New Paragraph

New Paragraph

New Paragraph

Dugnader 2023

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete og informasjon frå dugnadar hjå Venelaget for Gruo. Siste dugnad står øvst på sida

Laurdag 16. desember  2023

Det var ein stor dag i Venelaget for Gruo si historie denne veka då leiar Torbjørn Marthinsen etter mange veker med arbeid klarte å få bevega og åpna luka i Storstemmo (Jappaløkkjen). Det er første gong på 55 år at den har vorte brukt. Venelaget sin tusenkunstnar har igjen klart det umulige. Me er veldig takksame og kjekt å sjå det renna vatn i renna igjen. Dette vert viktig for å kunne vise besøkjande korleis renna fungerte.

Det at luka let seg bevega og justerast betyr også mykje for å kunne bevare demninga.



Vatn renn frå Småstemmo til renna (oppe i biletet).

Vatn i renna til Vaskeriet for første gong på 55 år (Småstemmo i bakgrunnen).

Torbjørn Marthinsen ved luka til Storstemmo (Jappaløkkjen). Torbjørn er tydeleg stolt over å ha fått opp luka i demninga.

Torbjørn Marthinsen og Ivar Helleland i ivrig diskusjon ved luka til Storstemmo (Jappaløkkjen).

Tysdag 2. mai  2023

Kjære lesar

Du hadde nok venta omtale av open dag hjå venelaget for Gruo i dag. Slik vart det ikkje.  Eg måtte kasta inn handkledet som aktiv i dugnadsgjengen i venelaget av helsemessige årsaker, og dermed slutta med å ha ansvaret for nettsida.

Histtoria til nettsida byrja i 2006 då Per Ivar Tautra  oppretta nettside for venelaget på www.museumsnet.no/gruo og byrja så smått å skriva dagbok. Per Ivar budde og arbeidde den gongen på Stord. Han flytta seinare til Bergen. I mai månad 2010 vart nettsida flytta til domenet www.gruo.no hjå One.Com. Til jul 2012 fekk venelaget i gåve ny nettside utforma av Oktan. Sida vart aktiv i juni 2013. Då tok eg over ansvaret for sida etter Per Ivar, og måtte læra noko nytt. I februar 2022 vert ei  meir moderne nettside, utforma av Marita Bakke i BLIKK Design på Tysnes, teke i bruk og eg måtte ein gong til læra noko nytt.

Inn til vidare vert ikkje nettsida aktiv, men vil koma opp att når venelaget finn ein som kan ta over og driva sida vidare. Eg kan berre ønskja lukke til.

Takk for meg til de som har følgt sida dei åra eg har drive ho. Eg har hatt 17 kjekke og gode år i Venelaget for Gruo.


Tor Resser



Måndag 24. april 2023

Litt hekstisk innspurt på fleire område på dugnaden måndag. Det stundar mot 1. mai og open dag hjå venelaget.  Det vart rydda og fjelga utomhus og i Sjakttårnet. Der heldt Martin  Røyrvik fram arbeidet med å kosta etasjane . Måndag gjorde han ferdig andre og første etasje, dei to over tok han måndag for ei vek sidan.

Tre elsktrikarar ,Toni hadde fått med seg to kollegaer, sto på for å gjera ferdig det elsktriske arbeidet i NyeDassen.  Tysdag skule røyrleggjar monetra toaltettskåler og handvaskar. varmtvassberedaren frå toalettbrakka vart flyta til NyeDassen.  Brakka er ikkje i bruk lenger. NyeDassen kan brukast 1. mai.

Martin Røyrvik kostar støv og skit i andre etasje i Sjakttårnet

Fredrik Bjørnberg til venstre og Thor Hauglid køyrer bort bork og anna frå vedkløyvinga.


Båe bileta foto Tor Resser  ©

Tysdag 18. april 2023

Rune Marcussen med Thor Hauglid som "den tredje neven" tok seg i ekstra økt tysdag med å byra setja opp veggpanel i det nye toalettbygget. Gjennom økta vart dei to veggane med mest arbeid, utskjering av hòl for gjennomgangar og opning for to skap, vart sett opp. I tillegg vart panelet ove døra montert. Ein vegg i  rommet står att.

Rune Marcussen smett på plass det siste panelet på den eine veggen medan Thor Hauglid følgjer med.

Rune Marcussen borer hòl for gjennomgangar på panelet.

Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 17. april 2023

Ein ny dugnadsøkt med strålande vårvêr måndag. Mykje av arbeidet gjekk føre seg utomhus, På Arbeidarbustaden vart det flekkmåla der klossane til stellinga var festa på veggen.  Det vart ikkje måla opve då stellinga vart fjerna. På Gruva stasjon fekk vassborda eit strøk kvit maling, for at stasjonen skal syna litt betre, har vore for mykje annonym.

Det vart ein ny omgang med å raka og køyra bort gamalt lauv, denne gonge ved Heishuset. Kring det nye toalettbygget vart det jamna og planert på sida mot Heishuset.  I Sjakttårnet vart det reingjort på dei to øvste etasjane, resten vert teke etter kvart.

I lokstallen vart det montert nye meter med straumkabel for kontaktpunkt.  På Zetor'en vart bremseband og -klosser montert nye  på venstre bakhjul.

Gunnar Almås malar vassbord på Gruo statsjon.



Rune Marcussen monterer bremseband på venstre bakjhul på Zetor'en.

Ingvild Skaret Sortland køyrde bort mange trillebårlass med lauv ved Heishuset.


Thor Hauglid planerer utanfor det nye Toalettbygget.

Toni Vik legg opp straumkabel i lokstallen.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 11. april 2023

Over tid har venelaget hatt utfordringar med dreneringssystemet for vatn ut av gruvegangen til under Sjakttårnet og heissjakta. Rennesteinen tettar seg til med slam (oker) som vert skilt utt frå fjellet.  Frå tid til annan har det vore freista reinska, men det har berre hatt etter måten kort verknad. Ei årsak kan vera at fallet ut er svært lite.

Tysdag byrja arbeidet med å grava ny grøft som skal leia vatnet til heissjakta og ned i gruva, vasspegelen står godt 10 meter under  såle 2. Det er trongt å grava grøft langs fjelleveggen og det gamle sporet, ikkje minst av di svillene  går lenger ut enn sjølve sporet. Men me litt triksing og lirking tek gravemaskinen seg fram. Gravsa er til god hjelp på dei trongaste stadene. Der grøfta skal ut til sjakta måtte det meislast ein del på ein betongkant.


Rune Marcussen meislar bort betong. Til venstre Torbjrørn Marthinsen og Thor Hauglid.

Martin Matelis Røyrvik rydda, gjorde reint  og ordna i reikakapsskuret.Mangt kunne hivast og han fann òg heilt nye brakesaksar. Gode å ha til vårryddinga av småbuskar og kratt kringom på området. 


Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 3. april 2023

To dugnadsøkter utanom fast dugnadstid i veke 13 brukte Geir Magne Hamnes og Thor Hauglid å leggja fugemasse mellom flisene i det nye toalettbygget. Snekkar er tinga til å montera veggpanel , lista og anna arbeid. Det vert gjort like etter påske. Til slutt skal toalettskåler og handvaskar  monterast før vatnet kan setjast på.  Målet er å få toalette ferdig til 1. mai om alt klaffar.

Thor Hauglid legg fugemasse mellom flisene i tolettbygget.


Bilete foto Geir Magne Hamnes ©

Ymse arbeid på dugnaden måndag. Det var eit lite snev av vår, i alle høve sol om tempen ikkje var særleg å skryta av.Framfor Stigerkontoret vart det raka lauv og køyrt vekk. Der lysstolpen, som vart køyrt ned i februar, sto, vart det grusa for å få bort det meste av mold. Dreneringa frå inngangen under tårnet har vore tett i lang tid, måndag vart det freista opna i grøfta på utsida av porten. Den vesle gravemaskinen til venelaget er god å ha til denne typen arbeid.


Første dugnad etter påske vert tysdag 11. april

Martin Røyrvik nærast, Ingvild Skaret Sortland og Britt Furre bak til venstre rydda framfor Stigerkontoret.


Grus vart lagt på området der lysstolpen sto.


Båe bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 29. mars  2023

Venelaget har hatt tre traktorar i stallen sidan i haust, to av dei har vore i arbeid, den tredje, Zetor'en, er i oppgradering. Når den vert ferdig til arbeid  seinare i år, var tre traktorar minst ein for mange. Difor vart det avgjort at den store gule traktoren skulle seljast. Lysing til sals vart lagt ut og det kom tilslag.

Onsdag ettermiddag rulla ein semitrailer frå Reime Transport inn på plassen framfor Heishuset i Gruo. Salssummen vart vipsa til venelaget sin kontor frå kjøpar og traktoren vart lasta, saman med to andre traktorar Reime hadde henta andre stader.  "Vår" traktor skulle i første omgang leverast ein stad i Oslo-området før vidare transport til Sudan i aust Afrika !!

Rune Marcussen som har stått for salet, fortel at det var eit retteleg triveleg mannskap på semien.

Den gule traktoren trygt  lasta på semitraileren.

Reime Transport henta traktoren frå venelaget onsdag ettermiddag.

Båe bileta  foto Rune Marcussen ©




Måndag 27. mars  2023

Ny inspeksjon med drone av taket på Heishuset. Det vart funne endå ei skiferhelle som mangla. Etter påske skal det leigast inn stor lift til å koma ordentleg til på baksida av taket når nye heller skal setjast inn. Venelaget sin gaffeltruck har ikkje lang nok rekkevidde til dette arbeidet.


Toni Vik styrer drona ved inspeksjonen av heishustaket.

Bilete foto Rune Marcussen ©

Rune Marcussen byrja arbeidet med å oppgradera bremsene på venstre bakhjul på Zetor'en

Bilete foto Toni Vik ©.


I toalettbygget vart slukristene limt og det er klart for fuging av golvflisene. I lokstallen byrja arbeidet med å strekkja kabel til nye stikkontaktar  langs veggene. Meir sentralt palsserte kontaktar, alt etter arbeidsstad, har meir enn ein gong vore sakna. Når opplegget er klart vert det langt på veg slutt med lange uhamslege kablar og kamp om ledig stikkontakt.

Arbeidet vart teke opp att på den "nye gamle"  Zetor-traktoren.  Bremsene på høgre bakhjul er gått over og vølt, måndag byrja same arbeidet på venstre bakhjul. I gruvegangane var det inspeksjon av lyset. Etter at det er lagt om til ledlenker i Høgåsen har lyset vor stabilt.


 


Måndag 20. mars 2023

Tre dugnadsøkter utanom fast dugnad i vekene 10 og 11 har Thor Hauglid og Geir Magne Hamnes limt fliser på golvet i det nye toalettbygget. Att står å fuga.

Thor Hauglid limer fliser i toalettbygge


Bilete foto Geir Magne Hamnes ©

Ei tid har det vore lekasje i taket på Heishuset. Nyleg fotograferte drone taket og fann at ei takstein var borte. Utfordringa vert å få ny stein på plass.

Skiferstein manglar på taket av Heishuset.

Dronefoto Toni Vik ©

Harald Gjøsæther rydda småtre og kratt langs vegen ved Kiselvo kring vatnlåsen. Venelaget  gjev ei "hjelpande hand" med gaffeltrucken.


Bilete foto Rune Marcussen ©

Måndag 13. mars 2023


18 medlemer i Venelaget for Gruo møtte på årsmøtet måndag i Heishuset. Ivar J. Helleland vart vald til møteleiar.Årsmelding var sendt ut til medlemene saman med giroinnbetaling for medlemskontingenten. På årsmøtet vart det synt ei biletleg årsmelding frå aktivitetane i laget. Konsentrert på dette viset er det imponerande kva som er gjort gjennom året.

Heile sitjande styre vart attvald med Torbjørn Marthinsen eitt år, Rune Marcussen to år, Ingvild Skaret Sortland to år. Vara til styret Knut Inge Øien Hovin og Britt Furre eitt år kvar. Revisor Sigurd Buchvold, valnemnd Svein Jæger Koppang og Ivar J. Helleland.

Ingvild Skaret Sortland la fram og gjekk gjennom rekneskapen.
Etter årsmøtet vart det servert kaffi, kaker og kringle og drøsen gjekk livleg. Dei to flittige damen Britt Furre og Ingvild Skaret Sortland fekk båe venelaget sin eldsjelpris.

Årsmøtet følgjer med då den visuelle årsmeldinga vart synt på storskjerm.

Ingvild Skaret Sortland legg fram årsrekneskapen

Britt Furre til venstre og Ingvild Skaret Sortland fekk venelaget sin eldsjelpris av leiar i laget Torbjørn Marthinsen.


Bileta foto Wilfred Sætre ©



Måndag 6. mars  2023

Hovudarbeidet på dugnaden måndag var å setja den nye akslingen attende på lokomotivet Blåmann. Dei fire dugnadene i februar var i all hovudsak nytta til å maskinera ny aksling og monetra hjul og drev.

Monteringa til loket gjekk etter planen, loket sto stødig på bukkar og akslingen vart løfta med gaflane på trucken. Den aller siste biten vart det nytta jekk på kva side for å få akslingen høgt nok og inn i festa. Loket vart stroppa til gaflane på trucken som køyrde loket ut og sette det på skjengangen ved trappa til Heishuset. Sporvidda var perfekt på den nye akslingen. Stor honnør til Rune Marcussen som har vore ansvarleg for arbeidet.

Lokket har stått gjerandslaust sidan havariet i haust. Då motoren skulle startast var det ikkje straum på batteriet. Geito måtte trekka Blåmann til lokstallen.

Blåmann på sporet att, men måtte trekkast til lokstallen av Geito grunna flatt batteri.

Torbjørn Marthinsen monterer jekk til akslinglageret  for å få akslingen siste biten opp til festet.

Båe bileta  foto Rune Marcussen ©


 Hugs årsmøtet førstkomande måndag 13. mars kl. 1800 i Heishuset


Måndag 27. februar  2023

Dei fire dugnadsmåndagane i februar månad har hovudarbeidet vore på den nye akslingen til lokomotivet Blåmann. Måndag vart akslingen ferdigstilt, hjul og drev vart sveist til akslingen. Rune Marcussen har stått for arbeidet med hjelp frå andre i dugnadsgjengennår det var trong for det. Til saman åtte til ti timar.

Venelaget hadde arbeidet ute på tilbod, men tilobodet som kom var for høgt og venelaget gjorde atbeidet sjølv.Dermed vart 50.000 kroner spart. Att står å få akslingen ned på skjenegangen for å sjå at ho passar og deretter monetrt på loket.

Forvarming av stålet før sveising, Rune Marcussen og Torbjørn Marthinsen bak.

Anna arbeid på dugnaden månag var å flytta geoparkplata på plassen framfor sjakttårnet lenger bort frå tårnet. Traktortilhengaren var køyrt opp til tårnet og meir kubbar til kløyving vart lasta.

Årene til åresalet ved basaren i haust var ordna og sortert, klare til neste basar.

TIGsveising av hjul og drev

Britt Furre nærast og Ingvild Skaret Sortland sorterer årene etter basaren i haust.


Bileta foto Tor Resser ©


Årsmøtet er sett til måndag 13. mars kl. 1800 i Heishuset

Måndag 13. februar  2023

Arbeidet med maskineringa av framakslingen til lokomotivet Blåmann heldt fram måndag. Sjølv med ein gamal dreiebenk, der alt måtte gjerast manuelt, gjekk arbeidet greit. Slik sett var det eit ordentleg handverk som vart utført. Høgre sida av akdlingen vart maskinert ferdig der det skal vera plass til drevet innst og hjulet like utanfor.  Rune Marcussen som sto for maskineringa, sa seg til slutt nøgd med å ha kome i mål. Det vart òg tid til å snu akslingen i benken, finna rette lengda, skjera bort det som ikkje  skal nyttast og markera senterhòlet for vidare dreiing. Det er mindre arbeid på venstre aksling då berre  lager og hjul skal tilpassast.

Hjul og drev er prøveplassert på akslingen. Festa permanent vert gjort når venstre sida av akslingen er ferdig maskinert.

Thor Hauglid i arbeid med vedkløyvaren kopla til traktoren

Vedkløyving har det vore stopp i ei tid, men måndag byrja Thor Hauglid arbeidet att.

Det har teke tid å få kubbane, som har lege på plata ved tårnet, køyrt ned til kløyving. Ei tid var ikkje traktorhengar tilgjengeleg før ny vart kjøpt tidlegare i år.  Så vart det stopp for traktoren som skulle køyra hengaren ned. Men etter kvart ordna alt seg. Måndag kløyvde Thor nok ved til ein storsekk.

I Stigerkontoret held Ingvild og Britt på å oppgradera garderoben for arbeidtøy. Noko vert hive, noko vert sendt til vasking, veggar og skapdører vert måla.


Bileta foto Tor Resser ©


Årsmøtet er sett til måndag 13. mars kl. 1800 i Heishuset

Måndag 6. februar  2023

Det er henta inn tilbod på maskinering av ny aksling til lokomotivet Blåmann. Firmaet som vart spurd, hadde så høg pris at venelaget tykte kostnaden vart for stor.  I staden går venelage med Rune Marcussen i brodden, laus på maskineringa sjølv.  Måndag vart difor støv og skit kosta av dreiebenken venelaget fekk for mange år sidan der benken ikkje stetta krava lenger. Benken har vore i bruk hjå venelaget for nokre år sidan. Etter at vitale delar vart sprøya, lirka lause og pussa og til slutt fekk litt greas på skruar og bolta m.m., fungerte benken. Særleg kjoksen var noko treg i byrjinga, men gjekk fint til slutt.

Rune Marcussen nærast og Knut Inge Øien Hovin  pussar og  oppgraderer dreiebenken

Ei tid har det vore arbeidd med å få ny inngangsdør til Heishuset.  Døra i dag er "utsliten", vart sett inn av venelaget. Den nye døra skal snekrast etter teikningar slik den opphavelege døra var.  Måndag var snekkar Thomas Helland i Gruo for å ta mål og sjå på tilhøva.



Thor Hauglid, til venstre , Thomas Helland i midten og Ivar J. Helleland ser på teikninga av den opphaveleg døra til Heishuset.

Dreiebenken fungerte godt, om det ikkje er den nyaste teknologien.



Bileta foto Tor Resser ©


Årsmøtet er sett til måndag 13. mars kl. 1800 i Heishuset

Måndag 30. januar  2023

Litt aktion på dugnaden måndag.  I utgangspunktet skulle nygamle traktorn få seg ein ordentleg vask med høgtrykksteam. Gaffeltrucken slepte traktoren ut frå lokkstallen, men så var det dette med å sjå seg bak når du ryggar eit køyrettøy. Uheldigvis såg ikkje føraren av trucken bak i den kritiske  augneblinken, og lysstolpen på plassen vart treft og knekt i rota. Det synte seg at stolpen var pil rôten, men likevel. Fagne vart kontakta og vakthavande kom innan kort tid og fekk stolpen ned, med god hjelp av venelaget og trucken, og straumkabelen sikra så lenge, til ny vert sett opp.

Då var det å få i gang høgtrykkspylaren, som heller ikkje var særleg samarbeidviljug,  og spyla traktoren.  Etter kvart kom spylinga  i gang, om trykket ikkje var heilt på topp. Traktoren vart rimeleg bra rein.

Trucken rygga ned lysstolpen som berre hang etter kabelen.

Rune Marcussen høgtrykksteamar traktoren.


Innomhus i Stigerkontoret var det mykje å henga fingrane i, bokstaveleg tala. Det vart brettta og lagt i konvoluttar årsmelding og betalingsblankett for årskontingent. Det vert sendt til medlemen i veka.

Faldaren, det var få att av, om venelaget vart kopiert på kopimaskinen og bretta for hand.

I kaffipausen vart det synt ein film om Børtveit kraftstasjon frå den gongen dei gamle aggregata var i produksjon. Videoen var teken opp i 1992 like før aggregata vart pensjonerte. Det eldste aggregatet, frå 1922,  fekk venelaget av SKL i desember 2005 og er bygt opp att i Heishuset.


Bileta foto Tor Resser ©


Årsmøtet er sett til måndag 13. mars kl. 1800 i Heishuset.

Traktoren innhylla i  damp frå steaminga.

Geir Magne Hamnes kopierer faldaren om venelaget.

Ingvild Skaret Sortland og  Britt Furre brettar årsmelding og blankettar og la i konvoluttar. Geir Magne Hamnes og Thor Hauglid brettar faldaren om venelaget.

Måndag 23. januar  2023

Elektrikararbeidet i toalettbygget heldt fram måndag og vart bort imot ferdig. Berre litt småplukk står att, sa elektrikaren, Toni Vik.

Lit tyngre arbeid var det å løysa hjula og drevet frå den knekte akslingen på lokomotiver Blåmann. Det eine hjulet vart løyst måndag for ei veke sidan. Nokre få sveisepunkt mellom hjul og aksling vart slip bort, og slegga vart teken i bruk for å slå akslingen gjennom hjulet.  Sterke unge menn la full kraft i slaga, og litt etter litt var hjulet fritt for akslingen.  Også drevet hadde små punktsveisar som vart slipt bort. Drevet vart hengt på truckgaflane, eit par  slag på akslingen og drevet var løyst.

Då står att å finna verkstad som kan maskinera og montera hjul og drev på ny aksling. Nøye mål er tekene etter den havarerte.

Ingvild Skaret Sortland styrde kopimaskinen og trykte årsmeldinga som skal leggjas ved giroblanketten for betaling av medlemskontignet. Det vert sendt ut om kort tid.

Knut Inge Øien Hovin dreg til med slegga for å få hjulet fritt frå akslingen. Rune Marcussen ser at akslingen kjem sakte og sikkert.

Rune Marcussen sliper sveisepunkt på akslingen før drevet vert slege av.




Hjula er komne av akslingen, Knut Inge Øien Hovin til venstre og Rune Marcussen.

Drevet var fetsa med kile til akslingen.

Bileta foto Tor Resser ©


Årsmøtet er sett til måndag 13. mars kl. 1800 i Heishuset.


Laurdag 21. januar 2023

Den etter kvar så tradisjonelle nyttårskonserten til Stord Musikklag vart halden i Stor Kulturhus laurdag. I samband med konserten har det dei siste åra vore delt ut  prisar og heider frå kommunen til fortente sambygdingar. Mellom dei i år var leiara av Venelaget for Gruop, Torbjørn Marthinsen, som fekk eldsjelprisen. Geir Magne Hamnes hadde sendt inn framlegg om Torbjørn

I si grunngjeving for å gje prisen til Torbjørn sa utval for oppvekst og kultur at

med stort engasjemet for Gruo inspirerer Torbjørn Marthinsen dei rundt seg til å ta vare på lokal identitestbygging knytt til Litlabø.Dei han kjem i kontakt med kan læra mykje om gruvedrift generelt, Gruo spesielt, og ikkje minst kva ein kan få til gjennom friviljug arbeid. Marthinsen er òg med å sikra ein god turistattraksjon som kan trekja tilreisande til Stord.

Prisen vart overrekt av ordførar Gaute Straune Epland og einingsleiar kultur Anne Lene Østvold Jordåen., eit måleri og blomebukett. Torbjørn takka for æra og sa at det er vorte ein livsstil for han å arbeida med venelaget og gruo. Seinast laurdag hadde han vore ein tur nedom . Han oppmoda alle som ikkje har vore i Gruo for å ta turen  for å gjera seg kjent med mrådet og ikkje nødvendigvis ta ein tur i fjellet.

Torbjørn Marthinsen mottek prisen frå ordførar Gaute Straume Epland og einingsleiar kultur Anne Lene Østvold Jordåen

Torbjørn takkar for prisen


Foto: Tor Resser ©

Måndag 16. januar  2023

Kabel og utstyr til elektroinstallasjon i toalettbygget var kjøpt inn til dugnaden måndag. Elektrikar Toni Vik gjekk på med friskt mot, bora hòl, trekte kablar, monterte koplingsboksar og taklys. I det heile, det viste dugeleg att. Han rekna med at ei økt til skal arbeidet i hovudsak vera ferdig.  Ein ungdom som står på og veit kva det vil seia å arbeida.

Toni Vik monterer koplingsboks i toalettbygget.

Anna arbeid måndag var m.a. å sveisa ferdig festa på den nye skuffa til gaffeltrucken. Ein del pallar som ei tid har vore lagra utomhus, vart flytta under tak med trucken. Det vart òg drive målingar på det elektriske anlegget i stollane. Avtale mellom venelaget og Geopark Sunnhordland om guiding i og utanom sommarsesongen 2023, vart godkjent

Thor Hauglid, til venstre og Rune Marcussen ordnar pallane før dei vert tekne i hus.

Med teleskopbommen på gaffeltrucken vert pallane sette godt inn under tak i skuret.

Bileta foto Tor Resser ©


Årsmøtet er sett til måndag 13. mars kl. 1800 i Heishuset

Måndag 9. januar  2023

"Latmannslivet" er over for denne gongen, Venelaget for Gruo byrja dugnadsaktivitetet i det nye året måndag. Laget hadde ein særdeles fin start på året. Ei gåve av dimensjonar. Verksemda Opero ved Halgeir Gravdal hadde produsert ei skuffe til gaffeltrucken, vederlagsfritt. Skuffa rømer kring 3/4 kub.meter og vil verta eit viktig supplement i reiskapsparken til venelaget.  Venelaget takkar på det hjartelgste for gåva.

Skuff Halgeir Gravdal og verksemda Opera produserte og gav til venelaget.

Foto: Rune Marcussen ©

Mykje av arbeidet måndag vart å montera feste for trucken på den nye skuffa. Instrumentpanelet på Zetor-traktoren er teke ut av traktoren og Toni Vik gjekk laus på panelet for å få nytt liv i instrumenta.

Ved kaffiapausen vart det sett opp prioriteringsliste over kva som skal gjerast først utetter vinteren og våren. På topp står å få ferdig toalettbygget. Noko røyrarbeid vart utført førre veka, komande måndag skal elektrikar gå i gang med resten av el-arbeidet på bygget. Deretter skal det panel på veggene og golvet skal flisleggjast.

Det neste som skal gjerast er å få ny aksling til lokomotivet Blåmann. Som kjet vart det havari på framakslingen i haust. Det skal dreiast ny aksling og hjul og drivsystem skal monterast på akslingen. Arbeidet kan ikkje venelaget gjera og det vert arbeidd med å henat inn tilbod .

Rune Marcussen sveisar truckfeste på skuffa

Elektrikar Toni Vik freistar åp få  "liv"  att i instrumenpanelet til ny/gamle Zetortraktoren

Båe bileta foto Tor Resser ©

Share by: