Omvisningar 2015

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå omvisingar hjå Venelaget for Gruo. Siste omvising står øvst på sida

Torsdag 5. november 2015

IFER hadde leigt Heishuset til samrådingsmøte. Møtet drøfta mellom anna utfordringa i framtida for energiselskapa. Med i organisasjonen IFER er 15 energiselskap frå Lyse i sør til BKK i nord. Tilskipar for møtet var SKL. Til saman 46 representantar var med på møtet.


Etter møteslutt kåserte Iva J. Helleland om å veksa opp i gruvesamfunnet på Litlabø. Deretter var 20 av deltakarane med på omvising i fjellet med vandring inn til plata i Sadalen gruve.

I stollen, ved dassen, fortel Olav Hellesfjord, til høgre, kor stor og feit aure han fiska i Hustredalen ved skittippen. Foto Tor Resser ©

Måndag 2. november 2015

Også i år ville barnebokfestivalen Falturiltu ha ein aktivitet i Gruo. Denne gongen vart tre sjuandeklassar frå tre barneskular bedne til tur inn i fjellet med Venelaget for Gruo som omvisar, og forfattar og journalist Atle Hansen som opplesar, i Den Blå Grotte. Dei tre skulane som var bedne inn, var Litlabø skule, Sagvåg skule og Tjødnalio skule., med ein times mellomromm mellom skulane.


Atle Hansen har skrive 13 bøker, og las frå den sist utkomne, Svartedalen. Det vil seia, han meir fortalde enn las frå boka, på ein fengjande måte, reine skodespelet tidvis. Han hadde elevane, dei vaksne òg for den del, meir eller mindre i si hule hand. Han fortalde òg om korleis boka kom til, ei soge som hadde lege i hovudet på han i mange år, før han fann ut korleis han skule nytta seg av soga.


Elevane fekk òg ei kort innføring Stord Kisgruber og gruvesamfunnet ved Olav Hellesfjord og leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen.

Forfattar Atle Hansen les frå boka Svartedalen for elevane i 7. klasse ved Litlabø skule. Foto Tor Resser ©

Fredag 11. november 2015

Verksemda Opero på Heiane hadde denne gongen lagt velferdsturen for tilsette med ektefeller/sambuarar, til Gruo. Der lånte dei Heishsuet til festleg samvær. Dei 18 delstakarane vart tekne imot av Ivar J. Helleland frå Venelaget for Gruo. Han fortalde om korleis det var å veksa opp i gruvesamfunnet på slutten av andre verdskrigen og utover i 1940 og -50 åra; og korleis gruvesamfunnet fungerte, og arbeidet for dei tilsette.


Då gruvegangane for tida er mørklagte grunna omlegging av og jordfeil på det elektriske anleget, vart det rusletur framom stigerkontret og inn under tårnet til heissjakta, og vidare inn i gruvegangen Ekebrekken Søndre. Ein gruvegang som vart opna for om mogeleg å finna ei kisåre, som det synte seg ikkje var der. Gruvegangen endar i fjellveggen 50-60 meter inn. Helleland fortalde om dei to store bjørketrea utanfor stigerkontoret og kvifor dei var så knudrete i borken. Før gruvearbeidarane fekk elektriske hovudlykter på -50 talet, nyta dei karbidlykter som lyskjelde nede i gruva. Når arbeidaren kom opp og skulle inn på kontoret å registrera seg, hengde dei karbidlykta med den spisse piggen på tret.


I andre verdskrigen var det fleire tilfluktsrom i gruvegangane på såle 2, mellom anna ved byrjinga av stoll Ekebrekken Søndre. Der hadde Ivar Helleland vore mang ein gong då flyalarmen gjekk , særleg det siste året av krigen. Han fortalde om opplevingane frå den tida.

