Omvisningar 2016

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå omvisingar hjå Venelaget for Gruo. Siste omvising står øvst på sida

Torsdag 6. oktober 2016

For andre gong kjem geologistudentar frå Universitetet i Bergen til Venelaget for Gruo for å sjå ei ordentleg gruve på innsida. I denne veka er det Nord Min Cours 2016 ved UiB. Kurs tek for seg mineralar i havdjupet. Med på kurset er geologistudentar frå mange land i Europa, til saman 22 studentar med professor Rolf Birger Pedersen som leiar og forelesar. Han seier gruvene på Litlabø er ein svært god stad å ta studentar med for å studera fjellet frå innsida. Det såg det ut til at studentane òg tykte, fleire fann steinar med tydeleg svovelkis dei tok med seg for nærare studie og analyse. Trass alt lettare å finna mineralar på turre landet enn i havdjupet, enno.

Gjestene frå Stureterminalen på plata inst i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Fredag 23. september 2016

Fredag middag tok Venelaget for Gruo imot ei seniorgruppe på 28 tidige bergensarar frå Odd Fellow losjen i Bergen. Ivar J. Helleland kåserte om livet og oppveksten i gruvesamfunnet. Deretter var han omvisar for gruppa inn i Sadalen gruve og inn under heistårnet til sjakta. Gruppa let vel om omvisinga og turen inn i fjellet. Frå Gruo reiste gruppa til Leirvik der dei møtte brødre frå den lokale losjen på Stord i Dampgården.

Seniorgruppa frå Odd Fellow losjen i Bergen i den store hallen i Sadalen gruve. Fotot Tor Resser ©

Tysdag 23. august 2016

Arbeidet med Johann Sverdrup-plattforma Kværner Stord og Apply Leirivk har fått kontrakt på, er byrja hjå dei to verklsemdene. Apply Leirvik skal som kjent byggja den store bustadmodulen. Tysdag var dei Statoil-tilsette som følgjer opp arbeidet ved Apply Leirvik, på vitjing hjå Venelaget for Gruo. 11 personar pluss ei svært så forseg 10 år gamal jente, vart mottekne i Heishuset av leiar for laget, Torbjørn Marthinsen.Han gav ei orientering om samfunnet på Litlabø då gruvene var i drift. Deretter var det omvising både ute og i Sadalen gruve i fjellet med Wilfred Sætre som omvisar. Attende i Heishuset vart filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 synt.

Wilfred Sætre i blå kjeledress, var omvisar på turen inn i fjellet. Her ein stopp ved snikkarverksaden. Foto Tor Resser ©

Laurdag 20. august 2016

Laurdag kom borna, Merethe, Nina og Carl, til den siste direktøren ved Stordø Kisgruber, Carl Carstens, på vitjing til Venelaget for Gruo. Dei ønskte å sjå att området der dei vaks opp og gjekk på skule. Hjå VfG vart dei mottekne av leiar Torbjørn Marthinsen, Ivar J. Helleland og Svein Jæger Koppang. Dei to sistnemnde vaks òg opp i Gruo, på eit anna «plan» enn direktørborna. Tonen vart funnen med ein gong og mimringa om «gamle dagar» sat laust. Forutan tur i parken, i arbeidarbustaden og smio, var det rusletur i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som omvisar. Gjestene var svært oppglødde for mottakinga dei fekk hjå venelaget.

Frå omvisinga i Sadalen gruve, Frå venstre Nina Carstens, Carl Johan Amundsen, Merethe Carstens, Carl Carstens og Svein Jæger Koppang. Nærast Ivar J. Helleland. Foto Tor Resser ©

Fredag 24. juni 2016

– Imponerande, kom det spontant frå Tommy O. Sande då han kom attende til Heishuset etter omvising i Sadalen gruve. Sande, som er dagleg leiar for Landås Hage og Boligservice på Nesttun, hadde teke tilsette med på blåtur mellom anna til Stord og Venelaget for Gruo. Her vart dei 15 gjestene tekne imot i Heishuset og servert kaffi og noko å bita i medan Ivar J. Helleland kåserte om gruvesamfunnet som ein gong var. Etter å ha vorte hjelma opp, sette dei seg på toget inn i fjellet med Torbjørn Marthinsen som lokkførar. Frå inngangen til Høgåsen gruve var det rusletur til Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som forteljar og omvisar. Gjestene var imponert både over arbeidet gruvearbeidarane hadde drive då gruva var i produksjon, og kva venelaget hadde fått gjort etter at gruvene vart opna att for 12-15 år sidan.


Dette var den siste omvisinga før VfG tek ein pause i juli månad. Neste omvising vert i slutten av august.

Ivar J. Helleland til venstre, orienterer gjestene i den store hallen i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Torsdag 16. juni 2016

I dag sto femteklassane ved Tjødnalio skule i Sagvåg på programmet for omvising hjå Venelaget for Gruo. Elevane kom på to-hjulingar til Gruo, det er ikkje så lange biten frå Tjødnalio. I Heishuset fortalde Torbjørn Marthinsen om gruvene den gongen då det produksjon av svovelkis ved anlegget. Dei 30 elevane og etter kvart fem lærarane, fekk hjelm på hovudet før dei entra toget med Ivan Slaggerud som førar. Denne gongen gjekk turen til Høgåsen og vandring mot utgangen med Ivar J. Helleland som forteljar.Med på «lasset» var òg eit par frå Amerika med norsk tolk. Dei fekk vidare omvising inn i Sadalen ved Ivar J. Helleland.

Femteklassingane frå Tjødnalio skule i den store hallen i Høgåsen gruve. Forteljar Iva J. Helleland i blå kjeledress og gul hjelm til høgre i biletet. Foto Tor Resser ©

Måndag 13. juni 2016

Endå ein barnehage med tidinge og spørjelystne born. Denne gongen frå Sagvåg maritime barnehage, avdelin Flyndre, det vil seia dei som går ut av barnehagen i sommar og til skulestart til hausten. Ivar. J. Helleland tok borna imot i Heishuset og snakka litt om gruvene. I barnehagen hadde dei alt hatt litt om gruvesamfunnet på Litlabø, og kom såleis ikkje «på bar bakke». Ikkje alle har budd seg så bra.


Etter å ha fått hjelm på hovudet, entra dei17 borna og fire lærarane toget og Torbjørn Marthinsen køyrde det trygt og sikkert inn i fjellet, først langt inn i Høgåsen deretter ut til opninga der dei gjekk av og vandra inn til den blå grotte. Ded var det song, Kaptein Sabeltann, denne gongen, før lyset gjekk og borna fekk oppleva det store mørkret. Litt skummelt. Toget vart entra på nytt, og turen gjekk inn i Høgåsen ein gong til, før det gjekk ut att til Heishuset. Der skreiv borna seg inn i gjesteboka og fekk diplom for å ha vore i den blå grotte.

Borna frå avdeling Flydre ved Sagvåg maritime barnehage på vandring til den blå grotte Foto Tor Resser ©

Torsdag 9. juni 2016

Somme barnehagar har etter kvart gjort det til tradisjon å ta avgangskullet av born som skal byrja på skulen til hausten, med på ein tur til gruvene på Litlabø. Bakken barnehage i Fitjar er ein av desse og vitja Venelaget og Gruo for fjerde året, 16 engasjerte born saman med fire lærar. Etter å ha kledd seg godt, dei hadde vinterklede med for det er kaldt i fjellet, fekk dei hjelm på hovudet og entra toget der Torbjørn Marthinsen var lokførar.

På turen dei gjekk i fjellet til den blå grotte, var Ivar J. Hellenad forteljar. Vel framme i grotta avslutta borna med ein «skummel» song, som vart endå skumlare då lyset vart sløkt, for å syna kor bekmørkt det er i ein gruvegang utan lys.


Vel attende i Heishuset skreiv borna seg inn i gjesteboka før dei fekk diplom og is og kunne eta nistematen. Me takkar for vitjinga og ønskjer barnehagen velkomen att neste år.

Bakken barnehage i den blå grotte med Ivar J. Helleland, heilt til venstre, som forteljar og omvisar. Foto Tor Resser ©

Tysdag 7. juni 2016

BFor første gong har Venelaget for Gruo teke imot ei gruppe frå «by`dn». Kjell Gytri frå Osøyro som driv turbusselskap, emnar på nye opplegg for turbusskøyring, og ville freista ein tur til Stord med omvising i Gruo. Med seg på opplegget hadde han fått ei gruppe på 15 avinorpensjonistar; personar som hadde reist både i innland og utland og sett det meste. For å seia det først som sist, alle var svært nøgde med turen til Gruo og venelaget, og var imponert over kva dei fekk sjå og oppleva.


I Gruo vart dei mottekne av Ivar J. Helleland som kåserte om gruvesamfunnet då han vaks opp, samstundes som gjestene fekk kaffi og litt å bita i. Turen inn i fjellet gjekk med tog og sidan til fots inn i Sadalen gruve med Torbjørn Marthinsen som omvisar.


Alt om eit par veker er Kjell Gytri attende med ei gruppe. Mykje tyder på at Gruo kan verta ei meir eller mindre fast stoggestad for desse turane.

Avinorpensjonistane på tur inn i Sadalen gruve med Torbjørn Marthinsen, til høgre, som omvisar. Her ein stogg ved to-setardassen. Foto Tor Resser ©

Måndag 6. juni 2016

«Avgangsklassen», dei borna som skal byrja på skulen til hausten, frå Tjødnalio barnehage i Sagvåg, vitja Venelaget for Gruo måndag. Ni ivrige born, tre hadde ikkje høve til å møta, og tre lærarar vart tekne imot og ønskt velkomne av Ivar J. Helleland. Etter ei svært kort orientering om kva Stordø Kisgruber bala med i gamle dagar, fekk gjesten hjelm på hovudet. Små barnehovud og store hjelmar er ikkje alltid det beste kombinasjonen, men med å strama hjelmane til absulutt minste storleik, passa hjelmane så noko lunde.


Ivan Slaggerud var lokkførar og køyrde toget inn i fjellet der Ivar på ny tok over og var omvisar inn til den blå grotte. Litt kaldt og litt skummelt tykte somme det var. I den blå grotte takka borna for turen med ein song, før dei gjekk ut att til toget og køyrda attende til Heishuset. Der fekk dei is og diplom for å ha vitja den blå grotte og åt nisteskiva ute i det fine sommarveret.

Ni born og tre lærarar hadde Ivar J. Helleland, til høgre, med på omvising inne i fjellet. Foto Tor Resser ©

Onsdag 25. mai 2016

To omvisingar i dag, og ein i går tysdag 24. Då var det 25 elevar og lærar frå 5. klasse frå Sagvåg skule som var på vitjing. Togtur inn i stoll Høgåsen og vandring til den blå grotte.


Onsdag føremiddga kom det to 5. klassar frå Rommetveit skule med lærarar og eit par foreldre, til smana 41 personar. Først var det orientering i Heishuset ved Torbjørn Marthinsen før det var togtur inn i stoll Høgåsen og vandring til den blå grotte med korte stogg på vegen. Der song elevane to vers av Herlege Stordøy.


Onsdag ettermiddagen kom «ei busslast» med pensjonistar frå Bergen maskinistforening, til saman 53 personar medrekna busssjåføren. Dei hadde diverre kort tid, hadde vore i Mosterhamn først, då dei kom til Venelaget for Gruo. På ein times tid vart det orientering i Heishuset ved Torbjørn Marthinsen om gruvesamfunnet i si tid. Deretter tok Ivar J. Helleland gjesten med på ei kort omvising inn under tårnet. Gjestene tykte særs godt om mottakinga, men var leie seg for at dei hadde så kort tid og fekk med seg så pass lite som tida la opp til. Dei er velkomne att.

Torbjørn Marthinsen i orange jakke til høgre, var omvisar for rommetveitelevane, her i den store hallen i stoll Høgåsen.

Pensjonistane frå Bergen maskinistforening får oreintering Heishuset. Båe bileat foto Tor Resser ©

Bussjåføren er dronefotograf og sende nokre bilete frå vitjinga i Gruo til Venelaget. Her er gjestene på veg ut av heishuset etter å ha vorte «hjelma». Foto Terje Moldskred ©

Ved den store bjørka ved Stigerkontoret fortalde Ivar J. Helleland kvifor stamma er så knudret. Til venstre sjakttårnet, til høgre heishuset. Foto Terje Moldskred ©

Måndag 23. mai 2016

Tradisjonen tru, etter kvart, kjem dei tre 8. klassane ved Nordbygdo ungdomsskule til Venelaget for Gruo i slutten av mai, då det er eksamen på skulen. Slik også i år, 87 elevar og åtte lærarar. Gruppa fekk først ei orientering i Heishuset om gruvesamfunnet «i gamle dagar» ved leiar av venelaget, Torbjørn Marthinsen. Deretter vart dei hjelma og kvar klasse fekk sin omvisar. Turen gjekk med tog inn i stoll Høgåsen, deretter til fots i stoll Sadalen til plata, der dei snudde og gjekk ut att.

Klasse A hadde Wilfred Sætre, til høgre,til omvisar.

Klasse B hadde Wilgot Lorentsen, i blå kjeledress til venstre, til omvisar.

Else-Berit Helle, til høgre, var omvisar for klasse C. Alle bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 26. april 2016

Tysdag var 19 lærarar frå Nysæter ungdomsskule med konstituert rektor Anne Beate Sunde i brodden, på omvising hjå Venelaget for Gruo. Gruppa tok turen, etter arbeidtid, mellom anna for å gjera seg kjent i nærområdet til skule, då det er komne fleire nye lærara til skulen, fortalde rektor. Ho har budd på Stord i mange år og har vore lærar ved Litlabø skule. I Heishuset fekk gruppa orientering om litlabøsamfunnet i gamle dagar og drifta ved gruvene ved Wilfred Sætre. Leiar i laget, Torbjørn Marthinsen, tok gruppa med på togtur inn i stoll Høgåsen og fottur inn i stoll Sadalen der han var omvisar.

Lærargruppa frå Nysæter ungdomsskule i den store halllen i Sadalen. Omvisar Torbjørn Marthinsen til høgre i biletet. Foto Tor Resser ©

Måndag 22. februar 2016

I samband med at stortingsrepresentantane Helge Andrè Njåstad og Laila Reiertsen frå FrP vitja stor, ønskte Sigbjørn Framnes, kommunestyremedlem frå FrP i Stord, å ta gjestene med til ei omvising i Gruvene på Litlabø. Her vart dei orientert om gruvesamfunnet, om svovelkisproduksjonen og fekk ei omvising inne i gruve Sadalen, til den store hallen. Med på omvisinga var òg Tobias Brännstrøm, sekretær for Njåstad, og lokallagsleiaren i Stord FrP Linda Grundtvig. Omvisinga var ein lekk i å syna rikspolitikarane kva Stord har å by, som eit turistmål, gjennom Venelaget for Gruo, når det vert aktuelt å søkja om statlege midlar til drift av gruvene. Då Framnes var med i fylkeskulturnemnda i Hordaland, var han ein sterk talsmann for Venelaget for Gruo.


Gjestene vart storlegen imponert av kva dei fekk sjå og fortalt av omvisar Ivar J. Helleland.

Gjestene i den store hallen i Sadalen gruve, frå venstre Sigbjørn Framnes, Laila Reiertsen, Helge Andrè Njæstad, Linda Grundtvig og Tobias Brännstrøm. Foto: Tor Resser ©

Share by: