Omvisningar 2017

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå omvisingar hjå Venelaget for Gruo. Siste omvising står øvst på sida

Fredag 24. november 2017

17 tilsette ved Statoil Stureterminalen i Øygarden kommune hadde fredag teke turen til Venelaget for Gruo. Her vart dei tekne imot i Heishuset av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Han gav ei kort utgreiing om starten for gruvedrifta på Litlabø, og nemnde òg at Heishuset vart sprengt i 1943.Thor Hauglid var lokførar inn i Høgåsen gruvegang. Ute att ved portalen gjekk gjestene av toget og Torbjørn Marthinsen var omvisar og forteljar inn i Sadalen gruve med endestopp på plata.


Det er ikkje så ofte me ser flaggermus på omvisingane, men det gjorde me i dag. I krysset Sadalen gruve Blå grotte vart det som vanleg ein stogg og då kom flaggermusa innover gangen men torde ikkje flyga over alle hovudane som tydeleg stengde vegen. Musa flaug fram og atende like til folka gjekk inn Sadalen. Då fòr musa inn mot Blå grotte men tok til høgre og mot sjakttårnet.


Dette var siste omvisinga venelaget hadde på programmet i år og takkar alle som har vor interessert i omvising hjå oss. Velkomne att neste år.

Gjestene frå Stureterminalen på plata inst i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Laurdag 18. november 2017

FUS Sagvåg Maritime barnehage, personal, valde i år å markera juleavslutning i Heishuset hjå Venelaget for Gruo. 13 tilsette av personalet var med på festen. I Heishuset fortalde Ivar J. Helleland kort om den dramatiske soga til huset som vart sprengt av britiske commandosoldatar ved raidet på Stordø Kisgruber natt til 23. januar 1943. Gjesten vart hjelma opp, gjekk på toget, med Torbjørn Marthinsen som lokførar, og køyrde dei inn i stoll Høgåsen. Ivar J. Hellenad tok over og fortalde om den store hallen, og om andre interessante ting på vandringa.


Vel attende i Heishuset heldt gjestene fram med festen utetter kvelden.

Ivar J. Helleland til venstre var omvisar og forteljar for gjesten frå FUS Sagvåg maritime barnehage. Foto Tor Resser ©

Laurdag 2. november 2017

Else-Berit Helle hadde bede medlemer i Mental Helse Hordaland til samkome på Stord og i Gruo. 14 medlemer hadde takka ja til innbydinga. Gjestene vart tekne i mot av Else-Berit Helle og Ivar J. Helleland frå Venelaget for Gruo. I Heishuset køyrde Ansgar Vedå «gruvefikmen» frå 1960 som syner arbeidet ved den gongen Stordø Kisgruber. Deretter var det opphjelming, togtur inn i fjelet med Torbjørn Marthinsen som lokførar, og vandring i gruvegangane inn i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som forteljar. Etter turen i fjellet vart det servert betasuppe og kaffi og kaker i Stigerkontoret.

Gjestene frå Mental Helse Hordaland på vandring i gruvegangane. Forteljar Ivar J. Helleland i blå kjeledress til høgre. Foto Tor Resser ©

Mandag 2. oktober 2017

Den store omvisardagen for Venelaget for Gruo. Fire 9. klassar frå Stord ungdomsskule ville på omvising ved Stordø Kisgruber, til saman 115 elevar og 10 vaksne møtte i Gruo måndag morgon/tidleg føremiddag etter sykkeltur om Sagvåg. Venelaget stilte med 11 omvisarar og hjelparar. Elevane vart delt i tre grupper, ei gruppe (to klassar) fekk sjå gruvefilmen i Heishuset og fekk høyra om raidet på Stordø Kisgruber natt til 23. januar (ein laurdag faktisk) 1943 og litt om dagleglivet i Gruo like eter krigen. Ivar J. Helleand og Svein Jæger Koppang sto for den delen av opplegget. Koppang hadde òg klassane med på omvising i gruvemuseet i Smio.


Medan to klassar var i Heishuset vart dei to andre, ein og ein, tekne med på togtur med Thor Hauglid som lokførar, inn i Høgåsen og ut att til portalen. Der gjekk dei av og vart tekne med inn i Sadalen gruve av Wilfred Sætre og Torbjørn Marthinsen som forteljarar. Elevane fekk vita korleis gruva vart bygt opp, om produksjonen og mykje anna.

Klassane 9 C og D var først ut til å høyra om raidet på Stordø Kisgruber 23. januar 1943 og litt om dagleglivet i gruo då Ivar J. Helleand ( med armen i veret) vaks opp. Til høgre for han Svein Jæger Koppang.

Wilfred Sætre, til høgre, var omvisar for klasse 9 A, her i den store hallen i Sadalen gruve.

Torbjørn Marthinsen, med ryggen til, var omvisar for klasse 9 B i den store hallen i Sadalen gruve.

Torbjørn Marthinsen, til høgre, var omvisar og forteljar for den eine gruppa.

Ivar J. Helleland med ryggen til i blå kjeledress, var forteljar og omvisar for den andre gruppa. Bår bileta foto Tor Resser ©

Måndag 25. september 2017

Sagvåg og Litlabø barnehage kom på omvising hjå Venelaget for Gruo måndag. 27 born og åtte vaksne vart ønskt velkomne av Ivar J. Helleland. Han fekk god kontakt med borna frå første stund. Også borna fekk sjå filmen om arbeidet ved Stordø Kisgruber i 1960. Dei sat som lys og følgde levande med på filmen.


Gjestene vart hjelma opp, ikkje så lett å få ein stor hjelm til å sitja på eit lite hovud, men alt går. Dei entra toget der Thor Hauglid var nylært lokførar og tok dei inn i stoll Høgåsen, og ut att til opninga. Der tok Ivar J. Helleand over flokken og leidde dei inn til den blå grotte. Barnehagen kviterte med song før turen gjekk ut att til toget og togtur attende til Heishuset. Det fekk dei diplom for utført tur inn i fjellet. Ute i sola var det tid for nistematen.

Sagvåg og Litlabø barnehage i den blå grotte. Til venstre med gul hjelm Ivar J. Helleland. Foto Tor Resser ©

Søndag 24. september 2017

Kobberverkets Venner frå Vissnes gruber på Karmøy vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo sundag. Ivar J. Helleland fortalde kort om Stordø kis i Heishuset før gjestene, 33 i talet 29 med inn i fjellet, vart hjelma opp og tekne med på togtur med Torbjørn Marthinsen som lokkførar, inn i stoll Høgåsen. Attende ved portalen tok Ivar J. Helleland over og tok gjestene med på fottur inn i stoll Sadalen til plata, samstundes som har fortalde . På plata, endestopp for omvisinga i fjellet, kviterte gjestene med ein rallarsong, eitt vers, om Svarta Bjørn. Kobberverkets venner har gjeve ut CD med rallar- og andre viser dei syng.


På vegen attened til Heishuset i dagen, fortalde Ivar J. Helleland om dei ulike bygningane dei gjekk framom. Gjestene var svært imponert over kva dei hadde vore med på og fått sjå. Dei vedgjekk at Venelaget for Gruo låg eit hestehovud og vel så det, framføre Kobberverkets Venner av kva me har å by av attraksjon.

Ute Ivar J. Helleland i blå kjeledress nærast til høgre, var forteljar for gjestene i fjellet. Foto Tor Resser ©

Torsdag 7. september 2017

Sju tidlegare kommunalsjefar frå like mange kommunar, Bømlo,Fjell, Os, Radøy, Stord, Sund og Sveio har ei årleg samling . I år var det Gudmund Sørensen frå Stord som var vert for seniorgruppa. Mellom anna tok han gjestene med til Stordø Kisgruber der Venelaget for Gruo tok i mot ved leiar Torbjørn Marthinsen. Gruppa fekk informasjon om Stordø Kisgruber og fekk sjå filmen om arbeidet ved verksemda på 60-talet. Kaffi og noko å bita i vart servert. Gjestene fekk togtur inn i Høgåsen før det vart vandring i stoll Sadalen. Som vanleg vart gjestene imponert av kva dei fekk sjå i fjellet.

Seniorgruppa på veg inn i stoll Sadalen. Til høgre omvisar Thorbjørn Marthinsen. Foto Tor Resser ©

Måndag 28. august 2017

Fitjar bygdekvinnelag møtest siste måndagen i månaden. Denne gongen tok dei turen til sørsida av øya og vitja m.a. Venelaget for Gruo. Der vart dei tekne i mot av Ivar J. Helleland som i fleire år skulte i Fitjar. Han fortalde òg om ungdomstida då ungdomar frå Litlabø og Sagvåg tok turen nord til Fitjar på motorsykkel og sjarmerte jentene der.