Ivar J. Helleland til høgre, forklarar kvifor borken på treet er vorten så knudret. Foto Tor Resser ©

Laurdag 29. august 2015

Sjøfartsdirektør Olav Akselsen hadde samla familie og vener for å markera 50 års dagen, som var fredag. Gjestene byrja med vitjing på Stord Maritime Museum før det vart transport med veteranbuss til Litlabø og Gruo. Hjå Venelaget for Gruo vart dei mottekne av leiaren Torbjøtn Marthinsen. Han gav ei innføring i gruvesamfunnet og drifta ved gruvene. 42 av dei 46 gjestene, delt i to grupper, vart hjelma før turen gjekk med tog inn i fjellet. I Høgåsen gruve var det jordfeil på lyset slik at gangen var mørk. Dermed gjekk båe gruppen i Sadalen gruve.

Torbjørn Marthinsen i blå kjeledress, var omvisar og forteljar for den eine gruppa. Jubilanten står som nummer tre, bakerst , frå høgre.

Wilfred Sætre, i blå kjeledress til venstre, var omvisar for den andre gruppa. Båe bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 8. august 2015

Astrid Larsen hadde bede inn familie og vener til samling laurdag. Ein del av programmet var ein tur til Gruo og omvising hjå Venelaget for Gruo. Dei knapt 30 gjestene vat tekne imot av Ivar J. Helleland. Dei vart tekne med på togtur med Torbjørn Marthinsen som lokførar, inn i Høgåsen. I den store hallen fortalde Ivar J. Helleland om gruvene og arbeidet. Vidare var det vandring ut gruvegangne og attende til Heishuset, men korte stogg på vegen for meir forteljing. Wilfred Sætre sytte for baktroppen.

Vel ute av gruvegangen i Høgåsen fortalde Ivar J. Helleland, med ryggen til, om mellom anna snekkarverkstaden som ligg like til venstre utanfor biletet. Foto: Tor Resser ©

Laurdag 11. juli 2015

Etterkomarane etter Knut Larsson Øgård og kona Anna Larsdotter Åse var samla til familietreff i Gruo på Litlabø laurdag. Heishuset var leigt frå Venelaget for Gruo som òg sto for omvising i gruvegangane. Ikkje så underleg at familietreffet vat lagt nett til Gruven på Litlabø. Øgård var opphaveleg frå Jølster og kom til Stord der han fekk kjøpt bnr. 6 Øgårde frå grn 32 Dale. Opphaveleg var det ein husmannsplass på kring 50 da. Øgård fekk arbeid i kisgruvene på Litlabø.


Til treffet var det kome familie frå Skaun i Sør-Trøndelag til Sapsborg, til saman godt over hundre personar med smått og stort. Med på omvising på togtur inn i fjellet og vandring i gruvegangane ver det 70 personar, delt på to grupper. Olav Hellesfjord var omvisar og forteljar for den eine gruppa, med Thor Hauglid som ankermann. Torbjørn Marthinsen var omvisar og forteljar for den andre gruppa med Knut Ekse som ankermann. Lokkførar var Ansgar Vedå.

Svein Jæger Koppang opna museet i Smio og viste rundt.

Trongt i Heishuset med over hundre personar på familiesamlinga. Foto Tor Resser ©

Tysdag 7. juli 2015

Heilt frå Ringsaker kommune i Hedemar, på «hi sida» av Mjøsa, var dei komne til Litlabø på Stord for å sjå gruven. Kvifor så langt? For å helsa på bror, svoger og onkel. Onkel er Torbjørn Marthinsen, leiar av Venelaget for Gruo. Han fekk vitjing av familien for, som dei sa «kvar gong han er heime skryt han uhemma av gruvene på Litlabø». No ville dei bort å sjå om det er sandt. Og sandt var det, og vel så det. Dei var storlegen imponert over kva dei fekk sjå, og høyra om slitet det hadde vore i gruva, og arbeidet VfG har lagt ned for å få litt av det som var attende.

Torbjørn Marthinsen fortel familien om slitet i gruvene som ein gong var. Foto: Tor Resser

Sundag 5. juli 2015

Aina Koppang og Thomas Stensletten Nerhus gifta seg i Stord kyrkje laurdag, og hadde leigt Heishuset i gruo av Venelaget for Gruo der dei heldt bryllaupsfesten. Innvendes var huset «stivpynta» til fest. Det var tredje gongen venelaget leigde ut huset til bryllup. 80 festkledde og -pynta gjester var med på festen.


Sundag var gejstene bedne med på omvising i gruvene. 55 hadde takka ja. Dei vart delt i to grupper som vart tekne inn i fjellet med tog. Der var det vandring med Olav Hellesfjord og Torbjørn Marthinsen som omvisarar og forteljarar.

Heishuset var «stivpynta» til bryllaupsfest der 80 personar var sessa kring småbord med brureparet på langbord bak til høgre

Brureparet Aina Koppang og Thomas Stensletten Nerhus med sonen Fillip til høgre på omvising i den store hallen i Høgåsen, saman med gjester. Båe bileta foto Tor Resser ©

Fredag 19. juni 2015

25 tilsette med ektefeller/sambuarar frå Tveit regnskap avd. Stord og Fitjar var på omvising hjå venelaget for Gruo fredag kveld. Tilsette plar ha ei samkome i juni månad etter at knallhardt arbeid frå januar til 31. mai. Då skal alle rekneskap vera avslutta. Anna kvart år er det samling ved hovudkontoret i Ølen, anna kvart år meir lokale samlingar. I år altså til Gruo. Normalt er det berre tilsette som samlast, men då turen i år vart lagt til Gruo på øvre Litlabø, «grein» ektefeller og sambuarar seg til å vera med. Det angra dei tydeleg vis ikkje på.



Gjestene vart mottekne av Ivar J. Helleland som kåserte om Gruo då der var produksjon. Togturen gjekk først inn under sjakttårnet der Torbjørn Marthinsen fortale om produksjon og heis. Togturen gjekk vidare inn i Høgåsen gruve der Ivar J. Helleland var forteljar og omvisar.


Vel attende i Heishuset att vart det servert betasuppe og det var hyggjeleg samvær vidare utover kvelden.

Tveit regnskap på omvising i Høgåsen gruve, her i den store hallen med opning opp til storsynken, i bakgrunnen. Foto: Tor Resser ©

Torsdag 18. juni 2015

Storinnrykk frå Nordbygdo ungdomsskule. 74 elevar og fem vaksne frå åttande klasse, A, B og C, hadde teke den lange vegen frå Prestagardsskogen til Gruo om Sagvåg. Dei fleste på sykkel. Dei vart tekne imot av Venelaget for Gruo i Heishuset der Olav Hellesfjord ønskte velkomen og orienterte om Gruo og gruvene. Elevane vart delt i tre grupper, etter klasse, og tekne med inn i fjellet, to grupper til Sadalen gruve, ei gruppe til Høgåsen gruve. Elevane var dei første som fekk køyra dei nye 80 metrane lenger inn i Høgåsen då eit rasovebygg vart ferdig sikra sist måndag. (Sjå dagbok 2015). Vel ute i dagen att, vart nista eten i Heishuset før sykkelturen byrja attende til skulen, motsett veg av den dei kom. Med andre ord, gruvevegen fekk dei ikkje sykla.

Klasse 8A gjekk til plata i Sadalen med Else-Berit Helle som omvisar og forteljar. Med seg hadde ho Ivan Slaggerud som baktropp.

Klasse 8B gjekk Høgåsen, her i den store hallen, med Ivar J. Helleland som omvisar og forteljar. Med seg hadde han Sigmund Lorentsen som baktropp.

Klasse 8C gjekk òg Sadalen med Torbjørn Marthinsen som omvisar og forteljar. Med seg hadde han Knut Ekse som baktropp.

Sagvåg Litlabø Barnehage avd. Litlabø la sommaravslutninga til området ved Heishuset. Alle bileta foto Tor Resser ©

Men dagen var ikkje slutt med ungdomsskuleelvane. Om ettermiddagen vart det ei langt yngre aldersgruppe som var på vitjing. Nemleg gode grannar frå Sagvåg Litlabø Barnehage avd. Litlabø. Dei ønskte å ha sommaravslutning på området ved Heishuset, og ikkje minst togtur inn i fjellet. Lokførar var Torbjørn, som mange av borna kjende frå før, då dei rett som det er tek seg ein tur til området. 16 born og fem vaksne møtte fram, pluss føresette og besteforeldre. Borna hadde pynta trappa opp til Heishuset og underheldt med song før togturen. Etterpå var det grilling av pølser og anna godt.

Måndag 15. juni 2015

To klassar frå Langeland skule, 5A og 5B, på Stord vitja Venelaget for Gruo i dag. Elevane, 49 i talet og fem vaksne, sykla frå skulen til Sagvåg langs vegen og der frå tok dei Banevegen, der jernbanen mellom Gruo og kiskaien i Grunnavågen gjekk, vidare til Gruo. I Heishuset fekk dei orientering om gruveanlegget og drifta av Ivar J. Helleland. Kvar klasse vart teken inn i fjellet på toget med Torbjørn Marthinsen som lokførar. I fjellet var Helleland omvisar og forteljar for den eine gruppa inn i Sadalen gruve, Marthinsen tok den andre gruppa i Høgåsen gruve.

Ute i dagen att fekk elevane eta nista i Heishuset før dei sette seg på syklane og sykla attende til skulen.

Ivar J Helleland, til høgre, tok den eine gruppa inn i Sadalen gruve.

Torbjørn Marthinsen, med gul hjelm, tok den andre grupa inn i Høgåsen gruve, her i den store hallen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 13. juni 2015

Søskenborna etter Kaia og Olai H. Storebø frå Austevoll hadde sett kvar andre stemne i Gruo på Stord. Samkoma plar vera kvart andre år, denne gongen var det søskena Skaret som var vertar. Dei hadde leigt Heishuset hjå Venelaget for Gruo til samkoma. 26 søsken møtte, saman med ektefeller/sambuarar vart det til saman 40 personar. I Heishuset vart dei servert lunch midt på dagen der òg Ivar J. Helleland frå venelaget, kåserte om gruvesamfunnet då han vaks opp.


30 av gjestene entra toget med Ivan Slaggerud som lokkførar og tok dei først inn under tårnet. Der orienterte Olav Hellesfjord om gruvene, sjakttårn og sjakt med meir. Vidare gjekk turen inn i Høgåsen der Ivar J. Helleland fortalde og var omvisar. For dei som ikkje ville ta turen inn i fjellet var Svein J. Koppang forteljar og omvisar utomhus og mellom anna i museet i Smio.


Om kvelden var det middag i Heishuset.

Søskenborntreffet samla utanfor Heishuset i Gruo. Foto: Tor Resser

Onsdag 10. juni 2015

10 tilsette i prosjektgruppa ved Nyhamna Aukra der Kværner Stord har storarbeid med å oppgradera gassanlegget for oljeselskapet A/S Norske Shell, var hjå Venelaget for Gruo på omvising. I Heishuset fortalde Ivar J. Helleland om gruvesamfunnet, korleis det var og fungerte då gruvene var i produksjon. Olav Hellesfjord som hadde arbeidd saman med fleire av gjestene på Aker Stord (no Kværner Stord), fortalde om gruveanlegget og oppbygginga. Torbjørn Marthinsen tok gjestene på togtur inn i fjellet der han var omvisar og forteljar.

Gjestene frå prosjektgruppa ved Nyhamna Aukra på ein stogg på veg inn i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Tysdag 9. juni 2015

14 kjekke born og tre kjekke vaksne frå Bakken Barnehage i Fitjar vitja Venelaget for Gruo. I Heishuset fortalde Olav Hellesfjord om gruvene og kor turen inn i fjellet skulle gå. Borna kledde seg i varme klede dei hadde med, følgde dermed oppmodinga om å ta med varme klede, sjølv om temperaturen ute var bra tysdag er det alltid kladt i gruvegangane. Hjelm fekk dei på hovudet før toget vart entra og turen gjekk inn i fjellet. Der var Ivar J. Helleland forteljar og omvisar inn til den blå grotte. Ute att fekk borna diplom og is.

I krysset Sadalen gruve og blå grotte fortalde Ivar J. Helleland til høgre, om dei rustne lastevognene. Foto Tor Resser ©

Fredag 5. juni 2015

43damer og ein kar frå heimebaserte tenester i Stord kommune hadde blåtur til Gruo og Venelaget. Ikkje berre var dei heldige med stadvalet, vêret var òg det beste som har vore så langt i vår/tidlegsommar. Temperatur tett opp mot 20 grader. Utanfor Heishuset vart dei ønskt velkomne av Ivar J. Helleland.


Der vart dei delt i to grupper, fekk hjelm på hovudet og «nordsjøjakkar» på kroppen før togturen gjekk inn i fjellet der tempen berre var fire grade. Eine gruppa gjekk i Høgåsen gruve med Ivar J. Helleland som omvisar og forteljar. Den andre gruppa gjekk Sadalen gruve med Torbjørn Marthisen som omvisar og forteljar.


Ute att vart det servert betasuppe utomhus på langboret i det fine vêret. Med på omvisinga var òg den til no yngste deltakaren, to månader gamle Nathaniel saman med mor Karine Høviskeland Eide. Det er berre tre veker sidan den til då yngste deltakar var på omvising, Frida Jæger, sju månader, saman med mor Solveig.

Heimebaserte tenester i Stord kommune på blåtur til Gruo.

– Oi for ein tur me hadde i fjellet, tykkjest to månader gamle Nathaniel å tenkja saman med mor Karine. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 2. juni 2015

Venelaget for Gruo tok imot Eldreråda i Sunnhordland. Ein gong i året samlast Eldreråda i kommunane Etne, Kvinnherad, Bømlo, Sveio, Fitjar og Stord til sammøte. I år var det Stord Eldreråd som var vertskap for 17 utsendingar, som vart helsa velkomne til Stord av ordførar Liv Kari Eskeland. Sjølve møtet var lagt til Gruo. Der orienterte Torbjørn Marthinsen og Olav Hellesfjord om Gruo og drifta fram til avviklinga i 1968. Det var togtur inn i fjellet og vandring i gangane. Etter turen vart det servert betasuppe i Heishuset med påfølgjande kaffi.

Medlemene i eldreråda i Sunnhordland på tur ifjellet i Gruo. Her i ladestallen for lokomotiv i stoll Høgåsen. Omvisar Torbjørn Martinsen med blå kjeledress. Foto Tor Resser ©

Laurdag 30. mai 2015

Venelaget for Gruo fekk ei utfordring då døvblinde ønskte å vitja venelaget med omvising i fjellet. Laurdag kom seks døvblinde saman med fire tolkar frå Døvblinde Forening Norges Døvblinde (Bergen) til Gruo. Dei vart tekne i mot av Olav Hellesfjord og Torbjørn Marthinsen. I Heishuset fortalde Hellesfjord om verksemda Stordø Kisgruber A/S og opphavet. Deretter vart det togtur inn i fjellet og vandring til plata i Sadalen gruve. I fjellet var Marthinsen forteljar og vegvisar. Dei av gjestene som hadde trong for det nytta høyreapparat og to av deltakarane var heilt blinde, likevel gjekk turen svært godt. Då dei kom ut att til Heishuset var det berre gode ord å høyra.

I den store hallen i Sadalen gruve fortalde Torbjørn Marthinsen med gul hjelm på steinen, om kor mykje svovelkis som vart teke ut av gruvene på Litlabø. Til venstre Olav Hellesfjord som fortalde om Stordø Kisgruber i Heishuset. Foto Tor Resser ©

Tirsdag 26. mai 2015

Endå ein barnehage har vitja Gruo og venelaget. Denne gongen Ås Barnehage på Leirvik. 14 born som går ut av barnehagen til sommaren og byrjar på skulen til hausten, var med saman med fire tilsette. Det var ein livleg gjeng som likte å preika, stilla spørsmål og å syngja.

Veldig populært å få prøva «gassmaska» av Olav Hellesfjord.

I den blå grotte var Olav Hellesfjord til venstre, forsongar for borna. Båe bileta foto Tor Resser ©

I Heishuset fortalde Torbjørn Marthinsen og Olav Hellesfjord litt om Gruo og kva dei dreiv med der før det var togtur inn i fjellet og vandring til den blå grotte. Der varta borna opp med song som hausta stor fagnad. Også på turen ut att til toget var det song i rekkene. Alle borna fekk diplom som prov på at dei har vore i den blå grotte.

Torsdag 21. mai 2015

Også i år hadde 5. klassinagne (A og B) frå Rommetveit skule teke turen til Gruo og Venelaget. 33 elevar, 16 i den eine og 17 i den andre klassa saman med fire lærarar og to fedre som sjåførar. Dei vart tekne i mot av leiar i Venlaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen som både orienterte om gruo, var lokføarar og omvisar inne i gruvegangane. Turen gjekk i Sadalen gruve, innom den store hallen, til plata inst i gangen og ut att til den blå grotte.

5. klassingane frå Rommetveit skule i den store hallen i Sadalen gruve. Omvisar Torbjørn Marthinsen med gul hjelm. Foto Tor Resser ©

Tysdag 19. mai 2015

Sæ barnehage hadde bede inn foreldre til born i barnehagen til foreldremøte i Gruo. 38 foreldre var med på møtet som vart opna og leia av styraren i barnehagen, Hilde Grindevik. Møtet var lagt til Gruo for at foreldra mellom anna skulle få ei oppleving av nærmiljøet iblanda litt kultur. Mange av foreldra hadde ikkje vore i Gruo. Ho fortalde om planar o.a. for barnehagen framover.


Spesielt, særleg for Venelaget for Gruo, var det at Solveig Jæger hadde med seg dottera Frida på sju månader på møtet og til omvisinga i gruvegangane. Det har seg nemleg slik at farmor til Solveig Jæger og oldemor til Frida, Solveig Jæger, drog i gang Venelaget for Gruo i 1993. Ho var aktivt med i Venelaget så lenge helsa heldt. Møtte på dugnaden kvar måndag ofte med nysteikte vaflar. Dagens Solveig Jæger vedgjekk at det var første gongen ho var inne i gruvegangane.

Møtet byrja i Heishuset leia av Hilde Grindevik ståande framme.

Leiar for Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen fortalde om Stordø Kisgruber, opphavet og drifta, før turen gjekk inn i Sadalen gruve. Der var det møte både med troll og gruvearbeidarar. Vel ute att serverte tilsette ved barnehagen betasuppe.

Solveig Jæger og dotter Frida djupt inne i Sadalen gruve. Frida er den yngste som har vore på omvising i gruvegangane og tykte tydeleg det var spanande.

Fem troll dansa for gjestene.

To «gruvesluskar» arbeidde med å slå sund fjell. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 11. mai 2015

Måndag 11. mai var 16 born og tre vaksne frå Tjødnalio barnehage i Sagvåg på vitjing hjå Venelaget for Gruo. Borna var «avgangsklassen» frå Tjødnalio, det vil seia at til sommaren sluttar dei i barnehagen og byrjar på skulen.For Tjødnalio byrjar det å verta tradisjon at borna som sluttar for å byrja på skulen, tek turen til Gruo. Det er tredje året Venelaget tek imot born på dette nivået. Før borna kom til Gruo hadde dei hatt tema om gamle dagar.

Omvisar og forteljar var Ivar J. Helleland. Toget tok gjestene med inn i fjellet der det var avstiging på Høgåsen stasjon. Turen gjekk til fots først inn i den store hallen i Høgåsen, så gjennom gangane til den blå grotte der borna kviterte med ein song for omvisar og resten av følgjet frå venelaget. Særleg var det stor interesse om flaggermusa som held til i gangane, men som ikkje synte seg denne gongen heller.

Bortsett frå open dag 1. mai med omvisingar, var dette den andre omvisinga i Gruo i 2015.

Flaggermusa er ikkje større en så og er slettes ikkje farleg, syner omvisar og forteljar Ivar J. Hellenad med raud hjelm til høgre. Foto: Tor Resser ©

Share by: