Omvisningar 2023

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå omvisingar hjå Venelaget for Gruo. Siste omvising står øvst på sida

Tysdag 25. april 2023

Seks bilar svinga opp framfor Heishuset på Litlabø tysdag. Ut myldra 18 forventningsfulle born og seks lærarar frå Sælevik skule i Dåfjorden, Fitjar. Dei skulle på omvising hjå Venelaget for Gruo.

Leiar i venelaget, Torbjørn Marthinsen, ønskte gjestene velkomne til Gruo. Han fortalde litt om gruvene frå den gongen og storleiken på anlegget. Filmen med Glimt frå Stordø kisgruber 1960 vart synt, gjestene skreiv seg inn i gjesteboka før dei fekk hjelm på hovudet og entra toget med Thor Hauglid som lokførar. Han tok dei inn i Høgåsen gruve og ut att til portalen der dei steig av. Torbjørn tok flokken med på vandring og fortalde, inn i Sadalen gruve.

Torbjørn Marthinsen ,til høgre, fortel om gruveanlegget på Litlabø.

Foto: Tor Resser  ©

Laurdag 15. april 2023

Ei turgruppe på 12 personar frå Austevoll Røde Kors kom til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo laurdag. Leiar i venelaget, Torbjørn Marthinsen, ønskte gjesten velkomne. Han fortalde om gruva og samfunnet den gongen. Filmen med Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt.  I utgangspunktet skulle det vore vandring i gruvegangane i Sadalen, men grunna misstydingar om tid, vart det berre togkøyring inn i Høgåsen gruve, før gjestene måtte reisa vidare til Tysnes.

Marthinsen orska situasjonen som vart, og  sa seg svært lei for at det ikkje vart tid til vandringa. Han vona at dei kanskje kunne ta turen att ein annan gong.

Torbjørn Marthinsen ,til venstre, fortel om gruveanlegget på Litlabø.

Foto: Tor Resser  ©

Torsdag 30. mars 2023

24 tilsette i Haugaland Kraft avdelig Altibox vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo torsdag. Leiar av venelaget, Torbjørn Marthinsen ønskte gjestene velkomne til gruo. I høvet gjester frå eit kraftselskap vart det gamle aggregatet frå Børtveit sett i rotasjon. I tillegg vart det "premiere" på ny video som syner aggregatet i produksjon i Børtveit kraftstasjon før aggregatet vart teke ut av produksjon i 1992. Den vanlege filmen med Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart òg synt.

Ivar J. Helleland fortalde om gruvesamfunnet den gongen. Gjesten vart delt i to grupper med Helleland og Marthinsen som omvisarar inn i Sadalen gruve. I Heishuset vart det servert lunch.

Den eine gruppa i den store hallen i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som omvisar med kvit t-skjorte i midten i bakgrunnen.

Torbjørn Marthinsen til venstre køyrer i gang video på storskjermen.


Båe bileta foto: Finn Reidar Koppang ©

Fredag 17. mars 2023

Klasse  for tilpassa opplæring ved Stord vidaregåande skule var på omvising hjå venelaget for Gruo fredag. 23 elevar og to tilsette vart tekne imot ved leiar i venelaget Torbjørn Marthinsen.

Det vart fortald om gruva og drifta og filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Med hjelm på hovudet entra gjesten toget med Thor Hauglid som lokkførar, og vart køyrt inn i Høgåsen gruve og attende til portalen der dei gjekk av. Torbjrøn Marthinsen var omvisar og forteljar inn i Sadalen gruve. Baktropp frå venelaget var Geir Magne Hamnes og Thor Hauglid medan Brynjar Stautland frå Geopark Sunnhordland var med for å læra rutinane ved omvising hjå venelaget.

Elevane fekk tohtur inn i Høgåsen.

Foto: Brynjar Stautland ©

Torsdag 16. mars 2023

Første omvising i 2023 var for 13 ungdomar frå Litlabø mottak, ungdomar frå Syria, Afghanistan, Ukraina og Burundi. Dei vart tekne imot av Geir Magne Hamnes og Ivar J. Helleland frå Venelaget for Gruo. Utfordringa var språket, men med ei blanding av engelsk. norsk og fingespråk, vart ungdomane fortald kva Stordø Kisgruber ein gong var. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart òg synt slik at forståinga nok vart betre.

Før gjestene vart hjelma opp, skreiv dei seg inn i gjesteboka og entra toget med Blåmann som lokomotiv. Først arbeidsturen til lokomotivet etter at det har fått ny framaksel. For å seia det slik, det gjekk på skjener inn i Høgåsen gruve og ut att til portalen der dei gjekk av. Lokførar var leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen.Det var vandring gjennom gruvegangane til Sadalen med Ivar J. Helleland som omvisar. Leiar for gruppa fortalde at ungdomane tykte det hadde vore spennande og hadde fått med seg historia.

I den store hallen i Sadalen gruve

Foto: Geir Magne Hamnes ©

Xxx

Share by: