denne meldinga frå leiaren av konferansen, professor Rolf Birger Pedersen:
Mange takk for en flott omvisning.
Gjestene våre gav utrykk for at de syntes det var særs interessant og fasinerande å komme inn i en gruve som denne.
Venelaget takkar for den fine attendemeldinga
Storfin vitjing til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo fredag. Universitetet i Bergen har denne veka internasjonal konferanse med kring 200 deltakarar om gruvedrift i havet. UiB ville ha ekskursjon til mellom anna Stordø Kisgruber for å fortelja om forekomsten av svovelkis og gruvedrifta. Professor Rolf Birger Pedersen var leiar for 37 deltakarar frå kring 10 nasjonar. Mellom anna frå Korea, India, Kina, New Zealand, Russland (Vladivostok), USA, Canada , England .
Gjesten vart tekne imot og helsa velkomne av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Ivar J. Helleland orienterte kort om Stordø Kisgruber før Ansgar Vedå køyrde filmen om Stordø Kisgruber frå 1960. Deretter gjekk turen inn i Sadalen gruve der professor Rolf Birger Pedersen orienterte.
Stord kommune er med i eit nærmiljøprosjekt som skal fremja folkehelsa. Onsdag og torsdag var det prosjektsamling på Stord for dei fire kommunane i Hordaland som er med i prosjektet, og fylkeskommunen. Onsdag ettermiddag var 12 av deltakarane på vitjing hjå Venelaget for Gruo, mellom anna for å få informasjon om kva VfG driv med. Leiar i venelaget, Torbjørn Marthinsen, ønskte gjestene velkomne før dei fekk sjå filmen om Stordø Kisgruber. Ivar J. Helleland snakka om kva han meinte var god folkehelse, og ein av dei alle viktiga faktorane var trvisel, på alle plan.
Deltakarane vart tekne med på synfaring til fots i dagen og i Høgåsen gruve. Tydeleg var trivselen høg på synfaringa, noko som skulle gjera godt for deira helse.
For andre gong vitja Hørselshemmedes Landsforbund Fitjar/Stord Stordø Kisgruber og Venelaget for grua. Første gong var i oktober 2013. Turen var den årlege utflukta laget bed medlemen inn til. 31 medlemer hadde takka ja til turen. Hjå venelaget fekk gjestene sjå filmen om gruva i 1960.
Frå omvisinga i Sjakttårnet, inn frå plata. Omvisar og forteljar Ivar J. Helleland med blå kjeledress til høgre. Båe bileta foto Tor Resser ©
Etter ønskje frå HLF Fitjar/Stord heldt Ivar J. Helleland kåseri om raidet, som han sjølv opplevde, på Stordø Kisgruber 24. januar 1943. Det vart servert betasuppe, før det var togtur inn i Høgåsen gruve, og ut att. Deretter omvising i Sjakttårnet og Arbeidarbustaden. Etter omvisingane vart det servert kaffi og kringle. HLF la sjølv ut teleslynge slik at alle høyrde godt kva som vart sagt frå kåsøren.
Venelaget for Gruo fekk gode attendemeldingar frå HLF Fitjar/Stord etter vitjinga.
Første omvisinga i haust vart av det meir eksklusive slaget. 10 Morgan-bilar frå Bergen Morgan Klubb ønskte å sjå kva Venelaget for Gruo kan by. Gjestene, 20 i talet, sjåfør med sidekvinne, vart vel tekne imot i Heishuset av leiar for VfG Torbjørn Martinsen.Gestene inntok medbrakt niste og kaffi frå venelaget medan Ansgar Vedå synte filmen om Stordø Kisgruber 1960 og leiaren deretter fortalde om gruvesamfunnet den gongen.
Gjestene vart hjelma opp før togtur inn i Høgåsen gruve. Der tok Wilfred Sætre over som omvisar og forteljar både inne i fjellelt og om bygningane på utsida. Gjestene var storlegen imponert over kva dei fekk sjå og vera med på, og gav stor skryt til venelaget for arbeidet det legg ned. Venelaget takkar for godorda. Gjesten drog vidare til Ryvarden fyr. Laurdag gjekk turen vidare til Sauda, Odda og Tyssedal før dei venden kursen heim mor byd’n sundag. Ei takk til Rune Johannessen som endå ein gong måtte leita fram lyset i gruvegangane. Det var stabilt så lenge omvisinga varte.
Vitjing frå Canada
Oldefar til Marilyn (Hanson) Lappi, Hans Olsen Braaten, arbeidd seint på 1800-talet ved Stordø Kisgruber. Han kom opphaveleg frå Vågå og gifta seg med Sofie Madsdatter Hystad frå Stord. Han døydde i 1882 og kona med familien emigrerte til USA i 1889. Ei grein av familien drog seinare til Canada. No ønskjer Marilyn(Hanson) Lappi å finna attende til oldefaren sine røter på Stord. I den samanheng ønskte ho og delar av familien å sjå kor olderafern arbeidde.
Onsdag ettermiddag vitja fem medlemer av familien Stordø Kisgruber. Dei vart mottekne av Ivar J. Helleland i Venelaget for Gruo, som synte dei rundt. Inn i fjellet ønskte dei ikkje å gå. Derimot var dei svært interessert å sjå kor oldefaren arbeidde. Helleland tok dei med til Storsynken der oldefaren høgst truleg arbeidde sett ut frå tida han var på Stord. Turen gjekk i området rundt Storsynken som er 160 meter lang. Gjestene var òg interessert i korleis arbeidarane budde den gongen på sluttaen av 1800-talet. Så gamle bygningar er ikkje på Litlabø, nærast er den restaurerte arbeidarbustaden frå tidleg 1900-talet og fekk omvising også her.
5. klasse frå Sagvåg skule vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo onsdag. I Heishuset vart dei 11 elevane og to lærarane mottekne og ønskt velkomne av Ivar J. Helleland. Han fortalde litt om gruvene, då dei vart drivne, og fekk i gang ein samtale med elevane. Dei var særdeles oppegåande, visste mykje og spurde mykje. Dei fekk sjå gruvefilmen frå 1960 før dei vart hjelma opp og gjekk på toget som køyrde dei inn i stoll Høgåsen. Ute ved portalen att vandra gjestene med Ivar J. Helleland som omvisar og forteljar, inn i Sadalen gruve.
Ein tradisjon er det vorte, at Bakken barnehage i Fitjar kjem med borna som skal slutta i barnehagen i sommar, til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Tysdag fekk venelaget vitjing av 13 born og fire vaksne for å få omvising. Ivar J. Helleland ønskte velkomen, samtalte litt med borna før dei fekk sjå filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960.Gjestene følgde interessert med i kva dei fekk sjå. Etter å ha fått hjelm på hovudet, sette dei seg på toget og med Torbjørn Marthinsen som lokførar, gjekk turen inn i stoll Høgåsen. På vandringa inn til den Blå Grotte var Ivar J. Helleland forteljar og omvisar.Inne i grotta vart lyset sløkt ei lita stund, slik at borna fekk oppleva kor mørkt det vert inne i fjellet. Før turen gjekk ut att song borna om spøkelse.
Attende ved Heishuset var det nistetid ute i sola. Borna fekk diplom for å ha vore i grotta.
11 born og to vaksne frå Tjødnalio barnehage i Sagvåg vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo måndag. Borna sluttar i barnehagen i sommar og byrjar på skulen til hausten. Ivar J. Helleland ønskte gjestene velkomne til Gruo og hadde ein kort samtale med borna. Filmen om arbeidet ved Stordø Kisgruber 1960, vart synt. Borna sat som lys og følgde godt med. Dei fekk hjelm på hovudet og vart køyrt inn i stoll Høgåsen på toget med Torbjørn Marthinsen som lokkførar.
Ivar J. Helleland var omvisar og forteljar gjennom gruvegangane til den Blå Grotte. Der vart det skapt spenning då lyset vart sløkt og borna fekk oppleva kor mørkt det kan vera i gruvene. Borna kviterte med ein song før turen gjekk ut att til toget og vidare til Heishuset. Derfrå gjekk borna ned til friområdet ved Storsvatnet der dei åt nista. Som prov på at dei har vore i den Blå Grotte, fekk dei diplom.
Onsdag vitja 59 elevar og tre lærarar frå Nysæter ungdomsskule Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, ønskte velkomen og gav kort informasjon om anlegget før gruvefilmen frå 1960 vart synt. Etter å ha fått hjelm på hovudet vart dei tre klassane tekne med inn i fjellet, først med tog, deretter til fots i Sadalen gruve. Ivar J. Helleland var omvisar for klasse A, Wilfred Sætre for klasse B og Torbjørn Marthinsen for klasse C.
79 elevar og lærarar frå Nordbygdo ungdomsskule, vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo tysdag. Dei sykla heile vegen om Heiane og Sagvåg til Litlabø. Der vart dei tekne imot i Heishuset av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Han gav ei kort orientering om den tidlegare verksemda og huset dei var i.
Filmen om Stordø Kisgruber 1960 vart synt før gjestene vart hjelma opp. Elevane vart delt i tre grupper, etter klassane på skulen, A,B og C med Ivar J. Helleland som omvisar for klasse A, Wilfred Sætre for klasse B og Torbjørn Marthinsen for klasse C. Inn i fjellet vart dei køyrt på toget med Thor Hauglid som lokførar. Omvisinga gjekk i Sadalen gruve.
Dei fleste skular med avgangsklassar har ofte markering når skuleåret er til ende. Dei 15 eldste borna ved Sagvåg Maritime FUS Barnehage går i vår ut av barnehagen og byrjar til hausten på skulen. Avslutninga vart markert torsdag ettermiddag ved Stordø Kisgruber. Borna har tidlegare i år vore på omvising i gruo, og har hatt særoppgåve i barnehagen om gruo, og kan mykje om verktsemda. Sagvåg Maritime hadde leigt Heishuset til avslutninga der foresette til borna, og andre med familier tilhøyring, var bedne inn. Det heile byrja med vandring, 67 kvite hjelmar på små og store hovud, inn i den store hallen i Høgåsen gruve. Der heldt avgangsborna songkonsert som enda med stor fagning frå tilhøyrarane. Vel attende i Heishuset vart det fest.
Venelaget for Gruo tok imot 5. klasse frå Rommetveit skule ved Stordø Kisgruber tysdag. Sjølv med ordentleg sommarvarme i lufta, hadde klassen førebuddseg godt og teke med varme kled, for inne i gruvegangane var det berre tre-fir varmegrader. I Heishuset tok leiar i VfG, Torbjøtn Marthinsen, imot gjestene 31 elevar tre lærarar og to forelder. Leiaren fortalde litt om verksemda den gongen, før filmen om gruvedrifta frå 1960 vart synt.
Godt opphjelma sette dei seg på toget med Thor Hauglid som lokkførar inn i Høgåsen gruve. Attende ved portalen gjekk gjesten av toget, Ivar J. Helleland tok over og var omvisar og forteljar innover i Sadalen gruve. Klassen var ein livleg gjeng som stilte mange spørsmål noko omvisaren tykte var svært gilt.
Det langt frå alltid at det vert stilt så mange spørsmål på ein tur i fjellet. Vel ute i sommarvarmen fekk elevane eta nista i sola utanfor Heishuset. På spørsmål om kva dei tykte om turen, var det tommelen opp.
Torsdag var tredje og siste gruppa geologistudentar (16) frå Universitetet i Bergen til Stordø Kisgruber saman med professor og leiar Ingunn Thorseth og professor Rolf-Birger Pedersen. Også denne gongen vart dei tekne i mot av Ivar J. Helleland. Ansgar Vedå synte filmen om arbeidet i verksemda Stordø Kisgruber teken opp i 1960. Med hjelm på hovudet vart det full fart inn i gruvegangane, ikkje stopp på vegen grunna regnet.
Studentane vart tekne med inn i Sadalen gruve der dei fekk kunning undervising av Ingunn Thorseth og Rolf-Birger Pedersen. Som vanleg vart òg pH’en i vatnet i rennesteinen i gruvegangen målt, som synte ein verdi på kring 2,6. Det vart òg tid til ein tur inn i stoll Høgåsen, så langt skjenegnagne går, og vel så det. Og ein stogg i den store hallen i Høgåsen der det har vore tre bryllaup dei siste fem-seks åra.
Opphaveleg skulle gruppa vore hjå VfG onsdag, men grunna dårleg vermelding torsdag då dei skulle vore på Bømlo, vart turen snudd om slik at det vart Bømlo onsdag og Stord torsdag. VfG takkar for vitjinga og vonar UiB kjem att neste vår med nye studentar.
Det nermar seg ein tradisjon, etter kvart, og eit vårteikn for Venelaget for Gruo, at geologistudentar frå Universitetet i Bergen vitjar venelaget. Onsdag tok venelaget imot to grupper studentar, ein før middag, ein etter middag. Kvar av gruppene var på 16 studentar og to leiarar. Hovudleiar var geolog Ingun Thorseth, med seg hadde ho doktorgradstudent Linn Merethe Olsen frå Bømlo. Gruppene vart mottekne i Heishuset av Ivar J. Helleland der videofilmen Glimt frå Stordø Kisgruber vart synt.
Gruppene vart leia inn i stoll Sadalen av Rune Johannessen. I den store hallen fekk gruppene orientering om geologien ved Ingun Thorseth. Det vart teke prøver av vatnet, m.a. kor surt det er.
Ettermiddagsgruppa i den store hallen i Sadalen gruve.
Geologistudentane Halfdan Arstein til venstre og Martin Bruun.
Formiddaggruppa klar til å finna ut kor surt vatnet er som kjem ut av stoll Høgåsen. Geolog Ingun Thorseth til venstre. Alle bileta foto Tor Resser ©
Denne helga var Stord Fitjar Lions tilskipar av distriksmøte for distrikt 104 E6 som strekjer seg like sør til Kristiansand. Medan karane sat på møte laurdag, var kånene/sambuarar, 30 i talet, på omvising til Kværner og hjå Venelaget for Gruo ved Stordø Kisgruber. Der vart gjestene mottekne av Ivar J. Helleland. Han gav dei lyninformasjon i Heishuset, gjestene hadde berre ein times tid til rådvelde. Deretter vart dei hjelma opp og fekk varme jakkar før Thor Hauglid køyrde dei trygt inn i stoll Høgåsen før dei gjekk av på Høgåsen stasjon. Derfrå var Ivar J. Helleland omvisar og forteljar, med Else-Berit Helle som baktropp, om arbeid og liv då gruvene var i produksjon.
For andre gong vart det halde Geocaching på området ved Stordø Kisgruber. Også i år var det Kim Amlien som var primus motor for samlinga, eller event’en som det vert kalla. 51 personar, stort og smått, betalte for å vera med. Dei fekk innføring om Stordø Kisgruber ved Torbjørn Marthinsen og filmen om gruvedrifta på 60-talet vart synt. Deltakarne fekk ein tur i Sjakttårnet opp til nest øvste nivå, før turen gjekk inn i fjellet med tog og til fots. I fjellet var Torbjørn Marthinsen forteljar og vegvisar i stoll Høgåsen og inn til den blå grotte .
Vel ute i dagen att var det grilling ved Heishuset.
Inntektene frå samlinge gjekk til Venelaget for Gruo som takkar så mykje.
Ronald Haaland fyller 80 år sundag 15. april. Dagen vart høgtida laurdag då familie var samla på Stord. Mellom anna tok dei turen til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Der vart dei mottekne ved leiaren Torbjørn Marthinsen. Han gav ei kort innføring om kisgruva før gjesten fekk sjå filmen Glimt frå Stordø Kisgruber. Med hjelm på hovudet vart dei køyrt inn i fjellet med tog og vandra både i Sadalen gruve og Høgåsen gruve med Torbjørn Marthinsen som vegvisar og forteljar.
37 utsendingar frå fagorganisasjonen Negotia var på omvising hjå Venelaget for Gruo laurdag. Organisasjonen heitte tidlegare Norges Funksjonærfotbund. Konferansen, som er årleg, var i år lagt til Stord og samla utsendingar frå Sørrogaland til Fjordane. Konferansen har tidlegare vore på Stord også då gjekk turen til Stordø Kisgruber og VfG. Her vart dei tekne imot av leiar i laget Torbjørn Marthisen. Han gav ei kort innføring om gruvene og filmen om gruvedifta vart synt, før utsendingane vart delt i to puljer, hjelma opp og køyrt i tog inn i fjellet. Der var Wilfred Sætre og Torbjørn Marthinsen omvisar- og forteljarar. Eine pulja gjekk Sadalen gruve , den andre Høgåsen gruve.
Åtte faglege leiarar frå Framo Fusa vitja Venelaget for Gruo fredag. Leiarane var på blåtur der dei først vitja faglege kollegaer ved Kværner Stord. Etter møtet der var det ledig tid og leiaren for gruppa googla på internett om kva dei kunne finna på. Han kom inn på VfG sine heimesider(www.gruo.no) og las «så auga vart stort og vått», som han uttrykte seg. Det han las fengde interessa og tok kontakt på stiger@gruo.no.
Som vanleg vert slike spørsmål ønskt hjarteleg velkomne og leiarane vart mottekne i Heishuset av Ivar J. Helleland. Han gav ei kort orientering om Heishuset som vart sprengt av commandosoldatar i januar 1943. Videoen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt før turen gjekk inn i fjellet med tog. Vel inne tok Torbjørn Marthinsen over omvisinga og leia følgjet inn Sadalen gruve. Gjesten var godt nøgde med opphaldet i Gruo.
Framo Fusa produserer cargopumper med utstyr til vesentleg tankskip, men òg noko til oljeplattformer.
Då er me alt i gong med omvisingane i år. Først ut var 15 5-åringa og tre leiarar frå Sagvåg Maritime FUS barnehage. Me var litt i stuss om me skulle syna gruvefilmen frå 1960 til så unge born, men vart samde med leiarane at «me prøver». I sju minuttar sat borna aldeles i ro og følgde filmen «minutt for minutt», som det er vorte så populært å seia no. Deretter var det samtale mellom borna og omvisar Ivar J. Helleland om gruo og kva dei som arbeidde her, gjorde. Deretter vart dei hjelma opp og gjekk på toget med Torbjørn Marthinsen som førar.
Uheldigvis vart skjenelengda litt for kort denne gongen slik at framhjula på loket hamna utanfor skjenegangen. Det tok ikkje borna så tungt, litt ekstra dramatikk sette berre ein spiss på turen. Dei gjekk ut att til portalen der Ivar J. Helleland førte gjestene trygt inn i den blå grotte. Ved dogaggen var det stogg der borna fekk prøva bor i borehòla.