Omvisningar 2019

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå omvisingar hjå Venelaget for Gruo. Siste omvising står øvst på sida

Fredag 29. november 2019

19 elevar og ein lærar frå 2. klasse ved Stord vidaregåande skule møtte hjå Venelaget for Gruo fredag morgon. Dei vart tekne imot av leiar for VfG, Torbjørn Marthinsen som ønskte dei velkomne. Han orienterte om Stordø Kisgruber før Ansgar Vedå synte gruvefilmen frå 60-talet. Hjelma opp tok Ivar J. Helleland klassen på omvising i dagen fram til portalen til Høgåsen og inn mot Sadalen. Ved «dassen» tok Geir Magne Hamnes over og og var omvisr og forteljar inn i Sadalen gruve. PS Bilete manglar denne gongen då fotografen er sjukemeld.DS

Tysdag 19. november 2019

Stord Fitjar Lions driv eit ungdomsprosjekt som vitja Venelaget for Gruo tysdag. Dei 21 deltakarane vart tekne imot av leiar for VfG, Torbjørn Marthinsen i Heishuset. Der fekk gjestene informasjon om Stordø Kisgruber og Ansgar Vedå synte filmen om Glimt frå Stordø Kisgruber 1960. Med hjelm på hovudet entra gruppa toget og med lokførar Thor Hauglid bar det inn i gruvegangen Høgåsen og ut att til portalen. Der tok Torbjørn Marthinsen over gruppa og var forteljar og omvisar inn i Sadalen gruve. PS Bilete manglar denne gongen då fotografen er sjukemeld. DS

Tysdag 15. oktober 2019

Tysdag vitja barnas Røde Kors venelaget for Gruo. Åtte born og seks vaksne vart tekne imot av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, i Heishuset. Han fortalde litt om Stordø Kisgruber, før Ansgar Vedå synte filmen Glimt frå Stordø Kisgruber. Etter at gjestene hadde skrive seg inn i gjesteboka, fekk dei hjelm på hovudet før dei entra toget og Thor Hauglid var lokførar inn i Høgåsen gruve og ut att til portalen. Der tok Ivar J. Helleland over og var forteljar og omvisar inn til plata i Sadalen gruve.

Barnas Røde Kors i den store hallen i Sadalen gruve, med Ivar J. Helleland, til venstre, som omvisar. Foto Tor Resser ©

Tysdag 1. oktober 2019

11 tilsette i prosjektgruppa for renovering av omnshall ved Hydro Husnes vitja Venelaget for Gruo tysdag. Leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, ønskte gjestene velkomne. Medan gjestene fekk servert rundstyker og kaffi, svinga opp av basardamene, fekk dei sjå filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960, og det vart gjeve informasjon om gruvedrifta. Gjestene vart hjelma opp, hjelm er vanleg på arbeid for denne gjengen, og turen gjekk inn under tårnet og vidare inn i stoll Ekebrekken til endes, ei blindstoll. Ut att i dagen gjekk turen opp i Sjakttårnet. Omvisarar og forteljarar var Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland.

Ved inngangen til stoll Ekebrekken fortalde Ivar J. Helleland, med ryggen til, mellom anna om krigsopplevingane han hadde nett her der det var tilfluktrom. Foto Tor Resser ©

Måndag 30. september 2019

Kvart år har institutt for geovitskap ved Universitetet i Bergen ein GEO-dag for dei tilsette. I år gjekk turen m.a. til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Dei 33 deltakarane vart mottekne av leiar for VfG, Torbjørn Marthinsen som ønskte gjestene velkomne til Gruo. Ivar J. Helleland heldt minikåseri om korleis det var å veksa opp i gruvesamfunnet under og like etter krigen. Filmen med glimt frå Gruo 1960 vart synt før Torbjørn Marthinen fortale kort om verksemda den gongen ho var i produksjon. Gjestene fekk hjelm på hovudet før dei vart tekne med i to grupper inn i fjellt, til Sadalen gruve. Geir Magne Hamnes var omvisar og fortelja for den eine gruppa medan Ivar J. Helleland tok seg av den andre. Omvisinga vart avslutta med ein tur opp i Sjakttårnet.


I ettertid fekk VfG denne attendemeldinga frå professor Ingunn Thorseth som var leiar for gruppa:

«Tusen takk for enda en flott stund hos dere – det dere har fått til og fortsatt gjør er imponerende! Alle som var med var fulle av lovord – det hadde vært veldig interessant og de hadde lært så mye.»

Geir Magne Hamnes, til venstre, var omvisar og forteljar for den eine gruppa. Her på veg inn i Sadalen gruve.

For den andre gruppa var Ivar J. Helleland, med ryggen til, omvisar i den store hallen i Sadalen gruve. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 19. september 2019

Geopark Sunnhordland vert skipa fredag 20. september, i Moster Amfi. Som ein lekk i skipinga er det desse to dagane seminar om Geoturisme på Stord og Bømlo. Geoturisme skal ta vare på og framheva den lokale eigenarten på ein stad, som miljø, kultur estetikk m.m., som kjem lokalsamfunnet til gode. Mange tilreisane frå store delar av lande var samla på seminaret. Tilskipar av seminaret var Norges geologiske undersøkelser, Norsk Geologisk foreing og Geopark Sunnhordland. Mellom anna var det torsdag lagt ekskursjon til Stordø Kisgruber, der Venelaget for Gruo tok imot 34 deltakarar. Leiar av VfG Torbjørn Marthinsen ønskte gjestene velkomne til gruo. Både han, Geir Magne Hamnes og Ivar J. Helleland var deltakarar på seminaret. Marthinsen fortalde om Stordø Kisgruber, filmen med glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Deltakarane fekk hjelm på hovudet, delt i to gruppe før turen gjekk inn i fjellet og Sadalen Gruve med Geir Magne Hamnes og Torbjøen Marthinsen omvisarar og forteljarar.

Geir Magne Hamnes til høgre var forteljar og omvisar for ei av gruppene.

Den andre gruppa med Torbjørn Marthinsen, med lommelykt, som omvisar, i den store hallen i Sadalen Gruve. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 29. august 2019

Innsida av fjellet ved Stordø Kisgruber på Litlabø, vert meir og meir interessant for geologistudentar ved Universitetet i Bergen (UiB). I fleire år har UiB vitja Stordø Kisgruber med studentar for å verta betre kjent med gologien. No er det også aktuelt som åstad for mastergradstudiar. Torsdag vitja fire personar frå UiB Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Studiet er at mastergradstudenten Trond Fjellet skal arbeida med geologien i området kring Stordø Kisgruber. Dei vart mottekne av leiar i VfG Torbjørn Marthinsen og Rune Johannessen som tok gjestene med inn i Høgåsen og Sadalen gruver. Der vart det teke steinprøver studenten tok med attende til UiB for nærare analysar. Det kan òg verta aktuelt at dei kjem attende seinare for å sjå området i dagen kring i gruveområdet.

Torbjørn Marthinsen tykkjer det er særs hyggjeleg at gruveområdet kan nyttast så aktivt for UiB og studentane, og kjem attende år etter år.

Mastergardstudent Trond Fjelllet tek ut steinprøve frå ein 490 millonar år gamal steinformasjon i Sadalen gruve. Til venstre Frida R. Forsberg, som òg er mastergradsturent, men med gruvene på Lykling på Bømlo som hovudtema. Med ryggen til leiar for gruppa Håvard Hallås Stubseid PhD-kandidat og Sabina Stanic Palinkas

Frå venstre Trond Fjellet, Frida R Forsberg, Håvard Hallås Stubseide og Sabina Stanic Palinkas. Alle bileta foto Tor Resser ©

Mastergardstudent Trond Fjellet noterer på plastposen dato og stad for prøvane han tek med attende til Bergen.

Laurdag 17. august 2019

Bondesamling i Gruo. Det hadde seg slik at Kjell Lønning hadde samla tidlegare klassevener frå då han gjekk på bondelaget sin folkehøgskule på Mysen vinteren 1963/64, til samkome på Stord. (Skulen er no lagt ned). Klassen har årlege samkomer, dette var første gong Kjell Lønning var med. Ikkje mindre en 30 tilreisande klassevener, med ektefeller, hadde teke turen til Stord. Lønning ville syna gjesten kva Stord har å by, og ein tur til Venelaget for Gruo var sjølvsagt.

I Heishuset fekk gjestene sjå «gruvefilmen» frå 1960 og Ivar J. Helleland gav ei kort innføring i gruvesamfunnet då han vaks opp. Gjestene hadde berre ein time til rådvelde, og vart tekne med inn under tårnet til sjakta og vidare inn i ei blindstoll. Sjølv om det vart ei kort omvising, var gjesten svært oppglødde over kva dei fekk vera med på.

Ivar J. Helleland, med ryggen til, fortel om heissjakta under tårnet. Foto Tor Resser ©

Fredag 09. august 2019

Fredag ba NHO Vestland inn til regional konferanse på Stord med lokale verksemder og lokale og fylkekommunale politikarar. Lokalpolitikar Geir Angeltveit som toppar vensrtelista ved kommunevale på Stord, hadde bede med seg fylkespolitikar Geir Kjell Andresland (V) som sit i utval for kultur idrett og regionalutvikling, til omvising i Gruo. Med var òg andrekandidat på den lokale vallista, Camilla Berg Larsen. Leiar av venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen, tok gjesten imot i Heishuset. Han fortalde om soga til Stordø Kisgruber og gruvefilmen frå 1960 vart synt.

Då det for tida er vanskar med lyset i gruvegangane grunna sterk kondens i sommar, vart gjesten tekne med under Sjakttårnet og deretter opp i tårnet til øvste avsats. Dermed fekk Geir Kjell Andersland med sjølsyn sjå kva dei 50.000 kronene Hordaland fylke hadde løyvt til restaurering av tårnet, var nytta til. Han var storlegen imponert over kva han var synt og uttrykte fleire gonger at «dett visste eg ikkje».

Ved sjakta under Sjakttårnet. Frå venstre Geir Kjell Andersland, Geir Angeltveit, Camilla Berg Larsen, Else-Berit Helle og Torbjørn Marthinsen som fortel om sjakta. Foto : Tor Resser ©

Laurdag 22. juni 2019

Hordaland Senterparti hadde i 2019 lagt si årlege samling til Stord. Der var Jakob Bjelland vert. Han ønskte å gje gjesten både kultur og oppleving. Stordø Kisgruber og venelaget for Gruo var den rette staden for det. Til saman 29, 24 vaksne og fem born, vart ønskte velkomne i Heishuset ved leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen. Han gav ei innføring om gruvedrift på Stord generelt og på øvre Litlabø spesielt. Gruvedrif på øya er langt eldre enn soga til Stordø Kisgruber som byrja i 1907. Første gruvedrift, i Gullberg, vart registrert så langt attende som i 1689. Første registrerte skjerp på øvre Litlabø, Rossneset, skriv seg attende til 1864.

Filmen frå 1960 om gruvedrifta på øvre Litlabø vart synt. Gjesten fekk hjelm på hovudet, delt i to puljer og køyrt på tog inn i fjellet med Thor Hauglid som lokførar. I fjellet tok Geir Magne Hemnes hand om den eine gruppa og var omvisar og forteljar i Sadalen gruve. Den andre gruppa tok Ivar J. Helleland seg av, i same gruve.

Geir Magne Hamnes, i blå kjeledress, var omvisar og fortelja for den eine gruppa. Her i den store hallen i Sadalen gruve.

Ivar J. Helleland, til høgre, var omvisar og forteljar for den andre gruppa. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 18. juni 2019

Etter ein hektisk periode frå mai månad til no, hadde Venelaget for Gruo siste skuleomvising tysdag. Då kom Stord vidaregåande skule Vg1 bygg- og anleggsteknikk, 15 elevar og fire lærarar. Leiar av VfG Torbjørn Marthinsen ønskte gjestene velkomne. Gruvefilmen vart synt og dei av gjestene som ikkje hadde med eigen hjelm, fekk låna frå VfG. Etter togtur inn i fjellet, tok Ivar J. Helleland over omvising og forteljing innover i Sadalen gruve.


Ute att gjekk turen til Sjakttårnet.Målet var å syna kva som kan gjerast i restaurering i betongarbeid.

Venelaget for Gruo nyttar med dette høvet til å takka alle barnehagar og skular som har teke turen til gruo for å sjå og få høyra om Stordø Kisruber, som ein gong var det største einskildarbeidsplassen på Stord. Velkomne att, og god sommar.


Vg1 i den store hallen i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland, med ryggen til, som omvisar. Foto Tor Resser ©

Måndag 17. juni 2019

Stord vidaregåande skule 2, ålmenn studieretning, hadde aktivitetsdag i gruo måndag med omvising hjå Venelaget for Gruo, både i fjell og på fjell. Skulen hadde påmeldt 60 personar men 25 elevar møtte ikkje opp, leit både for skulen, elevane som ikkje møtte og for Venelaget for Gruo. Dei frammøtte vart tekne imot av leiar for VfG, Torbjørn Marthinsen. Som vanleg gav han ei krot innføring om Stordø Kisgruber då gruva var i produksjon, gruvefilmen vart synt. Elevane vart delt i to grupper med to lærar i kvar. Etter å ha skrive seg i gjesteboka, fekk dei hjelm på hovudet og vart i to vende køyrt inn i fjellet på tog. I fjellet var Geir Magne Hamnes omvisar og forteljar for den eine gruppa, Ivar J Helleland for den andre.


Ute att i dagen fekk gruppene matøkt før det var omvising i Sjakttårnet, Børtveitsmio, smiemuseet og fottur opp til storsynken i Høgåsen, over den gamle idrettsplassen i Rødkleiv, til Tusenhjemmet, langs delar av den gamle vassrenna frå Storstemmo (Jappaløkjen) til vaskeriet m.m. Heile omvisinga tok kring fire timar.

Geir Magne Hamnes i gul hjelm og blå kjeledress i bakgrunnen, var omvisar for den eine gruppa. Her i den store hallen i Sadalen gruve.

Torbjørn Marthinsen i kvit t-skjorte i midten, var ein av omvisarane ute. Her fortel han om Sjakttårnet og grovknusaren.

Ivar J. Helleland, med hatt, fortel om storsynken i Høgåsen, som ligg utanfor biletet til høgre. Alle bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 12. juni 2019

Stord ungdomsskule 9. trinn med fire klassar, til saman 94 elevar og lærarar, inntok Gruo og Venelaget for Gruo onsdag. Klassane kom i to puljer, to klassar i kvar. Sams for båe puljane var at dei vart mottekne i Heishuset av leiar for VfG, Torbjørn Marthinsen. Han gav ei kort innføring om Stordø Kisgruber, filmen om verksemda frå 1960 vart synt, før dei fekk hjelm på hovudet og køyrt inn i fjellet med tog med Thor Hauglid som lokførar.Omvisarar og forteljarar for dei fire klassane var Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen.

Klasse B med Ivar J. Helleland som omvisar, med ryggen til, i den store hallen i Sadalen gruve.

Klasse A i den store hallen i Sadalen gruve der Torbjørn Marthinsen var omvisar. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torbjørn Marthinnsen til venstre, var omvisar for klasse C.

Ivar J. Helleland var omvisar for klasse D

Onsdag 05. juni 2019

Sju livlege born og to vaksne frå Sagvåg barnehage avd. Tjødnalio vitja Stordø Kisgruber og venelaget for Gruo onsdag. Dei sju sluttar i bernehagen til sommaren og byrjar på skulen til hausten. Dei vart tekne imot av Ivar J. helleland i Heishuset. Der hadde han ein innleiane samtale med borna før dei fekk sjå gruvefilmen. Dei sat som lys og følge levande med i kva dei fekk sjå, imponerande. Dei skreiv seg inn i gjesteboka, fekk hjelm på hovudet og vart køyrt med tog inn i Høgåsen gruve med Thor Hauglid som lokførar. Ute att ved opninga gjekk dei av og vart tekne med inn til den blå grotte med Ivar J. Helleland som fortelar. I grotta song borna ein song, lyse vart sløkt slik at dei fekk sjå kor mørkt den er i gruva. Ved opninga tok toget dei attende til Heishuset der dei fekk diplom for å ha vitja den blå grotte.

I den blå grotte song borna ein song for Ivar J. Helleland midt i biletet, og fotografen. Foto Tor Resser ©

Måndag 27. mai 2019

24 elevar med tre lærarar i 5. klasse frå Sagvåg skule vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo måndag. Elevane gjekk frå skulen til Gruo der dei vart tekne imot av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Han gav som vanleg ei kort innføring i det tidlegare gruvesamfunnet før gjestene fekk sjå gruvefilmen. Med hjelm på hovudet sette gjestene seg på toget og lokførar Thor Hauglid køyrde dei inn i Høgåsen. Ute att til opninga gjekk dei av og Ivar J. Helleland var omvisar og forteljar inn i Sadalen gruve.

5. klasse frå Sagvåg skule i den store hallen i Sadalen gruve. Omvisar og forteljar Ivar J. Helleland midt i biletet med ryggen til. Foto Tor Resser ©

Fredag 24. mai 2019

Ein gjengangar til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo i slutten av mai månad, etter kvart, er 8. klasse frå Nordbygdo ungdomsskule. Dei tek sykkelturen om Leirvik og Sagvåg til Gruo. Her vart dei til saman 70 gjesten ønskt hjarteleg velkomne i Heishuset frå leiaren av VfG, Torbjørn Marthinsen. Han gav ei kort orientering om Stordø Kisgruber og samfunnet kring. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Dei tre klassene 8 a, b, c vart køyrt inn i fjellet i toget med Thor Hauglid som lokførar. I fjellet var Torbjørn Marthinsen, Ivar J. Helleland og Thor Hauglid omvisarar og forteljarar i Sadalen gruve.

Torbjørn Marthinsen i blå kjeledress på steinen til venstre var omvisar for klasse A.

Til venstre Thor Hauglid som fortalde om gruva til klasse C. Alle bileta foto Tor Resser ©

Ivar J. Helleland i blå kjeledress med ryggen til hadde med seg klasse B inn i fjellet.

Torsdag 23. mai 2019

Sagvåg Fus Maritime barnehage hadde i år òg bede føresette, og andre familiemedlemer inn til avslutting i Heishuset i Gruo for 17 born som byrjar på skulen til hausten. Venelaget for Gruo tok på seg å ta dei kring 76 frammøtte inn i fjellet til den store hallen i Høgåse gruve. Gjestene fekk togtur, i to vende, inn i fjellet med leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, som lokførar. I den store hallen gav borna konsert med fleire lokaldikta songar om gruvene, arbeidarane og meir, til stor fagnad frå tilhøyrarane.


Attende i Heishuset vart det gjeve avskilsgåve saman med godord til dei 17 borna som sluttar i barnehagen til sommaren og byrjar på skulen til hausten. Så var det festleg samvær med saft og kaker og kaffi til dei vaksne.

Borna song med liv og lyst.

Dei 17 som sluttar i barnehagen til sommaren gav like godt ein song i Heishuset òg. Alle bileta foto Tor Resser ©

Foreldre og føresette med fleire var tilhøyrarar.

Onsdag 22. mai 2019

Bakken barnehage i Fitjar har gjort det til tradisjon å ta med borna som til sommaren skal slutta i barnehagen og gå over i skulen, til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. I år kom 12 born og tre vaksne tilVfG onsdag. Dei vart tekne imot av Ivar J. Helleland som hadde ein liten samtale med borna før dei fekk sjå filmen om gruva frå 1960. Dei skreiv seg inn i gjesteboka, kledde godt på seg, fekk hjelm på hovudet og vart køyrt med toget, med Torbjørn Marthinsen som lokførar, inn i Høgåsen gruve og ut att til opninga. Der var det fottur inn til den blå grotte med Ivar J. Helleland som leiar, med stogg på vegen der borna fekk freista mineboret i borehòl.

Borna frå Bakken barnehage i den blå grotte. Foto Tor Resser ©

Tysdag 21. mai 2019

Kortreist skule på vitjing i dag. 59 elevar og fire lærarar frå Nysæter ungdomsskule svinga inn framfor Heishuset straks før klokka 0900. Dei vart, som vanleg når skuleklassar kjem, tekne vel imot av leiar av Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen. Han fortalde kort om Stordø Kisgruber før filme frå den gonge vart synt. Elevane vart delt i to grupper. Rune Johannessen tok gruppene ein og ein på togtur inn i fjellet og sette dei av attved utgangen av stoll Høgåsen der turen gjekk til fots inn i Sadalen gruve. Der var Geir Magne Hamnes og Ivar J. Helleland omvisarar og forteljarar for kvar sine grupper.

Geir Magne Hamnes i blå kjeledress var omvisar for den eine gruppa.

Ivar J. Helleland i kjeledress med rygen til, var omvisar for den andre gruppa. Båe bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 15. mai 2019

Klasse 5 A og B frå Langeland skule, 46 elevar, tre lærarar og to assistentar sykla til Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Dei vart tekne imot av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Han stilte spørsmål om det var nokon av elevane som hadde familie som hadde arbeidd ved Stordø Kisgruber. Ein elev kunne syna til tippoldefar. Filmen om gruo frå 1960 vart synt. Gjestene fekk hjelm på hovudet og kvar klasse vart tekne med inn i fjellet, først med tog deretter til fots. Omvisarar og forteljarar var Torbjørn Marthinsen, som og var togførar, og Ivar J. Helleland.

Klasse A på plata inst i Sadalen gruve.

Klasse B i den store hallen i Sadalen gruve. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 14. mai 2019

Sist, men ikkje minst, var det første og andre trinn frå Tjødnalio skule som vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo tysdag, 33 elevar og seks lærara/assistenar på første trinn og 26 elevar og 5 lærarar/assistentar på andre trinn.. Opplegget for gjestene var det same som for dei tidlegare trinna som gjesta gruo. Mange av borna kom ut att frå turen i fjellet og tykte det hadde vore dagen, gysla kjekt.


Til saman har kring 200 elevar og kring 30 lærarar og assistentar har vore innom Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo på fire dagar med sju omvisingar. Det var ei utfordring for VfG . Rektor Kristine Vikanes frå Tjødnalio skule tykte VfG hadde løyst utfordringa på ein framifrå måte. Ho retta i stor takk for all velvilje skulen var møtt med. Venelaget på si side takkar for vitjinga og ønskjer velkomne attende.

Første trinn i den store hallen i Sadalen gruve.

Andre trinn på plata inst i Sadalen gruve. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 13. mai 2019

Tjødnalio skule held fram med å vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for gruo. Måndag var det tredje og fjerde trinn som hadde teke vegen til gruo, 69 elevar og ni lærarar og assistentar. Trinna var delt i to grupper, den eine på omvising inn i fjellet, den andre på tur på fjellet, Høgåsen. Etter eit par timar var det bytte, dei på fjellet kom inn og dei inne kom ut. Båe gruppene vart tekne imot i heishuset av leiar for VfG, Torbjørn Marthinsen. Ivar J. Helleland ønskte å vita om nokon av elevane hadde beste- eller oldeforeldre som hadde arbeidd i gruo. Kvar gong får han respons på spørsmålet og han kan fortelja at den eller den kjende han. Gruvefilmen frå 1960 vart synt, hovudet fekk hjelm, toget vart entra og Torbjørn Marthinsen var lokførar inn i fjellet. Der tok Ivar J. Helleland over og var omvisar og forteljar inn i Sadalen gruve, til plata.

Den eine gruppa frå tredje og fjerde trinn i den store hallen i Sadalen gruve

Den andre gruppa frå tredje og fjerde trinn på plata inst i sadalen gruve. Båe bileta foto Tor Resser ©

Fredag 10. mai 2019

29 elevar og tre lærarar på 6. trinn frå Tjødnalio skule vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo fredag. Som vanleg vart gjestene mottekne og ønskt velkomne frå leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen. Han orienterte kort om verksemda i «gamle dagar». Ivar J. Helleland stilte spørsmål om det mellom elevane var nokon som hadde familie eller kjende som arbeidde i gruva. Fleire hender kom i veret og både olde- og besteforeldre hadde arbeidd der.

Filmen frå arbeidet i gruva vart synt, gjesten fekk hjelm og dei vart køyrt med tog inn i fjellet. Der tok Ivar J. Helleland over som omvisar og forteljar innover i Sadalen gruve, om den store hallen til plata. På vegen innover stilte elevane spørsmål som dei fekk svar på.


Elevane fekk eta nistematen i Heishuet før turen gjekk vidar i skogen kring gruveområdet.


6. trinn frå Tjødnalio skule i den store hallen i Sadalen gruve. Foto: Tor Resser © 

Torsdag 09. mai 2019

Første gruppe på omvising torsdag var trinn 7 frå Tjødnalio skule, 31 elevar og tre lærarar. Torbjørn Marthinsnen tok imot og ønskte velkommen til gruo og Venelaget for Gruo. Dei fekk litt faktaopplysingar om då gruva var i produksjon. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Før dei gjekk på toget fekk dei hjelm på hovudet. Rune Johannessen var lokkførar for toget inn i Høgåsen gruve. Der tok Ivar J. Helleland over og var forteljande omvisar i Sadalen gruve. Stogg i den store hallen i gruva med endestopp på plata inst i løypa.


Trinn 5, 20 elevar og tre lærarar; frå Tjødnalio skule var andre gruppa Venelaget for Gruo hadde på omvising torsdag. Gruppa hadde først vore på tur i området kring Høgåsen. I Heishuset tok Leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen dei imot. Han fortalde litt om anlegget før dei fekk sjå gruvefilmen. Hjelm fekk dei på hovudet, entra toget og vart køyrt inn i stoll Høgåsen med Rune Johannessen som lokførar. I fjellet tok Ivar J. Helleland over og var forteljar og omvisar inn i Sadalen gruve, innom den store hallen til endestopp plata. Sams for båe gruppene frå Tjødnalio var at dei var svært ivrige med å stilla relevante spørsmål. Ein av elevane tykte dette hadde vore ein av dei kjekkaste dagane på skulen.


Siste omvising torsdag var den andre gruppa, 22 geologistudentar med professorane Rolf Birger Pedersen og Ingunn Thorseth som leiarar, frå Universitetet i Bergen.Leiar av Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen, ønskte gjestene velkomne. Gruvefilmen vart synt før gjesten vart hjelma og Ivar J. Helleland tok gruppa med på omvising både inn mot og inn i fjellet. Der gjekk turen til Sadalen gruve med særleg stogg i den store hallen. Professor Rolf Birger Pedersen heldt ei kort forelesing før studentane fekk utforska sjølv. Turen gjekk vidare til plata i Sadalen og attende til den store hallen i Høgåsen gruve.

Trinn 7 i hallen i Sadalen gruve.

Trinn 5 frå Tjødnalio skule i den store hallen i Sadalen gruve. Omvisar Ivar J. Helleland til venstre.

Professor Rolf Birger Pedersen, nr. fire frå venstre, heldt forelesing i den store hallen i Sadalen gruve.

Studentane søkte ivrig etter interessante steinar. Alle bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 08. mai 2019

Pensjonistar frå posten var onsdag på sosialtur og ein av stadane dei vitja var Stordø Kisgruber på Litlabø. Her vart dei 24 pensjonistane med følgje tekne imot av leiar i VfG Torbjørn Marthinsen. Han gav eit oversyn over anlegget den gongen det vart drive, fram til 1968. Endeleg sluttstrek vart sett i 1970 då pumpene vart stogga og gruvegangane etter kvart vart fylt med vatn.

Gruvefilmen frå 1960 vart synt før gjestene fekk hjelm på hovudet og køyrt inn i fjellet. Der tok Ivar J.Helleland imot og var forteljar og omvisar i Sadalen gruve, innom den store hallen til endepunktet for turen, plata inst i Sadalen så langt det er høve å gå.

Postpensjonistane på plata inst i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Tysdag 07. mai 2019

Den første pulja med geologistudentar frå Universitetet i Bergen vitja Venelaget for Gruo tysdag, tradisjonen tru. 19 studentar og to leiarar (professor Ingunn Thorseth og Lin Merete Olsen) møtte i Heishuset der dei vart mottekne av leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen. Gruvefilmen frå 1960 vart synt før Ivar J. Helleland tok gjestene med på vandring ut og inn i gruvegangane til Sadalen gruve. Der vart studentane «slepte laus» og dei fekk studera fjellet på nært hall. Professor Thorseth fortalde, og spurde.

Studentane er «slepte laus» i Sadalen gruve.

Johannes Ekre i midten har funne ein interessant stein og får hjelp til studiet frå professor Ingunn Thorseth til høgre og Lin Merete Olsen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 06. mai 2019

Tjødnalio skule ønskjer å nytta området kring og ved Stordø Kisgruber på Øvre Litlabø i undervisinga. For å verta betre kent med området og få innspel kor og korleis området kan nyttast i undervisinga, ba skulen om hjelp frå Venelaget for Gruo. Måndag mønstra tilsette, 25 personar, ved Heishuset i Gruo og vart tekne med på vandring på Rossneset. Over eit par timars tid var Ivar J. Helleland omvisar og forteljar. Han vaks opp i Gruo og er lommekjend i området. Gjestene fekk grundig informasjon på vandringa. Ytst på Rossneset gjekk turen gjennom den første gruva som vart opna i området på 1860-talet.

Tjødnalio skule vil seinare denne veka og i byrjinga av neste, ta alle elvane med til Øvre Litlabø med mellom anna omvising i gruvegangane ved Venelaget for Gruo.

På tur opp frå den første gruva i Litlabøområdet. Foto Tor Resser ©

Torsdag 25. april 2019

29 pensjonistar frå Utdanningsforbundet vitja Venelaget for Gruo torsdag. Dei vart ønskt velkomne av Ivar J. Helleland før dei fekk sjå gruvefilmen frå 1960 og Helleland si forteljing om raidet mot Stordø Kisgruber natta 24. januar 1943. Deretter var det kaffi og noko å bita i før 28 av gjestene fekk hjelm på hovudet, entra dei nyrestaurerte personvognen og Torbjørn Marthinsen sette lokomotivet i gang og trekte vognene inn i stoll Høgåsen. Attende ved utgangen gjekk gjestene av toget og vart leia inn i Sadalen gruve av Ivar J. Helleland som forteljar og omvisar.

Pensjonistane frå Utdanningsforbundet i den store hallen i Sadalen gruve. Ivar J. Helleland, omvisar og forteljar, i blå kjeledress midt i biletet. Foto: Tor Resser ©

Fredag 05. april 2019

Det store kaiprosjektet ved Kværner Stord A/S hadde fredag kom saman samling og lagbygging for entreprenørar og firma i prosjekte. Mellom anna kom 11 representantar til Venelaget for Gruo for ei kort omvising. I Heishuset fekk dei sjå gruvefilmen frå 1960, før leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen tok dei med på ei vandring i Høgåsen gruvegang. Han fortalde om bygningane langs vegen og omarbeidet i gruva då ho var i produksjon.

Torbjørn Marthinsen, i blå kjeledress, tok tilsette ved kaiprosjektet ved Kværner med på vandring som enda i den stor hallen i Høgåsen gruve. Foto Tor Resser ©

Tysdag 02. april 2019

Klasse 3 allmen C frå Stord vidaregåande skule ville vita meir lokalsoge, med særleg vekt på raidet mot Stordø kisgruber natta 24. januar 1943.Kva var meir naturleg då enn å søkja hjelp og støtte hjå Venelaget for Gru. 26 elevar og lærar tok turen tysdag 2. april. Dei vart mottekne på vaskeriplanet av Ivar J. Helleland, for høvet i militær feltuniform. Han tok dei med til fots over vaskeritomta til Heishsuet der dei fekk sjå gruvefilmen og kåseri av Helleland om raidnatta 1943, generelt om hendinga og personleg oppleving. Vidare fekk elevane tur inn under Sjakttårnet fram til den 753 meter djupe heissjakta ned i fjellet. Tur opp i tårnet vart det òg tid til.

Elevane ved sjakta under Sjakttårnet. Ivar J. Helleland med ryggen til. Foto Tor Resser ©

Laurdag 30. mars

For tredje gong hadde Kim Amlien lagt Geocach event til gruveområdet på Litlabø, i samarbeid med Venelaget for Gruo. 16 geocachvener hadde funne vegen i år. Frå VfG si side vart gruvefilmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 synt i Heishuset. Deretter var det omvising i Sjakttårnet, togtur inn i stoll Høgåsen og vandring i Sadalen gruvegang som enda opp i den blå grote. Der vart det tradisjonelle gruppebiletet teke. Vel ute i dagen att, var det grilling ved Heishuset, sjølv om haglbygene til tide var helst intense.

Gruppa samla i den blå grotte. Kim Amlien på kne til venstre. Foto Tor Resser ©

Onsdag 13. februar

Det er vorte ein tradisjon hjå Sagvåg Maritime FUS barnehage å vitja Venelaget for Gruo i februar månad. Onsdag kom 17 born frå dei to eldste gruppen, som skal byrja på skulen til hausten, og fire vaksne til venelaget. Borna har den siste tida hatt prosjektarbeid om gruvene på Litlabø, og no skulle dei sjå kva dei hadde lært om.

Gjestene vart mottekne av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, før dei fekk sjå filmen om Stordø Kisgruber. Borna sat som lys og følgde intenst med. Ivar J. Helleland hadde samtale med borna før dei fekk hjelm på hovudet og entra toget med Thor Hauglid som lokkførar. Inne i fjellet var Ivar J. Helleland omvisar og forteljar inn til den blå grotte. For å syna kor mørkt det er i gruvegangane når lyset går, var det sløkt ei lita stund. Før turen gjekk ut att til toget, kviterte borna med to songar. Svært hyggjeleg å ha borna på vitjing.

Borna i den blå grotte. I bakgrunnen med gul hjelm Ivar J. Helleland. Foto: Tor Resser ©

Share by: