Dugnader 2019

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå dugnadar hjå Venelaget for Gruo. Siste dugnad står øvst på sida

Måndag 02. desember 2019

Måndag avslutta Venekaget for Gruo dugnadssesongen 2019. Det har vore eit etter måten tavelt år, til dømes med omvisingar. Berre i mai månad var det 23 omvisingar, i tillegg til open dag 1.mai. Gjennom året har VfG hatt 55 omvisinga på 37 dagar med til saman 1212 personar, då er ikkje 1. mai rekna med. Av anna større dugnadsarbeid kan nemsat at personvognene til toget var bygde om til flatt tak. Dermed vart sitjehøgda innvendes langt betre. I Høgåsen gruvegang vart eit gamalt rasunderbygg rehabilitert og sikra. Toalettbygningen vart flytta til framsida av heishuset. Vegen opp til og stupet ved plata til Sjakttårnet vart sikra med gjerde. Vidare er det utført diverse rydding og trefelling. Det kan òg nemnast at Heishuset var scene for konsert med den svenske trubaduren Jack Vreeswijk. Heishuset vart leigt ut til fem ulike tilskipingar. Også i år var det Falturiltu-tilskipng i Sadalen gruve.


Venelaget for Gruo takkar for året 2019 til alle som har vitja oss. Me ønskjer velkomen attende og byrjar dugnadene måndag 13. januar 2020.

Toalettbygget vart flytta til framsida av Heishuset.

Vegen opp til og stupet ved platat til Sjakttårnet vart sikra. Sven Lindseth borer hol til gjerdestolpet ved stupet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Togkøyring er alltid populært på open dag 1. mai.

Wilfred Sætre bygde om personvognenen til toget.

Eitt av rasunderbygga i Høgåsen gruve vart sikra med nye stolpar. Frå venstre Rune Johannessen. Ivar J. Helleland og Torbjøen Marthinsen som borer hòl for gjennomgåande bolt.

Onsdag 06. november 2019

Barnebokfestivalen Falturiltu har fleire år hatt Venelaget for Gruo som medspelar, ved at VfG har stilt området til rådvelde for festivalen. Både Heishuset og gruvegangane har vore nytta. I år var det Sadalen gruve som var arena for opplesing. Forfattar Tor Arve Røssland frå Kvinnherad fortalde, synte lysbilete og fortalde til fjerdeklassingar frå Sagvåg og Litlabø skular. Røssland har skrive 17 bøker for born og ungdom og konsentrerte seg denne gongen om dei fire bøken han har skrive om Poden, guten som aldri vart meir enn seks år. Framføringa var engasjert og han fekk borna til å høyra etter.


Sein ettermiddag var det forfattartreff, ope for alle, med Tor Arve Røssland, òg i Sadalen Gruve, der han las frå boka Svarte-Mathilda.

Forfattar Tor Arve Røssland les frå boka Poden mister fotfestet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Forfattar Tor Arve Røssland, til høgre, fortel og syner lysbilete til 4. klasse Sagvåg skule.

4. klasse Litlabø skule høyrer forfattar Tor Arve Røssland, til høgre, fortelja om Poden.

Måndag 04. november 2019

No er han her, grevlingen i taket. Ved fleire høve, når Venelaget for Gruo har barnehageborn på omvising, har dei undra seg over kor grevlinegn i taket er. No er han komen, rett nok på bilete, men likevel. I gangdelet Sadalen blå grotte heng han i taket, voneleg til glede for borna. Det var leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen ( i oppkome av idèar) som kom idèen.


Rydding i lokstallen er så smått byrja. Det er planar om å flytta ein del av det gamle utstyret frå gruvedrifta frå lokstallen til kjellaren i Heishuset og elles sortera brukane og ikkje brukande utstyr og anna. Måndag vart ein kastelastemaskin teken ut og plassert saman med ein av same sorten som alt står ute. Maskinen var i si tid nytta av Sunnhordland Kraftlag i anlegga i Matrefjella i Kvinnherad og var ei gåve frå SKL sman med eit av dei store lokomotiva. Den minste maskinen var òg i Matrefjella, gjeven til VfG av privatmann.

Storebror til høgre, nett køyrt ut frå lokstallen, sman med veslebror som har stått ute i fleire år utanfor lokstallen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Grevlingen er komen i taket i gruvegangen på Litlabø.

Med trukcen køyrer Rune Marcussen kastelastemaskinen ut av lokstallen.

Fredag 25. oktober 2019

Fredag vart det halde synfaring med leiar i Fitjar Stord Hundeklubb, Berit Ahlberg og Venelaget for Gruo. Hundeklubben emnar på utviding av området og har alt fått hand om eit område av kommunen opp mot der badet låg i si tid. Men så er det slik at i kontrakten Venelaget for Gruo har skrive med Stord kommune om disponering av område ved Stordø Kisgruber, ligg området hundeklubben ønskjer å utvid i, innanfor område VfG disponerer. På synfaringa kom det fram at VfG ikkje ville setja seg imot planane til hundeklubben, men at det vart markert kor grensne skulle gå særleg mot bygningen til Gruo stasjon og skjenegangen. Langs skjenegangen var det tale om to meter klaring. Det var semje om at vert det utviding slik hundeklubben ønskjer, vert området finare og vil få eit løft.

Frå synfaringa fredag. Leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen til høgre, syner på kartet til leiar i Firjar Stord hundeklubb Berit Ahlberg, området VfG har skrive kontrakt med kommunen om å disponera. I midten Thor Hauglid til venstre og Rune Marcussen båe frå VfG. Foto Tor Resser ©

Onsdag 23. oktober 2019

Sjakttårnet ved Stordø Kisgruber er no i oktober månad rosa. Terese Fadnes tok dette flotte bilete onsdag kveld.

Foto: Terese Fadnes ©

Måndag 21. oktober 2019

Eit par avslutningsarbeid måndag.For det første vart sikringsarbeidet ved stupet ved plata til Sjakttårnet ferdig. Gjerdet vart strama opp og festa ordentleg. Prosjektleiar og pådrivar for å sikra både vegen opp til og stupet ved plata har vore Sven Lindseth. Han har hatt med seg mange frå dugnadsgjengen til arbeidet som har gått seg sidan i vår.


Thor Hauglid avslutta arbeidet han byrja måndag for ei veke sidan. Då vart kulverten frå Ekebrekken gruve reinska og spylt, eit arbeid som ikkje ha vore gjort så lenge VfG har vore i gruo. Måndag vert dekka, plankebitar i ulike storleikar som låg «på kryss og tevrs» over kulverten, lagt attened der dei låg og grus grove over.


Nest oppgåve i gruvegangen, ut mot porten, er å få opna kulverten som er meir eller mindre tett av oker (slam).

Solid gjerde er sett opp ved stupet bortanfor plata til Sjakttårnet.

Thor Hauglid legg attend plankebitane over kulverten før grus vert grove over.. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 14. oktober 2019

Etterrakster etter gravinga laurdag. Knut Inge Øien Hovin hadde lånt med seg kompaktor til bruk i området kor det vart grove.


Wilfred Sætre og Knut Inge Øien Hovin monterte det siste gitteret på den tredje personvogna til toget. Kulverten i gruvegangen inn til heissjakta var gått tett, har ikkej vore staka på mange år. Thor Hauglid nytta stakeslangen med vasstrykk og fekk etter kvart spylt ut slammet og opna kulverten.

Knut Inge køyrer kompaktoren over området det vart grove laurdag. Som biletet syner er det òg sett ned ei kum .

Thor Hauglid stakespyler kulverten i gruvegangen til heissjakta. Båe bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 12. oktober 2019

Laurdag skulle det til pers, det tette avløpsrøyret frå kummen til Kiselvo, omtalt måndag. Knut Inge Øien Hovin stilte med gravemaskin, ein noko større og tyngre enn maskinen måndag, Torbjørn Marthinsen stilte med spade og stakeslange. Røyret vart funne på godt halvannan meter djupne under sheidestein der Torbjørn meinte det skulle vera. Litt lenger inne frå Kiselvo var det bend på røyret, der satt proppen som tetta røyret. Det synte seg nemleg at frå bendet og ut til Kiselvo har røyret negativt fall. Dermed vil det over tid, samla seg slam i området, særleg med lite vassføring. Røyret har litt etter kvart tetta seg til.


Med staking med slange under vasstrykk, vart proppen smått om senn opna og vatnet rann fritt og kummen vart tømt. Framover kan røyret gå tett att, dersom det ikkje no og då vert staka og reinska med slangen.

Proppen er fjerna, vatnet renn fritt……

….ut i Kiselvo. Alle bileta foto Tor Resser ©

Det var tidvis tunge regnbyger då det vart grove etter røyret.

Knut Inge Øien Hovind med stakeslangen under vasstrykk.

Knut Inge Øien Hovin stakar , i bakgrunne Torbjørn Marthinsen.

Måndag 07. oktober 2019

Rennesteinane, særleg i gruvegangane i Sadalen gruve, har gjennom tid meir eller mindre tetta seg til med slam frå fjellet. Måndag vart rennesteinane opna, særleg i renna ved gangdelet Sadalen gruve og Blå grotte. Proppen i ei renne vart fjerne med piasavakost og rå handemakt. Litt lenger inne mot den Blå grotte, i gangdele med tunnelen frå Sjakttårnet vart det òg fjerna ein propp. Med spade og kost vart så heile rennesteinen gjort så rein det er mogeleg og vatnet kan renn fritt.


I lang tid har avløpsrøyret til Kiselva frå ein kum ved pensen på skjenegangen til lokstallen, vore tett. Røyret har vorte staka fleire gonger med no er det umogeleg å koma gjennom. Måndag byrja arbeidet med å grava seg ned til avløpsrøyret der det truleg er tett. Men gravemaskinen synte seg å vera for liten og lett til arbeidet. Planen er å få ny maskin venteleg seinare i veka.

Knut Inge Øien Hovin styrer den vesle gravemaskinen som synte seg å vera for liten og lett til arbeidet. Avløpskumme ligg i bakgrunnen ved personen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Thor Hauglid svingar piasavakosten og gjer rennesteinen rein for slam. Eit etter måte tung arbeid.

Ivar J. Helleland legg nytt dekke over renna under gruvegangen i delet Sadalen gruve og den Blå grotte til høgre. Bak til venstre Thor Hauglid reinskar rennesteinen.

Avløpsrøyret frå kummen til høgre til Kiselva har vore tett i lengre tid.

Måndag 30. september 2019

Ein noko travel dag for ein del av medlemene i VfG. P[ dagtid var det omvising av ei gruppe frå UiB, sjå nærare under omvisingar. På dugnaden om kvelden vart dei to lokomotiva friskmelde, i alle høve Geito. Loket fekk montert ny strtar, nett kav lokket trengte. Blåmann fekk ei ordentleg utlufting av dieselsystemet, både pumpe og dyser, og kom seg bra etter operasjonen. Men, som ekspertane sa, loket er ikkje heilt friskmeldt, trekkrafta er ikkje heilt på topp. Det vil måtta gå gjennom nye undersøkingar.


Ved stupet bortanfor Sjakttårnet byrja arbeidet med å henga opp og festa nettinggjerdet. Arbeidet vart ikkje heilt ferdig måndag.

Kenneth Johansen til venstre, Sven Lindseth og Fredrik Bjørnberg ruller ut og festar nettingen til stolpar og streng. Fot Tor Resser ©

Måndag 23. september 2019

Arbeidet med å sikra stupet ved plattinga framfor Sjakttårnet nermar seg slutten. Gjerdestolpane er komne opp, og festa solid. Måndag vart førebuingar gjort til å fetsa «nota», sjølve gjerdet. Hôl vart bora i stolpane til å trekka streng gjerdet skal festast til.


For tida er står båe lokomotiva, Geito og Blåmann. Måndag vart det arbeidd iherdig med å finna feilen hjå Geito. Det var straumtilførsel til startaren til Geito, Rune Marcussen, Wilfred Sætre og Knut Inge Øien Hovin ikkje heilt makta å finna ut av. Det var straum alle vitale stader, bortsett frå at startaren ikkje slo inn. Teorien er at startaren er defekt, ny vert montert komande måndag. Meir uvisst er det med Blåmann, feilen kan liggja anten i regulatoren eller i dysene


Seint i sommar runda Ansgar Vedå 80 år, og i det høvet fekk han ei lita tralle han m.a. kan nytta til å køyra diesel til kokkoverket i Heishuset. Tralla kan òg nyttast til anna køyring og Ansgar låner viljug ut tralla om andre i venelaget skulle ha trong for å bruka han.

10 mm bor, tydeleg ikkje av det kvassaste slaget, vart nytta til å bora hol til strengen. Men med tre karftige karar som la all si tyngde på drillen, kom boret gjennom stolpane. Frå venstre Fredrik Bjørnberg, Ivar J. Helleland og Sven Lindseth.

Ansgar med tralla. Lettare å dra enn å bera . Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 16. september 2019

Bøylerekkverket kring plata i den store hallen i Høgåsen har gjennom åra forte litt rikkalaust etter som publikum har nytta rekkverket til støtte. Måndag vart rekkverket stramma opp. Til saman vart det sett på sju-åtte klemmer. No står det som»fjell» i fjellet.


Hjartestartaren VfG har hatt i fleire år har vore plassert i Stigerkontoret. Måndag vart startaren flytta til Heishuset , heng på veggen like innanfor inngangsdøra. Startaren er i utgangspunktet berre aktuell å nytta når Heishuset er ope som ved omvisingar eller til utleige. Det er berre å vona at det aldri vert bruk for hjartestartaren.


Så er det nokon som endå ein gong har laga ugreier og gjort hærverk hjå Venelaget for Gruo. Denne gongen er det veskuten det har gått ut over. Eit spann med kvitmaling er spruta over mykje av veden i skuret. Det meste har hamna på kubbane som ikkje er kløyvde, til all lukke mindre på den kløyvde veden. Det er ein del ved som må hivast då det ikkje er heldig, både for omnen og miljøet, å brenna ved med maling.

Maling er spreidd over veden og noko må hivast. Malingspannet som er knept saman, nede til høgre. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torbjørn Marthinsen stramer mutteren på ei av klemmene .

Wilfred Sætre heng opp hjartestartaren like innanfor inngangsdøra i Heishuset.

Måndag 09. september 2019

Egil Eriksen i Sagvåg ønskte å gje vinst til Venelaget for Gruo sin basar 11. oktober 2020. Han møtte opp hjå Venelaget med ei flott blometrillebår. Ein hobby han har å laga hagetrillebårer i to storleikar. Så langt har han laga 25 av storleiken VfG fekk, og 35 nær storleiken på ei vanleg trillebår. Venelaget takkar på det hjertelegste for gåva.


Venelaget for Gruo er så heldig at laget har fått geolog, Geir Magne Hamnes, i dugnadsgjengen. Han er tilsett hjå Equinor og arbeider turnus, på fritørn er han på dugnad hjå VfG kvar måndag. Ikkje berre utforskar han gruvegangane der han finn steinar med godt synleg svovelkis, han her ognomvisar . I gruvegangane er det dryppstein frå kalkstein, men han kom òg over drypstein frå jern, som det finst mykje av i fjellet i gruo.

Dryppstein av jern, kring 10 cm lang. Alle bileta foto Tor Resser ©

Egil Eriksen med trillebåra han gav til VfG sman med basardamene Jorunn Skaret Vedå til venstre og Ingvild Skaret Sortland.

Geir Magne Hamnes, med gul hjelm, syner Ivar J. Helleland ein stein med tydeleg åre med svovelkis.

Måndag 26. august 2019

Treet som vart teke ned ved plata ved Sjakttårnet måndag for ei veke sidan, vart køyrt til kløyving.


Arbeidet med å sikra stupet ved Sjakttårnet held fram. Sven Lindseth med Ivar J. Helleland som medhjelpar, fekk festa ei ny bøyle . Det står endå att ein del sliping og sveising før stupet er endeleg sikra.


Eit lite år sidan basaren hausten 2018 og eit godt år til neste basar, oktober 2020. Basardamene er alt på hogget. Måndag sorterte dei årene slik at dei er klare til bruk når det brakar laus. I det fine varme vêret tok dei økta på solsida utanfor Heishuset.


Mekanikarane Knut Ekse, Rune Marcussen, Wilferd Sætre og Knut Inge Øien Hovin arbeidde med dei to lokomotiva som båe har havari. Blåmann «gjekk amokk» ved start måndag for ei veke sidan. Regulatoren for gasspådraget vart vølt. Motoren er i gang att, men det må monterast ny viftereim. Geito var ikkje å få start på, og det synte seg at det må hentast inn nytt tilslag til startaren. Det er rekna med at Geito er i slag att om eit par veker.


Tysdag 27. august rundar Ivar J. Helleland 80 år. I utgangspunktet skulle han reist på fjelltur, men utsette reisa ein dag for å få høgtida den runde dagen i framkant, saman med venene i Venelaget for Gruo. Han hadde sjøl diska opp med kake og muffins eller det var kan henda kona Bjørg son sto bak? Uansett, kakene var gode og han vart heidra med song Hurra for deg….. Noko han tydeleg sette pris på.

80 års jubilante takka for songen og tala om kor kjekt det er saman med venene i laget. På biletet Svrin Jæger Koppang til venstre, til høgre Torbjørn Marthinsen nærast, Rune Marcussen og Knut Inge ØIen Hovin. Alle bileta foto Tor Resser ©

Thor Hauglid, til venstre, Torbjørn Marthinsen og Kenneth Johansen lastar det oppskorne treet på traktortilhengaren.

Sven Lindseth sveiser fast ein ny bøyle med Ivar J. Helleland som hjelpar.

Ingvild Skaret Sortland, til venstre, Britt Furre og Jorunn Skaret Vedå sorterer årene i nummerrekkefølgje.

Måndag 19. august 2019

Eit stort furutre ved skråninga til plata framfor Sjakttårnet, vart teke ned måndag. Treet fall slik det var planlagt, med hjelp av wire og jekk med Torbjørn Marthinsen som sagførar. Treet var byrja å få ein uheldig vinkel ut mot stupet ned til planet ved inngangen til Sjakttårnet. Like nedanfor treet er arbeidet i gang med å sikra stupet med gjerde. Stamma vart sagd opp klart for transport til kløyving.


I dei nye personvognene til toget er det sideopningar som kjem inn mot fjellveggen i gruvegangen. Vogna går tett til fjellet i gangen, det er fort gjort at nokon stikka ei hand/arm eller i verste fall hovudet ut av opninga. Det kan føra til alvorlege skader. Måndag vart det montert gitter i opningane, lett å sjå ut men ikkje mogeleg å stikka ut hand/arm eller hovud.


Det vart reine «texsastilstander» då loket Blåmann vart starta etter sommarpausen. Motoren ruste ut og var nærast ustoppeleg, tjukk blågrå røyk la seg området kring lokstallen. Årsaka til opprusunga er truleg at regulatoren for gasspådraget hadde kilt seg på full fart. Det vert nærare undersøkt komande måndag.

Motoren på loket Blåmann ruste ut og røykla eit stort område. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torbjørn Marthinsen var sagførar for felling av treet og kapping. Til venstre Thor Hauglid, til høgre Rune Johannessen.

Rune Marcussen til venstre og Knut Inge Øien Hovin monterer gitter i sideopningane på personvognene til toget.

Måndag 12 august 2019

Tidleg i sommar var leiar av Venekaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen, på bergsiktingskurs ved Foldal verk. På kurset kom det fram at alt fjell, der det er laga hôlrom, sprengt ut stein, som tunnel og andre opne område, er i rørsle. Fjellet er ikkje lenger statisk. I gruvene på Litlabø er det mange gruvegangar og større hôlrom, hallar. Særleg i dei store hallane ønskjer VfG å finna ut om fjellet er i rørsle, og i tilfelle kor mykje. 


Måndag vart det difor montert fleire fastpunkt i fjellet i den store hallen i Høgåsen. På desse fastpunkta vert det montert avstansmålar som kan måla avvik ned til ein millimeter. Målaren står ikkje permanent montert, men vert sett opp og lest av med jamne mellomrom. Målaren sender eit lyspunkt til ein fast stad på fjellet.Endrar fjellet seg kan avviket lesast av på målaren.


Etter sommaren har det vore problem med lyset i gruvegangane etter mykje kondens grunna varmt vèr ute og kjølig i fjellet. Sist måndag byrja Rune Johannessen å leita etter feil på lysanlegget og heldt fram feilsøkinga måndag. Feilen fann han inst i Sadalen gruve. Ein kabel var defekt og vart vraka.

Torbjørn Marthinen justerer avstandsmålaren mot eit fast punkt på fjellet. Vidare mot venstre Ivar J. Helleland og Rune Johannessen.

Det vesle raude punktet midt i biletet er målepunktet frå målaren. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 05. august 2019

Ja, då er me attende etter fem veker fri frå gruo. Frammøtet i dag var ikkje av det største. Opplegget var grillfest. Damene hadde stått på og laga til det beste, ved grillen styrte Thor og Ansgar. Det vart nokre hyggjelege timar i solveggen ved Heishuet i den varme og fine kvelden. Som dei sa damene, – dei som ikkje er her kan angra. Ein god start på arbeidet uteter hausten og inn i vinteren, for det er den vegen det går no, diverre, med kortare dagar.

Hyggjeleg stund i solveggen ved Heishuset. Alle bileta foto Tor Resser ©

Det meste av fysisk arbeid måndag var det Sven Lindseth som sto for, då han med langorvet måtte «leita» fram stien opp til Sjakttårnet. På fem veker hadde ugraset vakse alvorleg.

«Grillsjefane» Thor Hauglid til venstre og Ansgar Vedå.

Måndag 01. juli 2019

Ikkje så mange på dugnad i kveld, ymse forefallande arbeid vart gjort. I Heishuset vart det hengt opp nokre nye bilete, mellom anna teikningar VfG fekk frå Tjødnalio skule som takk for godt samarbeid i den lokalhistoriske veka då heile skulen var på omvising hjå venelaget. Lynavleiaren på Sjakttårnet har ei tid vore ute av bruk då det ikkje har vore jording. Måndag vart jordinga i første omgang gjort mellombels.


Med dette tek dugnadsgjengen fri i fire veker, fram til måndag 5. august då det er «på «an igjen» . Hausten byrjar faktisk med grillfest, ei litt for sein avslutning på vårsemesteret.


God sommar til dykk som følgjer Venelaget for Gruo på heimesidene.

Torbjørn Marthinsen og Thor Hauglid koplar lynavleiaren på Sjakttårnet mellombels til jord. Foto: Tor Resser ©

Tysdag 11. juni 2019

Det meste av dugnade tysdag handla om gras og slått, men òg litt maling. Ferdigmaling av rekkverket langs vegen til Sjakttårnet, og maling av Stigerkontoret. Torbjørn Marthinsen tok langorvet på slipesteinen og kvesste det. Rune Marcussen ymta frampå om at å slå gras med hjå og særleg langorv hadde han aldri freista og lurte på om det var vanskeleg. Han fekk eit lynkurs av han som verkeleg kan kunsten, Torbjørn Marthinsen. Marcussen tok utfordringa på strak arm og svingde langorvet resten av kvelden.

Thor Hauglid er eksperten med plenklipparen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torbjørn Marthinsen sliper ljåbladet på langorven.

Rune Marcussen med god svung på langorven.

Torsdag 06. juni 2019

Kulturkveld ved Tjødnalio skule torsdag. Litt på sida å trekkja det inn i Venelaget for Gruo sine heimesider? I grunnen ikkje. Kulturkvelden dreidde seg om A/S Stordø Kisgruber og samfunnet i gruo. Dette hadde skulen, elvar og lærarar, arbeidde lenge, godt og seriøst med. Ikkje berre hadde lærarane vore på synfaring/omvising til gruvene i Rossneset der det heile byrja på 1860-talet. Alle dei godt 200 elevane ved skulen hadde over fire dagar vore på omvising hjå Venelaget for Gruo i mai månad.


Den siste veka før kulturkvelden hadde elevar og lærara nytta til å laga utstillingar, teikningar, tekstar, animasjonsfilm og verkeleg film frå gruveområdet der elevar spelte ulike roller. Kulturkvelden byrja på utescenen, i ausande regn. Det hinda ikkje at foreldre, føresette, beteforeldre, onklar, tantar og mange andre i hundretal hadde funne vegen til Tjødnalio. Korkje lærarar eller elevar lot eg merka av regnet, det var dans, song og eit fantastisk kor. Vonar gitarane var laga av vassfast finèr? Venelaget for Gruo takkar Tjødnalio skule for at dei på denne måten sette lys på det unike anlegget som ligg i nærmiljøet.

Bustader var teikna både for arbeidarar (biletet) og for dei høgare på rangstigen. I byrjinga var det klasseskilje i gruo.

Til og med gruvegang var det laga med to figura, til høger, som det er i gruo. Og masse flaggermus i taket, i motsetnad til i gruo der me berre veit om ein eller to som er å sjå no og då. Alle bileta foto Tor Resser ©

Regnet hølja ned under framsyninga på utescenen.

Tverrsnitt av fjellet med solane (etasjane) markert med folk i arbeid, med hjelm og lys. I midten heiskorga.

Måndag 03. juni 2019

Bra vêr til utearbeid. Rekkverket langs vegen til Sjakttårnet vart malt svart, så langt malinga rakk. Det vart støypt kring festepunkta til bøylene. Frå plata ved tårnet mot fjellveggen skal det sikrast betre, gjerdet som ein gong var, er stort sett borte, nytt skal koma opp. Stigerkontoret skal få seg ny, etterlengta maling.

Knut Inge Øien Hovin dreiv med svartmaling, av rekkverket langs vegen til Sjakttårnet. Bak støyper Ivar J. Helleland kring bøylefoten.

Sven Lindseth borer hòl for nye gjerdestolpar mellom plattinga ved tårnet til fjellveggen. Staden er bratt og han nyttar sikringsele. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 30. mai 2019

Kristi himmelfartsdag hadde Stord og Nysæter kyrkjer gått saman om sams friluftsgudsteneste og familiedag i parken i Gruo på Litlabø. No spelte ikkje vèrgudane på lag med kyrkja denne dagen då det vart regn om føremiddagen. Difor vart gudstenesta flytta innomhus til Heishuset. Der vart det fullt hus, ein stad kring 100 personar, som høyrde prestane Jørgen Knutsen og Olav J. Oma forretta.


Etter gudstenesta var det ei kort matøkt, skulle vore grilling, i staden vart det pølser i lompe eller brød. 47 melde seg på til vandring i Høgåsen gruve delt på to grupper. For borna var det laga rebusløype utomhus.


Gudstensta og omvisinga var så vellukka at det alt no vart snakka frampå om å koma att neste år. Då voneleg med godt vèr , i friluft i parken.

Ivar J. Helleland frå Venelaget for Gruo, i blå/raud kjeledress til høgre, var omvisar for den andre gruppa. Her i den store hallen i Høgåsen gruve. Alle bileta foto Tor Resser ©

Heishuset var fullt, og vel så det, til gudstenesta Kristi himmelfartsdag.

Torbjørn Marthinsen, i orange jakke og blå kjeledress til høgre, frå Venelaget for Gruo var omvisar for den eine gruppa. Her fortel han om Sjakttårnet.

Måndag 27. mai 2019

Travelt måndag. I den store hallen i Høgåsen vart utslitne pallar skifta med nye, ny netting vart lagt på rampen opp til platinga og diverse lysrøyr og -pærer vart skifta der det var trong for det. Ute i dagen vart trea som vart tekne ned i Kiselva, skorne opp, greinene samla og lagt i haug for seinare å verta brent. Plenområdet vart klipt med ny plenklippar. Vidare vart det rydda langs vegen til Sjakktårent og arbeidet med å mala rekkverket langs vegen byrja så smått.

Måndag 20. mai 2019

Full aktivitet måndag. Langs Kiselvo heldt rydding av tre fram, elva mellom brua ved Snikkarverkstaden og brua ved parken er rydda, mest bjørk.


Arbeidet med lokomotivet Blåmann vart fullført måndag, All dårleg hydraulikkolje vart tappa, oljefilter skifta og ny olje fylt i tanken. Prøvekøyring vart gjennomført utan problem.


Sven Lindseth gjorde seg ferdig med sveise/slipearbeidet på rekkverket langs vegen til Sjakttårnet. Slipepunkta vart forsegla for å hindra rust. Rekkverket skal malast svart, eit arbeid Lindseth sjølv ville ta seg av for, som han sa, – eg er så god å svartmala…… Med seg måndag hadde han Ivar J. Helleland som støypte kring stolpane.

Rune Marcussen prøvekøyrer lokomotovet Blåmann . Med seg i arbeidet hadde han Knut Ekse og delvis Knut Inge Øien Hovin.

Måndag gjorde Sven Lindseth seg ferdig med sveise/slipearbeidet på rekkverket,. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torbjørn Martinsen på botn av Kiselva, vasstanden er svært låg etter lang periode utan nedbør, førte motorsaga då trea vart tekne bort.

Trea vart trekt opp over muren, her ved Thor Hauglid og Rune Johannessen

Onsdag 15. mai 2019

Solid avsporing med toget onsdag morgon. Toget var på sporet frå lokstallen til Gruva stasjon der det skulle henta elevane frå Langeland skule og køyra dei inn i fjellet. Årsaka til avsporinga var truleg at pensen som pensar sporet ned mot Gruo stasjon hadde ei lita opning på sporet til under tårnet. Dermed tok den bakarste vogna retning under tårnet medan den mittarste vogna ville mot Gruo stasjon, dermed skar det seg. Bakarste vogna vart løyst frå, mittarste vogna vart lirka på sporet med spett. Bakarste vogna måtte jekkast opp slik at hjula kom høgare enn sporet og drege i rett stilling. Sporet var klart til elevane skulle inn i fjellet og pensen vart passert utan uhell.

Den bakarste vogna tok feil spor grunna ei lita glipe i pensen. Foto Tor Resser ©

Måndag 13. mai 2019

Vedlikehaldet av lokomotivet Blåmann held fram. Det tek tid å skifta olje og-filter. Eit arbeid det syner seg ikkje har vore prioritert på lang tid. Det skal leggjast opp rutinar for dette arbeidet framover. Taket på Stigerkontoret vart freista reinska for mose. Det mest vart fjerna, men mosen sit godt og er ikkje like lett å få bort alle stader.


I Kiselva, langs vegen frå Snikkarverkstaden mot Stigerkontoret, har det gjennom åra vakse opp ein god del tre, mest bjørk men òg andre treslag. Måndag vart ein stor del av trea tekne ned, resten vert teke komande måndag.

Rune Johannessen var mellom dei som reinska mose frå taket på Stigerkontoret. Foto Tor Resser ©

Måndag 06. mai 2019

Lokomotivet Blåmann er sett på bukk for overhaling. Mellom anna skal det skiftast oljer og -filter. Slark i drivkjede og bremser skal justerast. Den gamle luftkompressoren skal få ei overhaling. M.a. må oljefilter skiftast, dei som sto og vart tekne ut måndag, har tydelegvis ikkje vore skifta på nokre år….. I Heishuset vart det rydda og vaska golv etter 1. mai. Heishuset kjem til å verta nytta flittig utetter i mai månad. Den doble porten til lokstallen vart endeleg malt. På rekkverket langs vegen til Sjakttårnet vart utsette sveiingar styrkt.

Geir Magne Hamnes malar den ein halvdelen av porten til lokstallen.

Godt brukte oljefilter frå luftkompressoren. Båe bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 01. mai 2019

Tradisjonen tru bad Venelaget for Gruo inn til open dag 1. mai. Og publikum følgde opp. Aktivitetane var dei gode gamle; omvising i stollane, i Sjaktårnet, i smio, i arbeidarbustaden. Svært populært var det med togkøyring inn i stoll Høgåsen. For born var det ballkast på boksar og freista gå på stylter. Seniororkester under leiing av Norvald Nilsen stilte opp også i år, noko publikum sette stor pris på. Kafeen i Heishuset hadde stor pågang, damene arbeidde på spreng, gjekk til slutt tom for vaflar og måtte spe på med lappar. Det fiksa dei på strak arm. I arbeidarbustaden og smio veksla Johannes Vetås og Svein J. Koppang på å vera forteljarar.     


Kor mange som vitja VfG onsdag er vanskeleg å svara på då det er fritt tilgjenge til området. Det vart selt til saman 1142 billettar, delt med 150 på omvising i stollane, 282 omvising i Sjakttårnet og 710 togkøyring. Talet her er høgare då born som kunne sitja på fanget, ikkje løyste billett. Ein stad kring 1500 personar var nok i Gruo 1. mai i år. Det skal òg nemnast at det var ein togtur med handikapvogna og rullestol inn i Høgåsen.


Tippetevlinga om kor tungt fenalåret var, vart vunne av Maria Groot Hjøllo. Fenalåret var 2,002 kg, fire hadde tippa 2,0 kg og av desse vart altså Hjøllo trekt ut som vinnar.

Thor Hauglid, i blå kjeledress, var omvisar i Sjakttårnet. Han fekk klatra trappene til topps mange gonger.

Omvisarar i stollane var Torbjørn Marthinsen, Wilfred Sætre og på biletet Ivar J. Helleland, i den store hallen i Sadalen gruve. I bakgrunnen til høgre Sigmund Loretntsen og Geir Magne Hamnes som sikringar bak gruppa.

Hektisk i kafeen i Heishuset.

Å gå på stylter var populært, men ikkje alltid like lett å finna balansen.

Seniororkestert under leiing av Norvald Nilsen til høgre. På slagverk til venstre Olav Skorpen som i år kan markera 60 år som musikar.

Togkøyring inn i fjellet er svært populært og det er trongt ved Gruo stasjon ved av og påstiging. Lokførar var Rune Marcussen til høgre med kvit hjelm. Alle bileta foto Tor Resser ©

Søndag 28. april 2019

Søndag var det konsert med Jack Vreeswijk og Love Tholin i Heishuset. Før konserten var det tid til omvising i både Sadalen og Høgåsen gruver med Ivar J. Helleland soim omvisar. Gjestene var interesert og imponert over kva dei fekk sjå og høyra.


Til konserten om kvelden var det kring 80 frammøtte. Dei fekk ei hyggjeleg halvannan time med viser og forteljingar både om Jack Vreeswijk, faren Cornelis og andre. Jack er ein framifrå fortelja og musikar og fekk fram låtten og smilet rett som det var. Han avslutta med En natt jag drømde og fekk publikum med seg på meir eller minder allsong. Takk for ei hyggjeleg stund.

Ivar J. Helleland fortel Jack Vreeswijk i midten og Love Tholin om den store hallen i Sadalen gruve.

Jack Vreeswijk og Love Tholin i Heishuset. Båe bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 27. april 2019

Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland fekk seg eit par tre timar laurdgsarbeid med å tetta hòlet som var grove under porten til portalen Høgåsen. Det synte seg at det hadde vore nokon inne i gruvegangen. Truleg er det knust ein eller fleire gamle lyskuplar(lyspærer). Denne gongen vart hòlet tetta med steinar støypte fast og kamstål slege langt ned i bakken. På andre sida, mellom skjenegangen og portalveggen, vart det òg slege ned kamstål.

Ivar J. Helleland jamnar området med grus. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torbjørn Marthinsen slår ned i bakken den første av tre kamstål gjennom steinen.

På båe sider av steinen med kamstål vart det støypt fast store steinar. Ivar J. Helleland plasserer den inste steinen i mørtelen.

Torsdag 25. april 2019

Endå ein gong har uvedkomande freista ta seg inn i Høgåsen gruvegang. Hendinga må ha skjedd mellom søndag og torsdag. Denne gongen er det grove under porten på eine sida. Om nokon har klart å ta seg inn gjennom hòlet er uvisst. I tilfelle må den eller dei vortne skitne. Venelaget har sagt det før og tek oppatt , der er farleg for ukjende å ta seg inn i gruvegangane. Tek dei seg over sperringar som er sette opp og fell ned i ei ort, er det ikkje sjanse å koma opp att. Der er fall på godt 10 meter før dei treff vassflata.

Det er grove hòl under proten for å ta seg inn i Høgåsen gruve. Foto: Tor Resser ©

Tysdag 23. april 2019

Den gule personvogna til toget fekk det siste strøket med maling tysdag. Då er togsettet, med nye vogner, klart til å køyra publikum inn i fjellet på den opne dagen 1. mai. Dei nye vognene er lettare å ta seg inn i og ut frå, taket er løfta på langsidene slik at det vert betre å sitja med rak rygg.


Elles tysdag, 3. påskedag, var rydding på dagsorden, særleg i området ved Sjakttårnet. Personplanen for 1. mai vart sett opp, kvar og ein har fått sine oppdrag for å losa dagen vel i hamn.


Vreeswijk-konserten


Tysdag opplyste Ole Johnny Almås at det til då var selt 45 billettar til Jack Vreeswijk-konserten sundag. Almås gjer merksam på at dei som ønskjer å kjøpa billett på førehand, og vegrar seg for å gå på internett, kan kjøpa billett ved å ringja 93025417 . Det vert òg høve til å kjøpa billett ved inngangen til Heishuset frå kl. 1830. Konserten byrjar klokk 1900.

Nye og nymalte personvogner klare til bruk 1. mai.


Området ved Sjakttårnet var rydda. Ved hengaren Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland til høgre. I bakgrunnen til høgre ved Sjakttårnet, Sven Lindseth. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 15. april 2019

Dugnaden måndag var mykje maling. Gunnar Almås la siste hand på malinga av Gruo stasjon. Vart dermed klar til å ta i mot publikum på open dag 1. mai.


Wilfred Sætre var ferdig med å byggja om den tredje av personvognene til toget. Den raude vogna vart malt andre strøket, medan den gule fekk først strøket. Dermed vert alle vognene ferdig til køyring 1. mai.


I gruvegangane vart utsliten lysarmatur skifta med nye. Rydding på uteområdet, særleg i parken, haldt fram. Då det nærmar seg 1. mai, vart status for kven og kor mange som kan vera med VfG å ro Open dag vel i hamn. Laget treng så mange som mogeleg til å vera med å dra lasset. Kan du gje ei hand, melder du deg i gruo tysdag 23. april kl. 1800. Damene i kafeen set stor pris på om nokon kan baka ei kake (eller to) å etla til venelaget.

Knut Inge Øien Hovin er med på å gje den gule vogna det første malingsstrøket. Alle bileta foto Tor Resser ©

Gunnar Almås måtte på rygg for å koma til dei vanskeleg stadene under benken på Gruo stasjon.

Wilfred Sætre til høgre, i amtale med Ivar J. Helleland, har gjort eit kjempearbeid med å byggja om personvognene til toget.

Tysdag 09. april 2019

Leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, ba inn til vandring på Rossneset, der gruvedrifta byrja midt på 1860-talet. Seks av dugnadsgjengen var med på vandringa der Marthinsen, som har lese seg kraftig opp på soga til gruvene, og Ivar J. Helleland som vaks opp på øvre Litlabø (Gjerde), var forteljarar. Turen gjekk gjennom eit landskap som er planta til med gran. Delar av området er vanskeleg å ta seg fram i grunna mykje vindfall, særleg etter orkanen Nina. Området er ikkje rydda. Vendepunkt for turen var på ein rasteplass ytst på Rossneset. Ein interessant tur i nydeleg vèr.

Ved inngangen til den eine gruva på Rossneset. Foto Tor Resser ©

Måndag 08. april 2019

Mykje av arbeidet måndag var framhald av arbeid dei sisre vekene. Gjerde langs vegen til Sjakttårnet er ferdig oppsett med bøyler. Att står arrondering. Rampen til toalettbrakka vart ferdigmontert. Arbeidet med ombygginga av den tredje og siste personvogna til togsettet går mot slutten, den andre vogna fekk første strøket raudmaling. Ved vart pakka i sekker. I parken vart treet ferdig stussa.

Rekneskapsdamene, Britt Furre til venstre og Ingvild Skaret Sortland, kan meir enn å handtera tal, Dei gav treet i parken ny «frisyre». Foto Tor Resser ©

Måndag 01. april 2019

Tilkomstrampen til toalettbrakka vart sett attende måndag. Dels med truck dels med rå handemakt. Vatn og avløp er kopla, det same med lys, bortsett frå i gangen. Toalettet kan dermed brukast.


Den andre personvogna er ferdig ombygt. Langs sporet i stoll Høgåsen er det ved tre-fire punkt på luftrøyret som heng langs veggen, vorte for trongt med den nye takkonstruksjonen på vognene. Røyret måtte trekkjast litt lenger frå sporet på desse punkta. Feste vart bora i fjellet, kjetting og strekkfisk vart monter mellom luftrøyr og festepungt og røyret trekt dei turvande centimetrane frå sporet slik at vognene kjem forbi.


Langs vegen til Sjakttårnet held arbeidet med rekkverket fram. Arbeidet med ombygginga av den tredje personvogna er kome godt i gang.


Vreeswijk-konserten

Billettane til visekvelden med den svenske trubaduren Jack Vreeswijk er lagt ut for sal. Konserten byrjar i Heishuset sundag 28. april kl 1900 . Billettar, kr. 325,oo, kan kjøpast på denne linken.

Tilskipar Ole Johnny Almås fortel at salet går bra, vil du på konserten må du sikra deg billett snarast.

Kjetting og strekkfisk skal trekkja luftrøyret nærare fjellet, mot høgre, og gje betre plass til peronvognene. Torbjørn Marthinsen til venstre festar kjettingen til luftrøyret. Til høgre Ivar J. Helleland.

Ikkje alltid like lett med store fingrar og små mutrar. To mutrar gjekk i rennesteinen, men vart funne att. Ivar J. Helleland til venstre og Torbjørn Marthinsen. Alle bileat foto Tor Resser ©

Finjusteringa av tilkomstrampen vart gjort med rå handemakt.Frå venstre Geir Magne Hamnes, Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin.

Toalettbrakke og tilkomstrampe klar til bruk.

Måndag 25. mars 2019

Måndag vart toalettbrakka flytta til mellombels stad til nytt toalett er kome bygt. Flyttinga gjekk kjapt. Richard stilte med kranbil og heile operasjonen gjekk på mindre enn ein time.


Før toalett kan takast ibruk må vatn, avløp og straum koplast til. Tilkomstrampen skal setjast attende.


Elles måndag heldt arbeidet med høgdejustering av rekkverket langs vegen til Sjakttårnet fram. Det same med arbeidet på personvognene på toget. Andre vogna er straks ferdig til å verta malt.


Frå Svein Jonassen har Venelaget for Gruo fått eit historisk interessant bilete. Det syner commandotroppen som raida gruveanlegget 23. januar 2943. Biletet skal han ha fått frå familien til commandosoldaten, nr. to frå venstre, som miste livet ved raidet.

Toalettbrakka trygt plassert på ny stad inn til vidare. Alle bileta foto Tor Resser ©

Brakka er trekt ut og vert svinga rundt hjørnet på Heishuset.

Steinane brakka sto på vert omplassert til ny stad før brakka vert sett ned.

Måndag 18. mars 2019

Langs vegen til Sjakttårnet vart det drive høgdejustering på rekkverket for å få meir rette høgder på bøylen i høve til kvar andre. I parken vart eit tre som hadde vakse vilt i «hytt og ver» i mange år klypt. Kva type tre det er tale om er litt uvisst.


Wilfred Sætre og Knut Inge Øien Hovin panelte ei langside og ei kortside på den andre togvogna.


VfG har i lengre tid drøfta nytt toalettanlegg, Brakka som er toalett i dag er meir enn mogen får å verta pensjonert. No er arbeidet så smått byrja med å byggja nytt. Måndag vart tilkomstrampen til toalettbrakka fjerna. Neste steg vert å flytta brakka med å snu ho 90 grader og setja ho opp frå hjørnet av Heishuset mot inngangstrappa. Men først må det setjast opp nye fundament til å setja brakka på. Det arbeidet byrjar måndag slik at brakka vert flytta snarast mogeleg og vera ferdig til bruk seinast innan 1. mai.


Det nye toalettanlegget vert bygt der brakka sto, men trekt lenger bak slik at det vert mindre synleg. Planen er at venelaget skal gjera brorparten av arbeidet.

Rune Marcussen losnar rampen frå brakka.

Rampen vert flytta med truck’en. Brakka vert snudd 90 grader og plassert langs Heishuset frå hjørnet til venstre i biletet mot inngangstrappa. Alle bileta foto Tor Resser ©

Sven Lindseth nærast og Rune Johannessen driv høgdejustering av rekkverket langs vegen til Sjakttårnet.

Torbjørn Marthinsen klypper og tynnar eit tre i parken.

Måndag 11. mars 2019

Etter at arbeidet med oppgradering av underbygga i Høgåsen gruve er ferdig, er neste steg i gruva å leggja spor inn mot raset. Det kan dreia seg om kring 50 meter. Måndag vart restane av eit gamalt spor fjerna, gangen ligg open for svilleleging. Det er så langt ikkje avgjort kva tid det vert.


Når sporet er ferdig inn mot raset syslar VfG med ein kombinert tog/fottur i gruvegangane. Tog til endes av sporet og vidare fottur ut at på «baksida» av gruvegangen til den store hallen i Høgåsen. Der vil deltakarane mellom anna koma framom nokre svære steinmurar, bygde truleg ein gong på 1930-talet.


I lokstallen arbeidde Wilfred Sætre vidare med oppgradering av andre vogna. Ansgar Vedå heldt fram å mala den blå vogna. I Heishuset sette Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin opp hylle som damene skal nytta til lager. Så lenge det var dagslys heldt Sven Lindseth, Rune Johannessen og Gunnar Almås fram arbeidet med gjerde langs vegen til Sjakttårnet.

Ivar Helleland med nokre av dei store steinmurane. Det er dimensjonar på steinen som er nytta. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torbjørn Marthinsen i bakgrunnen og Thor Hauglid losnar ein del av den gamle skjenegangen i Høgåsen. Bak Marthinsen skjenegangen så langt han er komen til no.

Ivar J. Helleand slår laus ein spiker (dog) som endå held skjena til svilla. I midten Torbjørn Marthinsen, med spettet Thor Hauglid.

Måndag 04. mars 2019

Årsmøtet vart avvikla på vanleg vis med årsmelding (visuell på storskjerm ), årsrekneskap ved kasserar Åsta Lorentsen. Rekneskapen synte eit overskot på 84.401 kroner. Årsaka til det gode overskotet er gode inntekter frå open dag 1. mai og basaren i oktober. Leiar Torbjørn Marthinsen ønskte dei 20 frammøtta velkomne og Ivar J. Helleland vart valt til møteleiar, Svein Jæger Koppang til skrivar. Ved vala vart sitjande leiar valt for eitt år til. Leiar skal veljast kvart år. Styremedlem Rune Marcussen vart attvald, det same var varamedlemene Britt Furre og Knut Inge Øien Hovin. Åsta Lorentsen og Thor Hauglid sto ikkje på val i år. Rekneskapsførarane Ingvild Skaret Sortland og Britt Furre held fram.


For første gong gav venelaget ut sin eigen eldsjelpris. Prisen gjekk i år til Tor Resser for arbeidet han har lagt ned med å dokumentera i bilete og video arbeidet VfG driv.


Ole Johnny Almås stadfesta måndag at det vert visekveld i Heishuset sundag 28. april. Han har fått den svenske trubaduren Jack Vreeswijk til Stord og Gruven. Konserten vert på ettermiddagstid.

20 medlemer av VfG møtte fram på årsmøtet. Dei fleste frå dugnadsgjengen.


Kasserar Åsta Lorentsen la fram rekneskapen, synt på storskjerm. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 25. februar 2019

Litt av kvart å hengja fingaren i måndag. Like innanfor portalen til Høgåsen gruve vart det lagt på noko meir grus der det samla seg vatn når det regnar.


Lenger inne i same gruvegang vart sikringa av underbygget ferdigstilt. To støttestolpar vart sette opp under langdragaren på eine sida. Stolpane vart sikra både i topp og botn med dogs (spesialspiker som vert nytta til å festa skjena til svilla).


I lokstallen byrja arbeidet med å byggja om den andre (raude) personvogna. I første omgang vart gitter fjerna før arbeidet med å setja opp spikerslag kunne ta til. På vogna som er ferdig bygt om, byrja arbeidet med å mala panelet.


Heishuset vart rydda og golvet vaska klart for årsmøtet komande måndag. Skrivne medlemer har fått årsmelding tilsendt, møt opp.

Fredrik Bjørnberg losnar gitteret på vogna for å ta det bort.

Ansgar Vedå er så smått byrja å mala vogna som er ferdig. Alle bileta foto Tor Resser ©

Meir grus i gruvegangen der det samla seg vatn. Torbjørn Marthinsen svingar spaden med grus medan Rune Johannessen, i bakgrunnen, grev fram grus i vogna.

Torbjørn Marthinsen bore hòl for dogsen.

Rune Johannessen kliner til dogsen. Tungt å slå «i motbakke».

Måndag 18. februar 2019

Arbeidet med å sikra underbygget i Høgåsen gruve held fram. Måndag vart den andre langdragaren heist opp og sikra med tre gjennomgåande boltar. I tillegg vart ein av tre støttestolpar sett opp. Dei to andre vert sette opp komande måndag.


Wilfred Sætre og Knut Inge Øien Hovin vart så godt som ferdig med ombygginga av den første av dei tre togvognene. Malararbeidet, vogna vert blå, vert gjort litt etter kvart.

Støttestolpen vert sett under langdragaren. Rune Johannessen til venstre og Ivar J. Helleland.

Rune Johannessen kuttar bolten. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torbjørn Marthinsen borer hol for festebolt. Ivar J. Helleland og Rune Johannessen følgjer med.

Ivar J. Helleland festar stoppskive og entrar mutter på bolten medan Thor Hauglid, med ryggen til, held bolten fast. Til venstre Torbjørn Marthinsen.

Måndag 11. februar 2019

Arbeidet med rehabiliteringa av togvognene held fram. Sidene har fått panel, måndag vart taket lagt. Att står paneling over opningane i kvar ende av vogna. Til slutt vert taket tekt. Når dette arbeidet er ferdig, skal vogna malast.


I Høgåsen gruve vart det sett opp tre stolpar under dragaren, ein i kvar ende og ein på midten, som vart montertpå underbygget førre måndag. Neste steg vert å få opp langsgåande dragar på motsett side av underbygget.

Tre stolpar er sett opp under den langsgåande dragaren som vart montert førre måndag. Alle bileta foto Tor Resser ©

Wilfred Sætre skjer til panel som skal setjast mellom taket og opninga på kortsida av vogna.

Knut Inge Øien Hovin prøvesit vogna og syner det er mykje betre plass når taket er heva. Inngangen er òg betre.

Tysdag 05. februar 2019

Tysdag kom seniorrådgjevar Astrid Dale frå Mattilsynet for å sjå på og godkjenna det «nye» kjøkenet i Heishuset. Ho vart motteken av leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen. -Stor endring sidan sist eg var her, det er jo mange år sidan. Flis på golvet òg, sa Dale då ho vart vist inn. Særlege merknader hadde ho ikkje og godkjende kjøkenet til sin bruk. Ho sender skriftleg rapport til VfG etter synfaringa.


Vil du sjå fleire bilete frå «det nye kjøkenet» vert dei å sjå i den visuelle årsmeldinga på årsmøtet 4. mars

Seniorrådgjevar Astrid Dale frå Mattilsynet på synfaring i kjøkenet saman med leiar av VfG Torbjørn Marthinsen. Foto Tor Resser ©

Måndag 04. februar 2019

Måndag var det full fart i gruvegangen i Høgåsen med å rehabilitera underbygget. Den første langdragaren på kring 5 meter vart heist opp og sikra mellombels. Stolpen vart heist opp med talje i kvar ende. Gjennomgåande hòl vart bora og bolt festa.


I lokstallen held arbeidet fram med å panela togvognene. I Stigerkontoret var det full fart med å klargjera årsmelding og giro for innbetaling av medlemspengar før dei vert sendt ut til skrivne medlemer. Årsmøtet vert 4. mars klokka 1800 i Heishuset.

Rune Marcussen borer hòl gjennom stolpen og dragaren over.

Bolten er festa på oversida og Ivar J. Helleland snurrar mutter på bolten på undersida for å festa stolpen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Rune Maecussen heiser opp eine enden av stolpen, Sven Lindseth til høgre.

Rune Marcussen og Rune Johannessen sikrar stolpen.

Måndag 28. januar 2019

Så kom snøen til Gruo òg. Kring 40 cm på flat mark, for så vidt ikkje all verda, men likevel, det gav ei ekstra utfordring for VfG måndag. Planen var å halda fram arbeidet i Høgåsen med underbygget. Men uheldig vis hadde ei hjelpande hand brøytt plassen framom Heishuset og palsert ein del av snøen ove skjenegangen. Dermed måtte rå handemakt til for å fjerna snøen slik at loket med arbeidsvogna kune ta turen inn i gruvegangen. Arbeidet tok si tid, då sporet endeleg var rydda, vart det ikkje tid å få gjort noko av arbeidet i gruvegangen.


Visekveld i Heishuset?


Det kan gå mot visekveld i Heishuset i Gruo. Ole Johnny Almås, som drog i gong Fest i Vest i Sagvåg, var måndag hjå Venelaget for Gruo og fortalde om tankar og idèar han har om å nytta Heishuset som konsertarena. Han tykkjer huset er spanande og eksotisk til denne typen bruk. Han syslar med planar om å få den svenske trubaduren Jack Vreeswijk, son til den legandirske visesongaren Cornelis Vreeswijk, til Gruo 28. april. Saka er førebels på eit høgst førebuande stadium, men me skal koma attende til saka når det er «meir kjøt på beinet».

Ivar J. Helleland skuvar på Geito opp den vesle stigninga til planovergangen. Lokførar Torbjørn Marthinsen

Sporet er rydda like til portalen i Høgåsen. Geito og Blåman vart kopla til tandemkøyring på det tunge føret. Alle bileta foto Tor Resser ©

Rune Marcussen med ryggen til og Thor Hauglid lempar snø ut av sporet.

Knut Inge Øien Hovin reinskar sporet for snø så loket ikkje skal spinna. Til høgre Torbjørn Marthinsen, til venstre Rune Marcussen, bakerst Ivar J. Helleland

Måndag 21. januar 2019

Wilfred Sætre held fram med å panela togvognene. Sidene på den blå vart ferdig måndag. Arbeidet med å rehabilitera underbygget i Høgåsen gruvegang byrja så smått. Vinteren seinka arbeidet noko, då låsen til reiskapsbua var fròsen og måtte tinast. Inne i gruvegangen vart det grove ei lita veit frå kring midten av gangen ut til rennesteinen. Dragaren som var falle ned vart fjerna.


I Heishuset avslutta Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin abeidet med varmeomnane, mellom anna med å plukka ned stillaset.

Ivar J. Helleland tiner låsen til reiskapsbua med varmepistol.


Ivar J. Helleland til venstre og Thor Hauglid grev veit ut til rennesteinen til høgre. I bakgrunnen Rune Johannessen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 14. januar 2019

Skjenegangen i Høgåsen gruvegang stoggar i dag ved eit underbygg. Årsaka til at skjenegange til no ikkje er lagt lenger, er at underbygget er så dårleg at det ikkje er forsvarleg å gå vidare med skjenegangen. Ei tid har det vore vurdert å rehabilitera underbygget og arbeidet tek til innan kort tid. Måndag var det synfaring til underbygget for å vurdera kva som skal gjerast. Underbygget er kring 5 meter langt. Først må det drenerast noko vatn. I gruvegangen ha VfG lagra stolpar som skal brukast til arbeidet.


Elles måndag held Thor Hauglid fram med vedarbeidet, Wilfred Sætre panelte togvogna, ei langside og ei kortside er ferdig panelt. I Heishuset held Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin fram sluttarbeide med å senka varmeomnane.

Torbjørn Marthinsen ser kor dårlege stendarane som held dragaren, er. Det er særleg stendarane som må nye. I framgrunnen ein dragar som er falle ned då stendaren svikta.

I framgrunnen held Ivar J. Helleland målebandet medan Torbjørn Marthinsen til høgre les av kor mange meter underbygget er. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 07. januar 2019

Godt nytt år til alle. Då e’da på’an igjen. Det vart full fart frå første stund. Arbeidet med å byggja om personvognene for toget er byrja. Då det på dei «nye» vognene vert flatt tak og høgare på sidene enn dei «gamle», vart det teke ei prøvekøyring inn i gruvegangen då det var mistanke om at det kunne verta trongt inn mot fjellet på venstre side. Det synte seg at eit stykke inne i gruvegangen, litt innanfor Høgåsen stasjon, vart det stogg. Opphenget som held det gamle luftrøyret kom i konflikt med taket. Ikkje så mykje, berre kring 5 cm. Dermed vert det litt endring i takrpofilen på vognenen. Fleire oppheng vidare innover var òg for nær skjenegangen. 


I Heishuset vert dei åtte varmeomnane senka for å få utnytta varmen på ein betre måte. Det har synt seg at omnane ha hengt for høgt i rommet til å vera effektive.


Thor Hauglid held fram med å kløyva ved.

Rune Marcussen til venstre og Knut Inge Øien Hovin monterer den siste av varmeomnane etter at wiren dei heng i, er senka til 3 meter ove golvet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Torbjørn Marthinsen måler kor mykje av opphenget til det gamle luftrøyret kjem inn på det nye taket på vogna.

Wilfred Sætre byrja å panela eine sida på vogna.

Share by: