New Paragraph

New Paragraph

Dugnader 2022

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete og informasjon frå dugnadar hjå Venelaget for Gruo. Siste dugnad står øvst på sida

Onsdag 21. desember  2022

Julegåve frå venelaget til venelaget. Ny traktortilhengar kom til Venelaget for Gruo onsdag kveld. Hengaren er kjøpt i Bergen og køyrt på lastebil til Gruo.

Kanskje litt drygt å seia at hengaren er ny, men er så for venelaget. Ein Foss-Eik hengar modell 1977 kan lastar 3 tonn og har tipp.Venelaget har ein eldre hengar som har vore "restaurert" opp til fleire gonger, drerg no på årog har ikkje så stor lasteevne som den nye.

Hengaren vert klargjort for å løftast ut frå lastebilen med gaffeltrucken.

Bilete foto Rune Marcussen ©

Onsdag 7. desember 2022

På møtet til utval for  oppvekst og kultur i Stord kommune tysdag, vart eldsjelprisen 2022 gjeven til Torbjørn Marthinsen, leiar av Venelaget for Gruo. I grunngjevinga frå utvalet heiter det:

Med stort engasjement for Gruo inspirerer Torbjørn Marthinsen dei rundt seg til å ta vare på lokal identitetsbygging knytt til Litlabø. Dei han kjem i kontakt med kan læra mykje om gruvedrift generelt, Gruo spesielt og ikkje minst om kva ein kan få til gjennom frivillig arbeid. Marthinsen er òg med på å sikra ein god turisrattraksjon som kan trekja tilreisande til Stord.

Me i Venelaget for Gruo som har lært Torbjørn (77) å kjenna gjennom mange år veit kva han står for. Han lever og andar for Gruo og lokalsamfunnet Litlabø. Ikkje minst er han oppteken av å trekkja Litlabø skule inn i undervsinga om gruven.

Torbjørn har sitt utspring frå Moelv på Hedemarken. Han er utdanna agronom, men har opp gjennom livet kan henda drive med alt anna enn nett bondeyrket. M.a. har han køyrt mykje lang-og tungtransport, Til Stord kom han første gongen i 2004, då var han med på å montera nye hengestenger på Stordabrua og Bømlabrua. Han kom attene i 2005 og busette seg i Hillarhaugen på Litlabø. I 2007 kom han med i Venelaget for Gruo. Alt han kan om lokalsamfunnet, Stordø Kisgruber og anna, har han lese seg opp på, han hugsar som ein ungdom.  Han er eit oppkome av idèar når det gjeld gruo og venelaget og skulle gjerne ha sett det meste ut i live.

- Eg likar meg veldig godt i venelaget, det er vorte ein hobby for meg, seier Torbjørn.

Ikkje noko er umogeleg, det vanskeleg tek berre litt lenger tid, plar han seia.

Dugnadsgjengen i venelaget ønskjer lukke til med prisen, høgst fortent.


Torbjørn i arbeid i Sadalen gruve der det skal setjast opp koplingsboks.

Skogsarbeid og motorsag er nærast ein lidenskap. Mange store grantre er teke ned på gruveområdet.

Torbjørn har hatt uteljande omvisingar i gruo. Her er han, med lommelykt bak til venstre, med ei lokal gruppe frå Landsforeningen for slagråka i den store hallen i Sadalen gruve.

På årsmøtet i Venelaget for Gruo 2022 fekk ein overraska Torbjørn venelaget sin eldsjelpris med diplom og krus med namn og VfG logo overrekt av Thor Hauglid. Bak til venstre Ivar J. Helleland.

Gammal måling vert fjerna frå Arbeidarbustaden i Parken i Gruo før huset vart måla på nytt

Opplysingstavle vert montert på vaggevogna på vaskeriplanet på staden der vekta som vog jernbanevognene før turen til kiskaien på Grunnavågneset, sto.

Venelaget for Gruo er med i Geopark Sunnhordland som om nokre år kan verta ein ny turistattraksjon på Stord.  Her i lag med leiar i GS Brynjar Stautland i midten og Geir Magne Hamnes òg frå venelaget.


Alle bileta foto: Tor Resser ©

Måndag 5. desember  2022

Måndag var siste dugnadskveld i 2022. Dugnadsgjengen tek pause resten av året og tek til att for fullt måndag 9. januar 2023.  Gjennom haustsemesteret er det utført mykje ulikt arbeid. Mellom anna er det kome betre lys i Høgåsen gruvegang og i den store hallen i Sadalen.  Arbeidet med det nye toalettbygget har diverre gått tregare enn rekna med, toalette vert ikkje ferdig innan utgangen av året.  Arbeidarbustaden er måla kvit, Stigerkontoret er måla på nytt og det nye toalettbygget er  òg måla, båe med Rørosraud.

I haust , i perioden 16. august til 24. november, har det vore 17 omvisingar med til saman 268 personar. Før sommaren var det 19 omvisingar med til saman 588 personar. Venelaget har i året 2022 hatt 36 omvisingar med til saman 856 personar.

Samarbeidet med Litlabø skule er tett. Skulen pynta grana utanfor Heishuset med lys. Frå skulen stilte to av elevane, Fillip frå 7. trinn og Dennis Andrè frå 4. trinn saman med lærarane Henrik og Julian. Lærarane entra peronkorga til gaffeltrucken og leiar i VfG Torbjørn Marthinsen  løfta dei opp til toppen av grana og lyslenkene vart spreidd ut ove treet medan elevan sto på bakken og tok imot.

Venelaget for Gruo takkar for året som går mot slutten og ønskjer god jul og godt nytt år til følgjarane våre. Vel møtt att 9. jamuar 20223.

Litlabø skule har hengt lyslenker på grana utanfor Heishuset.

Bilete foto Tor Resser ©

Tirsdag 29.  november  2022

Pensjonistar i Utdanningsforbundet på Stord møtest fire gonger årleg for sosialt samvær. Tysdag var det samling ved Stordø Kisgruber der Utdanningsforbundet hadde leigt Heishuset. 

34 pensjonistar møtte,  dei fleste frå Stord men òg to frå Bømlo og ein frå Sveio. Claus Jünger leia samling og gav ordet til kåsøren for dagen Torbjørn Marthinsen. Marthinsen er leiar av Venelaget for Gruo.  Han ønkte pensjonistane velkomne til venelaget og Gruo. Utdanningsforbundet hadde bede Marthinsen om å kåsera om raidet i Gruo 23./24. januar 1943.  Som takk for informativt kåseri gav Jünger ein blomebukett til kåsøren. Deretter var det rundstykke, kaffi og te samstundes som skroven gjekk.

34 pensjonistar frå Utdanningsforbundet høyrde Torbjørn Marthinsen, til høgre, kåsera om raidet i Gruo.

Bilete foto Tor Resser ©

Måndag 28.  november  2022

Over tid skil fjellet ut slam grunna vassig. litt etter kvart fyller slammet rennesteinen i gruvegangane og utsiget av vatn går tregt. Måndag vart dei mest utsette stadane med slam reinska så godt det lot seg gjera, særleg innover i Sadalen gruve.

Elles vart det drive ulike vedlikehald.

Rennesteinen tettar seg til med slam.

Thor Hauglid skrapar slam i rennesteinen.

Bileta foto Tor Resser ©

Fredag 25.  november  2022

Det vert sommarope med omvisingar ved Stordø Kisgruber på Litlabø dei tre komande åra. Ordførar Gute S. Epland orienterte fredag leiar i Venelaget for Gruo Torbjørn Marthinsen, Geir Magne Hamnes og dagleg leiar av Geopark Sunnhordland Brynjar Stautland, om at Stord kommune har sett av 900.000 kroner delt på dei tre åra. 

Ordføraren fortalde at pilotprosjektet sommaren 2022 var så vellukka at kommunen ønskjer dra det vidare med ein lengre horisont enn berre eitt år om gongen. Midlande vert delt med 350.00 kroner i 2023, 300.000 kroner i 2024 og 250.00  kroner i 2025. Ordføraren understreka at vidareføringa av sommarope er noko kommunen vil og meiner det er eit potensiale med Stordø Kisgruber og Geopark Sunnhordland. Midlane skal nyttast til marknadsføring, løner til omvisarane og administrasjon.

Dersom Geopark Sunnhordland i neste månad får internasjonal status kan det få mykje å seia for turismen på Stord og i Sunnhordland. Sommaren 2022 var det kring 1000 betalande på sommarope ved Stordø Kisgruber, VfG sat att med kring 115.000 av netto billettinntektene. Også dei tre neste åra vil VfG få mogelege netto billettinntekter frå sommarope.

Venelaget for Gruo vil ikkje direkte verta engasjert med opplæring av omvisarar noko Geopark Sunnhordland skal stå for, som òg har den administrative delen . Visit Sunnhordland skal stå for marknadsføringa.  Det er så langt ikkje avgjort kva tid om sommaren det vert omvisingar, men det vert truleg seks veker i juli og august, fem dagar i veka. Venelaget for Gruo stiller området og tog til rådvelde. Laget skal òg ha personell i bakvakt om noko  uventa hender. Slik det var sommaren 2022.

Frå venstre ordførar Gaute S. Epland, dagleg leiar i Geopark Sunnhordland Brynjar Stautland, leiar av VfG Torbjørn Marthinsen og Geir Hamnes òg frå VfG.

Bilete foto Tor Resser ©

Måndag 21. november  2022

Dugnadsmåndagane vert til tider like frå veke til veke,  difor kan det vera det ikkje vert lagt ut nytt somme  tysdagar, som for ei veke sidan. Dugnaden måndag var slik sett eit unnatak då ein liten milepåle vart nådd etter mange vekers arbeid og mekking. Høgre bakhjul på den nye/gamle traktoren vart montert med nye bremseband og bremseklossar pluss ein god del anna arbeid. Før hjulet vart montert, vart reduksjonsgearet fylt med olje.  Litt lirking måtte til før hola på felgen stemte med boltane.

Hjulet klart til å entra boltane. Til høgre Rune Marcussen, bak Wilfred Sætre.

Litt finjustering må til for å få hòla på felgen til å entra boltane.

Skralla er god å ha når mutrane skal trekkast til

Til slutt luft i dekket

Bileta foto Tor Resser ©

Måndag 7.  november  2022

Dugnaden måndag heldt på fleire område fram slik det enda for ei veke sidan.  Gamle delar på traktoren vart freista losna medan andre delar vart montert. Det nye toalettet er bort imot ferdig isolert, i alle høve ytterveggane. Frå gruvegangane vart det henta ut ei trillebårlass med utslitne kablar og armatur.

Kontoret i Stigerkontoret har i fleire år hysa ein eldre, stor kopimaskin. God maskin så lenge han fungerte, men for ikkje så lenge sida meld maskinen pass. Å vøla vart komplisert og kostesamt, dersom det var mogeleg å få tak i delar. Ny, mindre og lettare maskin vart kjøpt inn, den gamle byrja vegen ut frå Stigerkontoret til attvinning ein eller annan stad.  Det er berre å takka kopimaskinen for velgjort.

Thor Hauglid og Torbjørn Marthinsen freistar få ein eldre jekk til å trekka gjerdenetting,  til å fungera.

Toni Vik ogThor Hauglid, nærast, løftar den gamle kopimaskinen opp i skuffa til den gule traktoren for transport til lokstallen i første omgang.

Bileta foto Tor Resser ©

Måndag 31. oktober  2022

Det er ofte slik at det er karane som vert omtalt er på dugnaden. I Venelaget for Gruo er det damer som er svært aktive, om det ikkje alltid syner så godt. Ingvild Skaret Sortland og Britt Furre er to av venelaget sine aktive damer. Dei steller med, om ikkje alt, så det meste. Dei fører rekneskap og har kontroll på økonomien, dei har oversikt over medlemsmassen, dei ordnar til kaffiøkta  etter dugnaden. I sommarhalvåret steller dei blomar og anna forefallande arbeid ute, og knip det svingar dei malakosten òg der det måtte høva. Dei har orden i Heishuset, vaskar golv og pyntar når huset vert leigt ut.Og sist, men ikkje minst er dei primusane for basaren kvart andre år.  Då mobiliserer dei andre damer med seg i det arbeidet.

Dugnaden elles måndag var framhald av skruing og mekking på traktoren. Deler som var demontert og ordna vart montert. I toalettbygget byrja arbeidet med å leggja inn isolasjon i veggane.

Dei driftige damene i venelaget, Britt Furre til venstre og Ingvild Skaret Sortland,  ordnar her opp i medlemsmassen i laget.

Thor Hauglid nærsat og Sven Lindseth legg isolasjon i veggane i toalettbygget.

Bileta foto Tor Resser ©

Måndag 24. oktober  2022

Mykje arbeid på den gamle "nye" traktoren måndag. Ein del nye deler er kjøpt, mellom anna til bremsesystemet. Til høgre bakhjul vart nytt bremseband sett inn og bremseklossar montert. For så vidt eit enkelt arbeid. Utfordringa kom då det heile skulle setjast saman. Det var vanskeleg å få sentrert ein aksling til hòlet akslingen skulle inn i, i tillegg skulle bremseklossane inn i bremsebandet.

Ny tilvekst til dugnasgjengen var ein ungdom, Toni Vik, utlært elektrikar. Ein tilvokster, som har vor svært  sakna, til  venelaget. Han vart hovudstups sett i arbeid med å byrja å gå over og få sving på det elktriske systemet på traktoren. Han har eit formidabelt arbeid framfor seg. Men ha gjekk på med friskt mot.

I tillegg vart det drive ymse anna arbeid. Rydding langs bekken som kjem ned lia bak Stigerkontoret, og renn under bygningen. Det er snøgt før innløpet til røyret vert tett med lauvfall om hausten. Eit arkivskap i framgangen i Stigerkontoret vart lirka ordentleg på plass med pallejekk.

Rune Marcussen monterer bremseklossane til høgre bakhjul på traktoren

Ny mann i dugnadsgjengen, Toni Vik, gjekk laus på det elektriske anlegget på traktoren med friskt mot

Bileta foto Tor Resser ©

Måndag 17. oktober  2022

Det er mangt å rydda og kassera etter mange år. Noko er utslite og kan hivast, noko er teke vare på opp gjennom åra etter motoet "kjekt å ha". Ikkje alt er like kjekt å ha i dag, difor går ein del  til SIM. Ikkje minst gjeld det gamle, utslitne armaturar frå gruvegangane. Armaturar som i det lange løp ikkje toler det barske klimaet i fjellet. I tillegg el-kablar som slit med å halda på straumen.  Den siste tida er det plukka ned mange titals meter kablar, dei siste vart henta ut måndag. I staden vert det hengt opp ledlys som ser ut til å tola klimaet betre.

I lokkstallen har det samla seg mangt og mykje som nok ikkje er brukande for venelaget når det kjem til realitetane. Ei opprydding er  så smått i gang.

Ivar J. Helleland plukkar ned restane av utgåtte el- kabalr og utgått armatur inst i Høgåsen gruvegang. Til venstre i bakgrunnen lenkje med ledlys.

Thor Hauglid finn mangt og mykje som i realiteten kan hivast, i lokstallen.

Bileta foto Tor Resser ©

Måndag 10. oktober  2022

Haustflaum i Gruo måndag. Rista som står før røyret som fører vatnet frå bekken frå Høgåsenområdet under Stigerkontoret, var tett med lauv. Dermed rann bekken over og ut på området rundt Stigerkontoret.Vatnet kom ikkje så høgt at det gjekk inn over golvet på bygningen. Med ei rive vart lauvet fjerna frå rista og bekken fekk igjen sitt naturlege løp og vatnet rundt bygningen seig fort ned i grunnen.

Ut frå den eldste gruvegangen, mellom Sjakttårnet og Smio, rann det vatn meir eller mindre ukontrollert ut på området. Med litt rydding i den vesle grøfta ned mot kummen som tek vatnet vidare i røyr gjennom fyllinga til Kiselvo, vart det òg reinska,

Anna arbeid måndag var å fjerna resten av sekkene med mørtel frå toalettbygget til lokstallen. Det vart rydda opp i gamalt el-utstyr, kablar, lampar m.m. som skal leverast til SIM.

Stor dam ved Stigerkontoret då bekken i bakgrunnen rann over då rista var tett av lauv.

Mobilfoto: Thor Hauglid ©

Thor Hauglid ryddar lauv for å få vatnet til å renna rette vegen frå den gamle gruvegangen til kummen.

Mykje gamalt elektrisk utstyr er kassert og sendt til mottak hjå SIM.

Bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 5. oktober 2022

Wilgot Lorentsen til minne


Brått og uventa tok Wilgot ut på si siste reis.

Me minnest ein venelagsven som alltid trødde til

når me bad om hjelp.

Eit ja frå Wilgot var å stola på!

Du for så altfor ung frå dine kjære.

Me takkar for kreative stunder og samtalar i stollar og hus!

Du var ein moderne gruvebus!


Ivar Helleland


Wilgot byrja i dugnadsgruppa i Venelaget for Gruo i 2010

Wilgot på skjenelegging i Høgåsen gruvegang

Bilete foto Tor Resser ©

Måndag 3. oktober  2022

Ikkje den heilt store farten i dugnaden måndag, ei lita kvilestund etter innsatsen med basaren søndag. Basardamene hadde ein del etterarbeid med vinstane trekt på bok,  I parken vart det slege høgt gars, langs stigen opp til Sjakttårnet og vidare opp mot storsynken i Høgåsen vart det rydda for å gjera det betre framkomeleg. Ugraset har vakse heftig i sommar, ikkje minst klunger. Arbeidet med vøling av den "nye" gamle traktoren heldt fram. Diverse delar må skiftast, dei vert satt i tinging.

Geir Magne Hamnes byrja rydda langs vegen/stigen opp til Sjakttårnet.

Etterarbeid etter basaren søndag for Britt Furre,  til venstre, Jorunn Skaret Vedå og Ingvild Skaret Sortland som må kontrollera loddbøker og vinst i høve til vinnarnamn

Bileta foto Tor Resser ©

Søndag 2. oktober 2022

Det var "stinn brakke og stormande jubel" på basaren i Heishuset søndag. Alt av stolar som er i huset vart plukka fram pluss ein del klappstolar frå Arbeidarbustaden, for at folk i alle høve skulle få sitja, om det ikkje vart bordplass til alle. At det var så mange som ville vera med kan ha sin bakgrunn i at det er tre år sidan siste basaren, pandemie sett kjeppar i hjula for den òg.

Det var tre omgangar med åresal før trekkinga av bokvinstane tok til. Åresalet gjekk handlaust unna.  Åge Saue var som vanleg på plass med det elektroniske utstyre for å trekkja rette tal. Damene som har stått for førearbeidet til basaren har gjort eit formidabelt arbeid; med å "tigga" vinstar og ikkje minst å ordna til vinstane til dei ulike trekkingane.

Det vart servert gratis kaker, kaffi og saft,  slik at dei frammøtte heller skulle nytta pengane til å kjøpa årer og lodd.

Britt Furre til venstre, Jorunn Skaret Vedå som gjer merksam på kor den andre rømingsdøra er, og Ingvild Skaret Sortland har stått i brodden for basaren. I bakgrunnen Åge Saue

Gratis kaker, kaffi og saft til basargjestene.

I dag har jeg vært på basar for første gang. Det var en spennende opplevelse jeg kommer til å huske lenge. Da jeg kom inn i Heishuset kunne jeg se alle de flotte gevinstene utstilt. Vakre strikkegensere i flotte farger, hjemmestrikkede luer og votter, konfektesker, og andre flotte premier. Bordene var pent dekket og det strømmet til med glade folk i alle aldre. Kaker og lappekaker, og kaffe og saft ble satt fram på bordet gratis for alle å dele. Jeg fikk gå rundt med en bøtte og selge årer. Ikke årer som brukes til å ro båter, men årer som er flate pinner med ulike numre som gjør at du kan vinne de fine gevinstene i lotteriet. Håpefulle unge og gamle  kjøpte årer og gledet seg til trekningen. I tillegg kunne jeg skrive meg i en bok og betale for lodd til den siste trekningen av de største premiene. Min opplevelse av basaren var veldig god. Gamle og unge var like spente og hadde det like gøy og spennende. Smilende ansikter og fin samtale summet i rommet. Jeg vant ingen gevinster i dag, men jeg vant en opplevelse jeg vil huske lenge. Basar er noe som alle kan glede seg over og med god mat og drikke og flotte mennesker er basar en fantastisk aktivitet som passer for alle.

 

Thea von der Lippe (16 år)

Thea von der Lippe sel årer til Harriet Torbergsen som vann den andre fruktkorga. - Og som aldri vinn, påsto Harriet. Tre fruktkorger vart lodda ut, ein for kvar omgang åretrekking.

Åge Saue hadde stålkontroll på den elektroniske trekkinga.

Smekkfullt Heishus på basaren.

Pengesetlane sat laust då Ingvild Skaret Sortland var rundt  med "årebøtta".


Foto: Tor Resser ©

Måndag 26. septeber 2022

To solide industrireolar, brukte men gode for det, vart montert måndag. Reolane vart plassert i lokstallen. Dei skal nyttast til å lagra vedsekker. Så langt har veden venelaget har produsert, vore lagra utomhus. Mykje tyder på at det har vorte borte sekker med ved utan at nokon kan forklara korleis. Etter kvart som veden i framtida vert kløyvd og pakka i sekk, skal veden innomhus og tørka der. Lokstallen har vore vedlager før, for mange år sidan, i kommunal regi.

Vidare måndag vart det arbeidd på traktoren. Ein av komponentane på traktoren var litt vanskeleg å få laus. men med sterkt pågangsmot og intens arbeidinnsats, vart komponenten trekt ut. Det vart mellom anna nyta ein enkel "heimelaga" ters . Med komponenten laus, er det mogeleg å gå lenger inn i  "materien".

Den store komponenten, til venstre, er trekt ut frå traktoren med hjelp av motorløftaren.

Fredrik Bjørnberg til venstre, Thor Hauglid bak og Sven Lindseth monterte to industrireolar.

Båe bileta foto Tor Resser ©

Hugs basaren i Heishuset sundag 2. oktober klokka 1600

Måndag 19. september 2022

Litt av kvart å sysla med på dugnaden måndag.Vindskier og karmar utvendes på det nye toalettbygget vart måla ferdig . Nytt kys til Sjakttårnet vart montert, det som var vart sjølvsagt øydelagt ved hærverk for eit par veker sidan. I parken vart det rydda, klypt ned bærbuskar, luka og klunger fjerna. I lokstallen vart nytt verkty skrudd saman . I Heishuset vart det sett  opp kortlesar for bankkort. I Høgåsen gruvegang vart gamal lysarmatur fjerna og ledlys hengt opp. Den gamle armaturen var ustabil og fall stadig ut i den inste delen av gangen.  Med ledlys er vona at lyset vert stabilt framover og toler det fuktige kilmaet betre.

Torbjørn Marthinsen monterer nytt floodlys til  Sjakttårnet. På toalettbygget i bakgrunne gjev Thor Hauglid vindskiene andre strøket med maling.

Små koplinga, store fingrar gjer det utfordrane å kopla ledlyslenkene i Høgåsen gruvegang for Ivar J. Helleland og Finn Reidar Koppang.

Rune Marcussen til venstre og Wilfred Sætre monterer ny motorløftar i lokstallen.

Ivar J. Helleland og Finn Reidar Koppang seier seg vel nøgd med 50 meter nytt ledlys i Høgåsen gruvegang.

Hugs basaren i Heishuset sundag 2. oktober klokka 1600.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 12. septeber 2022

Mykje av dugnaden måndag gjekk på havariet og akslingbrotet på loket Blåmann laurdag 3. september. Utan tvil ein stor strek i rekninga. Den knekte akslina vart teken ned frå loket, og ved nærare syn synte det seg at brotet har utvikla seg over lang tid. Vegen vidare vart drøfta; er det mogeleg å få tak i aksling, eller må nytt emne kjøpast og aksling maskinerast . Det vert òg ei utfordring å få av hjula frå den knekte alkslingen. Visst er det at det vil kosta både tid og pengar å få vølt loket.


Aksling med kjedehjul og drivhjul er løysst frå loket og kome ned på golvet i lokstallen

Av anna arbeid vart karmar kring dører og vindaugo på det nye toalettbygget måla kvite.

Kapping av ved byrja så smått, i første omgang er det små tre og greiner som vert kutta.

Hugs basaren i Heishuset sundag 2. oktober klokka 1600

Gunnar Almås er byrja saga opp ved, i første omgang mindre tre  og greiner.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 5. september 2022

Ymse arbeid måndag. I Sadalen gruve har lyset vore ustabilt i den store hallen.  Hovudårsaka er det fukitge vêret.  Måndag vart det rydda opp og m.a. skifta nokre lampar som var "gått ut på dato".  På tufta etter det gamle heishuset, mellom Sjakttårnet og trafokiosken i skogkanten, er det byrja "utgravingar" for å finna ut kva som måtte løyna seg under det tidlegare golvet.

Det nye toalettbygget fekk første strøket med raudmåling på bordkledninga. Lister og vatnbord vert kvite slik at det står i stil med Stigerkontoret.  Førbuingane til basaren 2. oktober erkome  langt på veg. Det er tre år sidan sist grunna covidpandemien. Vinstane er mange og fine. Før basaren vert det seldt lodd hjå Kiwi i Sagvåg og Amfisentert på Leirivk.

Drivkreftene for basaren, Ingvild Skaret Sortland til venstre og Britt Furre ser over to av dei mange vinstane til basaren.

Thor Hauglid har teke på seg målararbeidet på det nye toalettbygget og er snart ferdig med første strøket.

Lokomotiver Blåmann fekk alvorleg akslingbròt like før opning på den opne dagen laurdag. Lokførar Rune Marcussen skulle køyra ein prøvetur for å sjå at alt fungerte. I svingen ved Snikkarverkstaden vart det bråstopp. Akslingen vart bròten ved venstre framhjul. Hell i uhellet var at bròtet ikkje skjedde lenger inn mot eller i Høgåsen gruvegang. Det var ein enkel sak å fjerna havaristen med gaffeltrucken. Lokomotivet Geito vart sett inn  for å trekka vognene.

Gaffeltrucken løfta loket ut av skjenegangen.

Akslingen brotna ved venstre framhjul.

Hugs basaren i Heishuset sundag 2. oktober klokka 1600.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 29. august 2022

I veka som gjekk vart endeveggane på det nye toalettbygget ferdig murt med teglstein. Murarane Arne Johnsen og Alf Magne Johnsen har gjort eit framifrå arbeid. Det meste av arbeidet på bygget utvendes er dermed ferdig, Att står ein del målararbeid. Førebuingane til målinga vart utført måndag då treverket fekk grunning.

 Vidare vart det rydda og fjerna bos,  "tomgods"  og delar av eit stillas murarane hadde nytta i arbeidet. Området kring bygget tek seg bra ut.

Det nye toalettbygget tek seg bra ut med ferdig murte endeveggar

Thor Hauglid stryk Visir, grunning, før måling på treverket

Sven Lindseth med ryggen til og Torbjørn Marthinsen fyller skuffa på traktoren med bos til brenning når den tida kjem i haust.

Torbjørn Marthinsen i bakgrunnen og Thor Hauglid lastar stillaset på kaffeltrucken for bortkøyring til lager.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 22. august  2022

Litt for seint tok Venelaget for Gruo  grillfest måndag i samband med sommarfri, sjølv om arbeidet i haust har vore i gang sidan 8. august. Leiar av venelaget, Torbjørn Marthinsen, fortalde at årsaka til sein grillfest var at det før sommaren vart mykje om og men om all slag og det vart då avgjort at festen skulle avviklast etter sommarfri. Eit par og tjue medlemer av venelaget, dei fleste frå dugnadsgjengen, møt ved Heishuset, Med fint og ganske varmt sommarvêr vart grillfesten utomhus.  Marthinsen bar fram stor takk til dugnadsfolka som gjer ein formidabel innsats for laget. Drøsen gjekk om smått og stort, i lag med kaffi, iskrem og rabarbrapai.

Ingvild Skaret Sortland til venstre, Ansga Vedå og Britt Furre var grillekspertane.

Arbeidet med det nye toalettbygget har av ulike årsaker ikkje godt så snøgt som Venelaget for Gruo hadde sett for seg . Det vart difor vedteke at murarbeidet med teglstein av dei to endeveggane skulle gjerast av profesjonell murarar. Firmaet Muraren Arne Johnsen tok på seg arbeidet. Etter førebuande arbeid med avstander og snorer for rette avstander, byrja arbeidet med muringa for fullt måndag. Med på arbeidet har Johnsen med seg broren Alf Magne Johnsen.  Går alt etter planen utan for mykje hindringar som regn og dårleg vêr, kan murarbeidet vera ferdig på ei vekes tid,

Bordseta var utomhus ved Heishuset.

Murar Arne Johnsen nærast og murar Alf Magne Johnsen murer endeveggane til det nye toalettbygget.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 15. august  2022

Måndag var murar på synfaring på det nye toalettbygget. Tanken er at vedkomande skal gje tilbod på å mura opp dei to sideveggene i murstein.  Venteleg kjem vedkomande til å ta atbeidet og tek til med det allar første.

I terrenget mellom Sjakttårnet og den gamle trafostasjonen lenger oppe i skråninga, er det teke ned noko tre slik at trafoen, som er eit fint byggverk, vert meir synleg. Ein del greiner og mindre tre er hive ned frå planet ved Sjakttårnet til inngangen under tårnet. Måndag vart trucken nyta til å køyra bort trevyrket til oppsaging til ved.

Thor Hauglid nærast og Torbjørn Marthinsen lastar gaflane på trucken med trevyrke.

Mursteinen til toalettbygget vart flytta varsomt over geoparkplansjane ved Heishuset, nærare toalettbygget, lettare tilgjengeleg for muraren

Det vart òg drive noko mekanisk arbeid på den "nye" gamle traktoren. (sjå nærare måndag 8. august).

Det vert minna om at det vert grillfest ved/i Heishuset, alt etter vêret, førstkomande måndag 22. august klokk 1800. Velkomne.


Bileta foto Tor Resser ©

Måndag 8. august 2022

Etter seks veker fri byrja Venelaget for Gruo å smått oppatt med måndagsdugnaden. Det heilt store frammøtet var det ikkje men det vart utført noko arbeid. Graset vart klypt. Ein "ny" gamal traktor er kome til lokstallen, henta frå Hillarhaugen. Der har traktoren stått for vêr og vind i mange år, noko maskinen bar preg av. Det meste var rusta fast, eller som Rune Marcussen uttrykte seg, - det står i sju steinar. Utfordringa er få traktoren til å gå att,  vert han i orden kan maskinen koma i staden for dei to gamle venelaget har. Den "nygamle" har firehjulsdrift.

I toalettbygget vart det utført noko mindre røyrarbeid.

I ferien ein gong, har det vore gjort hærverk på det nye toalettbygget. Det er sleg hòl i ei asfaltplate og uvedkomande har teke seg inn. Det ser ikkje ut til at noko er stole, om der var noko å stela i det heile. Innbrytaren(ane) gjekk ut gjennom døra, kan låsast opp frå innsida.

På  dugnaden førstkomande måndag 15. august, vert sommaravslutninga med grillfest drøfta. Planen er at festen vert den derpå komande måndag 22. august.

Thor Hauglid er fast køyrar av plenklypparen

Kan ikkje ha vore store karar som har teke seg inn i det nye toalettbygget gjennnom dette hòlet i asfaltplata. Må reknast som reint hærverk.

Kva løyner seg bak dette dekselet undrast Rune Marcussen. Eit tannhjul fann han då dekselet kom av.

Knut Inge  Øien Hovin sleit med å få  laus dysene på motoren.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 6. august 2022

Seks veker i sommar har Stordø Kisgruber vore open for omvising fem dagar i veka.  Tiltaket er eit samarbeid mellom Geopark Sunnhordland, Sunnhordland Museum og Stord kommune ved Atheno. Sundag 7. august er siste dag for organisert omvising. 

Omvisarane Anna Fauskanger Pedersen, Anna Sofie Ekeland Valvatne og Astrid Stenberg Skaar fortel at det har vore  veldig kjekt å vera omvisarar  i gruo. Til saman har dei hatt nær 1000 som har løyst billett. I tillegg har det vore mange som har vitja kafeen i Heishuset .

Tilstrøyminga har fleire gonger vore så stor at dei har måtta seia nei til folk som ville vera med, og måtte be dei koma att seinare.  Dei fleste av publikum har vore norske, og mange frå Stord som har vedgått at dei aldri før har vore i gruo. Nokre utlendingar har òg funne vegen til gruo, frå Tyskland, Nederland og Frankrike.

Omvisarane tykkjer omvisingane har fungert bra, publikum har vore nøgde. Det meste har "gått på skjener", sjølv om det har vore ei avsporing med toget. Det var då toget skulle atende til stallen, var ikkje personar ombord, og ei vogn spora av i ein sporvekslar. Venelaget for Gruo stilte heile perioden med "backup" personell, og vogna kom på sporet att.  Omvisarane takkar VfG for god hjelp når trongen måtte vera der, særleg til leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Utfordring med lys i gruvegangane har det vore eit par gonger, ein alt første omvising. Ei omvising gekk storet sett med lykter, litt ekstra spennande for dei som var med.

Omvisarane seier at det har vore utfordrane men likevel veldig gøy, og dei er ikkje framand for å ta utfordringa eit anna år, om det vert aktuelt.  Likevel, dei tykkjer det er godt å vera ferdig med ein travel periode. No skal dei  attende til studiar i Trondheim og Bergen.

Dei glade omvisarane frå vesnter Astrid Stenberg Skaar, Anna Fauskanger Pedersen og Anna Sofie Ekeland Valvatne.

Bilete foto Tor Resser ©

Måndag 27. juni  2022

Siste dugnadskveld før dugnadsgjengen tek fri seks vekers tid. Måndag vart Arbeidarbustaden ferdig måla. Heishuset og toalettet vart vaska og reingjort til omvisarane tek over onsdag 29. Då vert det omvising for interesserte onsdagar til søndagar fram til 7. august. Innreiingsarbeidet i det nye toalettbygget heldt fram og det var slege gras og rydda kring Heishuset.

Dugnadsgjengen har utført ikkje så lite arbeid det første halve året av 2022. Mykje arbeid er lagt ned i det nye toalettbygget. Stigerkontoret er måla utvendes og delvis innvendes. Fleire store grantre er tekne ned. Det er utført meir sikringsarbei i gruvegangane, der òg deler av det elektriske anlegget er oppjustert med hjelp av godkjent elektrikar.Vanleg vedlikehaldsarbeid er utført. VfG har levert tekst og illustrasjonar til seks plansjar  i samband med Geopark Sunnhordland tilknytinga. Tre  av plansjane er sette opp ved Heishuset , ein kvar ved Sjakttårnet, storsynken i Høgåsen og ved Jappaløkjen. Stativa til dei to store plansjane ved Heishuset er laga av VfG.

Langs lokstallen er det rydda kraftig opp, Til Scanmet på Eldøyane er det levert til saman 25.320 kilo skrapstål i to omgangar. Området tek seg betre ut etter ryddinga.

I tillegg har venelaget i sju veker, frå 22. april til 16. juni, hatt 19 omvisingar med til saman 588 personar, nærare omtalt annan stad, (omvisingar).

Venelaget for Gruo byrjar dugnaden att 8. august, velkomne.

Arbeidarbustaden er ferdig måla og Torbjørn Marthinsen kan setja skiltet attende over døra

Bilete foto Tor Resser ©

Tysdag 21. juni 2022

Tre dagar i veke 25, måndag, tysdag og onsdag,  har det vore kurs for omvisarar i samband med at det vert opne dagar ved Stordø Kisgruber seks veker i somar, frå 29. juni til 7. august. Tiltaket er eit samarbeid mellom Geopark Sunnhordland, Sunnhordland Museum, og Stord kommune ved Atheno. Venelaget for Gruo stiller området til rådvelde for kurset og hjelper til med opplæringa av dei tre omvisarane, leia avTorbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland. Omvisarane skal læra om gruo, geologien, korleis gruva vart driven, gjera seg kjende i gruvegangane og dei skal læra å  meistra og køyra lokomotiv.  Omvisarane er tilsette av og vert løna  gjennom Sunnhordland Museum, venelaget er såleis ikkje arbeidsgjevar. Kursleiar er Brynjar Stautland.

Dei tre omvisarane frå venstre Astrid Stenberg Skaar, Anna Fauskanger Pedersen og Anna Sofie Ekeland Valvatne

Dei tre omvisarane har køyrt den første tur med toget. Dei var svært oppglødde og meinte det er det beste og mest interessante sommararbeidet dei kunne få. Vanskeleg å køyra lokomotivet var det heller ikkje..

Rettleiing og gode råd for å køyra loket vart gjeve av Torbjørn Marthinsen til høgra. På loket Anna Sofie Ekelend Valvatne, med ryggen til Anna Fauskanger Pedersen og til venstre Astrid Stenberg Skaar. Heilt til venstre Finn Reidar Koppang som ikkje er med i sommaromvisinga, men arbeider seg opp til å verta omvisar i Venelaget for Gruo, følgde kurset.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 20. juni  2022

Det nermar seg sommarferie for dugnadsgjengen, men det vert endå ei økt til. Arbeidet med toalettbygningen held fram, no er det innreiing som står for tur. Måndag byrja arbeidet med å montera toaletta. Arbeidarbustaden er snart ferdig måla med to stròk. Eit arbeid venelaget har teke på seg for Sunnhordland Museum som leiger bygningen av Stord kommune som er eigar. Museet har sagt opp leigeavtalen. Geir Magne Hamnes har vore pådrivaren for målinga hjå venelaget , men han har no og då hatt medhjelparar. Att å måla er kring to tredeler av den nordre gavlveggen.

Rune Marcussen studerer monteringstilvisinga for toalettet medan medhjelpar Knut Inge Øien Hovin følgjer spent med.

Ingvil Skaret Sortland har vore den ivrigaste medmålaren for Geir Magne Hamnes då Arbeidarbustaden vart måla.

Bileta foto Tor Resser ©

Måndag 13. juni  2022

Ikkje den heilt store aktiviteten måndag heller. Men i Høgåsen gruvegang vart det utført ein del sikringsarbeid. Bøyler vart sette opp ved stader der publikum ikkje skal ferdast, med tanke på at det er ope i gruo i sommar. Dei guida turane er ikkje tenkt i Høgåsen gruve, men for å vera på den sikre sida vert det stengt på dei mest utsette stadane. I hallen i Sadalen gruve er det òg sett opp bøyler og markert med sperreband kor publikum kan gå.

I Heishuset vart det sett ut kring 70 stolar, det kjem ein delegasjon på kring like mange personar til omvising tyddag ettermiddag.


Tydeleg markert kor publikum kan gå i den store hallen i Sadalen gruve.

Bøyler til stenge vart sett opp fleire stader i Høgåsen gruvegang. Frå venstre Torbjørn Marthinsen, Ivar J. Helleland og Thor Hauglid.

Bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 11. juni 2022

Laurdag var det tilskipinga Folk i sentrum på Leirvik med mange ulike tilskipingar. Mellom anna var frivillege organisasjonar og lag bedne om stilla for å synleggjera kven dei er og kva dei driv på med.

Venelaget for Gruo stilte med Geir Magne Hamnes i brodde på stand jamsides med Stord kommune og Sunnhordland Museum. Og det skal seiast, det var retteleg med folk i sentrum laurdag. Leiar i venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen, var med og gav ut faldar om venelaget, brosjyre om Geopark Sunnhordland og eit "flygeblad"  om aktiviteten i gruo til sommaren, 29. juni til 7. august. I følgje Geir Magne var det lite kjent at det skal vera ope for publikum.

Frå standen til venelaget for gruo, frå venstre Ingvils Skaret Sortland, Else-Berit Helle, Geir Magne Hamnes og Torbjørn Marthinsen.

Foto Tor Resser  ©

Tysdag 7. juni juni  2022

Ikkje det heilt store oppmøtet tysdag, pinshelga hang vel litt i hjå somme. Det vart likevel gjort ein del arbeid.  Målararbeidet på arbeidarbustaden er ei utfordring, tungt arbeid.  Bustaden vert måla kvitt,  som førde til visse diskusjonar. Argumentet for kvit måling var at huset i si tid hadde hysa både formenn og arbeidarar til ulike tider. Eit gamalt bilete syner huset kvitt.


Geir Magne Hamnes stryk måling på arbeidarbustaden, tungt arbeid med seig måling.

I koplingsboksen i den store hallen i Sadalen gruve, skifta elektrikar Svein Egil Johansen brytarar.
Det
r vart leigt inn snikkar til å gjera ein del snikararbeid i det nye toalettbyggte, montert himling og reisverk . Innomhus og utanfor vart det rydda og fjerna kapp og anna bos.

Svein Egil Johansen monterer nye brytarar i koplingsboksen i Sadalen gruve. Maxi er alltid med som den trufaste følgesveinen til matfar..

Bileta foto Tor Resser ©

Måndag 30. mai 2022

Litt av kvart å hengja fingrane i på dugnaden måndag, frå å trekka kabel til å vøla veg. Til det nye toalettbygget vart det trekt el-kabel frå koplingsskap i Stigerkontoret til toalettbygget, der vart det òg lagt isolasjon i taket. Stigerkontoret fekk eit strøk meir maling. Golvet i Heishuset vart grundig vaska, vert alltid gjor før utleige. Regn har "teke seg ut" i den nedste delen av stien til Sjakttårnet. Grus vart lagt attende i stien. Det skal òg nemnast at avløpsleidningen ut til Kiselvo måtte stakast endå ein gong.

El-kabelen vart trekt frå Stigerkontoret til det nye toalettbygget.

Geir Magne Hamnes flyttar sand og grus attende til stien opp til sjakttårnet.

Gunnar Almås har malt Stigerkontoret og er i sluttarbeid.

Dei flittige damene Britt Furre til venstre og Ingvild Skaret Sortland har vaska golvet i Heishuset nærast uteljande gonger. I veka skal huset på ny leigast ut til ei verksemd over to dagar og då må det vera presentabelt.

Rune Marcussen legg isolasjonsmatter i taket i det nye toalettbygget. Venelaget har gjort avtale med byggmeister om å gjera ein del av innreiingsarbeidet i bygget.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 23. mai 2022

Regn på dag med dugnad er dårleg kombinasjon særleg når det skal arbeidast ute. Slik var det måndag, difor vart det arbeid innomhus på fleire stader. Ikkje slik å forstå at det var vanskeleg å finna arbeid. I det nye toalettbygget vart det montert lufteplatesystem i taket  før isolasjonen vert lagt opp.

Thor Hauglid monterte lufteplater i taket på det nye toalettbygget.

I lokstallen var det vedlikehald på gaffeltrucken, boltar vert slitne og fungerer ikkje godt. På trucken vart det montert to nye boltar med foringar på høgre framre stabilisatorstag. I tillegg svinga Sven Lindseth kosten over betonggolvet og samla saman mykje støv, sand og anna.

Knut Inge Øien Hovin gjev den eine bolten ein omgang med greas før montering

Rune Marcussen festar den nedste bolten i stabilisatorstaget.,

Sven Lindseth svinga kosten på betonggolvet i lokstallen.




Ansgar Vedå til venstre, Mats Roald Lorentsen og Ingvild Skaret Sortland brettar ny faldar for venelaget. Ingvild har stått for kopiernga av faldaren.

Alle bileta foto  Tor Resser ©

Måndag 9. mai 2022

Arbeidarbustaden fekk gjennomgå måndag. Huset skal målast og første steget er høgtrykkspyling for å få av  laus måling. Det har drege ut med å få måla huset, eit par år, men no er Venelaget for Gruo i gang. Stord kommune eig huset, Sunnhordland Museum diponerer huset, men skal vera interessert i å gå ut av avtalen med kommunen. Kommunen har sett opp stillas og kostar målinga men Venelaget for Gruo skal gjera målararbeidet på dugnad for kommunen. Taket på huset er i dårleg stand, mange takpanner ligg skeivt og somme er det hòl i.

Torbjørn Marthinsen i full gang med å høgtrykkspyla Arbeidarbustaden.

Taket på Arbeidarbustaden er i svært dårleg stand. Hòl i panner, panner ute av stilling ved mønet og andre stader

Maskinparken treng vedlikehald, Rune Marcussen smører greas på bommen til trucken.

Åsta Lorentsen og Mats Roald Lorentsen held fram arbeidet me å rydda på tufta etter det første heistårnet, Dei nytta talje for å få buskane opp med rota, men til slutt måtte det rå handemakt til.

Dagboka vart lagt ut seint denne veka. Årsaka er at eg måtte få ny pc, den gamle var utsliten, det tok litt tid å få den nye "opp å gå". I tillegg var det mange nye ting å setja seg inn i , men fredag 13.  (vonar det går bra) kom ho ut.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 2. mai 2022

Dagen etterpå, dugnad likevel. Bordet Wilfred Sætre har laga som lenging av bordet i Stigerkontoret, vart henta i Snikkarverkstaden og montert i Stigerkontoret. Bordet glei fint inn i miljøet.  Det gamle stålrøyrsbordet vart permitert.

Rune Marcussen med rggen til og Thor Hauglid ber bordplata ut frå Snikkarverkstaden. Til venstre Wilfred Sætre

Det nye bordet gjekk fint saman med det gamle. Frå venstre Thor Hauglid, Wilfred Sætr og Rune Marcussen. Torbjørn Marthinsen heilt i bakgrunnen

På tufta etter det første heishuset, like bak Sjakttårnet, har det vakse til med mykje kratt, bjørk, selje og anna. Måndag vart mykje av krattskogen klypt og fjerna. Planen er at tufta skal meir fram i "lyset" og ikkje verta gløymt.

Åsta Lorentsen, til høgre,hadde barnebornet Mats Roald Lorentsen, 14 år i august, med seg på ryddinga av tufta etter det første heishuset. Mats var med som hjelpemann på open dag 1. mai, likte seg så godt at han ville vera med på ein vanleg dugnad.

I Heishuset vart den nye storskjemen flytta litt høgare for at det skal vera betre å sjå.

Ved kaffipausen vart open dag 1. mai evaluert. Hovudkonklusjonen var at det hadde vore særs vellukka. Mykje folk, ikkje uhell av noko slag. Attendemeldingane har berre vore gode.

Det kom likevel ymse merknader om at dei som hadde vore med i dugnadsgjengen, hadde fått få og ikkje pausar. Det galt stort sett over "heile fjøla".  Opplysingane skal drøftast på eit seinare møte. I år var det ikkje mogeleg å få fleire til å vera med på dugnaden for å få til open dag.

Vesentleg skilnad mellom den nye skjermen som Thor Hauglid delvis løynd, Torbjørn Marthinsen og Geir Magne Hamnes til høgre heng opp, og den gamle til høgre.


Alle bileta foto Tor Resser ©

Søndag 1. mai 2022

Ikkje sidan 2019 har Venelaget for Gruo kunna be inn til open dag. Endeleg i år var det slutt på pandemirestriksjonar. Det visste publikum å nytta seg av. I eit strålande fint vårvêr strøymde folk på i hopetal. Kor mange som tok turen tl gruo søndag har venelaget ikkje nøye tal på. Køen for å kjøpa billettar til togtur inn i fjellet var lang, og  berre med toget vart det løyst godt over 500 billettar. Omvisingturar i gruvegangane samla mykje folk og turen til toppen av Sjakttårnet var òg populær. Samla kan det ha vore ein stad mellom 1000 og 1500 personar i gruo søndag. I Heishuset var det kafè og der var det "kjåkfullt" heile tida. Omvisarane i gruvegangane og i tårnet gjekk i eitt, lokførar og tryggingsvakta hadde 17 turar inn i fjellet. I Heishuset vart det steikt vaflar ove ein låg sko og damene selde kaker, kaffi,saft, pølser og is alt dei makta. Særdeles travelt, men kjekt for alle som var med.

Ivar J. Helleland til venstre var den eine omvisaren i Sadalen gruve, her i den store hallen.

Geir Magne Hamnes i gul kep i bakgrunne til høgre var den andre omvisaren i Sadalen gruve, her ved inngangen til gruva.

Trongt om plassen i kafeen i Heishuset.

Monika Skogsrud vedgjekk ærleg at ho har høgdeskrekk og ville ikkje vera med opp Sjakttårnet. I staden nytta ho ventetida til å strikka. Leiar i VfG var omvisar i tårnet og vedgjekk at strikking ikkje var hans greie. Den andre omvisaren i tårnet var Øystein Kyvik.

Tradisjonen tru hadde seniorkorpset konsert, i år framfor Stigerkontoret under nyutsprungne bjørker. Per Olav Paulsen til høgre var ny dirigent i år.

Masse folk og togkøyring høyrer til på open dag. Lokførar var Per Ivar Tautra med Thor Hauglid som tryggingsvakt.

Nytt i år var smed i Børtveitsmio. Gaute Hamsund Lindskog svingar hammaren på jernet

Svein Jæger Koppang fortel Evelyn Brask Nordfonn til venstre og Susan Smith om samlinga i museet i den gamle Smio. Koppang veksla med Johannes Vetås om å fortelja i Smio.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 25. april 2022

"Alle mann på dekk" på dugnaden måndag, og det vart utført veldig mykje godt arbeid. Resten av jernskrapet som skulle hivast vart lasta i ein stor konteiner. Då konteineren var full og vel så det, var det så godt som ikkje jernskrap att på området. Konteineren vert levert for tøming hjå Scanmet på Eldøyane. I skrivande stund er det ukjent kor mange tonn som vart levert.

Ivar J. Helleland nærast og Rune Marcussen  stablar utrangerte rister på gaffeltrucken for å verta hivne i konteineren i bakgrunnen

Richard Myklebust stuar "vanskeleg" netting på toppen i konteineren.

Eit heilt anna inntrykk langs lokstallen då området vart rydda for alt rotet.

På området der jernskrapet vart fjerna vart det rydda for gamle ròtne pallar og anna trevyrkjer og mindre lauvtre vart rivne opp met rota, for å verta kvitt i alle høve dei.

Stigerkontoret får ei oppgradering med ny maling, Nokre år sidan sist fasaden fekk "make up". I Heishuset vart ein ny 85-tommar fjernsynsskjerm, kosta av Atheno,  montert. Atheno meinte at skjemen venelget hadde var for liten til omvisingane  til sommaren.

Thor Hauglid nærast og Sven Lindseth i bakgrunnen rydda området fro ròtne pallar og anna trevyrkje.

Gunnar Almås gjev fasaden på Stigerkontoret ny maling.

Ny storskjerm i Heishuset, fire sterke menn måtte løfta skjermen på opphenget. Delvis løynd bak Torbjørn Marthinsen, Geir Magne Hamnes, Thor Hauglid og Sven Lindseth nærast.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Etter ein pause på to år, vert det open dag hjå Venelaget for Gruo sundag 1. mai frå klokka 1000 til klokka 1600

Torsdag 21. april

Vatnet i Storavatnet på Litlabø/Sagvåg og sediment i botnen av vatnet skal vera med i mastergrad i miljøgeokjemi. Også sjøen i Sagvåg hamn og utanfor kiskaien i Grunnavågen er med i undersøkingane. Anders Lund er mastergradstudenten. Onsdag var forskingsfartyet Hans Brattstrøm i Sagvåg og gjorde underøkingar, torsdag var fire personar fro geologiavdelinga ved Universitetet i Bergen på ekskursjon på Storavatnet.  Stord komune hadde gjeve dispensasjon frå forbodet mot å nytta motor på flåten som vart nytt på vatnet. Det vart nytta elektrisk påhengsmotor som knapt var høyrande for personane ombord, og slettes ikkje for folk på land.

Jonas Petersen til høgre gjer klar utstyret som skal henta opp vatn frå Storavatnet, til venstre mastergradkandidaten Anders Lund.

Flåten med frå venstre Anders Lund, professor Haflidi Haflidason og motor-/styrmann Jonas Petersen med kurs for Rossneset der dei første vassprøvane skulle hentast opp.

Professor Ingunn Hindenes Thorseth, som òg var med,  fortel at turen er ein direkte følgje av ekskursjonane UiB har hatt til Venelaget for Gruo og Stordø Kisgruber over fleire år. Mastergrakandidaten har vore med til Gruo tidlegare og har fatta interesse for vidare undersøkingar til mastergraden. Turen er slik sett på eige initiativ frå UiB. Kva som vert funne i vatn og sediment kan vera av interesse også for Stord kommune, når resultatet ligg føre?

Bileta fot Tor Resser  ©

Tysdag 19. april 2022

Strålande fint vårvêr tysdag etter påskehelga. Mykje arbeid ute, mellom anna for å rydda opp før open dag 1. mai. Det vert berre ein dugnad til før innrykket.  Det største og mest omfattande arbeidet måndag, var å setja inn dører og vindaugo i toalettbygget. Arbeidet gjekk utan problem, to karar hadde gjort denne typen arbeid tidlegare.

Ivar J. Helleland til venstre og Rune Marcussen sette inn dørene og vindaugo i toalettbygget.

Rune Marcussen skruer fast dørramma,

Ivar J. Helleland held fast då vindauga vert festa,

Toalettbygget med dører og vindaugo.

Thor Hauglid til vesntre og Sven Lindseth ordnar  etter å ha sett ned den eine av dei to store Geoparkplansjane som handlar om Stordø Kisgruber og samfunnet, utanfor Heishuset.

Det var nok av gamalt lauv frå dei store bjørketrea  ved Stigerkontoret,  Åsta Lorentsen rakte saman. Thor Hauglid står klar til å køyre lauvet bort.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Etter ein pause på to år, vert det open dag hjå Venelaget for Gruo sundag 1. mai frå klokka 1000 til klokka 1600

Måndag 11. april 2022

Måndag vart to fundament for Geoparkplansjar sette opp, eitt i Høgåsen og eitt ved Heishuset. Fundamenta er tunge. Fundamentet som skulle i Høgåsen vart køyrt opp av leiar i laget, Torbjørn Marthinsen med hans eigen traktor.  Marthinsen tek seg fram nærast kor det skal vera  i terrenget med traktoren. Med seg på arbeidet hadde han Ivar J. Helleland  og barneborna hans, Thea von der Lippe og Mathias von der Lippe, og Thor Hauglid. Plansjen på fundamentet fortel m.a. om Storsynken og syner dronefoto  tekne av Sigfred Stangeland.

Fundamentet i Høgåsen vert sett opp, frå venstre Thea von der Lippe, Ivar J. Helleland, Mathias von der Lippe og bak Torbjørn Marthinsen.

Mobiltelefonfoto Thor Hauglid ©

Geoparkfundamentet vart sett opp ved Heishuset av Fredrik Bjørnberg og Thor Hauglid bak fundamentet.  Plansjen syner bygningane på området med namn.

Sven Lindseth lappa hòl i vegen inn til planet.

Wilfred Sætre beisar det nye bordet han har laga til Stigerkontoret. Det skal setjast i lenginga av det alt eksisterande bordet.

Av anna arbeid måndag heldt snekkararbeidt med toalettbygget fram.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 7. april 2022

Vognvekta på vaskeriplanet er endeleg fullført. Vaggevogna som frakta svovelkis til utskipingskaien i Grunnavågen kom på plass på ein skjenestubb midt i september månad i fjor. Skiltet, laga av Wilfred Sætre, vart sett opp i vinter. Torsdag vart plansjen som  fortel om vekta, montert.

Torbjørn Marthinsen monterer plansjen på vaggevogna.

Vognvekta er komplett. Det var her vekta vog alle vognene som vart tekne til kiskaien, sto.

Plansjen har bilete av området og vekthuset er ringa inn. Tekst både på norsk og engelsk. Ramma til plansjen er laga av Annar Westerheim.

Sjølv om området på vaskeriplanet der vaskeriet sto, direkte ikkje har noko med Venelaget for Gruo å gjera, vill venelaget likevel gje ros til Stord kommune for at sluken som tek vatnet ut frå gangen der mange av siloane for dei ulike slaga kis og singel sto, er opna saman med drensleidninga. Sluken har vore tett i mange år og vatnet har fløymd utove planet.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 4. april 2022

Måndag var den retteleg store ryddedagen . Alt skrapjern skulle bort til godkjent mottak. Føremiddagen vart nytta til å samla mest mogeleg av skrapet konsentrert slik at det vart enklast mogeleg å lasta. Utpå ettermiddagen kom Richard Myklebust med lastebil og hengar. Han er tilsett hjå Haugland Transport og firmaet hadde stilt køyretyet gratis til rådvelde for Richard som tok kjøyringa på dugnad. Han vog inn 15 tonn skrap hjå Stena på Eldøyane tysdag morgon. Alt vart ikkje henta måndag, det vert ein omgang til for å få reinska ordentleg opp.

Skjenene i framgrunnen og  haugen med skrap i bakgrunnen skulle til godkjent mottak.

Denne "beltebåra" nemnd Elgtrekkar vart henta ut frå lokstallen og lagt ut på facebokk til gratis henting. Førstemann var på hogget mindre enn timen etter og baud til og med ein tusenlapp for doningen.

Ei klo skjenelaskar, og to, som ikkje høver til skjenene venelaget har, gjekk til attvinning.

Med kloa hadde Richard Myklebust god kontroll då han lasta gamle skjener.

Litt av kvart av skrap måtte forlata Gruo og venelaget

Ikkje alltid like lett når røyr og kamstål sprikte i alle retningar.

I tillegg til ryddesjauen fekk kjøkengolvet i Heishuset ein ordentleg omgang med skurekosten.  I gruvegangane vart el-kabel strippa til berewire.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 28. mars 2022

22 medlemer møtte fram til årsmøtet i Venelaget for Gruo måndag. Møtet vart opna ved leiar Torbjørn Marthinsen og ønskte alle velkomne. Han kom med framlegg om å velja møteleiar og skrivar. Det vart som vanleg Ivar J. Helleland og Svein J. Koppang.

Torbjørn Marthinsen gjekk gjennom den skrivne årsmeldinga før den biletlege årsmeldinga vart synt. Det var ikkje merknader til årsmeldinga, som syner stor aktivitet på mange område i laget.

Kasserar Ingvild Skaret Sortland la fram rekneskapen .  Den synte at venelaget gjekk med kr. 154.107,67 i underskot i 2021. Det var gjort mange investeringar gjennom året, gaffeltruck, toalettbygg, som ikkje var ferdig ved utgangen av året,  meir lys i gruvegangane, vedkløyvar til traktor, fiber og til vedlikehald vart det investert kr. 52.976,16. Straumrekninga kom på 75.000 kroner.

Av inntekter gav grasrotdelen frå tipping/lotto kr. 84.599,63, litt meir enn året før. Rekneskapen vart vedteken utan merknader, men nokre få spørsmål.

Venelaget har 145 betalande medlemer av desse 62 familiemedlemer.

Ved vala vart leiar Torbjørn Marthinsen attvald for eitt år. Styremedlem Thor Hauglid og Geir Magne Hamnes vart attvalde for to år, medan styremedlem Rune Marcussen og Ingvild Skaret Sortland har eitt år att i valperioden og var såleis ikkje på val. Britt Furre og Knut Inge Øien Hovin står eitt år til som varamedlemer til styret. Sigurd Buchvold held fram som revisor.

Geir Magne Hamnes orienterte om sommarope med omvisarar som er tenkt frå i juni til ut i august. Det vert faste omvisingsadagar, onsdag til søndag. Tre omvisarar og forteljarar er tilsett og skal på kurs for å læra om gruo. Han orienterte òg om Geopark-opplegget.

Og så vart det servert kaffi og kringla medan drøsen gjekk.

22 medlemer møtte til årsmøtet. Dei vart ønskt velkomne av leiaren i laget Torbjørn Marthinsen til venstre

Kasserar Ingvild Skaret Sortland forklarte rekneskapen.

Då årsmøtet var ferdig vart det gjeve to eldsjelprisar. Leiar Torbjørn Marthinsen til høgre gav pris til Wilfred Sætre.

- Og endeleg, som Thor Hauglid uttrykte seg,- skal eg få gje eldsjelprisen til Torbjørn Marthinsen som tydeleg var overraska over heideren.

Åsta Lorentsen, til høgre, har i mange år vore personen som har styrt e-posten til venelaget, tek imot spørsmål om omvisingar m.m. og svarar at de er hjerteleg velkomne . Måndag takka ho for seg og gav ansvaret for e-posten til Else Berit Helle og Sigmund Lorentsen. Åsta gav dei nye brukarane innføring i korleis e-posten vert driven

Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 21. mars 2022

Heishuset har sidan november månad vore riggplass og anleggsområde for arbeidet med det nye toalettbygget. Men måndag vart huset rydda og golvet vaska. Om ei veke er det årsmøte og då må huset presenterast på ein god måte. Det er framleis ein del materialar lagra i huset, men trekt godt ut til sida.


I portalen i Høgåsen vart det strekt wire under taket til feste av el-kabel for straum til den automatiske døropnaren. 

Ingvild Skaret Sortland til venstre og Britt Furre entra bøtteballetten og svinga svaberen over golvet i Heishuset.

Ivar J. Helleland stramar til klemma på wiren som skal halda el-kabelen under taket i portalen i Høgåsen. Til høgre Torbjørn Marthinsen.

Til toalettbygget er det kome teglstein, produsert i Randers i Danmark, som skal nyttast på endeveggane. Framsida av bygget vart måndag borda opp med trepanel.

Rune Marcussen panelte framsida av bygget.

Rune Marcussen slår ut asfaltplata der han har skore hòl for vindauge.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars, førstkomande, kl 1800 i Heishuset. Velkomne.
Årsmelding og giroblankett for medlemskontingent er sendt ut.

Måndag 14. mars 2022

Sven Lindseth gjorde seg ferdig med den første av dei to store stativa for plansjane til Geopark Sunnhordland. Dei skal setjast utanfor Heishuset. 

I Snikkarverkstaden har Wilfred Sætre ei tid arbeidd med nytt bord til Stigerkontoret. Bordet skal stå i lenginga av det eksisterande trebordet. I dag er forlenginga av trebordet eit stålrøyrsbord som ikkje høver inn i miljøet, mellom anna har det feil høgde i høve til trebordet. Det nye bordet har plate i massivt tre i stor dimensjon. Plata vert sett saman av to deler for å få det breitt nok.

I tillegg vart det drive ymse småarbeid på toalettbygget og vedlikehald av varmepumpene i Heishuset.

Sven Lindsteh måtte ned på kne då han skulle sveisa støttestaget til det første stativet. Plansjen skal monterast på stålplata.

Wilfred Sætre pusser den eine halvdelen av bordplata til det nye brodet i framgrunnen.

Det er ikkje alltid like lett å få tak i bukseseler som fungerer ordentleg. Då er det like greit å ta saka i eigne hender og laga bukseselene sjølv. To solide lærbelte, nokre popnagler og  fire karabinkroker, desse er ikkje laga for klatring, to framme på kvar side og to bak, og buksesela fungerer betre enn kjøpeseler. Dugnadsgjengen har mange kreativer medlemer.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars kl 1800 i Heishuset.  Velkomne.

Årsmelding og giroblankett for medlemskontingent er sendt ut.

Måndag 7. mars 2022

Arbeidet med å strekkja wire inn i den store hallen i Sadalen gruve heldt fram måndag. På wiren vart ny el-kabel stipsa fast.

Torbjørn Marthinsen stramar wireklemma på wiren i hallen i  Sadalen.

 Hovudarbeidet måndag var å montera ny automatisk opnar/lukkar på porten i portalen til Høgåsen.  Ordningar skal, særleg på dagar med mykje folk i Gruo, kunna lukka porten medan det er folk på omvising i gruvegangane slik at folk som ikkje er med på omvising ikkje skal kunna gå inn på eigahand.  Det er eit tiltak for sikring til sommaren med dagar for omvisingar.


Rune Marcussen monterte portopnaren/lukkaren og koplar her til straumen.

Rune Marcussen prøver opnaren og ser at det fungerer som det skal

Alle bileta foto Tor Resser ©

Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars kl 1800 i Heishuset.  Velkomne.

Årsmelding og giroblankett for medlemskontingent er sendt ut.

Torsdag 3. mars 2022

Endå ein gong har det vore innbrot hjå Venelaget for Gruo. Denne gongen i lokstallen. Innbrytarane har ikkje gått på dør eller portar, men på veggen på baksida av stallen. Der er det fjerna fire-fem bord av veggen nok til å ta seg inn. Måten innbròtet er gjort på kan tyda på at det var planlagt, dei må ha hatt med mest truleg brekkjern. I stallen er det stole nøklar til traktorar, etter det leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, fortel etter   å gått ein runde i stallen.

Innbrotet er meldt til  politiet     

Leiar i Venelaget for Gruo , Torbjørn Marthinsen, syner kor og korleis innbrytarane har teke seg inn i lokstallen.  Foto: Tor Resser ©

Måndag 28. februar 2022

I Stigerkontoret vart gamle reolar og skap hivne ut og inn kom nye, for venelaget, reolar og skap, gjevne av og henta frå kontoret til Sigurd Buchvold. Han måtte som kjent, flytta frå Borggata 11 ,Skohuset, då dette skal renoverast.  Det vart ein god del arbeid med ommøbleringa, først med å plukka ut av gamle reolar og skap, for så å sortera og setja attende ringpermar m.m.       

Svein J. Koppang sorterer i gamalt før reolane vert fylt att.

Bordet er så godt som rydda. frå venstre Britt Furre, Åsta Lorentsen og Svein J. Koppang

 


Arbeidet med den nye el-kabelen i Sadalen gruvegang heldt fram. I den store hallen i Sadalen vart ny koplingsboks montert og ny wire til å montera el-kabelen vart hengt opp.

Sven Lindseth arbeidde vidare med stativa til dei store geoparkplansjane.

Torbjørn Marthinsen plasserer koplingsboksen i braketten.

Torbjørn Marthinsen til venstre og Ivar J. Helleland trekk ny wire for el-kabelen

Alle bileta foto Tor Resser ©

Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars kl 1800 i Heishuset.  Velkomne.

Årsmelding og giroblankett for medlemskontingent er sendt ut.

Måndag 21. februar 2022

Arbeidet måndag var i all hovudsak å trekkja ny el-kabel frå sikringsskap til den store hallen i Sadalen gruve. Kabelen vart strippa opp på alt eksisterande berewire kabel til inngangen til hallen. Der frå og inn i hallen der det skal setjast opp ny koplingsboks, må det òg monterast berewire for den nye el-kabelen.

I Hallen vart braketten koplingsboksen skal setjast på, i hovudsak sett fast i fjellet med boltar frå gjengestang.

Sven Lindseth heldt fram med stativa til dei store geoparkplansjane.

Ivar J. Helleland strippar fast den nye el-kabelen..

Ei tid har Oddmund Gjøsæther med fleire drive ryddingsarbeid for Venelaget for Gruo i lia mellom Kiselva og inngangen til Høgåsen gruve. Det er vorte mykje opnare og lysare i området. Arbeidet vil halda fram for å fjerna meir av krattskogen oppetter lia.

 

Alle bilete foto Tor Resser ©

Torbjørn Marthinsen borer hòl for boltar til å festa braketten koplingsboksen skal monterast på..

Torbjørn Marthinsen til venstre og Ivar J. Helleland festar braketten til fjellet.

Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars kl 1800 i Heishuset.  Velkomne.

Måndag 14. februar 2022

Dugnaden måndag var på ny lik dugnaden måndagen før, arbeid med toalettbygget og stativa til geoparktavlene.

Rune Marcussen la papp på taket av toalettbygget. Hjelpesmann var Torbjørn Marthinsen. Rundt bygget vart det planert inn til betongplata.

I lokstallen heldt Sven Lindseth fram med stativa til dei store geoparktavlene.

Ivar J. Helleland og Thor Hauglid i traktoren, rydda kring toalettbygget.

Den merksamme lesar vil sjå at heimesida til VfG har fått ny utsjånad. Sida er produsert av Marita Bakke i Blikdesign frå Tysnes. Det tek litt tid å verta van med sida, men lesaren får utforska og finna ut sjølv. På Facebooksida til VfG er det alt kome berre gode kommentarar.

Rune Marcussen sveiser takpappen på toalettbygget. Til høgre Torbjørn Marthinsen

Bileta fot Tor Resser  ©

Måndag 7. februar 2022

Dugnad som førre måndag, stort sett. Rune Marcussen la ferdig sutaket på svalgangen til toalettbygget, Knut Inge Øien Hovin småputla med asfaltplatebitar som mangla der dei heile platene ikkje var lange nok. Sven Lindseth heldt fram med stativa til geoparkplakatane.


Sigurd Buchvold er hiven ut, eller er vorte sagt opp, frå kontorlokala i Skohuset i Borggata på Leirvik. Huset skal totalrenoverast. Då han rydda kontoret fekk VfG ei stor fjernsynskjerm til å syna interne bilet/videoar på. Skjermen er ikkje tilkopla nettet. I tillegg har VfG fått ein del hyller, dei skal skiftast ut med dei gamle i Stigerkontoret der skjermen òg er hengt på veggen.

Knut Inge Øien Hovin driv putlearbeid med å spikra asfaltplatebitar der dei heile platene ikkje var lange nok.

Sterke menn måtte til for å bera 65 tommarskjermen inn i Stigerkontoret. Thor Hauglid til venstre og Ivar J. Helleland

Thor Hauglid lagar solid veggfeste for skjermen.

Thor Hauglid, Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland hektar skjermen til veggfestet.

Så kunne dugnadsgjengen sjå om seg sjølv på ny storskjerm i Stigerkontoret. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 31. januar 2022

Dugnaden måndag heldt fram der han slutta sist måndag. På toalettbygningen vart sutaket lagt på. Att står å leggja sutak på svalgangen.


Reisverket var pakka inn i plastpresenning men stormen laurdag klarte å blåsa av all presenning slik at det vart litt utfordringar med snø måndag. I snøbygene måndag kveld vart bygningen på ny pakka inn i presenning.


Gunnar Almås sagde ved, Åsta Lorentsen heldt fram arbeidet med å rydda og systematisera i papir medan Britt Furre og Ingvild Skaret Sortland førebudde utsending av giroblankett for årskontingent og årsmelding til medlemene. Då er det å hugsa at:


Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars i Heishuset klokka 1800. Veldkomne!

Rune Marcussen nyttar spikerpistol når han legg sutaket.

Bygningen får presenning til vern mot snøen.

Sven Lindseth heldt fram med stativa til dei to store geoparkplakatane.

Sven Lindseth sliper toppen på det eine beinet til stativa før topplata vert sveist på.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 25. januar 2022

Tett ved Kiselvo like ved vasslåsen for gruvevatnet står, eller sto, det tre store høge granar. Dei to siste tysdagane er granane tekne ned, to tysdag for ei veke sidan, den siste i dag. Det er Venelaget for Gruo som har stått for fellinga, Thor Hauglid, Sven Lindseth og Torbjørn Marthinsen. Trea vart tekne ned kontrollert og fall som planlagt.

Thor Hauglid styrte motorsaga då trea vart tekne ned.

Det siste av trea går i bakken.

Store dimensjonar på stokkane.

Alle bileta foto Tor Resser ©

Der var tydeleg at trea hadde trivdes ved Kiselvo og ikkje minst så nær vasslåsen der dei fekk flust av gruvevatn. Kva som skal gjerast vidare med stokkane er uvisst. Mogeleg vert dei tilbode sagbruk til skurd.


Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars i Heishuset klokka 1800. Velkomne!

Måndag 24. januar 2022

Stor aktivitet på dugnaden måndag.

Sven Lindseth i fullt arbeid med stativa til dei to store geoparkplakatane

Gunnar Almås kappar ved.

Rune Marcussen spikrar asfaltplater på toalettbygget.

Elektrikar Svein Egil Johansen skal setja opp kontakt for straum til koplingsboksen i Høgåsen gruvegang. Til venstre Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen

Åsta Lorentsen er ein person i Venelaget for Gruo mange har vore i kontakt med, utan å ha møtt ho fysisk. Ho er personen som tek imot e-postane som vert sendt til VfG på stiger@gruo.no om omvisingar og liknande. Ho tek spurnadene vidare til medlemen som tek stode til dei. Ho held kontakten med søkjarane og sender e-post attende. I sesongen for omvisingar er det mykje arbeid som ligg bak. Den siste tida har ho òg teke på seg arbeidet med å sortera og systematisera alt papir som «flyt» kring i Stigerkontoret. Det er no ein gong slik at brev og anna som kjem, ikkje vert arkivert med ein gong.


Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars i Heishuset klokka 1800. Velkomne!

Elektrikar Svein Egil Johansen koplar straum til den nye koplinsbokden.

Åsta Lorentsen tek hand om e-postsystemet til VfG og ryddar opp i papir som ikkje er systematisert.


Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 24. januar 2022

Stor aktivitet på dugnaden måndag.


Åsta Lorentsen er ein person i Venelaget for Gruo mange har vore i kontakt med, utan å ha møtt ho fysisk. Ho er personen som tek imot e-postane som vert sendt til VfG på stiger@gruo.no om omvisingar og liknande. Ho tek spurnadene vidare til medlemen som tek stode til dei. Ho held kontakten med søkjarane og sender e-post attende. I sesongen for omvisingar er det mykje arbeid som ligg bak. Den siste tida har ho òg teke på seg arbeidet med å sortera og systematisera alt papir som «flyt» kring i Stigerkontoret. Det er no ein gong slik at brev og anna som kjem, ikkje vert arkivert med ein gong.


Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars i Heishuset klokka 1800. Velkomne!

Gaffeltruken var ei hjelpande hand, løfta dragaren opp og la han på stendarane. Til venstre Thor Hauglid.


Foto Tor Resser ©

Måndag 17. januar 2022

Arbeidet med toalettbygget heldt fram måndag. Svalgangen vart montert, stendarar, dragar og taksperrer. Arbeidet gjekk stort sett utan problem, utført i hovudsak av Rune Marcussen med Thor Hauglid som hjelpesmann.


I Høgåsen gruvegang sette Torbjørn Marthinsne og Ivar J. Helleland opp ny koplingsboks for straum, der den nye straumkabelen vart trekt inn på slutten av fjoråret. Boksen har stor kapasitet med 10 uttak. Det heile for å gje stabilt lys i gangen.


Steinsamlinga som er montert i Heishuset, fekk ein ny attraksjon måndag. Geologen til VfG, Geir Magne Hamnes, var i den store hallen i Sadalen gruve og fann fleire steinprøver. Ein av dei, ein jerndryppstein, vart sett inn i hjørneskapet. Dei andre steinane vert samla annan stad i samlinga for å syna eit større utval stein frå nærmiljøet i gruo.


Sven Lindseth heldt fram arbeidet med stativa til dei store Geopark-tavlene.


Årsmøtet i Venelaget for Gruo er i år sett til måndag 28. mars i Heishuset klokka 1800. Velkomne!

Gaffeltruken var ei hjelpande hand, løfta dragaren opp og la han på stendarane. Til venstre Thor Hauglid.

Rune Marcussen spikrar taksperrene på svalgangen.

Toalettbygget med svalgang ferdig reist. Det kjem ein stender til midt under dragaren.

Ny koplingsboks for straum i Høgåsen gruvegang

Geir Magne Hamnes plasserer jerndryppsteinen i skapet.


Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 10. januar 2022

Hovudarbeidet på dugnaden måndag var å setja opp reisverket til det nye toalettbugget. Veggar og taksperrer var prefabrikert, reisinga gjekk på eit par timar. Gaffeltrucken vart nytta til å halda framveggen medan sideveggene vart montert.


I tillegg til toalettbygget kløyvde Thor Hauglid ved med traktorkløyvaren, Ingvild Skaret Sortland og Britt Furre pakka ved i sekker og Sven Lindseth byrja arbeidet med stativa til dei to store geoparktavlene.

Gaffeltrucken vart nytta til å reisa og halda framveggen.

Laseren kontrollerte at høgda var rett, på nær ein millimeter.

Knut Inge Øien Hovin skrudde sidene saman.

Rune Marcussen fester taksperrene med skruer.

Reisverket vart pakka inn i presenning, mot regnet.


Alle bileta foto Tor Resser ©

Andre sideveggen vert montert, frå venstre Fredrik Bjørnberg, Thor Hauglid, Knut Inge Øien Hovin og delvis skjult Rune Marcussen.

Reisverket vart bolta til betongvegg og plate.

Måndag 03. januar 2022

Godt nytt år, då får me gå på med friskt mot. Det skal skje mykje fram mot sommaren.


Plaketten til minne om dei som mista livet i arbeid ved Stordø Kisgruber vart teken ned seinhaustes og gjort rein for eir. I von om at eiret ikkje skal koma attende så snart, vart plakketen lakkert med klar lakk hjå AutoIndustri ved Jens Rune Kyvik og Oddvar Skard, vederlagsfritt for Venelaget for Gruo. Laget takkar så mykje.


Frå Geopark Sunnhordland har Venelaget fått seks oppslagstavler som skal setjast ulike stader innan området; ved Jappaløkjen Storsynken, Sjakttårnet og oversiktskart. I tillegg to stor tavler som skal setjast opp ved Heishuset, den eine fortel i svært korte trekk om soga til Gruo, den andre om geologien. Tekst og bilete er levert av Venelaget. Måndag vart tavlene og monteringa av dei små, studert. Monteringa skal gjerast etter kvart som vêr, lysare kveldar, og føre tillet.

Slik var plaketten før renoveringa.


Foto Britt Furre ©

Sven Lindseth til venstre og Torbjørn Marthinsen prøver seg fram med tavla til Sjakttårnet.

Plaketten etter renovering og lakkering


Båe bileta foto Tor Resser ©

Share by: