14 lærlingar frå Kværner Stord og to følgjarar frå fagrørsla var hjå Venelaget for Gruo fredag kveld. Lærlingane skulle få eit innsyn i kva som var industrien på Stord i «gamle dagar», noko heilt anna enn den industrien lærlingane er på steg inn i etter tre-fire månader ved Kværner Stord. Ivar J. Heleland fortalde om verksemda og korleis det var å veksa opp i Gruo den gongen. Han nytta si pedagogiske røynsle til å innprenta lærlingane kor viktig det er å ta læretida på høgste alvor. Det vart togtur inn i Høgåsen og vandring ut stollen mor Sadalen. Attende i Heishuset vart det servert biff stroganof.
Dette var siste omvising i år. VfG takkar alle som har vore på omvising i 2014 og ønskjer velkomen til nye omvisingar frå mars månad 2015
Venelaget for Gruo hadde retteleg fint besøk i dag. Frå Kvinnherad kom Rosendal gang og spatzer og ville sjå og få omvising. 10 menn godt opp i sin beste alder hadde teke turen over fjorden. I Gruo vart dei mottekne av leiar Ivar J. Helleland. Han fortalde om gruvesamfunnet som han hugsar det då han vaks opp, og kva industristaden førte til ut i lokalsamfunnet. I Gruo var dei først med det meste i Stord kommunen, eller herad som det heitte den gongen. Det var togtur inn i fjellet med avstiging på Høgåsen stasjon. Derfrå var det vandring ut stollen mor Sadalen. Det var tydeleg at gjestene fekk ei god aha-oppleving. Dette var noko dei ikkje visste særleg mykje om, om noko i det heile. Som ein av dei sa, – dette med skipsbygging og liknande har me høyrt mykje om, men gruvene, nei.
Laurdag møttest 10 elevar som gjekk ut frå Litlabø skule for 50 år sidan, til gjensyn med kvar andre og meir til. Først møttest dei på gamleskulen som skal rivast. Deretter kom dei til Venelaget for Gruo for å få omvising inne i fjellet. Sjølv om dei vaks opp i og nær Gruo og gruvene var i full drift den gongen dei gjekk påp skulen, hadde dei aldri vore inne i fjellet og sett korleis der var som arbeidsplass. Det fek dei no saman med omvisar Ivar J. Helleland.
Klasse 4c frå Langeland skule på Stord vitja Venelaget for Gruo saman med føresette og søskjen for å ha sosialt samvær i Gruo. Til saman var 35 personar med på turen. I Heishuset fortalde Olav Hellesfjord om då kisgruvene vart drivne frå 1907 til dei vart lagde ned i 1968. Kva kisen vart nytta til m.m. Deretter var det togtur inn i Høgåsen og vandring i gruve Sadalen , innom den store hallen «domkyrkja» til endestopp på plata. Attende i Heishuset var det medbrakt nistemat med kaffi og brus.
For andre gong var velferdsklubben Ve og Vel i Stord kommune på vitjing hjå Venelaget for Gruo. 31 medlemer hadde funne det interessant å vera med på turen. I Heishuset fekk dei kåseri ved Ivar J. Helleland om Gruo i gamle dagar og det å veksa opp i gruvesamfunnet. Gjestene vart hjelma opp og plassert på toget som tok dei inn i fjellet, først under tårnet der Olav Hellesfjord fortalde om sjakta og heisen som var det avgjerande for å halda produksjonen i gang. Deretter gjekk togturen inn i stoll Høgåsen og «katedralen». Vidare var det vandring ut att med ein liten sving inn mot stoll Sadalen.
Torsdag 16. oktober var det retteleg folksamt hjå Venelaget for Gruo. Om føremiddagen kom fem niandeklassar frå Stord ungdomsskule til Gruo, 109 elevar og ni lærarar. Dei fleste sykla, om Sagvåg, nokre valde å gå gjennom skogen. I Gruo vart dei mottekne i Heishuset av Ivar J. Helleland. Han gav ei orientering om «gamle dagar» før elevane vart delte i fire grupper der Else-Berit Helle, Wilfred Sætre, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen var omvisarar. Så vart det togtur inn i fjellet og vandring i gangane.
Ivar J. Helleland fortel Museumsgjengen om heissjakta under Heistårnet, kor viktig heisen var for produksjonen i gruva. Båe bileta foto Tor Resser ©
Sein ettermiddag, tidleg kveld, kom 11 medlemer av Museumsgjengen på vitjing. Dei var VfG sine gjester, gjengen har drive med ulike arbeidsoppgåver utomhus som maling av Stigerkontoret, rydding i parken m.m. Som takk for hjelpa fekk dei togtur inn i fjellet og omvising ved Ivar J. Helleland. Attende i Heishuset vart det servert betasuppe.
Tysdag 14. oktober hadde Venelaget for Gruo vitjing av ein delegasjon på 11 personar frå Kværner Stord. Då eit par av deltakarane ikkje var norskspråklege, måtte informasjonen gjevast på engelsk. Gjestene fekk togtur inn i Høgåsen med stogg i «domkyrkja» før det vart vandring ut gruvegangen og inn mot Sadalen. I Heishuset vart det servert biff stroganof etter omvisinga.
Engelsen Entreprenør A/S hadde litt å feira fredag 10. oktober. Då vart det markert at arbeidet firmaet har hatt på det nye store parkeringshuset i tilkyting til Amfisenteret på Leirvik, var ferdig.
Første steg på markeringa var tur til Gruo der Venelaget for Gruo orienterte om gamle dagar før det vart togtur inn og vandring i fjellet. Omvisar for dei 22 som var med, var Ivar J. Hellenad. Det var ein interessert og lydhøyr forsamling som stilte relevante spørsmål, slik omvisarane ønskjer, og svarte på beste måte.
Frå Gruo gjekk turen til Udnadalen der det vart servert middag m.m.
Tysdag 30. september vitja 18 lærarar frå Fitjar vidaregåande skule Venelaget for Gruo. Det vart servert betasuppe og orientering om Gruo som det ein gong var, i Heishuset. Deretter vart det togtur inn i Høgåsen, så langt sporet går, før det vart stogg i Høgåsen stasjon. Der vart det orientert om fjellanlegget. Gjesten gjekk vidare i stollane til krysset Sadalen/Blå grotte. Omvisar var Torbjørn Marthinsen.
I helga høgtida Gerd Torunn og Kjell Vestrheim gullbryllaup. Dei ønskte å by gjestene, familie, vener og kjende frå nær og fjern, ei ekstra oppleving. Naturleg då var det ein tur til Gruo der VfG tok imot med togtur inn i fjellet og omvising rundt i gruvegangane. Turen vart avslutta med kaffi, te og rundstykke i Heishuset. Omvisarar på vandringa var Wilfred Sætre og Ivar J. Helleland. 54 gjester var med, 49 inn i fjellet medan fem fekk omvising i smiemuseet og arbeidarbudstaden med Svein J. Koppang som omvisar.
39 tilsette frå Engelsen Anlegg A/S vitja Venelaget for Gruo fredag 20. juni. Etter generell informasjon om gruvesamfunnet, var det togtur inn i fjellet og vandring i gangane. Gjesten vart delt i to grupper ved omvisinga. Attende i Heishuset vart det servert betasuppe.
19 tilsette ved HR Gruppa (personal) ved Kværner Stord vitja Venelaget for Gruo torsdag 19. juni.Det vart gjeve generell informasjon om det tidlegare gruvesamfunnet og gruveanlegget. Etter togtur inn i fjellet og vandring i gangane med Ivar Helleland og Olav Hellesfjord til venstre i biletet, som omvisarar, vart det servert gryterett i Heishuset. Underhaldninga sytte sentralsjef Øystein Olsen og Sentralbande for. Bilete Tor Resser ©
14 medlemer frå Bømlo Røde Kors Besøkstjenesten vitja Venelaget for Gruo torsdag 19. juni. Dei fekk togtur inn i fjellet og vandring i gangane med Torbjørn Marthinsen, med blå kjeledress til høger. Deretter vart det servert betasuppe i Arbeidarbustaden i Parken. Bilete Tor Resser ©
Onsdag 18. juni hadde 20 av lærarkolegiet ved Rimbareid skule i Fitjar valt å ta avslutninga på skuleåret hjå Venelaget for Gruo. Først var det informasjon om gruvesamfunnet i Heishuset, Sidan togtur og vandring i gruvegangane med Ivar Helleland, til høgre i biletet, og Olav Hellesfjord som omvisarar. Bilete Tor Resser ©
Torsdag 12. juni vitja åttandeklassane B og D frå Nordbygdo Ungdomsskule Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Dei 39 elevane og tre lærarane sykla heile vegen om Sagvåg til Gruo. I Heishuset fekk dei generell informasjon om gruveanlegget. Elevane tok turen inn i fjellet klassevis, først med tog, deretter til fots inn i Sadalen om «domkyrkja» til plata.
Onsdag 11. juni vitja åttandeklassane A og C frå Nordbygdo Ungdosskule Venelaget for Gruo. Elevane hadde sykla frå skulen til Gruo om Sagvåg. Der er sykkelveg det meste av vegen. Til saman 48 elevar og fire lærarar var med. I Heishuset fekk dei generell informasjon om gruveanlegget. Elevane vart delt klassevis før togturen inn i Høgåsen. Der var Olav Hellesfjrod omvisar for klasse A medan Else Berit Helle var omvisar for klasse C.
Torsdag 5. juni hadde Venelaget for Gruo eksklusiv vitjing av Margit Engen som markerte 99 års dagen med omvising i Gruo. Utan samanlikning den eldste personen venelaget har hatt på vitjing. Mannen til Margit, Magne Engen, arbeidde i Gruo frå 1933 til -45 som benklastar på såle ni. Så drog han til sjøss. Då ha kom heim skulle han berre ha eit par veker på Stord Verft men vart der i 17 år. Inne i gruvene hadde Margit aldri vore, og hadde ønskje om ein tur. Ho har nærast i «alle år» vore med i Røde Kors, no bad ho med seg seniorar frå Røde Kors som møtest fast i tysdagsklubben i Hagerupshuset, på tur til Gruvene.
– Me plar alltid avslutta semesteret med ein tur om våren og då høver det som oftast på min fødselsdag, seier Margit Engen som var strålande nøgd med dagen i Gruo.
Etter turen i Sadalen, vart det servert betasuppe, kaffi og stor blautkake i Heishuset.
Ni tilsette frå Advantec avdeling elektro kontrollsystem, var i Gruo onsdag 28. mai om ettermiddagen. Etter ein kort, lett sein lunch (betasuppe), med informasjon om det tidlegare gruvesamfunnet, gjekk turen med tog inn i fjellet. Der var det vandring i Sadalen og dei var innom «domkyrkja» (biletet). Omvisar var Ivar J. Helleland, til venstre med blå kjeledress. Bilete Tor Resser ©
Stord vatn og avlaup KF og Stord kommunale eigedom KF la ut på blåtur 23 mai. Første stopp for dei 38 som var med, var Gruo der Venelaget tok dei med på omvising i gruvegangane. For mange vart det ei aha-oppleving. Dei hadde aldri vore inne i fjellet før. Kor turen gjekk vidare var ukjent for venelaget. Bilete Tor Resser ©
27 born og 26 foresatte frå trin 6 ved Rimbareid skule i Fitjar tok turen til Gruo 22. mai om ettermiddag/kveld. Først fekk dei informasjon om og tur inn i gruvegangane. Deretter var det grilling og hyggjeleg samvær utomhus i det fine sommarveret.. Bilete Tor Resser ©
Trin 5 frå Rommetveit skule, 29 elevar, to lærarar og tre foresette, vitja Venelaget for Gruo 22. mai. På biletet er dei i «katedralen» i Høgåsen. Omvisar Olav Hellesfjord med gul hjelm i framgrunnen. Bilete Tor Resser ©
Grannar på vitjing hjå Venelaget for Gruo. 15. mai . 5. klasse med 18 elevar og tre lærar frå Sagvåg skule ville sjå korleis det var i gruene på Litlabø.Mellom anna var dei i «domkyrkja» i Sadalen der Ivar J. Helleland, til venstre i blå kjeledress, fortalde. Bilete Tor Resser ©
Hyggjeleg vitjing frå Haugesund i gruo 15 mai. Skår barnehage med 16 born og 5 vaksne skulle «gjera Stord». Først til Venelaget for Gruo der det var togkøyring langt inn i fjellet. Der etter vandring inn til den blå Grotte. Borna fekk diplom som prov på at dei hadde vore der. Sidan gjekk turen til Eventyrvegen i Landåsenområdet med avslutting med grilling i gapahuken. Bilete Tor Resser ©
Frode Mehammer leigte Heishuset av Venelaget for Gruo og bad inn 52 gjester for å feira 50 års dagen sin. Før festen byrja, var det omvising i gruvegangane. Jubilanten står midt i biletet med blå jakke. Bilete Tor Resser ©.
12 medlemer frå Sveio Lions Club vitja Venelaget for Gruo 29. april. På biletet er dei i ladestallen til batterilokomotiva som vart nytta inne i gruva, vart lada natta over. Bilete Tor Resser ©
Kommunikasjonssjef ved Kværner Stord Alf Terje Myklebust til høgre, var einaste representant frå industrien som møtte til synfaringa, her i tårnet. I midten Johanne Øvstebø Tvedten frå Sunnhordland Museum. til venstre prosjektleiar for tårnet Øyvind Koppang. Bilete Tor Resser ©