Hjå venelaget vart filmen om arbeidet i Gruo synt, før Torbjørn Marthinsen tok 15 av dei 18 damene med på togtur inn i fjellet. Der guida Ivar J. Helleland dei i Sadalen gruve inn til plata med stogg mellom anna i den store hallen.

Fitjar bygdekvinnelag på plata i Sadalen gruve. Omvisar Ivar J. Helleland med gul hjelm i bakgrunnen. Til høgre med gul hjelm Thor Hauglid . Fotot Tor Resser ©

Søndag 13. august 2017

Birger Strømsnes markerte 80 års dagen i Heishsuet i Gruo sundag. Eit tjuetals gjester, familie og vener, mange av dei frå Osterøy, var bedne inn. Forutan festleg samkome med tale og gåver, var det tur inn i fjellet med tog der Torbjørn Mathinsen var lokførar. Forteljar i fjellet frå den store hallen i Høgåsen og utover i gruvegangane, var Ivar J. Helleland.

Frå omvisinga i den store hallen i Høgåsen. Midt i biletet, med rulator, jubilanten Birger Strømsnes. Foto Tor Resser ©

Laurdag 29. juli 2017

Lars Mæland hadde leigt Heishuset til å markera 65-års dagen. 22 vener og familie var bedne til middag og fest med god aldersspreiing frå tre til 86 år. Jubilanten ønskte òg at gjestene skulle få omvising i fjellet, noko Venelaget for Gruo stilte velviljug opp for. Torbjørn Marthinsen toga gjestene, bokstaveleg med toget, inn i Høgåsen gruvegang og ut att til inngangen til Sadalen gruve. Der tok Wilfred Sætre over og var omvisar og forteljar innover i gruvegangane og den store hallen i Sadalen. Mange av gjestene hadde aldri tidlegare vore inne i gruvegangane og var storlegen imponert over kva dei fekk vera med på.

I den store hallen i Sadalen gruve. Jubilanten midt i biletet med nevane i lommene. Omvisar Wilfred Sætre med rygen til i blå kjeledress. Foto Tor Resser ©

Onsdag 14. juni 2017

29 elevar og fem lærarar frå 5. trinn ved Tjødnalio skule i Sagvåg vitja Venelaget for Gruo onsdag. Som vanleg vart dei mottekne i Heishuset der Ivar J. Helleland ønskte velkomen og Ansgar Vedå synte gruvefilmen frå 1960. Gjesten vart hjelma opp og sette seg på toget der Torbjørn Marthinsen køyrde dei inn i Høgåsen. Ute att ved protalen steig dei av og vart tekne med inn i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som omvisar.


Elevane var særdeles spørjeviljuge og omvisaren svarte så godt han klarte utan at dei makta å setja han fast. Etter omvisinga meinte han at dette hadde vore ein av dei absolutt beste klassane han hadde hatt med inn i fjellet. Før elevane sette kursen attende til skulen, skreiv dei seg inn i gejsteboka og fekk eta nista i Heishuset.

Dette var siste omvisinga i vårsemesteret.

5. trinn frå Tjødnalio skule på omvising i den store hallen i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Laurdag 10. juni 2017

Alt klokka 1100 byrja første omvising, det vil seia klokka vart godt ein halv time seinare før 13 meir eller mindre spreke syklistar frå I.L. Reno svinga inn på plassen framføre stigerkontoret og Sjakttårnet. Karane hade boma litt på vegen, men som det heiter, betre seint enn aldri. Stussar du på kva I.L. Reno er, har aldri høyrt om det? så er det bedriftsindrettslaget til BIR i Bergen som er det same som SIM i Sunnhordland.


Syklistane har årlege turan og denne gongen gjekk turen til Stord, dei har vore i Fitjar og mølleparken på Midtfjellet tidlegare. Hjå venelaget fekk dei tur inn under Sjakttårnet der Torbjørn Marthinsen orienterte og oppe i Sjakttårnet der Ivar J. Helleland fortalde.

Syklistane frå I.L. Reno framføre Sjakttårnet på Litlabø. Foto: Tor Resser ©

Familietreff

Om ettermiddagen hadde etterkomarane av Gunhild og Leif Romslo slektsstemne lagt til Stordø Kisgruber. Ikkje mindre enn 65 personar hadde takka ja til innbydinga der sjølve samkoma var i Heishuset. Leif Romslo var i mange år heisførar ved gruvene. Før sjølve festen byrja, var det togtur inn i Høgåsen gruve der gjestene vart tekne imot av Ivar J. Helleland i den store hallen. Han hadde eit nært tilhøve til familien Romslo og var granne til familien som budde på Gjerde. Huset Romslo-familien budde i, står i dag i parken på Litlabø (Arbeidarbustaden). Helleland var personleg og fortalde laust og fast om den tida han vaks opp saman med borna til Romslo.


Vel ute i dagen att var det høve til å vitja Arbeidarbustaden. I Heishuset vart filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 synt før festen heldt fram utetter kvelden.


I den store hallen i Høgåsen fortalde Ivar J. Helleland, med ryggen til i blå kjeledress, laust og fast om oppveksten saman med romsloborna. Foto: Tor Resser ©

Fredag 9. juni 2017

Velferdsklubben for tilsette i Fitjar kommune drog på blåtur til grannekommunen i sør. Første stogg på turen var hjå Venelaget for Gruo og Stordø Kisgruber. Vitjinga var sett til ein times tid og på den tida leia Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen dei 49 deltakaren i to grupper på fottur inn i fjellet. Den eine gruppa gjekk Sadalen gruve, den andre Høgåsen gruve. Som stort sett vanleg er, vart det strekt godt i timen då gjestene skulle få mest mogeleg informasjon om gruva og drifta.


Vidare gjekk turen til Samfunnshuset på Litlabø der det vart mat m.m. utover kvelden.

Velferdsklubben vart delt i to grupper med Ivar J. Helleland nærast til høgre i blå kjeledress som omvisar for den eine gruppa.I den andre gruppa i bakgrunnen var Torbjørn Marthinsen omvisar. Foto: Tor Resser ©

Tysdag 6. juni 2017

12 forventingsfulle seks-åringar frå Bakken barnehage i Fitjar, saman med to vaksne, inntok Heishuset hjå Venelaget for Gruo, tysdag. Barnehagen er trufast vitjar til venelaget med borna som til sommaren byrjar på skulen. Denne gongen er tredje eller fjerde året. Dei vart mottekne av Ivar J. Helleland som òg var omvisar i fjellet. Dit kom dei etter togtur med Torbjørn Marthinsen som lokførar innover i Høgåsen gruve og ut att til opninga. Der gjekk borna av og byrja turen til fots inn til den blå grotte. På vegen var det fleire stogg der Ivar fortalde om kva dei gjekk framom.


Inne i blå grotte framførte borna ein skummel song om spøkelser, då sløkte lyset og det vart kolande mørkt. Men det var berre Torbjørn som ville syna kor mørkt det vert i fjellet når lyset går. Vel ute i Heishuset att skreiv brona seg inn i gjesteboka, Ansgar Vedå serverte pinneis før dei spiste nistematen, diplom fekk dei òg. Venelaget takkar for vitjinga og ønskjer velkomen att.

Ivar J. Helleland syner korleis gruvearbeidaren bora hòl i fjellet for å få ut kisen. Foto: Tor Resser ©

Måndag 29. mai 2017

Åtte ivrige born i «avgangsklassen» ved Tjødnalio barnehage, og to vaksne, vitja Venelaget for Gruo måndag. Dei vart tekne imot av Ivar J. Helleland i Heishuset. Etter litt prat for å verta kjent, vart gjestene hjelma opp før dei sette seg på toget med Torbjørn Marthinsen som lokførar. Togtur heilt in til enden av sporet i stoll Høgåsen og ut att til portalen. Til fots gjekk turen gjennom gruvegangane til den blå grotte. Der varta borna opp med song om Kaptein Sabeltann.


Attende i Heishuset, endå ein gong på toget inn til enden av sporet og attende til Gruo stasjon, varta Ansgar Vedå opp med is til gjestene.


Ivar J. Helleland, til høgre, var omvisar for Tjødnalio barnehage. Foto Tor Resser ©

Måndag 22. mai 2017

Tradisjonen tru, kan me etter kvart seia, dette var tredje året 8. trinnet ved Nordbygdo ungdomsskule vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Til saman 66 elevar og fem lærarar kom til gruo, dei fleste på sykkel om Sagvåg. Ei «tryning» vart det, men utan alvorleg skade etter det me fekk opplyst. Gruvevegen er for farleg å sykla så mange i følgje. Gjestene vart tekne imot ved leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen. Som vanleg er vorte, fekk dei sjå filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 som i korte glimt syner arbeidet i gruva den gongen.


Kvar klasse fekk sin omvisar før to av klassane vart tekne med på togtur inn i fjellet og der fottur til Sadalen gruve. Den tredje klassen fekk omvising under heistårnet og som den aller første klassen skuleelevar vart dei tekne med opp i heistårnet. Deretter ein togtur inn i Høgåsen, så langt sporet går.


Elevane skal ha all honnør for fin og høvisk framferd då dei vitja VfG. Me ser fram til å få 8. trinnet attende til neste år.

Gjestene fekk sjå filmen om arbeidet i gruvene i 1960.

Wilfred Sætre i blå kjeledress til høgre, var omvisar for klasse 8A.

Ivan Slaggerud i blå kjeledress til høgre var omvisar for klasse 8B i heistårnet.

Sjefen sjølv, Torbjørn Martihinsen i orange jakke, var både lokkførar og omvisar for klasse 8C, her i den store hallen i Sadalen gruve. Alle bileta foto Tor Resser ©

Fredag 19. mai 2017

Det nermar seg skuleslutt, og fleire skular har meldt at dei vil vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Først ut i så måte var 9. trinn frå Nysæter ungdomsskule. 61 elevar og lærarar frå tre klassar vitja Gruo fredag. Dei vart ønskt velkomne av leiar for VfG Torbjørn Marthinsen. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt slik at elevane skulle få eit innsyn i korleis gruvene på Litlabø vart drivne. Tilbakemeldinga frå elevane var at dei tykte vel om filmen.

I to puljer vart elevane køyrt med tog inn i fjellet der Wilfred Sætre var omvisar for den eine gruppa med Ivan Slaggerud som baktropp og sikring. Torbjørn Marthinsen var omvisar for den andre pulja med Sigmund Lorentsen som baktropp og sikring.

Den eine gruppa i den store hallen i Sadalen gruve med Wilfred Sætre, i blå kjeledress, som omvisar.

Den andre pulja, med Torbjørn Marthinsen til høgre som omvisar, på veg inn i Sadalen gruve, og hadde som vanleg ein stog ved «dassen» bak Marthinsen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Fredag 19. mai 2017

Den fjerde gruppa av geologistudentar (19 stk) i mai månad frå Universitetet i Bergen,vitja Stordø Kisgruber torsdag. Dei vart ønskte velkomne ev leiar i Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen. Etter å ha sett den «obligatoriske» filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960, vart studentane hjelma opp, fekk varme nordsjøjakkar før turen gjekk mot gruvegangen Sadalen. På vegen vart det stogg ved bjørkene ved Stigerkontoret og Smio med Thorbjørn Marthinsen som forteljar.


I den store hallen i Sadalen gruve føreleste geolog Ingunn Thorseth før studentane fekk nokså frie tøyler med å utforska fjellet. Vatnet i rennesteinen vart analysert for m.a. pH-verdien som ikkje er vorten betre dei fire gongene studengruppene har vore i gruo. Dei avslutta opphaldet med å eta nista i finvêret utanfor Heishuset.


VfG takkar UiB for at dei nyttar gruveområdet på Litlabø i undervisinga. Ny studentar er velkomne att til neste år.

Geolog Ingunn Thorseth i blå jakke, held førelesing for studentane i den store hallen i Sadalen gruve.

Terje Remmen lyser for Torgeir Fenne Vestly som nytta hammar for å få laus ein bit av fjellet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 9. mai 2017

Ei ny gruppe geologistudentar frå Universitetet i Bergen køyrde inn på plassen framføre Heishuset tysdag føremiddag. 18 forventingsfulle ungdomar, framleis med Ingunn Thorseth om reiseleiar, kom inn i Heishuset der dei vart ønskt velkomne ved Ivar J. Helleland. Før dei gjekk inn i fjellet, fekk dei sjå filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960.


Turen inn i Sadalen gruve vart leia delvis av Ivar J. Helleland, delvis av Torbjørn Marthinsen. I den store hallen i Sadalen heldt geolog Ingunn Thorseth førelesing om aktuelt tema for staden, før studentane fekk undersøka fjellet. Vatnet i rennesteinen vart undersøkt for kor surt vatnet er, målt til kring 2,5 pH. Også der vatnet frå Høgåsen gruve kjem ut i dagen like utanfor portalen, vart pH-verdien målt.

Stordjenta Lene Engevik Bukholm til venstre saman med Mari Johnsen har funne interessant stein i Sadalen.

Geolog Ingunn Thorseth føreles i den store hallen i Sadalen.

Kor surt er vatnet som kjem ut frå Høgåsen gruve? Det fann studentane ut ved å måla pH-verdien som låg på kring 2,5. Alle bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 6. mai 2017

Ut på tur – aldri sur, heiter det. Det synte 17 tilsette frå Bama daglegvare, Bergen då dei var på vitjing hjå Venelaget for Gruo. Det hadde seg slik at Svein Harald Grov, som har vore tilsett i Bama i mage år, sist helg slutta og gjekk over i pensjonistane sine rekker. Han ønskte at dei tilsette skulle ta ein blåtur til Stord, og mellom anna vitja gruvene. Dei vart hjatreleg mottekne hjå venelaget og fekk først sjå filmen frå 1960 med glimt frå då gruvene var i produksjon. Der etter var det togtur inn i fjellet der Ivar J. Helleland var omvisar i Sadalen gruve. Han fortalde på ein engasjerande måte både sant og litt skrønekrydder som gjekk rett heim hjå gjestene. Dei var storlegen imponert over kva dei fekk sjå og oppleva. Ante ikkje at slikt var å finna på Stord.


Venelaget takkar for vitjinga.

Bamatilsette i den store hallen i Sadalen gruve. Bilete foto Tor Resser ©

Torsdag 4. mai 2017

Ein ny pulje geologistudentar (18) frå Universitetet i Bergen med geolog Ingunn Thorseth som fagleg leiar, vitja Gruo og Venelaget for Gruo torsdag. Som tysdag fekk studentane sjå gruvefilmen frå 1960 før Ivar J. Helleland tok studentane med til fots gjennom uteområdet og inn i Sadalen gruve. Langs vegne vart det orientert om anlegget den gongen gruva vart driven.

Omvisar Ivar J. Hellelenad tok ein stogg ved snikkarverkstaden.

Omvisar Ivar J. Hellelenad tok ein stogg ved snikkarverkstaden.

I den store hallen i Sadalen gruve fekk studentane «fritt spelerom» innanfor tryggingsgrensen og leita ivrig etter mineralar. Vidare gjekk turen inn til plata der dei fekk sjå dryppsteinskolonien. Der målte òg Igunn Thorseth pH’en i vatnet i rennesteinen. I dag var han under 2, ho meinte det kom av at det ikkje hadde regna sidan tysdag.

Tysdag 2. mai 2017

19 geologistudentar og ein geolog, Ingunn Thorseth, frå Universitetet i Bergen kom til Gruo og Venelaget for Gruo tysdag morgon. Studentane skulle på ekskursjon i fjellet der dei skulle sjå og læra om geologi. Før turen inn i fjelet vart filmen Glimt frå Gruo 1960 synt. Ivar J. Helleland frå VfG synte veg og fortalde litt om gruvene og drifta på turen inn til Sadalen gruve.

I den store hallen i Sadalen Gruve vart studentane «slepte lause» for å forska på fjellet og sjå kva dei fann der.

Det vart notert flittig medan geolog Ingunn Thorseth fortalde.

Geolog Ingunn Thorseth måler pH verdien i vatnet i rennesteinen i gruvegangen til 2,45. Alle bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 1. april 2017

Laurdag hadde Kim Amlien bede inn likesinna til Geocaching i gruveområdet. Han er medlem i Venelaget for Gruo og ville også slå eit slag for kva venelaget har å by på. Samlinga, eller event som det heiter på deira mål, hadde tittelen «Inn i berget det blå». 34 deltakarar, av desse fem born saman med føresette, samla seg i Heishuset . Der fekk dei sjå film om korleis det var å arbeida i gruo i 1960, åtte år før produksjonen vart lagt ned. Det kom tilreisande frå Bergen, Haugesund, grannekommunanen og fleire til.

Deltakarane på Geocach-samlinga i den store hallen i Sadalen gruve. Omvisar Ivar J. Helleland i blå kjeledress til venstre.

Gruppebilete i den blå grotte. Innbydar Kim Amlien på kne framme til venstre Båe bileta foto Tor Resser©

Etter å ha vore ein runde under tårnet for å sjå der arbeidarane tok heisen ned og kom opp etter arbeid, gjekk turen med tog inn i Høgåsen. Fotturen, med Ivar J. Hellend som omvisar, gjekk til den store hallen i Sadalen gruve og vidare inn til plata. Returen gjekk til den blå grotte, med andre ord inn i berget det blå. Dei av deltakarane som ikkje hadde vore i Gruo før, og det var dei fleste, vart storleg imponert over kva dei fekk sjå.


-At me har noko slikt i vårt nærområde visste eg ikkje, heilt utruleg, var det ei som sa. Samlinga vart avslutta med matøkt og grilling utanfor Heishuset.

Share by: