Omvisningar 2022

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå omvisingar hjå Venelaget for Gruo. Siste omvising står øvst på sida

Torsdag 24. november 2022

Torsdag fekk line for sal, service og reiseliv ved Stord Vidaregåande skule  informasjon om Stordø Kisgruber og omvising i fjellet.  Ei omvising midt i blinken for elevane på denne lina. 19 elevar og tre tilsette ved skulen kom til Venelaget for Gruo i kring middag. Ivar J. Helleland tok gjestene imot og ønskte dei velkomne til gruo.

Etter ei kort innleiing vart filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 synt. Helleland fortalde kort om gruva og samfunnet i   "gamle dagar" der han sjølv vaks opp. Etter å ha skrive seg i gjesteboka vart det hjelm på hovudet og ombordstiging i toget. Med Thor Hauglid som lokførar bar det inn i Høgåsen gruve så langt sporet går med nytt godt lys heile strekninga, og ut att til portalen. Her tok Ivar med seg gruppa innover gruvegangane til Sadalen gruve med korte stogg på vegen. Han fortalde om gruvedrifta og korleis den fungerte nedover i djupet til 750 meter under bakken. Mellom anna vart det arbeidd på akkord noko som gav god løn til dei som ville stå på. Gruvearbeidarane kunne ikkje tenkja seg anna arbeid enn i gruva.

Attendemeldinga frå gruppa etter turen var udelt positiv. VfG takkar for vitjinga og ønskjer velkomne attende med nye grupper i nye skuleår.  Omvisinga var den siste i år, dei tre neste månadene er det ikkje ope for omvisingar.

Elevar og tilsette frå Stord vgs i den store hallen i Sadalen gruve. Med ryggen til Ivar J. Helleland.

Foto: Tor Resser ©

Torsdag 17. november 2022

Seks born og to vaksne frå Heiane barnehage ved flyktningmottaket vitja Venelaget for Gruo torsdag. Gjestene vart tekne imot av Geir Magne Hamnes og Torbjørn Marthinsen. Det vart ikkje gjeve særleg informasjon om gruvedrifta då borna var i ung alder.  Det spanande for dei var å køyra tog og gå i fjellet. Men først fekk dei sjå filmen med Glimt frå Stordø Kisgruber før dei vart skrivne i gjesteboka og fekk hjelm på hovudet.  Med Thor Hauglid som lokførar bar det inn i Høgåsen og ut att til portalen der dei steig ut. Geir Magne loste dei inn til den blå grotte. Lyset vart sløkt slik at dei fekk oppleva kor kolande mørkt det kan vera i gruva.  Borna song ein song før turen gjekk ut att til toget som tok dei til Heishuset. Der fekk dei diplom for å ha gått turen til den blå grotte, og var ei oppleving rikare.



Borna i den blå grotte. Til venstre Geir Magne Hamnes

Foto: Tor Resser ©

Torsdag 13.oktober 2022

Torsdag føremiddag svinga ein minibuss tilhøyrande  Bussreise frå Osøyro opp framfor Heishuset i Gruo. Ut kom 17 tidige bergensarar frå Bergen Taxi pensjonistforening.  Dei var på rundreise på Stord og ønskte å sjå kva Stordø Kisgruber ein gong var.

Gjestene vart tekne imot av Ivar J. Helleland som ønskte dei velkomne til Litlabø og Gruo. Han fortalde om dagleglivet i Gruo då han vaks opp, og om gruva og arbeidet der. Helleland gjekk i lære på maskinverkstaden i unge år. Han var òg kort innom raidet på gruvene natta 23./24. januar 1943. Filmen med Gløtt frå Stordø Kisgruber 1960 vart òg synt.

Etter obligatorisk innskriving i gjesteboka, vart hjelm passa til hovudet og poncho  til vern av kleda , før dei entra toget der Thor Hauglid var lokførar, som tok gjestene inn i Høgåsen gruve. Ute att ved portalen tok Ivar over og  var omvisar og forteljar inn til den store hallen i Sadalen gruve. Gjestene synte stor interesse og kom med mange spørsmål på vegen.  Frå Litlabø gjek turen til Midtfjellet vindpark i Fitjar.

Bergen Taxi pensjonistforening i den store hallen i Sadalen gruve. Ivar J. Helleland i kvit t-skjorte til venstre.

Foto: Tor Resser ©

Onsdag 12. oktober 2022

Haustferie, ikkje det strålande utevêret, kva kan borna aktiviserast med?, tenkte kan henda Mathilde og Jostein Eldøy. Dermed inviterte dei barneborna med til ei omvising i Gruo med Venelaget for Gruo. I utgangspunktet skulle dei vore  fleire men sjukdom sette stoppar for dei.

Ivar J. Helleland ønskte gjestene velkomne og orienterte om gruveanlegge då det var i drift.  Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Gjestene skreiv seg inn, om ikkje i manntalet så gjesteboka, før dei fekk hjelm på hovudet. Med Thor Hauglid som lokførar gjekk togturen inn i Høgåsen gruvegang og ut att til portalen. Der tok Helleland over og var omvisar og forteljar innover Sadalen gruvegang.  Jostein Eldøy måtte med skam seia at det var første gong han var på omvising inne i fjellet i gruo. Han var imponert over kva han vart fortald og fekk sjå. Også barneborna tykte det var ei oppleving.  "Besto" hadde vore der før, etter det me skjøna, utan at det sette stoppar for interessa. Dei lova å framsnakka ei omvising hjå Venelaget for Gruo.


På toppen av ei stigort forklarar Ivar J. Helleland, til venstre, prinsippet med ortene

Foto: Tor Resser ©

Torsdag 29. september 2022

Venelaget for Gruo (VfG) hadde to omvisingar torsdag, ein formiddag og ein sein ettermiddag/tidleg kveld. Først ut var leiinga i kulturarvseksjonen i Vestland fylke.  Den andre omvisinga var tilsette ved AkerSolution Johan Castberg construction .

Båe gruppene vart mottekne av Venelaget for Gruo ved Geir Magne Hamnes. Han orienterte om korleis gruveanlegge var og fungerte den gongen. Filmen  Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt.

Med hjelm på hovudet var det vandring  med Finn Reidar Koppang som omvisar og forteljar framom Stigerkontoret, Sjakttårnet, Smio, Snikkarverkstaden og ein stogg der sprengstofffabrikken låg på slutten av 1800-talet. Vidare inn i fjellet til Sadalen gruve.

Leiinga i kulturarvseksjonen frå venstre Glen Heine Orkelberg, Karoline Hareide Breivik, Finn Reidar Koppang frå VfG, leiarav seksjonen David Aasen Sandved og Eva Moberg.

Gruppa frå Johan Casberg  construction frå Aker Solution i den store hallen i Sadalen gruve.  I kvit t-skjorte til venstre Finn Reidar Koppang,i gul poncho i bakgrunnen Geir Magne Hamnes bår frå VfG.


Båe bileta foto Tor Resser ©



Torsdag 22. september 2022

Etne sogelag hadde bede Venelaget for Gruo om omvising ved Stordø Kisgruber. Torsdag svinga ein stor buss opp framfor Heishuset og ut myldra ikkje mindre enn 47 interesserte sogefolk. Dei vart invitert inn i Heishuset der dei vart ønskt velkomne av Ivar J. Helleland.  Filmen om Stordø Kisgruber 1960 vart synt førHelleland orienterte om gruva og lokalsamfunnet den gongen.

 Grunna det store talet på gjester vart dei delt i to grupper med Helleland som omvisar og forteljar for den eine gruppa og Finn Reidar Koppang for den andre. Med hjelm på hovudet

tok lokførar Torbjørn Marthinsen gruppene i to vende inn i Høgåsen så langt sporet går og utatt til portalen der omvisarane tok over og leia dei inn i Sadalen gruve. Interessa frå gjestene var stor og det vart stilt mange og vituge spørsmål. Det førte til at omvisarane vart ivrige til å fortelja  slik at tida gjestene hadde sett av til gruo var drygt overskriden.

Hugs basaren i Heishuset sundag 2. oktober klokka 1600

Gjestene frå Etne sogelag får orientering om gruvesamfunnet i Heishuset ved Ivar J. Helleland heilt til venstre i biletet.

Foto: Tor Resser ©

Onsdag 21. september 2022

Landsforeningen for Slagråka (LSF) gruppe Stord hadde bede om omvising og informasjon om Stordø Kisgruber. 20 personar vart tekne imot i Heishuset av leiar av Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen som ønskte gjestene velkomne.

Filem Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt før Marthinsen fortalde om gruva og samfunnet. Med hjelm på hovudet entra 15 av gjestene toget og lokførar Thor Hauglid tok dei inn i Høgåsen gruve og ut att til portalen. Der tok Torbjørn Marthinsen over følgjet og rusla inn i Sadalen gruve samstundes som han fortalde om gruva. I den store hallen fortalde han mellom anna om den 450 millionar år gamle fjellformasjonen .Formasjonen hadde  sitt opphav på andre sida av Atlanterhavet. Opp gjennom åra har formasjonen  vandra til Stord der han vart funne då det vart leita etter svovelkis.

Ute att i Heishuset vart det servert betasuppe med etterølgjande kaffi/te og kringle, etter ønskje frå gjestene

Hugs basaren i Heishuset sundag 2. oktober kl. 1600

Gjestene frå LFS i den store hallen i Sadalen gruve. Omvisar Torbjørn Marthinsen til venstre med lommelykt.

Foto Tor Resser ©

Torsdag 8. september 2022

Topside Team for Johan Castberg ved Aker Solution vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo torsdag ettermiddag. Gjestene, 13 i talet, vart ønskt velkomne til gruo ved leiaren i venelaget, Torbjørn Marthinsen. Filmen med Glimt frå Stordø Kisgruber 1960  vart synt før Marthinsen fortalde om gruva og lokalsamfunnet.

Med hjelm på hovudet var det vandring langs bygningane Stigerkontoret, Sjakttårnet, Smio og ei forteljing om sprengstoffabrikken som gjekk i lufta på slutten av 1800-talet der ein person overlevde og drog til Amerika. Seinare skreiv han heim at å kjempa mot indianarar og dei kalde vintrane ikkje er noko i høve til å laga dynamitt i gruo. 

I fjellet gjekk vandringa inn i Sadalen gruve og den store hallen, vidare framom Stordøbenken og til plata, så langt inn i Sadalen det er lov å gå.

Som bakmann hadde Torbjørn Marthinsen med seg Finn Reidar Koppang.

Topside Team i den stoe hallen i Sadalen gruve. OmvisarTorbjørn Marthinsen løynd bak personen til venstre.

Foto: Tor Resser ©

Tysdag 6. september 2022

Bergenhus Festningsmuseum hadde meldt sitt kome tysdag. Gjestene, seks i talet, vart tekne imot av Ivar J. Helleland som ønskte dei hjarteleg velkomne til Venelaget for Gruo og Stordø Kisgruber. Filmen om gruvene frå 1960 vart synt før Helleland fortalde kort om gruvedrifta og lokalsamfunnet den gongen.

Gjestene hadde primert ønskje om å høyra om raidet på Stordø Kisgruber natt til 24. januar 1943. Helleland frotalde om dei harde fakta for raidet, at dei allierte vile stogga svovelkisproduksjonen på Stord , eit produkt dei tyske okupantane nytta til sprengstoff i våpenproduksjonen. 

Helleland fortalde òg om dei personlege opplevingane den natta. Han var ikkje store karen med hugsar detaljar som om det skulle ha vore i dag. Familien Helleland budde på Gjerde, like ovenfor Heishuset som var det store målet for sabotasjen og vart sprengt. Dei måtte flykta til Isdal.

Etter forteljinga vart det vandringa inn under Sjakttårnet til heissjakta og i stollen Ekebrekken, før dei tok turen opp i Sjakttårnet.

Gjestene ved heissjakta under Sjakttårnet med forteljar Ivar J. Helleland til venstre.,

Foto Tor Resser ©

Laurdag 3. september 2022

Kulturminnedagen vart markert på gruveområdet på Litlabø laurdag. Tilskipinga var eit samarbeid mellom Venelaget for Gruo, Stord husflidslag, Sunnhordland museum, BUA og Stord kommune. Venelaget for Gruo baud på omvising under og i Sjakttårnet, togkøyring inn i Høgåsen gruvegang og kafè i Heishuset med sal av lappar, vaflar kaffi, saft og is. Elles på området venelaget leiger av kommunen var Sunnhordland museum med klebersteinarbeid, puslespel og  laftahus. Stord kommune hadde spørsmåltevling om kulturminne, Stord fotoklubb hadde utstilling ved Heishuset.

Ein smule dramatikk vart det då lokkførar Rune Marcussen skulle prøvekøyra ruta og toget. I svingen ved Snikkarverkstaden  vart det full kollaps for loket Blåmann, Bròt på framre aksling ved venstre hjul. Hell i uhellet var at det ikkje var lenger inne mot gruvegangen, med gaffeltrucken vart lokomotivet teka av skjenegangen og køyrt til lokstallen, i staden var det grøne loket, Geito, fyrt opp og gjorde arbeidet. Alle som ville fekk køyra tog.Tilstrøyminga av folk var langt frå slik det plar vera når venelaget har open dag 1. mai, men nokre hundre hadde funne vegen til Gruo laurdag. I det fine vêret koste dei seg.

Finn Reidar Koppang til venstre, er ny omvisar hjå Venelaget for Gruo og har med seg ei gruppe inn umder Sjakttårnet.


Kaia nærast og Liam pusla kjempespel.

Emri, Nathanaim, Ørjan og Linus løyser spørsmåltevlinga om kulturminne på mobiltelefonen.

Stord fotoklubb hadde utstilling ved Heishuset.

Alle som ville fekk køyra tog

Gaffeltrucken løfta loket av skjegangen og køyrde det til lokstallen.

Solid akslingbròt på venstre framre hjul.


Alle bileta foto Tor Resser ©



Onsdag 31. august 2022

Litlabø skule i samarbeid med Venelaget for Gruo tek lokal historie inn i undervisinga.Kvart av klassetrinna på skulen får omvising i og på gruveområdet. Elevane vert tekne med inn i gruvegangane, opp i tårnet og vandring i nærområdet der dei får læra om bygningsmassen som høyrde gruvesamfunnet til.

I år, veke 35, var det fire klassetrin som fekk omvising  medan dei tre andre trinna fekk undervisning på skulen. Frå venelaget er det leiar Torbjørn Marthinsen som tek elevane med på vandring både i gruvegangane og ute på området.

Trinn tre frå Litlabø skule vart teke med inn i Sadalen gruve med Torbjørn Marthinsen til høgre, som omvisar.

Sjuande klassetrinn frå Litlabø skule på vandring mellom bygningsmassen til Stordø Kisgruber. Her er dei på Gjerde og får informasjon om ein typisk arbeidarbusat frå 1920-talet. Omvisar Torbjørn Marthinsen til høgre med ryggen til.

Foto Tor Resser ©

Tysdag 30. august 2022

Geopark Sunnhordland er nasjonal geopark og har søkt UNESCO om å verta internasjonal geopark. Tysdag kom ein delegasjon med to representantar frå UNESCO saman med representantar frå m.a. Universitetet i Bergen og Stord kommune til Venelaget for Gruo på synfaring. Gruppa er på ein fire dagar tur til kommunane i Sunnhordland leia av Brynjar Stautland, dagleg leiar av Geopark Sunnhordland. Stord kommune er ein av fleire kommunar som er med i geoparksystemet i sunnhordlandregionen. Frå Stord møtte ordførar Gaute Epland.

Gjestene vart mottekne av Ivar J. Helleland frå venelaget. Han gav ei kort utgreiing om gruveanlegget på engelsk før det vart hjelm på hovudet og entra toget med Thor Hauglid som lokførar.  Tida var knapp, toget stogga like innanfor portalen i Høgåsen gruve der Helleland tok følgjet til fots inn til den store hallen i Sadalen gruve. Der gav han ordet til professor Rolf Birger Pedersen frå UiB som fortalde om den spesielle fjellformasjonen, av vulkansk opphav, i hallen.

UMESCO-representantane, Melani Border og Sarah Gatley  vart ordentleg imponert kva dei fekk høyra og sjå. Ivar J. Helleland fortalde engasjert og til dels personleg om gruvene. Noko som tydeleg fall i god jord.


Ivar J. Helleland, med kvit t-skjorte fortel om gruvesystemet til UNESCO-utsendingane Melani Border til høgre og Sahra Gatley til venstre . 

Professor Rolf Birger Pedersen med ryggen til, fortel om fjellformasjonen i den store hallen i Sadalen gruve.

Melani Border til venstre og Sarah Gatley, utsendingane frå UNESCO,  trekk på smilebandet når Ivar J. helleland fortel om dass-dunkane i gruvegangane den gongen.


Bileta foto Tor Resser  ©


Fredag 19. juni  2022

Marit Grip hadde bede inn til søskenborntreff på Stord fredag. Søskenborntreff har familen hatt dei siste 10 åra, men då alltid ein stad på austlandet. Familien soknar frå Innlandet og dei fleste bur i Kongsvinger/Oslo området. Marit Grip kom til Stord tidleg på 1970-talet i lag med mannen som døydde for nokre år sidan. I år tenkte ho at denne gongen fekk resten av familien ta turen vestover til Stord. 10 av søskena takka ja til invitasjonen, eit par tre hadde ikkje høve til å møta.

 Alderen på søskeborna ligg frå 70 år opp til eit par og åtti.

På Stord skulle dei m.a. vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Dei vart mottekne av Torbjørn Marthinsen som ønskte velkomen til venelaget og gruo. Han fortalde om gruva  og fillmen om gruvedrifta på 60-talet vart synt. Med hjelm på hovudet entra 23 forventningsfulle personar toget og vart køyrt inn i Høgåsen gruvegang så langt sporet går, og ut att til portalen. Gjestene steig av og vandra inn i Sadalen gruve med Torbjørn Marthinsen som omvisar og forteljar.  Attende i Heishuset vart det servert rundstykke og kaffi. Gjestene tykte det hadde vore svært interessant å høyra om gruvedrifta og å få sjå innsida av fjellet.

Gjestene i hallen i Sadalen gruve. Torbjørn Marthinsen  med lykt til venstre i bakgrunne,

Foto Tor Resser ©

Tysdag 16. august 2022

Tysdag var Visit Sunnhordland på synfaring med leiar Stein Ove Rolland i paraplyorganisasjonen Fjord Norge A/S. Fjord Norge A/S er eit landsdelselskap for dei tre vestlandsfylka Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland. I lag med dei ni destinasjonselskapa, mellom dei Visit Sunnhordland, leier Fjord Norge A/S  det internasjonale marknadsarbeidet for Fjord Norge regionen. 

 Synfaringa til Venelaget for Gruo og Stordø Kisgruber var eit gjensidig ønske frå Hilde Eide Helland i Visit Sunnhordland og leiar i Fjord Norge A/S Stein Ove Rolland å få vitja/sjå gruo.  For høvet hadde Visit Sunnhordland leig ei av omvisarane i gruo i sommar, Anna Sofie Ekeland Valvatne, til omvisar. På det viset fekk Stein Ove Rolland sjå og høyra korleis omvisingane hadde vore dei vekene gruo vat tilgjengeleg for publikum.  Grunna kort tid, berre ein time, vart det togkøyring til like innanfor portalen i Høgåsen og vandring inn til den store hallen i Sadalen gruve. Rolland tykte det var interessant og sa seg vel nøgd med synfaringa. Med på synfaringa var òg leiar av Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen.

Før gjesetne kom til gruo hadde dei vore ein sving innom Kråko hyttefelt i Fitjar.

tGruppa i gangdele Sadalen gruve og den blå grotte. Frå venstre Brynjar Stautland, Geopark Sunnhordland, Anna Sofie Ekeland Valvatne, Anne Synnøve Lønne, Hilde Eide Helland  båe Visit Sunnhordland  og  Stein Ove Rolland frå Fjord Norge A/S

Foto Tor Resser ©

Torsdag 16. juni  2022

17 elevar og to tilsette frå Stord vidaregåande skule, avd. Vabakkjen svinga opp foran Heishuset i Gruo torsdag morgon.  Det var elevar frå bygg og anlegg VG 1 som ville ha omvising i Stordø Kisgruber. Gjestene vart mottekne av leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen. Han gav ei innføring i gruva, om storleiken, drifta og litt om samfunnet. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Med hjelm på hovudet var det vandring inn mot og i Sadalen gruve. Omvisar og forteljar var Marthinsen.

Ute att i dagen vart det òg tid til ein tur opp til Sjakttårnet.

Dette var  den siste omvisinga i regi av Venelaget for Gruo på denne sida av sommarferien.

I perioden frå 22. april til 16. juni har Venelaget for Gruo hatt 19 omvisingar for til saman 588 personar. I tillegg kjem omvisingane ved open dag 1. mai.  Venelaget takkar for følgjet til alle som har vore med og ønskjer velkomne att.

Torbjørn Marthinsen fortel om Sjakttårnet, bjørkene og Stigerkontoret.

Elevane frå  vidaregåande skule i den store hallen i Sadalen gruve. Torbjørn Marthinsen til høgre. Bak med kvit t-skjorte Finn Reidar Koppang som var sirkringperson.

Foto Tor Resser ©

Onsdag 15. juni 2022

8. trinn, tre klassar, frå Nordbygdo ungdomsskule med tilsette, til saman 57 personar, kom syklande til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo onsdag føremiddag. Då alle var samla vart dei bedne inn i Heishuset der leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, tok imot. Filmen om  svovelkisgruvene vart synt. deretter fortalde Marthinsen kort om anlegget og Ivar J. Helleland  om safunnet, på ein lett forståeleg måte, for ungdomane.

Gjestene vart delt i tre grupper, skreiv namn i gjesteboka, fekk hjelm på hovudet og entra toget med lokomotivet Geito som trekkraft og Thor Hauglid som lokførar. Omvisinga gjekk inn i Sadalen gruve. Fleire av elevane tykte det vart ein interessant og spennande tur i fjellet.


Ivar J. Helleland til høgre var omvisar for den eine gruppa. Sikring bak Finn Reidar Koppang, ny i VfG og skal etter kvart verta omvisar og forteljar for venelaget.

Geir Magne Hamnes med gul poncho  var leiar for den andre gruppa, her i hallen i Sadalen gruve. Sikring bak Ingvild Skaret Sortland, til høgre.

Torbjørn Marthinsen i kvit t-skjorte leia den tredje gruppa, her ved inngangen til Sadalen gruve. Sikring bak Britt Furre.

Bileta foto Tor Resser  ©

Tysdag 14. juni 2022

Kom saman og bli kjent var kanskje tanken til Aker Solution då ulike kontrollgrupper innan verkesmda var samla på Stord. Tysdag var 62 personar på tur til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo (VfG) på omvising.  Dei vart tekne imot av leiar for VfG, Torbjørn Marthinsen i Heishuset.  Der fortalde Marthinsen om gruveanlegget og Ivar J. Helleland fortalde om samfunnet på øvre Litlabø. Filmen med glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt.

Med hjelm på hovudet skulle gjestene køyra tog inn i fjellet. Den turen vart det ikkje noko av, lokomotivet Blåmann nekta plent å starta så gjesten måtte ta beina fatt, for så vidt ikkje ein ulempe. Gjestene vart delt i tre grupper med Ivar J. Helleland, Geir Magne Hamnes og Torbjørn Marthinsen som omvisarar og forteljarar innover i Sadalen gruve.  Vel ute i dagen att takka gjestene for ein opplevingsrik tur.

Ivar J. Helleland, med kvit t-skjorte midt i biletet,  var omvisar for den eine gruppa, her i den store hallen i Sadalen gruve. Sikringsperson bak var Sigmund Lorentsen.

Geir Magne Hamnes i gul poncho var leiar for den andre gruppa, her utanfor Snikkarverkstaden. Sikringsperson bak var Else-Berit Helle.

Torbjørn Marthinsen  til høgre leia den tredje gruppa, her ved inngangen til Sadalen gruve. Sikringsperson bak var Ingvild Skaret Sortland.

Bileta foto Tor Resser  ©

Fredag 10. juni  2022

17 elevar og tre tilsette ved samfunnslivgruppa ved vaksenopplæringa i Stord kommune vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo fredag.Til saman 10 nasjonar var med i gruppa. Dei vart mottekne av leiar i Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen . Han ønskte gjestene velkomne til gruo og fortalde kort om anlegget. Filmen med glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt før Ivar J. Helleland fortalde  om samfunnet Litlabø. Han la vekt på korleis alle i det lokale samfunne vart inkludert, at dei tok vare på kvar andre same kor dei kom frå, var kledde, korleis dei snakka med sin dialekt.Vidare var det vandring i i Sadalen gruve med Ivar som forteljar og omvisar.  Turen vart avslutta med å gå til topps i Sjakttårnet.

Ved snikkarverkstaden var det stogg der Ivar, til venstre, fortalde om dynamittfabrikken som låg i området, og eksploderte og tre karar mista livet, ein berga seg.

Gjestene i den store hallen i Sadalen gruve. I hallen er det kome meir og kraftigare lys som på ein betre måte syner fargespelet i fjellet.

Bileta foto Tor Resser  ©

Onsdag 8. juni  2022

For berre fem dagar sidan var "avgangsklassen" , 22 born, frå Sagvåg Maritime FUS Barnehage hjå Venelaget for Gruo på vandring inn til den blå grotte. Onsdag var dei attende saman men foreldre, føresette og tilsette ved barnehagen, til saman 67 personar. Heishuset var leigt for ei ordentleg avslutning for borna som byrjar på skulen til hausten.  Først av alt var det togtur for borna til Høgåsen der dei heldt konsert for dei vaksne i den stor hallen. Togtur attende til Heishuset der festen heldt fram.

Fullt i Heishuset ved avslutninga for dei eldste borna i Sagvåg Maritime FUS  Barnehage.

Borna heldt konsert i den store hallen i Høgåsen gruve.

Bileta foto Tor Resser  ©

Tysdag 7. juni  2022

Ei blanda kontrollgruppe (costestimating ) frå Aker Solution vitja Venelaget for Gruo og Stordø Kisgruber tysdag. Blanda i den meining at deltakarane ikkje berre er frå Stord, men òg frå Bergen og Fornebu, men samla på Stord. Gruppa vart teken imot av leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen. Filmen om gruvene frå 1960 vart køyrt før leiaren fortalde om gruvekomplekset.

Med hjelm på hovudet var det vandring inn i fjellet til Sadalen gruve ein times tid med Torbjørn Marthinsen som omvisar og forteljar.. Gjestene tykte vel om turen og opplevinga

Kontrollgruppa frå Aker Solution på omvising i Sadalen gruve. Omvisar Torbjørm Marthinsen til høgre med kvit t-skjorte.


Foto Tor Resser ©

Fredag 3. juni  2022

Det nærmar seg sommar og avslutning for dei eldste borna i barnehagane. Sagvåg Maritime FUS Barnehage kjem årleg til Venelaget for Gruo  med borna som seier takk for seg og byrjar på skulen til hausten. Fredag møtte ikkje mindre enn 22 born og sju tilsette opp i Heishuset for å ta togtur inn i fjellet og vandring til den blå grotte. Dei vart mottekne av Ivar J. Helleland. Før togturen fekk dei sjå filmen om gruene i 1960. Namnet i gjesteboka, hjelm på hovudet og entra toget med Thor Hauglid som lokførar.

Borna fekk freista boret i fjellt og vart med det ordentleg gruveslusk. Ivar hjelpte til for å få rette dreisen på boret.

I den blå grotte song borna ein retteleg gruvesong, men det vart sunge på veg inn òg, til grevlingen i taket litt lenger ute i gangen. Lyset vart sløkt for å syna kor mørkt det er i gruva utan lys til stor jubel frå borna.

Då borna kom ettende til Heishuset fekk dei med seg diplom for å syna at dei har gått turen til grotta

Bileta foto Tor Resser  ©

Onsdag 1. juni 2022

Ei gruppe frå Vestlandsalliansen av kraftprodusentar var samla til konferanse på Stord onsdag og torsdag med Sunnhordland Kraftlag v/ avd. krafthandel som vertskap. Alliansen har to samlingar i året, sommarsamlinga går på omgang mellom produsentane, vinetrsamlinga er fast i Bergen. Onsdag var Heishuset i Gruo leigt til møte og middag om kvelden.  Med på konferansen var kraftprodusentar frå Tafjord i nord til Sunnhorland Kraftlag i sør, til saman 18 personar med tillegg av tre engelsktaland gjester frå Sveits.

Ved omvisinga om ettermiddagen vart gjestene, 21 i talet, ønskt velkomne av leiar i Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen. Han gav òg ei utgreiing av det tidlegare gruveanlegget, For å få eit visst inntrykk av drifta den gongen, vart filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 synt.  Med hjelm på hovudet vart det vandring  i Sadalen gruve med Torbjørn Marthisen som forteljar og omvisar.


Torbjørn Marthinsen med lykt til venstre bak, var omvisar for den norsktalande gruppa ,  her i den store hallen i Sadalen gruve der han fortel om den 450 millionar år gamle fjellformasjonen..

Gjestene var dei første som fekk nytta dei nye kepane som er laga i samband med at gruveområdet skal vera ope for omvising åtte veker i sommar, frå slutten av juni til midt i august. Kepane er blå i fargen og på ryggen står Geopark Sunnhordland og logoen til Venelaget for Gruo.

Geir Magne Hamnes i gul kep, var omvisar og forteljar for dei engelsktalande gjestene, her i storhallen i Sadalen gruve.

Bileta foto Tor Resser  ©

Onsdag 25. mai 2022

Styringsgruppa i Visit Sunnhordland hadde lagt arbeidsmøtet denne gongen til Heishuset i Gruo. Gruppa på 12 personar vart tekne imot og ønskt velkomne av leiar for Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen. Han orienterte om gruveanlegget og kor stort det var, det meste løynd under bakken.

Ivar J. Helleland fortalde om gruvesamfunnet då han vaks opp på Gjerde på 1940- og 50 talet. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Gruppa fekk hjelm på hovudet og vart køyrt på tog inn i Høgåsen gruvegang og ut att til opninga av lokførar Thor Hauglid. Der tok Ivar imot og var omvisar og forteljar inn i Sadalen gruve. Fleire av deltakarane i gruppa hadde ikkje vore inne i fjellt tidlegare og vart imponert over kva dei fekk sjå. Mobilen var flittig brukt til å fanga motiv og fargespel på fjellet.

Attende i Heishuset heldt gruppa fram med møtet.


Styringsgruppa i Visit Sunnhordland i den store hallen i Sadalen gruve i lag med omvisar og forteljar Ivar J. Helleland til venstre.


Foto Tor Resser ©

Tysdag 24. mai 2022

Ny vitjing frå Nordbygdo Fus barnehage avd. Prestagardsskogen tysdag. Ut frå to minibussar trilla det 15 glade born i alderen tre til seks år, plus seks tilsette og tre elvar frå Nordbygdo u-skule som var i arbeidsveke. Gjestene vart bedne inn i Heishuset der leiar av Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen ønskte velkomen. Borna var svært opptekne av den fine steinsamlinga venelaget har fått hand om.

Filmen om Stordø Kisgruber 1960 vart synt, hjelm kom på hovudet og gjestene entra toget. Lokførar Thor Hauglid tok dei inn i Høgåsen gruve og ut att til portalen. Torbjørn Marthinsen tok gjestene vidare inn til den blå grotte, på vegen var det song til grevlingen i taket og i grotta song om Jeg gikk en tur på stien..... og så gjekk lyset og det vart bekmørkt, to goner, før Thor tende att.

Attende i Heishuet fekk borna diplom for å ha gått turen til den blå grotte.

Forventningsfulle born før dei byrjar turen inn til den blå grotte. Torbjørn Marthisen med ryggen til

På veg inn til grotta fekk borna brøva seg med bor i fjellet for å verta ordentleg gruveslusk, Svært populært om boret ser ut til å vera i det tyngste laget.

Bileta foto Tor Resser  ©

Måndag 23. mai 2022

Nordbygdo Fus barnehage avd. Prestagardsskogen svinga med to minibussar opp framom Heishuset i Gruo måndag føremiddag. Ut strøymde 19 undrande born i hovudsak 4-5 års alder, og sju vaksne, fem tilsette og to ungdomsskuleelvar frå Nordbygdo u-skule i arbeidsveke.

Dei 26 gjestene vart tekne imot av leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen, som hadde ei kort orientering om kor djup gruvesjakta er. Filmen om gruo i 1960 vart synt. Med hjelm på hovudet entra gjestene toget med Thor Hauglid som lokførar. Han tok dei inn i Høgåsen gruvegang og ut att til portalen. Der tok Torbjrøn Marthinsen dei vidare inn til den blå grotte. På vegen inn var det stogg slik at dei 19 kune få freista boret i fjelllveggen og verta ordentleg gruveslusk.  Dei såg òg grevlingen i taket lenger inne i gruvegangen og måtte sjølvsagt syngja songen til Knutsen og Ludvigsen. Song vart det òg i den blå grotte der lyset vart sløkt slik at dei skulle sjå kor mørkt det er i fjellet.

Vel ute att i dagen og Heishuset fekk leiaren for gruppa diplom å dela ut til borna for at dei har vore i den blå grotte. Det hadde vore gysla kjekt, tykte dei.



Gjestene frå Prestagardsskogen barnehage samla i den blå grotte.


Foto Tor Resser ©

Fredag 20 mai 2022

60 elevar og seks tilsette frå 5. trinn (3 klassar) frå Langeland skule på Stord svinga på syklar opp framom Heishsuet ved Stordø Kisgruber fredag. Dei skulle på synfaring og omvising i gruvene på Litlabø.

Dei vart tekne imot av leiar for Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen. Filmen med glimt frå Stordø Kisgruber 1960 var synt før Marthinsen gav eit stutt innføring om gruvene. Ivar J. Helleland fortalde kort om gruvesamfunnet. Gjestene fekk hjelm på hovudet, i to puljer entra dei toget med Thor Hauglid som lokførar og tok dei inn i Høgåsen gruve. Ute att ved protalen vart det vandring i Sadalen gruve med Torbjørn Marthisen og Ivar J. Helleland som omvisarar og forteljarar.

Torbjørn Marthinsen bak med lykt syner den 450 millionar år gamle steinformasjonen i den store hallaen i Sadalen gruve til klasse B og halve klasse C

Ivar J. Helleland med ryggen til, orienterer klasse A og halve klasse C i den store hallen i Sadalen gruve.



Bileta foto Tor Resser  ©

Laurdag 7. mai 2022

Laurdag var siste dag  Venelaget for Gruo tok imot geologistudentar frå Universitetet i Bergen denne våren. Til saman 60 framtidige geologar har den siste veka vore i Gruo og fått fortald om Stordø Kisgruber, både anlegg og samfunn. Trufast reiseførar og forelesar har vore professor Ingunn Hindenes Thorseth. Som takk for at UiB nyttar VfG til studietur fekk ho boka Nye og gamle spor i Gruo, skriven av Per Ivar Tautra, som var hjå venelaget denne dagen.

Leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen ønskte dei 14 studentane og professoren velkomne. Han gav innføring om storleiken på gruva medan Ivar J. Helleland fortalde om samfunnet, då han vaks opp. Filmen med glimt frå Stordø Kisgruber 1960 var synt.

Med hjelm på hovudet var det vandring i gruvegangane frå Sadalen gruve til Høgåsen gruve. Hyggjeleg var det at mellom dei 14 var det to studentar frå Stord, Sagvåg og Vikanes og Øvre Litlabø og Isdal.


Inst i Høgåsen gruve vart det funne spektakulære motiv til mobien.

Anna Maria Utne Nesse frå Isdal til venstre  og Sølve Nytrøen frå Vikanes studerer geologi ved UiB.  Han slektar på morsida frå Raunholm i Fitjar.

Malene Lindset sikrar seg bilete på mobilen.

Kva har eg funne her, undrast Malene Lindset til professor Ingunn Hindenes Thorsetht til høgre. Til venstre Christina Nicolaisen.


Bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 5. mai 2022

Treje gruppa med geologistudentar frå Universitetet i Bergen vitja Venelaget for Gruo torsdag . 15 studentar med professor Ingunn Hindenes Thorseth i brodden vart ønskt velkomne av Geir Magne Hamnes frå venelaget. Han gav ei innføring om Stordø kisgruber frå starten i 1907. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Ivar J. Helleland fortalde om gruvesamfunnet då ha vaks opp, ekte gruvegut som han er.

Med hjelm på hovudet var det vandring inn i Sadalen gruve med ein god stogg i den store hallen. Turen gjekk vidare til Høgåsen gruve før turen gjekk ut att i dagen.


Gruppa i den store hallen i Sadalen gruve. Til venstre Ivar J. Helleland.

Professor Ingunn Hindenes Thorseth held forelesing i den store hallen i Sadalen gruve om sulfid og sulfat og anna.

Maria Storstein til venstre meislar av eit stykke av ein stor stein medan Kaja Nordby gjev lys med mobilen.


Bileta foto Tor Resser  ©

Onsdag 4. mai 2022

Onsdag morgon kom andre pulje med geologistudentar frå Universitetet i Bergen til Venelaget for Gruo. I Heishuset vart 15 studentar med professor Ingunn Hindenes Thorseth i brodden ønskt velkomne til gruo av Geir Magne Hamnes. Han fortalde kort om anlegget og starten på gruvedrifta etter svovelkis. Filmen med Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Ivar J. Helleland fortalde om gruvesamfunnet då han vaks opp, frå slutten av andre verdskrigen i 1940 til ut på 1950-talet.

Med hjelm på hovudet gjekk gjestene inn til Sadalen gruve med ein god og lang stogg i den store hallen der studentane fekk studera fjellet og skitna fingrane på grafitt.  Vandringa gjek vidar inn i Høgåsen gruve med nye studiar, før dei vende nasen ut att til dagen.


På vandringa inn i fjellet stogga omvisar Ivar J. Helleland,  med blå kjeledress, ved staden der det vart bygt sprengstoffabrikk i 1877.  Produksjonen vart kort, i 1880 gjekk fabrikken i lufta, tre arbeidarar mista livet, ein ovelevde.

I den store hallen i Sadalen gruve. Til venstre omvisar Geir Magne Hamnes.

Skitne fingrar ved å kladda på grafitt som tyt ut av fjellet.


Bileta foto Tor Resser ©

Måndag 2. mai 2022

Vår og mai månad, ny sesong for å ta imot geologistudentar frå Universitetet i Bergen. Måndag føremiddag svinga buss opp framfor Heishuset i Gruo og ut steig 16 studentar og professor Ingunn Hindenes Thorseth.

Dei vart ønskt velkomne av Geir Magne Hamnes som gav ei kort orientering om gruveanlegget, Ivar J. Helleland fortalde om gruvesamfunnet då han vaks opp.

Gjestene fekk hjelm på hovudet og vandra til Sadalen gruve der professor Thorseth held forelesing og studentane fekk studera fjellet. Vandringa gjekk vidare til Høgåsen gruve.  Ute att i dagen takka gjesten for seg og tok turen ned til Storavatnet.

Geir Magne Hamnes med gul poncho til venstre, orienterer om den spesielle fjellformasjonen i den store hallen i Sadalen gruve.

Kor fint, tykkjer to av studentane i Sadalen gruve



Kva kan dette vera, undrast tre av studentane.


Bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 28. april 2022

Foreninga Roundtable 19 Stord ønskte omvising og informasjon om tidlegare Stordø Kisgruber og tinga dag og tid hjå Venelaget for Gruo. Torsdag kveld kom ni medlemer av foreninga til venelaget og vart ønskt velkomne av leiaren Torbjørn Marthinsen i Heishuset. Han gav ei innføring i storleiken på gruveanlegget medan Ivar J. Helleland fortalde om samfunnet då han vaks opp. Filmen om Stordø Kisgruber vart synt.

Med hjelm på hovudet entra gruppa toget, etter eige ønskje, og Torbjørn Marthinsen tok dei inn i Høgåsen gruve og utatt til portalen. Der frå vartdet vandring inn i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen som forteljarar og omvisarar.  I følgje gjesteboka var gjestene stornøgde med informasjon og omvising.



Ivar J. Helleland orienterer om den store hallen i Sadalen gruve.


Foto Tor Resser ©

Laurdag 23. april 2022

47 elevar og to tilsette frå Stord folkehøgskule vitja Venelaget for Gruo laurdag . Dei vart mottekne av leiar i laget, Torbjørn Marthinsen som ønskte gjestene velkomne. Han gav ei utgreiing om gruveanlegget  medan Ivar J. Helleland fortalde om gruvesamfunnet den gongen han vaks opp i Gruo.

Filmen om Stordø Kisgruber 1960 vart synt, gjestene fekk hjelm på hovudet og vart i to puljer køyrt inn i fjellet på tog med Thor Hauglid som lokførar. I fjellet var det vandring i Sadalen gruve med Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland som omvisarar og forteljarar. 

Torbjørn Marthinsen med grøn hjelm fortel gruppe ein om kvifor det er så mange borehòl i fjellet like innanfor inngangen til Sadalen gruve.

Ivar J. Helleland fortel gruppe to om den 450 millionar år gamle fjellformasjonen som har "vandra" frå austkysten av Amerika og vart funnen

 i den store hallen i Sadalen gruve.


Bileta foto Tor Resser ©

Fredag  22. april 2022

Skuleomvisingane hjå Venelaget for Gruo byrja fredag . Først ut i år var 8. trinn ved Nysæter ungdomsskule med 47  elevar og tilsette. Gjestene vart mottekne av leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen. Han gav ei kort innføring om gruva og kor stor ho er, under bakken, det ikkje nokon ser. 

Filme Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt før elevane vart delt i to grupper, fekk hjelm på hovudet  og tekne med inn i fjellet med tog og lokførar Thor Hauglid. Ivar J. Helleland var omvisar for den eine gruppa med Torbjørn Marthinsne som bakmann.

Geir Magne Hamnes var  omvisar for den andre gruppa med Thor Hauglid som bakmann. Turen gjekk inn i Sadalen guve.

Ivar J. Helleland med grøn hjelm var omvisar for den eine gruppa. Bak til venstre Torbjørn Marthinsen.

I den store hallen i Sadalen gruve var Geir Magne Hamnes omvisar for den andre gruppa.

Til sommaren skal omvisarane nytta gule ponchoar slik biletet syner. Atheno står bak og kostar klednaden som er produsert av Kattnakken. På ryggen står Geopark Sunnhordland med VfG sin logo under.

Bileta foto Tor Resser  ©





Laurdag 8. januar 2022

Magdalena From Delis som driv Spinae Company, held alt no på med videoopptak til julekalender 2022. Mellom anna ba ho Venelaget for Gruo om lov til å gjera opptak i gruvegangane på Litlabø. Fredag vart det gjort opptak i den blå grotte med smånissar. Laurdag opptak med ein ungdomsgjeng i gangane inn til og i den store hallen i Sadalen gruve.


Me skal ikkje her og no gå så mykje inn på historia som skal forteljats i julekalenderen. Berre antyda at julenissen sluttar arbeidet i 2022, alle har alt. Men det vil m.a. ikkje smånissane som leitar etter julenissen for å redda stumpane, slik at dei likevel har noko å gjera. Til så lenge har dei funne ein stad å vera, i den blå grotte. Ein ungdomsgjengen freistar òg å finna julenissen, og leitar i gangane og inn i den store hallen. Kva som skjer der…..?


Ivar J. Helleland var kontaktperson frå VfG for Magdalena From Delis og gav ei hjelpande hand der det var trong for det. Regisøren var strålande nøgd med videoopptaka som vart gjrot i fjellet dei to dagane. Då er det berre å venta til 1. desember då første episoden vert sendt.

Magdalena From Delis er regisør og fotograf på opptaka i gruo.

Opptak i den blå grotte med smånissane.

Ungdomsgjengen på leit etter julenissen får instruksjon av Magdalena From Delis før opptak, og manus vert lagt bort. Alle bileta foto Tor Resser ©

Xxxxx

Xxxx

Xxx

Share by: