Dugnader 2020

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå dugnadar hjå Venelaget for Gruo. Siste dugnad står øvst på sida

Måndag 14. desember 2020

Andre»byggjesteg» for å synleggjera kor djup gruva til Stordø Kisgruber er, vart ferdig måndag. Første steget var å montera sjakta, som vart gjort tidlegare. Andre steget var å syna kor sålane (etasjane) i gruva ligg i høve til sjakta. Kvar såle fekk skilt med nr. og kor dei ligg i høve til havnivået.


Skilta syner frå såle 2, planet der du kjem inn på området med Stigerkontor, Heishus m.m., 40 meter under dette ligg såle 3, og så er det 50 meter mellom kvar såle ned til såle 17 som ligg 713 meter under havflata. Gruva er vassfylt opp til godt 10 m under såle 2.


Alt er laga i målestokk. Planen er eit «byggjesteg» tre som kjem seinare. Anna arbeid måndag var å klargjera monterane til steinsamlinga.


Kaffipausen vart avslutta med julekaker damene hadde svinga opp med og hyggjeleg drøs over kaffikoppen. Dermed vert det pause i dugnadsarbeidet fram til måndag 4. januar 2021 då dugnaden vert teken opp att.


Venelaget for Gruo takkar alle som har følgt oss på heimesida vår gjennom det underlege året 2020. Me vonar å kunna koma att både med open dag 1. mai og basar i oktober månad neste år. God jul og godt nytt år til dykk alle.

Slik er sjakta, kvit markering til venstre på søyla, synleggjort frå Sjakttårnet, bilete øvst, til botn. Alle bileta foto Tor Resser ©

Thor Hauglid skriv «såleskilt», medan Torbjørn Marthinsen monterer på søyla i bakgrunnen.

Torbjørn Marthinsen er komen til sjaktbotn ….

… og kan slå fast at såle 17 er 713 m.u.h.

Laurdag 12. desember 2020

Det vart kort veg frå ord til handling, ni dagar, etter dronefotograferinga av taket på Heishuset. Rune Marcussen, etter samråd med leiaren i VfG, Torbjørn Marthinsen, tok starks tak i problematikken. Han kontakta Magne Hystad i Renta utleige. Hystad tok saka på stark arm og tilbaud venelaget den største liften på øy, kan nå opp i 27 meter. VfG skulle få bruka liften gratis i helga, men måtte betala transporten sjølv. Laurdag morgon var arbeidet i full gang med Rune Marcussen som liftførar og problemløysar og Marthinsen som den «tredje handa». På godt eit par timar var dei seks punkta der takstein anten var sklidd av, knust eller kome ut av stilling, vølt. På mønet vart spiker, som var kome opp, slege ned. Taket skal no vera tett. I dag finnst det lim til det meste, hellen vart lim fast på taket utan bruk av spiker eller skruver.



….vart snudd attende til rett stad. Alle bileta foto Tor Resser ©

Rune Marcussen i korga var liftførar medan Torbjørn Marthinsen var «tredje handa». Stigen på korga vart nytta på baksida av taket for å nå dei skadde hellene.

Der skiferhella var borte eller knust vart ny sett inn.

Heller som var sklidd ut av stilling ……

Måndag 07. desember 2020

Over tid har det vore lekasje i taket på Heishuset. For å få mogelege skader dokumentert, var Robert Skogvold leigt inn til å ta dronebilete av heile taket. Han er profesjonell dronefotograf, arbeider m.a. for Haugaland Kraft med dronefotografering av linenettet.


Inspeksjonen synte seks dårlege punkt der skiferen anten er knust, ramla av eller kome ut av stilling.


Bileta vart lagt fram på dugnaden måndag. Resultatet vart ikkje særleg godt motteke. Situasjonen er helst alvorleg, planen vidare er at det må leigast inn ein «vaksen» lift for å koma til på taket. Utfordrinag vert på baksida. Når først gale skulle vera, synte inspeksjon frå innsida at sutaket ikkje er så aller verst, vel å merka det som var synleg.


Måndag vart òg oljetanken ved Heishuset teken opp med hjelp av trucken, snøgt og utan problem.Det vart drøfta kva no, med tanken. Det vart ikkje med tanken, men at VfG skal lysa tanken, 3000 liter, til sals plassert på hengar som vert med på kjøpet.

Tre punkt med lekasje. Foto Robert Skogvold ©

Thor Hauglid til venstre, Torbjørn Marthinsen og Rune Johannessen studerer dronebileta.

Rune Johannessen studerer oljetanken, komen vel opp frå bakken. Tanken er til sals! Bortsett frå dronebiletet er alle bileta foto Tor Resser ©

Robert Skogvold er klar til å flyga drona over Heishuset.

Robert Skogvold følgjer med på skjermen kva drona ser.

Måndag 30. november 2020

Fleire ting i arbeid måndag. I Heishuset monterte Torbjørn Marthinsen, Thor Hauglid og Rune Johannessen heissjakta på ei av søylene. Frå kranbanen til golvet i Heishuset skal det i målestokk synleggjerast kor djup sjakta er. På kranbanen skal det setjast opp bilete av sjakttårnet med tilhøyrande bygningar slik det var då det var produksjon i gruva. Frå biletet og ned vert sjakta montert og kvar såle skal merkjast av på søyla nedover like til såle 17.


Torbjørn Marthinsen syslar me andre planar for å synleggjera kor omfattande anlegget til Stordø Kisgruber var under bakken. Men det skal me eventuelt koma attende til seinare.


I lokstallen heldt arbeidet fram med å sortera og hiva ting og tang det ikkje er bruk for lenger.


Wilgot og Jarle Lorentsen monterte ferdig vegger på baksida av monterane.

Torbjørn Marthinsen monterer sjakta på søyla.

Wilgot Lorentsen ser at platene flugtar som dei skal medan Jarle Lorentsen skruer dei fast. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 23. november 2020

Regn ute, bra vêr til å arbeida inne. Ein kasse med stein vart køyrt på gravemaskintralla frå lokstallen til nett innom portalen i Høgåsen der han vart lossa av tre menn med kvart sitt spett. Av tralla ned på to røyr og vart på dei spetta inn til søyla. Det er ofte spørsmål om stein. Når VfG på ny kan ta imot barnehagar og skuleklassar på omvising, skal borna få leita i kassen og ta med seg ein stein frå gruo, som eit minne.


I lokstallen var det rydding, soping av golv og ommøblering av benk og utstyr for å få romslegare og lettare arbeidstilhøve. Unødvendige ting, som er kjekt å ha men aldri vert brukt, vart hive. Mellom anna masse ukurrante skruar, mutrar og boltar m.m..


I eit par økter har Rune Marcussen montert nye arbeidslys, først på den gule traktoren, måndag på trucken, medrekna nye brytarar til lysa. Dei hjulgåande arbeidshestane kan nyttast på ein betre måre i mørke haust- og vintarkveldar.


I Heishuset arbeidde Wilgot og Jarle Lorentsen med å setja opp plater bak på monterane til steinsamlinga.

Godt nytt arbeidslys på den gule traktoren og trucken. Alle bileta foto Tor Resser ©

Rune Johannessen til venstre, Thor Hauglid og Ivar J. Helleland spettar kassen av tralla ned på røyra.

Kassen godt plassert på innsida av portalen i Høgåsen, frå venstre Ivar J. Helleland, Thor Hauglid og Rune Johannessen.

Ivar J. Helleland til venstre og Torbjørn Marthinsen sorterer og hiv kva det ikkje er bruk for.

Måndag 16. november 2020

Innearbeid i dag, regn ute, og mørkt. Andre halvdel av plansjen over gruveområdet vart montert. For fleire opplysningar om plansjen scroll ned til måndag 9. november.


Dei kvite hjelmane publikum må ha på hovudet når dei skal inn i gruvegangane har gjort si teneste. Måndag vart dei bytta ut med heilt nye gule hjelmar som òg ber VfG sin logo. Godt over 100 hjelmar er nye medan dei gamle vert destruert.


Ryddearbeidet held fram. Måndag vart verkty i kjellaren i Heishuset flytta ned til lokstallen og verkstaden der. Dermed vert alt verkty samla på ein stad.


I kaffipausen fortalde leiar Torbjørn Marthinsen at den gamle oljetanken som er groven fram utanfor Heishuset, vart reingjort av spesialfirma måndag morgon. Tanken, 3000 liter, kan takast opp og vert venteleg lyst for sal.

Jarle Lorentsen syner dei nye hjelmane publikum får når dei skal inn i fjellet.

Alle nye hjelmar har fått VfG sin logo.

Plansjen er komen på veggen. Den er produsert av Hellandcnc i Fitjar.

Torsdag 12. november 2020

Fire menn på «ekstra» dugnad, torsdag. Målet var å få flytta resten av dei lange skjenene frå veggen ved lokstalen, der dei har lege i ei røys sidan sommaren 2007, til nytt lager lagt på strø. Skjenene som ikkje vert flytta, er av ein kvalitet som ikkje kan brukast til skjenelegging. Dei skal kappast i lengder på kring 6 meter og seljast til attvinning, saman med ein del anna stål VfG ikkje har bruk for eller kan gjera seg nytte av. På ein treogeinhalv timars tid var arbeidet gjort.


«Ekstradugnad» var det òg på Sven Lindseth og Wilfred Sætre. Dei held på å tatta opninga mellom veggen og dei nye store dørene i Heishuset. Eit arbeid som best kan gjerast i dagslys.

Skjenestabelen vert sikra på forsvarleg måte, frå venstre Thor Haugld, Rune Johannessen og Torbjørn Marthinsen.

Skjenene frå Lommedalsbanen kom til VfG 1. juni 2007 og vart lagra inn mot veggen til lokstallen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Vel blåst og tommelen opp for ferdigstilling av eit til dels krevjande arbeid. Frå venstre Thor Hauglid, Rune Johannessen, Torbjørn Marthinsen og Jarle Lorentsen.

Måndag 09 november 2020

Aktivitet på fleire frontar. Rune Marcussen, saman med Knut Inge Øien Hovin, fullførte det elektriske anlegget på den gule traktoren som òg vart oppgradert med nye lys. Wilgot Lorentsen freista rydda i lokstalen, men det er mest umogeleg å finna ein start på «rotet». Det er no ein gong slik at «det er kjekt å ha».


Geir Magne Hamnes heldt fram med montering av reolane til steinsamlinga saman med Jarle Lorentsen.


Etter ein idè frå Thor Haugli, er ein plansje over bygningsmassen slik det var ein gong, forstørra i storleik 2,40 x 1,50 meter. Plansjen er teikna av arkitekt Steinar Hindenes i 1983. Saman med Svein Jæger Koppang sat dei på ein haug med godt oversyn over gruveområdet. Koppang hadde med fotografi over området med bygningsmassen, frå ulike tidsepokar.Difor vågar ikkje Koppang å årsfesta kva tid området var slik teikninga syner. Teikninga vart betalt av Stord kommune og Koppang har nytta den i heftet han skreiv om Stordø Kisgruber i 1983. Teikninga kan òg kjøpast hjå Venelaget for Gruo.

Den eine halvdelen av plansjen vert montert av Torbjørn Marthinsen til venstre, Rune Johannessen, Thor Hauglid og Ivar J. Helleland. Foto: Tor Resser ©

Måndag 02. november 2020

Endå ein gong hadde drenleidningen ut mot Kiselvo tetta seg til med slam, lauv og pinnar ungar stikk ned i rista over kummen. Med trykk på spyleslangen fiksa Torbjørn Marthinsen, Rune Johannessen og Thor Hauglid «biffen». Leidninga er open, så lenge det varer.


I Heishuset sysla Geir Magne Hamnes med hjelp frå Jarle og Wilgot Lorentsen, med å setja på plass skap og monterar til steinsamlinga, eit putlearbeid, tidvis tungt, då den store monteren skulle flyttast. Tre menn og eitt sekkehjul gjorde arbeidet.


I lokstallen arbeidde Rune Marcussen med å fornya det elektriske systemet på den gule traktoren. I tillegg dreiv Wilgot Lorentsen og Knut Inge Øien Hovin på å rydda arbeidsbenken og få system på verktyet.

Jarle Lorentsen styrte sekkehjulet medan Geir Magne Hamnes i raud kjeledress og Wilgot Lorentsen på andre sida av monteren, støtta. Foto Tor Resser ©

Måndag 26.oktober 2020

Eitt storarbeid på dugnaden måndag, å grava fram oljetanken framfor Heishuset. Tanken vart lagt ned ein gong på 1980-talt då det vart drive industriproduksjon i huset. Tanken, i plast, er tom. Den nye gravemaskinen til venelaget fekk med dette sin «elddåp». Etter kvart fekk føraren, Knut Inge Øien Hovin, god dreis på gravinga. Litt uvant i starten med ein ny maskin han ikkje heilt visste reaksjonane til. Etter eit par timar graving var tanken meir eller mindre frigjort.


Gunnar Almås heldt fram med vedsaginga.

Oljetanken er groven fram.

Maskinførar Knut Inge Øien Hovin konsentrert med full kontroll på gravinga. Alle bileta foto Tor Resser ©

Knut Inge Øien Hovin i fullt arbeid med den nye gravemaskinen. Bak Thor Hauglid til venstre og Rune Johannessen.

Kassen godt plassert på innsida av portalen i Høgåsen, frå venstre Ivar J. Helleland, Thor Hauglid og Rune Johannessen.

Måndag 19. oktober 2020

Arbeidet med å rydda sporet i Høgåsen gruvegang heldt fram måndag. Denne gongen med rå handemakt ved dei to ungdomane våre. Med grafse, trau, spade og trillebår vart resten av sporet rydda ettermåten snøgt, om det var tungt arbeid.


Utomhus vart eit par buntar kvist og kvast samla saman kring smio og køyrt bort. Gunnar Almås arbeidde vidare med veden.


Eitt av skapa VfG har fått frå den avvikla gullsmedforretninga på Leirvik, mangla sokkel å stå på. Ivar J. Helleland heiv seg på arbeidet med å snikra ny sokkel slik at alt er klart til å setja inn hyller m.m. før steinsamlinga kan stillast ut.

Ivar J. Helleland festar siste skruen på sokkelen saman med handyman Rune Johannessen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Jarle Lorentsen til venstre og Knut Inge Øien Hovin ryddar resten av sporet.

Traktoren vart reine piggsvinet då buntane med kvist og kvast vart køyrt bort

Måndag 12. oktober 2020

Måndag vart alt klappa og klart for å gjera prøvetur inn i Høgåsen gruvegang med den nye gravemaskinen. Like innanfor Høgåsen stasjon er det sige ned ein del masse frå ei stigort opp mot den store hallen i Høgåsen. Noko av massen har lagt seg over skjenegangen, og må gravast bort.


Gravemaskinen vart køyrt opp på den nye vogna spesiallaga for maskinen, og køyrt inn i gruvegangen. Der fekk gravemaskinen sin elddåp og fungerte godt. Litt uvant i starten med heilt ny maskin for føraren Knut Inge Øien Hovin, men ganske snart hadde han full kontroll på spakane.


Tidlegare i denne spalta er det nemnt at Bjørn Angel Bergh har gjeve heile den stor steinsamlinga si til Venelaget for Gruo. Måndag leverte han ei ny «last», teke imot av geologen til VfG, Geir Magne Hamnes. Bergh har i årevis vore interessert i naturhistorie og geologi, og byrja samla stein så langt attende som på 1970-talet då han budde i Finnmark. Sidan har det berre «balla på seg». Samlinga er særs verdifull, Berg byrjar å trekkja på åra og fann ut at han ikkje kunne ha samlinga heime lenger. Då han hadde teke avgjerda om å kvitta seg med samlinga, tykte han at Venelaget for Gruo var den mest logiske staden å gje samlinga til. Geir Magne Hamnes skal gå gjennom samlinga og som fagmann plukka ut kva han tykkjer høver best til utsilling slik at noko av samlinga vert tilgjengeleg for publikum, om litt.

Maskinkøyrar Knut Inge Øien Hovin inspiserer massen som har sige ut frå stigorten og ned på skjenegangen. I bakgrunne Jarle Lorentsen

Knut Inge Øien Hovin fekk godt drag på lastinga.

Bjørn Angel Bergh til høgre har gjeve heile steinsamlinga si til VfG. Måndag var han i gruo og leverte litt av samlinga som Geir Magne Hamnes tok imot. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 05. oktober 2020

Flytting av dei lange skjenene frå langsida av lokstallen til nytt lager, heldt fram. Det store arbeidet måndag var å byggja ferdig vogna gravemaskinen skal køyrast på inn i gruvegangane. Det viktige og nøyaktige arbeidet var å montera hjulgangane rett, med rett vinkel i høve til kvar andre og chassiset. Med tommestokk, snor og ikkje minst godt augemål, kom hjulgangane på rett plass.


Måndag formiddag kom filmfotograf og regissør Severin Eskeland i lag med fire ungdomar, til Gruo og VfG. Målet var å gjera videoopptak som skal med i ein kring to minuttar lang reklamefilm, for den nye Stord folkehøgskule. Frå VfG stilte Rune Marcussen som tok dei med inn i fjellt under Sjakttårnet der opptaka vart gjort.


Sjakttårnet i Gruo er i oktober månad lyssett med rosa farge.

Gravemaskinen godt plassert på vogna. Det heile fungerte som tenkt, kan Rune Marcussen til venstre, som har bygt vogna, slå fast. I førarsetet Knut Inge Øien Hovin.

Filmfotograf og regissør Severin Eskeland til venstre videofilmar ungdomane ved sjakta under Sjakttårnet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Knut Inge Øien Hovin til venstre og Rune Marcussen monterer den eine hjulgangen på chassiset.

Brakettane akslingane er festa til, vert sveiste fast.

Måndag 28. september 2020

Dugnaden måndag heldt fram med å sortera og stabla lange togskjener i nytt lager for å løysa opp i røysa langs lokstallen. Fire menn har fått godt tak på arbeidet; ein stroppar skjena, ein dreg fram med traktor, ein løfte på plass på nytt lager med truck og to styrer skjen tett i tett.


I Heishuset vart monterane, som måndag for ei veke sidan berre vart sett inn i Heishuset, sett på plass der dei, i alle høve inn til viader, skal stå.


Arbeidet med å tetta mellom veggen og den store nye døra i Heishuset har vore halde på vent ei tid då det måtte noko tankeverksemd til for å finna beste løysinga. Ho er funne og arbeidet heldt fram måndag.


OBS Viktig informasjon. Basaren Venelaget for Gruo hadde planlagt søndag 11. oktober er avlyst. Skulda har Covid-19 pandemien. VfG vonar å koma sterkt attende, voneleg ein gong til neste år.

Geir Magne Hamnes frå venstre, Ansgar vedå og Torbjørn Marthinsen køyrer på plass ein av monetarne. Bak Ivar J. Helleland. Foto Tor Resser ©

Måndag 21. september 2020

Gjennom veka har Rune Marcussen drive dugnad på vogna han held på å byggja til gravemaskinen. Årsaka til at han har hatt «ekstradugnad» er at han dei to neste faste dugnadsdagane går skiftarbeid. Han er kome så langt i arbeide at chassiset langt på veg er ferdig men manglar hjulgangane.


Venelaget for Gruo har fått ei stor og sjeldan steinsamling av Bjørn Angel Bergh. Erik Lekven, som eig Briljante i Torgbakken i Leirvik, held på å rydda lokalet der gullsmedforretninga dreiv. Geologen til VfG, Geir Mange Hamnes som kan stein og skal ta seg av steinsamlinga, var i kontakt med Lekven om mogeleg å få oveta nokre av monterane i forretninga. Lekven var absolutt viljug til å gje dei vederlagsfritt til VfG, det hadde så likevel gått på fyllinga.


Måndag vart to lass med utstyr henta og køyrt til VfG av Hamnes og Torbjørn Marthinsen. Etter kvart skal monterane setjast saman, få lys i seg og plasserast på strategiske stader i Heishuset, og steinsamlinga stillast ut. Det kan verta ei svært fin og interessant utstilling, ikkje minst med tanke på Geoparkopplegget.


Måndag fekk Venelaget for Gruo eit nytt ungt tilskot i dugnadsgjengen, Jarle Lorentsen. Han har vore innom no og då tidlegare, men har vore borte ei tid grunna skulegang. No satsar han på å vera meir fast i dugnadsgjengen.

Slik skal gravemaskinen stå på vogna når ho er ferdig. Foto: Rune Marcussen ©

Fire mann måtte til for å bera inn den største monteren. Med ryggen til Jarle Lorentsen til høgre og Knut Inge Øien Hovin, bak Geir Magne Hamnes til høgre og Torbjørn Marthinsen. Båe bileta fot Tor Resser ©

Wilfred Sætre til venstre og Jarle Lorentsen ber inn ein av monterane.

Måndag 14. september 2020

Ein hektisk og travel dugnad måndag, der alle hadde sitt å sysla med. Rune Marcussen heldt fram arbeidet med tralevogna, spesiallaga for den nye gravemaskinen når den skal inn i gruvegangane. For å sleppa all beltekøyring, vert garvemaskinen køyrt på tralevogna.


Alt som vart hogge av tre og kratt i skråninga mellom Smio og Sjakttårnet i vår og før sommarferien, har så langt lege ved vedbua. Gunnar Almås er byrja saga opp og kløyva det som skal verta ved.


I Heishuset rydda Ivar J. Helleland og Wilfred Sætre for utleige til konfirmasjon. Så kom det avbestilling på huset då ryddinga var ferdig. Likevel, godt med alt som er gjort.


Sommaren 2007 fekk VfG eit billass med jernbaneskjener frå Lommedalsbanen. Skjenene vart lagt inn til og langs lokstallen. Der har «røysa» lege til no. I lengre tid har det vore snakka om å flytta skjenene og lø dei opp med strø mellom laga,til andre sida av sporet ved Gruo stasjon mot det store bøketreet ved hundeklubben. Måndag byrja arbeidet, for så vidt eit langsiktig arbeid, men som det heiter, «vel begynt er halvt fullendt». Fire mann vart sysselsett i det arbeidet; Thor Hauglid stroppa ei og ei skjene frå «røysa» og hekta på traktoren som Rune Johannessen køyrde og drog skjena fram.


Traktoren køyrde skjena til opplagsplassen der Torbjørn Marthinsen løfta ho på plass med trucken med «styringshjelp» frå Sven Lindseth.

Med trucken vert skjena løfta på plass. I trucken Torbjørn Marthinsen medan Sven Lindseth styre ho i bakgrunnen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Rune Marcussen arbeider med del til trallevogna

Gunnar Almås i full sving med å saga ved.

Traktoren dreg skjena fram frå «røysa».

Måndag 07. september 2020

Venelaget for Gruo har i lengre tid snakka om og arbeidd for å få eigen beltegåande gravemaskin. Det er mange oppgåver maskinen skal nyttast til, både i dagen og i gruvegangane. Fredag 4. september «landa» maskin hjå VfG, vart teken vel imot av Rune Marcussen og Torbjørn Marthinsen.


Alt måndag hadde maskinen det første arbeidsoppdraget, ikkje med å grava, men å hjelpa til då det skulle skjerast eit stykke av ei jernbaneskjene til del på ei ny tralle.


I Heishuset vart det montert ein plakat frå nede i gruva, som syner signala som er aktuelle for å melda til heisføraren når heiskorga skulle opp eller ned, med vogner eller personar. Plakaten gjeld berre for søndre korg.

Rune Marcussen løfta gravemaskinen av lastebilen med trucken, Torbjørn Marthinsen var maskinførar.

Nøgde karar, Rune Marcussen og Torbjørn Marthisen har fått maskinen «heim». Kinaprodusert levert av haugesundsfirmaet Wee A/S.

Gravemaskinen held jernbaneskjena i eine enden. I maskinen Knut Inge Øien Hovin, med ryggen til nærast Rune Johannessen og lenger inne Wilfred Sætre.

Svein Jæger Koppang merker av kor hôl skal borast for skrue til å festa plakaten. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 31. august 2020

Stadig kamp mot ugraset. Måndag var det særleg i skjenegangen det vart reinska, inn mot porten under tårnet, og i svingen ved Snikkarverkstaden. Thor Hauglid tok ein runde med kantklypparen ulike stader.


I Heishuset vart det rydda og hive gjenstandar som tek opp plass og ikkje er bruk for lenger. Høgdepunktet på dugnaden i kaffipausen er lappane.

Rune Johannessen reinskar skjenegangen for ugras inn mot porten til under Sjakttårnet.

Britt Furre har teke over lappesteikinga. Alle bileta foto Tor Resser ©

Knut Ekse kranglar med lyskastaren på Oksen. Då VfG ikkje har originalen, må noko anna, som ikkje pasar, finnast.

Måndag 24. august 2020

Ymse arbeid å ta tak i. Rune Johannessen byrja økta med å få lys i Høgåsen gruve. I dagen var leidninga frå kummen til Kiselvo tett att, måtte stakast . Då den eine vaggevogna vart teken frå vognoppstillinga ved Smio, måtte hòlet «tettast» med vogna som sto bak. Ved den nye døra i Heishuset vart det laga fôring mellom døra og veggen.


I Heishuset vart det hengt opp gardin framfor ein biletvegg som er sterkt utsett for sol/lys.

Tralla tetta hòlet etter vaggevogna som er teken ut av vognsamlinga ved Smio. Sven Lindseth nærast, og Torbjørn Marthinsen gjorde jobben

Litt justering ved dørhengslene må til, slår Wilfred Sætre fast då fôringa vert prøvd. Alle bileta foto Tor Resser ©

Wilfred Sætre nærast og Fredrik Bjørnberg laga fôring til døra i Heishuset.

Måndag 17. august 2020

Dugnaden måndag gjekk i all hovudsak ut på sluttarbeidet med utstillinga av lok, kasterlastar og lastevogn for kis. Det vart lagt ut 4 meter spor på 600 mm breidde. På sporet bak den minste kastelastaren, vart det sett ei laste- (vagge)vogn. Vogna har VfG fått frå Lommedalsbanen og er maken til den typen vogner som vart nytta ved Stordø Kisgruber m.a. til tarnsport av kis til kiskaien i Grunnavågen.


I tillegg vart det rydda i lokstallen der det store lokomotivet sto, og rydda i området utanfor. I Heishuset vart posteren om geologien på Stord og svovelkisgruvene på Litlabø, justert , seinka på veggen, slik at det er lettare å lesa teksten og sjå illustarsjonane.

Vaggevogna, nærast, vart sett på eige spor bak den minste kastelastaren. Foto Tor Resser ©

Måndag 10. august 2020

Då var dagen komen, det store blå 8 tonn tunge «Oddalokomotivet» (var brukt ved Zinken i Odda i si tid) skulle ut frå lokstallen. Der har loket stått sidan 10. desember 2009. Dei siste åra har Knut Ekse arbeidd og vedlikehalde motoren. Loket køyrde han ut for eigen motor, utan problem. Loket har vore løfta frå skjenene og kvilte på kraftige boksar. Før det vart sett ned på skjenene att, prøvde Ekse at alle innkoplingar, framdrif og revers fungerte som det skulle. Det var ikkje mange metrane han fekk køyra, før loket vart stogga og bremsa trekt til.


Loket kom til Venelaget for Gruo frå Lommedalsbanen. Per Ivar Tautra har granska i soga til loket og han kan fortelja at «Odda Smelteverk gav i 1986 lokomotivet til Urskog-Hølandsbanen («Tertitten»). Dei hadde same sporvidde som smelteverket, 750 mm. Urskog-Hølandsbanen nytta i nokre år loket til skifting og køyring av arbeidstog, før dei sette det vekk. Då det vart tale om å skota loket, vart det henta av Lommedalsbanen, for å sikra det. Lommedalsbanen er eit spesialmuseum for jernbanemateriell frå industri, anlegg og bergverk. Sporvidda der er 600 mm, og dei kunne ikkje utan vidare nytta loket utan å byggja det om. Dei har mange lok, og då VfG var interessert, fekk VfG overta loket som gåve. Det siste var i 2008. Kva tid loket gjekk frå UHB til Lommedalsbanen, er eg ikkje heilt sikker på, men lurer på om det var i perioden 2000-2003.


Loket skal stå på utstilling ute og frigjera plass i lokstallen. På same sporet er det plassert ein kastelastar VfG har fått av Sunnhordland Kraftlag og har vore i bruk i Matrefjella i Kvinnherad ved tunneldriving. Dreieskiva med den minste kastelastaren, vart flytta bort til enden av sporet loket står på, for å få ein heilskap i utstillinga.


I lenginga av dreieskiva skal det leggjast 6 meter skjenelengde og plasserast ei vaggevogn for å syna korleis lastaren vart nytta.

Knut Ekse har arbeidd med lokomotivet og særleg motoren over mange år.

Lokomotivet Oksen og dei to kastelastarane er komne på utstilling, i ein samanheng. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 03. august 2020

Då var det på «an igjen. Velkomne attende til dugnad etter ferien. Godt frammøte av ivrige personar som klødde i fingaren for å ta fatt på dugnadsarbeidet. Gjennom sommaren har graset vakse seg høgt og villt. Thor Hauglid «tok seg ut» med mellom anna kantklypparen langs vegar og stier.


Tanken om å få det store lokomotivet Oksen, som har vore parkert i lokstallen i mange år, ut att i det fri, kom til gjennomføring måndag. Det vil seia, då var det førebuingsarbeid med å leggja spor ut på plassen der det framover skal verta parkert. 24 meter skjener, 2 x 12 meter, vart lagt ut, laska saman og spikra på sviller. Lokket har gjennom åra vorte vedlikehalde, og skal kunna rulla ut med eigen motorkraft komande måndag.

Thor Hauglid i arbeid med kantklypparen langs vegen til Sjakttårnet.

Ivar J. Helleland slår spikeren, dogs’sen, som held skjena til svilla. Bak Sven Lindseth og Rune Johannessen, Til venstre Thor Hauglid som var boresjef, forbora hôl til dogs’en. Skjult bak Hauglid, Wilfred Sætre. Alle bileta foto Tor Resser ©

Skjenene vert laska saman. Wilfred Sætre løfter skjena i rett høgde slik at Rune Johannessen finn hôlet til bolten og Sven Lindseth styrer lasken. Bak Sætre strammar Ivar J. Helleland mutrane. Lengs bak Torbjørn Martinsen som laga opning i skyvedøra for å kunna stengjast over sporet.

Måndag 29. juni 2020

Mykje å gleda seg over i dag, måndag. Ikkje minst at ein av dei verkeleg veteranane i VfG, Ansgar Vedå, fekk VfG sin eigen Eldsjelpris. Han er ekte gruvegut og vaks opp i Gruo. Han var med på å dra VfG i gang og har hatt mange ulike oppgåver innan laget.


Dugnadsgjengen tok sommarpause frå måndag og ut juli månad .Halvåret har vore ein del utanom det vanlege grunna covid-19. Mellom anna låg dugnadsarbeidet nede nokre veker i mars og april, men byrja litt etter kvart å ta seg opp att. Likevel er det gjort ganske mykje dugnadsarbei. Mellom anna er det bygt to nye, store dører til Heishuset, og det er rydda mykje kratt og småskog i hadlo mellom Sjakttårnet og Snikkarverkstden. Som avslutnig før sommaren var det grillfest måndag. All takk til «basardamen» som tok arbeidet med å få grillfetsen til.


Før grillfesten vart resten av togskjenen ved Gruo Stasjon samla og lagt i stabel.


Russebussen som har stått ulovleg parkert på området kring tre veker, var måndag endå ikkje fjerna. Bussen står på kommunal grunn og Stord kommune har kome med skriftleg pålegg, plasert under vindusviskaren, om at vert ikkje bussen fjerna inna 14 dagar vert han tau bort på eigars rekning.


Då ønskjer Venelaget for Gruo god sommar til alle som følgjer laget på heimesida. Minner samstundes om at dugnadsarbeidet tek til att måndag 3. august klokka 1800. Velkomne attende då.

Ansgar Vedå til høgre får Eldsjelprisen frå leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen.

6-meter skjenen er samla i lenginga av Gruo Stasjon. Thor Hauglid nærast og Rune Johannessen styrer den siste skjena på plass, i traktoren Torbjørn Marthinsen.

Stord kommune syner til vegtrafikklova av 18. juni 1965 nr 4 §17, 1.lekk og krev bussen fjerna. Alle bileta foto Tor Resser ©

Ansgar Vedå nærast og Thor Hauglid var som vanlegekspertane på grillinga. Ingvild Skaret Sortland til venstre.

Godt frammøte til grillfesten som måtte vera i Heishuset.

Måndag 22. juni 2020

Det største smilet mellom dugnadsgjengen måndag var hjå Knut Ekse. Over tid har han arbeidd med overhaling av luftkompressoren. Utfordringar har det vore den siste tida, motoren var ikkje heilt viljug å gå. Drivstoffet fann ikkje vegen fram til dysene, men måndag starta motoren endeleg!

Det store og tunge arbeidet måndag, var å ordna opp i og stabla ordentleg 6-meter togskjenene som har vore lagra i ei «røys» ved enden av Gruo Stasjon.


Årsaka til at det vert ordna opp i «røysa» er at hundeklubben skal utvida området sitt og skjenene kom for nær grensa. Ved å leggja skjenene langs sporet,vert det ei betre skjerming. 12-meter skjenene som er lagra ved lokstallen, ei «røys» der òg, skal flyttast og leggjast i forlenginga av 6-meter skjenene.

Denne russebussen har vore parkert ved Snikkarverkstaden, innkøyringa til gruveområdet, eit par vekers tid. Leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, har vore i kontakt med vedkomande som skal stå som eigar. Han har lova at bussen skal fjernast, utan at det var gjort måndag. Alle bileta foto Tor Resser ©

«Røysa» med togskjener i enden av Gruo Stasjon, heilt til venstre, skal stablast ordentleg.

Skjenene i «røysa» var delvis filtra i kvar andre og måtte lirkast lause med spett, nærast Rune Johannessen, vidare Torbjørn Marthinsen køyrde traktoren som løfta skjenene, Sven Lindseth og Thor Hauglid.

Siste omfar vert lagt på stabelen, nærast Knut Inge Øien Hovin, Thor Hauglid styrer klypa til å løfta skjena med, og Sven Lindseth. I traktoren Torbjørn Marthinsen.

Måndag 15. juni 2020

Stort sett rydding på ulike område. Noko utstyr vart henta med lok og arbeidsvogn inne i stoll Høgåsen. Ved skifte av vogne til lokstallen vart det ein ordentleg avsporing. Det var handikappvogna som gjekk av skjenene i inngangen til stallen og arbeidsvogna smelte i og hoppa av sporet. Jekk måtte til for å få vognene på sporet att.


I kaffipausen vart det vedteke at siste dugnadskveld før ferien vert måndag 29. juni. Då vert det avslutning med grillmat. Dersom nokon ønskjer å ta med ektefelle/kjærast er dei hjarteleg velkomne. Meld attende innan måndag 22. juni til Ingvild eller Britt. Velkomne.

Handikappvogna bakerst, spora av først og arbeidsvogna køyrde seg inn i og hoppa av skjenene. Torbjørn Marthinsen bakerst gjer klar jekken medan Sven Lindseth og Rune Johannessen nærast, ser etter skader. Foto Tor Resser ©

Måndag 08. juni 2020

Hovudsak i dugnadsarbeidet måndag var å finjustera den store døra på Heishuset. Litt sirkelsaging, litt stikksaging og til slutt litt pussing. Då glei døren fint saman.

Finpussing.

Rune Marcussen fører sirkelsagag stødig langs krittstreken…

Til slutt glei døra fint saman. Ho riggar fint og Rune Marcussen til høgre, som har bygt døra, er nøgd. Til venstre andre Rune i VfG, Johannessen. Alle bileta foto Tor Resser ©

….då sirkelsaga ikkje nådde heilt gjennom måtte stikksaga til.

Tysdag 02. juni 2020

Ein «tysdag-måndag» grunna pinsehelga. Like fullt godt oppmøte. Det viktige tysdag var å montera dei nye store dørene i Heishuset. Kvart av dørblada vart reist i loddrett stilling med skuffa på traktoren. Sju menn var i sving.


Arbeidet gjekk nærast på skjener. Då dørene, ein om gongen,var reist, vart beslaga festa med gjennomgåande boltar.


Rune Marcussen har vore prosjektleiar og har òg snikra dørene. Dei må justerast litt i breidda for at dei skal gå heilt saman, noko som vart teke med i produksjone. I høgda var dei «stròkne».

Fire boltar i kvart beslag, Rune Marcussen slår inn, Thor Hauglid hjelper til.

Dei nye dørene, som er laga etter originalteikninga etter dei opphaveleg, er montert, men må justerast litt i breida for å gå heilt saman. Alle bileta foto Tor Resser ©

Med hjelp av skuffa på traktoren vart dørblada, eitt om gongen, reist i lodd.

Rune Marcussen borer hòl til boltane som festar beslaga til døra.

Måndag 18. mai 2020

Stor aktivitet med dugnaden i dag måndag. Ryddinga med nedskore kratt i skråninga mellom Sjakttårnet og Smio heldt fram. I Heishuset rydda Geir Magne Hemnes og Svein J. Koppang plass på «biletveggen» til plakaten Geir Magne har laga om geologien til Stordø Kisgruber. Det vart òg stokka litt om på bileta for å få plass til dei fleste av bileta som var hengt opp tidlegare.


Over tid har Knut Ekse arbeidd med den store luftkompressoren, sett inn nye filter, tappa ut og fyllt på ny olje på motoren. Når han har fått ny olje til sjølve kompressoren, startar han opp.


Den gamle brua nedst i Parken over Kiselva er dårleg og skal oppgraderast mellom anna med nytt rekkverk, og rettast av. Arbeidet byrja måndag med å grava bort gamal mold og grus på brua. Etter kvar som arbeidet skrei fram vart det klart at brua er i svært dårleg forfatning. Ein kikk på undersida av brua syner at det er ein stor sprekk mest i heile lengderetninga.Arbeidet vart stoppa, og vert ikkje vidareført før VfG vurderer kva som bør gjerast, også i samråd med Stord kommune.

Sven Lindseth med trillebåra og Rune Johannessen byrja arbeidet med å reinska den gamle brua over Kiselva nedst i Parken.

Med synfaring på undersida syner det seg at brua er i svært dårleg forfatning. Alle bileta foto Tor Resser ©

Geir Magne Hamnes festar plakaten medan Svein J. Koppang hjelper til.

Knut Ekse fyller olje på motoren til luftkompressoren.

Fredag 15. mai 2020

Også i år var det ønskje om gudsteneste i Gruo Krist himmelfartsdag. Men grunna covid-19 gjekk det ut. Det vil seia, kyrkja let seg ikkje slå ut. Heilt frå søndag 22. mars har det vore sendt gudstenester på nett vekselvis frå Stord og Nysæter kyrkjer. Difor vert det gudsteneste Kristi himmelfartsdag også i år, på nett.


Venelaget for Gruo stilte Heishuset til rådvelde for opptaka til gudstenesta som vart gjort i fredag 15. mai. Same stad som gudstenesta denne dagen i fjor. Der vert både song og preik, om ikkje i «fullformat». Sokneprest Olav J. Oma held preik, Guro, Alma Othilie og Elisabeth Fauskager er med på song og Bjarte Aadland er kantor. Fotograf og regisør for alle sendingane på nett har vore Magne Langåker. Sendinga vert å finna på kyrkja sine vanlege nettsider og facebook.

Frå opptaket av gudstenesta Kristi himmelfartsdag i Heishuset. Bak kamera Mage Langåker til venstre, vidare mot høgre Alma Othilie, Elisabeth Fauskanger, Guro, sokneprest Olav J. Oma og lengst til høger kantor Bjarte Aadland. Foto Tor Resser ©

Måndag 04. mai 2020

Dugnaden i dag måndag heldt stort sett fram der han enda sist måndag. Arbeidet med å rydda skråninga mellom Sjakttårnet og Smio gjekk vidare. Der har vakse opp mykje hatl og ask som må bort får å få det lysare og luftigare.


I Heishuset heldt arbeidet med å tilpassa hengslene til dei nye dørane fram.


Drensleidningen ut frå stollen inn til sjakta under Sjakttårnet var gått tett, og har vore det ei tid. Måndag vart leidningen reinska for slam for å kunna gjera jobben med å få ut vatnet på ein god måte. I tillegg må det gjerast reint for oker i rennesteine slik at ikkje leidingen renn full av slam om kort tid.

Spyleslangen er kome gjenno drensleidingen som er reinska for slam, til første kummen.

Slamvatnet rann ut i Kiselvo. Alle bileta foto Tor Resser ©

Sven Lindseth ned og Thor Hauglid i skråninga var mellom dei som var med å rydda skråninga.

Rune Marcussen prøver den første hengsla som må ha litt justering for å glid ordentleg på plass.

Måndag 27. april 2020

Venelaget for Gruo tok så smått opp att dugnaden måndag etter å ha vore lege nede sidan 16. mars grunna Covid-19. Dugnadsgjengen var ikkje fulltallig, men berre eit par tre mangla. Dugnadsfolka heldt god avstand frå kvar andre i arbeidet. Mykje sto i å rydda kvist og greiner etter trefelling i hadlo mellom Sjakttårnet og Smio. Ved den store døra i Heishuset monterte Rune Marcussen hengsler til den nye døra.


Den merksame lesar av heimesida til VfG har kan henda sett at framsida er vorte enklare og «reinare». Per Ivar Tautra har rydda opp i rotet, noko VfG takkar på det hjartelegste for. Attendemeldingane så langt er positive.

Ansgar Vedå nærast og Thor Hauglid var som vanlegekspertane på grillinga. Ingvild Skaret Sortland til venstre.

Rydding av kvist og kvast. Frå venstre Kim Amlien, Sven Lindseth og Rune Johannessen.

Kaffipausen vart i Heishuset der det var god plass og langt mellom folka. I desse koronatider vart Stigerkontoret for trongt når avstand skal haldast. Alle bileta foto Tor Resser ©

Geir Magne Hamnes legg nytt batteri i hjartestartaren.

Rune Marcussen monterte hengsler til dei nye dørene i Heishuset.

Tysdag 21. april 2020

Styret i Venelaget for Gruo hadde møte måndag 20. april og gjorde følgjande vedtak:


Hei.


Etter styremøte i ettermiddag har Venelaget beslutta at me så smått kan opne opp igjen for dugnadsarbeid på mondagane.

Me presiserer at alle må halda minimumsavstanden på 1 meter, slik at ein del dugnadsarbeid vil bli vanskeleg å få utført.

Kaffien vil me prøva å halda i heishuset slik at me kan halda god avstand til kvarandre, men allikevel få litt sosialt samvære.

Me oppfordrar og sjølvsagt personar som er spesielt utsatt til å halda seg heime.


Styret.

Tysdag 08. april 2020

Styret i Venelaget for Gruo har sendt ut denne meldinga :


Hei alle venar av Gruo.


På grunn av Coronasituasjonen ser Venelaget seg diverre nøyd til å utsetja den årlege open dag 1. mai på ubestemt tid.

Me håpar at me får muligheten til å arrangera ein open dag på seinsumaren eller tidleg haust.


Ta vare på dykk sjølv, og ha ein god påske


Med venleg helsing; Venelaget for Gruo.


Då er det berre å venta og følgja med i kva som skjer framover. Det er òg uvisst kva tid dugnadsarbeidet kan takast opp att. Som kjent er det berre lov å samlast i grupper på inn til fem personar.

Søndag 15. mars 2020

Venelaget for Gruo kjem til å stoppa alt dugnadsarbeid i gruo inn til vidare grunna koronavirusfåren. Styret har sendt ut denne meldinga:


På grunn av situasjonen i Noreg med tanke på spreiing av Korona-viruset, ser Venelaget for Gruo seg diverre nøydd til å innstilla all fellesaktivitet.

Det vil seia at fellesdugnaden, samt kaffien på mondagane vert avlyst på ubestemt tid.

Dersom nokon ser at dei kan arbeida sjølvstendig og åleine i Gruo er dette i orden, men me ber allikevel om at nokon vert informert at ein er der, slik at ein ikkje blir liggjande ved eit eventuelt uhell.

Thorbjørn vil og stilla på dugnaden måndag 16/3 for å ta i mot dei som ikkje har fått denne informasjonen, samt svara på eventuelle spørsmål.

Me ber om forståing for situasjonen.

For spørsmål, kontakt gjerne ein representant frå styret.

Med venleg helsing styret i Venelaget for Gruo.

 

Dette inneber òg at Eventen med geocaching 22. mars er avlyst

Måndag 09. mars 2020

Geologen vår, i venelaget for Gruo, Geir Magne Hamnes, har laga ein plakat/poster om den geologiske historia til Stordø Kisgruber i tekst og bilete. Teksten startar med å fortelja at


«Den spennende historien til Stordø Kisgruber startet som vulkaner langt ute i havet mellom Nord-Amerika og Stord for rundt 450 millioner år siden.»


Det vert fortalt om Black Smokers, vanlege bergarter, grønstein og jaspis, reisa til Stord, der er geologisk kart over Litlabøområdet, forekomster og forkastninger vert synt og kor svovelkisen finst i området og typar kis. Hamnes er tilsett i Equinor og har mykje av arbeidstida på ulike plattform i havet. I ledige stunder har han arbeidd ut tekst og bilete til plakaten/posteren. VfG er heldig som har fått ei så god og enkel oversikt over opphavet til kisforekomstane på Litlabø. Plakaten/posteren skal hengjast opp i Heishuset der interesserte kan lesa og sjå.


I stoll Høgåsen vart grusinga langs det nylagde sporet, der folk skal gå, halde fram.


I Heishuset vart magnetiseringsgeneratoren til Børtveitaggregatet finjustert og ferdigmontert.


Leiar i Vfg Torbjørn Marthinsen fortalde at det var kome godkjenning frå kommunen om å byggja nytt toalettanlegg. No byrjar arbeidet med å søkja om byggjeløyve og andre løyve før arbeidet konkret kan ta til.

Geir Magne Hamnes med plakaten/posteren han har laga om den geologisk historia til Stordø Kisgruber.

Det vert lagt grus langs det nye sporet der folk skal kunna gå, til venstre i biletet sett mot utgangen av gruvegangen. Frå høgre Knut Inge Øien Hovin, Geir Magne Hamnes, Endre Solheim og Ivar J. Helleland i vogna. Lokførar var Rune Johannessen Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 02. mars 2020

28 medlemmer i Venelaget for Gruo møtte til årsmøtet i Heishuset måndag. Leiar Torbjørn Marthinsen ønskte velkomen og kom med framlegg om at Ivar J. Helleland skulle leia årsmøtet og Svein Jæger Koppang vera skrivar. Båe forslaga vart godkjende av dei frammøtte. Den visuelle årsmeldinga synte smått og stort VfG hadde drive med i 2019. Særleg såg videosnutten frå avslutninga til Sagvåg Fus Maritime barnehage ut til å gå inn. Borna song om Gruo og det å vera gruvearbeidar.


Ingvild Skaret Sortland la fram rekneskapen som synte eit overskot for 2019 på litt øve 40.000 kroner.


Ved vala vart Torbjørm Marthinsen attvald (eitt år), Styremedlem vart attval på Thor Hauglid (to år) og ny i styret Geir magne Hamnes (to år). Styremedlem er Rune Marcussen og Ingvild Skaret Sortland (dei sto ikkje på val i år), varamedlem til styret Britt Stømsnes furre og Knut Inge Øien Hovin. revisor Ivar Magne Buchvold (attval), Valnemnd Øystein Kyvik og Kim Amlien som båe tok attval. Alle val vart gjort med akklamason. Ut av styret gjekk Åsta Lorentsen, men held fram som ansvarleg for bestillingar av omvisingar m.m. . Ho vart takka av leiar Torbjørn Martinsen og fekk ein miniatyr i keramikk av Sjakttårnet, laga av Alma Kjærland.


Etter årsmøtet var det kaffi med noko å bita i, og drøs. Venelaget for Gruo har oppretta «Vår eigen Eldsjelpris». I kaffidrøsen tok leiar Torbjørn Marthinsen ordet og delte ut den tredje eldsjelprisen til Svein Jæger Koppang. Han har vor ein absolutt pådrivar for å få venelaget opp å gå. Alt tidleg på 1980-talet byrja arbeidet, men laget vart først formelt skipa i 1993.I åra etter har Svein vore aktiv på mange område i laget. Mellom anna har han vore pådrivar og primus motor for det omfattande galleriet med gamle bilete i Heishuset. Ein særdeles fortent pris. Tidlegare har Ivar J. Helleland og Tor Resser fått prisen.

Svein Jæger Koppang til venstre får «Vår eigen Eldsjelpris» av leiar i VfG Torbjørn Marthinsen. Med prisen følgjer òg ein kaffikopp med namn på mottakaren. Alle bileta foto Tor Resser ©

28 medlemer møtte til årsmøtet i Venelaget for Gruo.

Ingvild Skaret Sortland la fram rekneskapen for 2019.

Åsta Lorentsen vert takka av leiar Torbjørn Marthinsen for arbeidet i styret.

Måndag 24. februar 2020

I stoll Høgåsen vart det lagt grus i det nye sporet. Grusvogna vart lasta med traktor og køyrt inn der grusen vart groven ut med handemakt og pakka kring svillene. Tungt arbeid, men heile den nye lengad med spor vart ferdig. Att står å leggja grus langs sporet på eine sida og i området der sporet sluttar.


I Heishuset vart det ordna og rydda til årsmøtet komande måndag. På Børtveitaggregatet vart magnetiseringsgeneratoren montert tilbake. Finjusteringa av generatoren står att og vert gjort ved eit seinare høve.


Thor Hauglid byrja så smått med vedarbeid. I første omgang å saga opp ein del strongar.


OBS Siste påminning om årsmøtet førstkomande måndag 2. mars kl 1800 i Heishuset.

Spoert vert grusa, Ivar J. Helleland til venstre og Kim Amlien til høgre jamnar grusen, medan Åsta Lorentsen nærast og Sven Lindseth grev ut av vogna.

Fredrik Bjørnberg nærast og Knut Ekse monterer magnetiseringsgeneratoren til Børtveitaggregatet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 17. februar 2020

Aktivitet fleire stader måndag. I stoll Høgåsen vart det montert stoppar på enden av sporet, for å himdra mogeleg utforkøyring.


Det vart gjort førebuande arbeid på hengslene til dei to store dørene i Heishuset slik at alt er klart til montering litt seinare i vår, når det vert lysare og lettare i vêret.


Over ein lang periode er det kløyvt ved i vedbua og det har samla seg store mengde bork, fliser og anna. Måndag vart bua rydda og alt rasket køyrte vekk.

Rune Johannessen monterer stopp på enden av sporet i stoll Høgåsen.

Sven Lindseth nærast og Thor Hauglid ryddar i vedbua. Alle bileta foto Tor Resser ©

Med mal lagar Wilfred Sætre markeringar på hengslene kor det skal borast hòl til boltane.

Fredag 14. februar 2020

Thor Hauglid med hjelp frå Ansgar Vedå har denne veka malt dei to store nye dørene til Heishuset. I denne omgangen er det utsida av dørene som vert malt. Fredag vart andre strøket lagt på. Årsaka til at malinga vert gjort i veka og ikkje på dugnadstida måndag, er at skal berre måndagen nyttast går det for seint og tek for lang tid, forklarar Hauglid . Difor ein innsats utanom vanleg dugnad. I det heile er omtalte dører laga utanom vanleg dugnad, på «fritid» av Rune Marcussen.


Beslaga til dørene er alt ferdig og klare til montering. Hengslene dørene skal henga på vert ikkje montert før det vert lysare i veret.

Thor Hauglid til venstre og Ansgar Vedå legg siste strøk på dørene. Foto Tor Resser ©

Måndag 10. februar 2020

Arbeidet måndag var framhald av arbeidet måndag sist veke. I stoll Høgåsen vart ei ny skjenelengde spikra og køyrt på plass og laska. Synfaring vidare inn mot raset, ei skjenelengde eller to til, vart det avgjort at sporet sluttar ved siste skjenelengde lagt måndag. Vidare innover må det ganske mykje arbeid på trasèen for å få han jamn og i rett høgde. Det arbeidet vert utsett inn til vidare.


Etter ein «kvilepause» har Thor Hauglid teke opp att vedkløyvinga.


 I desse dagar vert innbetalingsblankett for kontingent og gåver sendt ut til medlemene, saman med ei kort årsoversikt. Ver glid og betal snarast råd er.


NB. Hugs årsmøtet 2. mars kl. 1800 i Heishuset.

Døra er snudd med ut-/framsida opp. Thor Hauglid skuvar bord under som døra skal liggja på medan Sven Lindseth, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen held døra oppe. Alle bileta foto Tor Resser ©

Rune Marcussen til venstre og Knut Inge Øien Hovin laskar skjenegangen.

Solide boltar vert nytta.

Døra er komen ned på golvet og vert reist i loddrett stilling. Dei sterke er frå venstre bak Sven Lindseth, Thor Hauglid, Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland.

Torsdag 06. februar 2020

Torsdag var Venelaget for Gruo bede inn til Odd Fellow saman med ti andre lag, organisasjonar og institusjonar i Stord, Fitjar, Bømlo og Halsnøy. Frå VfG møtte leiar Torbjørn Marthinsen. Odd Fellow hadde etter rekneskapen for 2019 50.000 kroner til å etla ut til gode føremål lokalt. Dei ulike mottakarane fekk ulike summar, for VfG sin del vart det 5000 kroner. Kvar av mottakarane av gåvebrevet fekk høve til fortelja om sine lag, institusjonar organisasjoner. Gjesten fekk òg omvising i lokal til Odd Fellow.


Torbjørn Marthinsen fortalde at gåvesummen skal nyttast til kjøp av pukk/grus til lenginga av skinegangne inst i stoll Høgåsen. Der ska leggjast 48 nye meter spor, 24 meterer alt lagt.

Leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen til venstre, takkar leiar nemnd for utadrettet i Odd Fellow Kjell Vetrheim, for gåvebrevet på 5000 kroner. Foto Tor Resser ©

Måndag 03. februar 2020

Arbeidet i stoll Høgåsen med å spikra skjener heldt fram måndag. Effektivt arbeid resulterte i at ei ny skjenelengde vart ferdig og laska. Ein bora hol i svilla, Ivar J. Helleland,, ein spikra dogs, Sven Lindseth. Nok for to menn i denne fasen. Fire var med då sporet vart køyrt til endes og ut på trasèen, Torbjørn Marthinsen, lokførar, og Geir Magne Hamnes i tillegg i denne fasen.


I Heishuset rulla Thor Hauglid malarrulla ut over dei to store dørene med første stròk med innvendes maling. Andre stròket rekna han med å ta ein dag i veka slik at dørene er klare til å snuast komande måndag for maling av sida som skal venda ut.

Thor Hauglid rulla ut maling på innesida av dørene. Foto Tor Resser ©

Måndag 27. januar 2020

Full rulle ei stoll Høgåsen i dag. Fem karar i arbeid med å leggja ny skjenelengde. Skjena vart sydd saman ved skjenelageret kring midt inne i stollen. Sviller vart lagt opp på eksisterande spor og skinna opp på svillene. Ein mann bora fire hôl til spiker (dog) på kvar sville, utsida og innsida av skjena, ein spikra og ein paste på med mal at avstanden mellom dei to skjenen vart rett, 600 mm.


Ferdig spikra lengde vart heist opp mot loket i eine enden og ei spesiallaga innretnig rulla på sporet som alt ligg, inn til sporenden. Der køyrde den speiallaga innretningen ned på bakken og vart skôven vidare av lokomotivet til den nye lengda var i kant med den gamle.


Lengda vart hekta av, justert til det gamle sporet og laska saman med fire boltar på kvar side.


Av anna arbeid kan nemnast at Thor Hauglid grunnmåla innsida på dei to ny dørene til Heishuset. I lokstallen koste Knut Ekse og Wilfred Sætre seg med å få motoren på Oksen til å gå.. Då er det «berre» å leggja inn skjener og trilla Oksen ut i friluft att.

Laske og fire boltar på kvar side held skjenene saman. Alle bileta foto Tor Resser ©

Fart i skjenespikringa, Knut Inge Øien Hovin til venstre slår spiker, Sven Lindseth bak borer hôl og Ivar J. Helleland følgjer med at malen høver på sporbreidda.

Loket skuvar den ferdigspikra skjenelengda på det gamle sporet innover i stollen.

Sjenelengda er komen til «vegs ende» og vert hekta av loket.

Torsdag 23. januar 2020

Rune Marcussen får ting gjort. I dag mønstra ha på ny tre sterke menn saman med bil og tilhengar, heime ved garasjen. Den andre av dei to store dørene til Heishuset var klar til transport. På mindre enn ein time var døra komen på plass i Heishuset. Båe dørene er klare til maling, så kan diskusjonen byrja om fargeval både på inn- og utsida.

Rune Marcussen til venstre, Knut Inge Øien Hovin, Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland til høgre, ber den andre døra inn i Heishuset. Foto Tor Resser©

Måndag 20. januar 2020

Godt i siget på dugnaden i dag. Rune M hadde fått Knut Inge til å køyra den første av dei to store dørene til Heishuset. Fem sterke karar måtte til for å bera døra inn i huset. Der skal ho malast. Litt diskusjon om farge utvendes. Fleire meinte å hugsa noko lunde, at originaldøra var svart.


I stoll Høgåsen skal det leggjast fire skjelengder, 48 m, frå der skjenegangen endar i dag, til raset inst i stollen. Førebuande arbeid byrja måndag med å finna reiskap, lasker til å skru skjenene saman, boltar og mutrar, dogs (svillespiker), sviller m.m. Arbeidet vil så smått ta til komande måndag.


Av anna arbeid kan nemnast at Thot Hauglid har teke opp att vedkløyvinga eter ein pause.

Dei fem sterke karane er Knut Inge Øien Hovin til venstre framme, Torbjørn Marthinsen bak, Rune Marcussen bak til høgre, Thor Hauglid og Ivar J. Helleland.

Torbjørn Marthinsen nærast og Ivar J. Helleland legg reiskap og utstyr til skjenearbeidet på arbeidsvogna. Båe bileta foto Tor Resser ©

Fredag 17. januar 2020

I arkivet til Stordø Kisgruber A/S vart det funne teikningar til den store industriporten (døra) til Heishuset.  Styret i VfG har vedteke at det skal byggjast ny dør, maken til den opphaveleg, så langt det er mogeleg å sjå, etter dei gamle teikningane. I opninga i dag er det sett ei ståldør. Denne vil verta ståande, mendan den nye vert montert på utsida, slik den opphavelege døra sto. Døra er på kortveggen til Heishuset, som vender mot Sjakttårnet.


Rune Marcussen har teke på seg arbeidet med å snikra det nye (gamle) døra. Rammeverket til den eine delen, døra vert todelt, kvar del er to meter breid og godt fire meter høg, gjorde Marcussen seg ferdig med fredag. Når rammeverka er ferdig bygt, vert det montert fiskebeinpanel på utsida. Den eine av dørene skal ha ei mindre, vanleg dør bygt i seg slik at det ikkje skal vera turvande å opna dei store dørene når folk skal ut og inn. Marcussen snikrar dørene heim i garsajen.


-Det er enklare for meg og går fortare enn om eg skulle drege alt verktyet med til måndagsdugnaden i Gruo. Ikkje så mykje eg hadde fått gjort kvar gong då, er argumentet for å driva heime.

Med godt verkty gå det handlaus å snikkra rammeverka. Alle bileta foto Tor Resser ©

Rammeverket til den ein døra vart ferdig fredag. Rune Marcussen nyttar lim….

… og skruer for å festa rammeverket

Måndag 13. januar 2020

Velkomne til eit nytt år, de som vil følgja Venelaget for Gruo på heimesidene, og til dugnadsgjengen som møtte kvinne- og mannsterkt fram klare til å gå i gang med nye gjeremål. I Heishuset vart det ommøblering, dei runde borda er ute, vanleg firkanta bord er komne i staden. I Stigerkontoret vart det montert nytt, meir moderne vatenbatteri på handvasken. Styret har hatt møte og sett opp kva dugnadsarbeid som er aktuelt utetter vinteren og våren. Mellom anna er det planar om å lengja sporet i Høgåsen med tre til fire skjenelengder, inn til raset. Nytt toalettbygg er prioritert høgt og VfG har alt vore i samtale med kommunen om plassering og teikningar. Ein del tre som står farleg til skal takast ned, for å nemna noko. Det store, blå lokomotivet, Oksen, vart teke inn i lokstallen i 2008. No skal det ut att for å frigjera plass i stallen.


Styret har fastsett årsmøtet til måndag 2. mars kl 1800 i Heishuset. Merk dykk dag og tid.

Dei runde borda i Heishuset er borte, firkanta bord er komne i staden. Båe bileta fot Tor Resser ©

Oksen vart teke inn i lokstallen i desember 2008. Planen er at loket skal ut att.

Share by: