Dugnader 2017

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå dugnadar hjå Venelaget for Gruo. Siste dugnad står øvst på sida

Måndag 18. desember 2017

Ikkje alle har teke seg heilt fri i tida før jul. Thor Hauglid har stått på med vedkløyving så godt som heile hausten. Måndag nådde han målet då siste kubben vart kløyvt. Det er vorte eit fjell av ved, det meste er lagt i sekk, men i den siste innspurten i kløyvinga er det ein stor haug som på nyåret skal i sekk. I arbeidet har han hatt mange hjelparar, særleg med å leggja i sekk, men pådrivaren i arbeidet har vore Thor.


To andre som heler ikkje har teke seg fri er Rune Marcussen og Knut Inge Øien Hovin. Deira oppgåve er renovering av kjøkenet i Heishuset. I ferietida kring jul og nyttår nytta dei måndagskvelden til å leggja fliser på golvet. Eit møysommeleg og nøye arbeid. Rune legg flisene medan Knut Inge kuttar etter mål frå leggjaren.

Knut Inge Øien Hovin kuttar fliser etter mål. Alle bileta foto Tor Resser ©

Siste kubben går i kløyvaren.

Ein god haug med kløvd ved som skal i sekk.

Rune Marcussen er fliseleggjaren.

Måndag 04. desember 2017

Dagarbeid med å få opp dei to taua som skal symbolisera kablane som heiste korgene i heissjakta, mellom Heishuset og Sjakttårnet. Tauet vart halt opp til hjula øvst i Sjakttårnet, tredd over hjula og hjula rulla tauet ned til bakken ved foten av tårnet. Derfrå vart tauet drege ned til Heishuset der kaus vart spleis på endane og kausen festa til bolt i veggen på Heishsuet, så høgt at dei ikkje kan nåast frå bakken. Eigentleg skulle det eine tauet vore lågare på veggen. Originalt var det ein kabel som gjekk på trommelen i Heishuest, over og under til kvar si korg. Tauet har om lag same dimensjon som originalkabelen.

Frå i dag vert det julefri for dei som ønskjer det. Full samling att vert det måndag 8. januar 2018.

Kausen vert festa i augebolten på veggen til Heishuset.

«Kablane» strekt mellom Heishuset og Sjakttårnet. Dei vil seinare verta strekte ordentleg opp. Alle bileta foto Tor Resser ©

Thor Hauglid har drege tauet opp til nedste hjulet i tårnet.

Tauet vart tredd over hjulet og rulla seg sjølv ned til bakken med litt hjelp frå handemakt.

Torbjørn Marthinsen dreg tauet til Heishuset medan Thor Hauglid slakkar etter.

Måndag 27. november 2017

På dagtid måndag vart det arbeidd på Børtveitsmio. Sven Lindseth støypte dørstokken.Gunnar Almås og Torbjørn Marthinsen heldt seg litt høgare og fekk på plass vindskiene for å få tett tak. På kveldstid var det vanlege arbeidet som har gått i fleire veker, kløyva ved og vidare arbeid med kjøkenet.

Sven Lindseth støyper dørstokken i Børtveitsmio.

Torbjørn Marthinsen til venstre og Gunnar Almås spikrar vindskiene. Bege bileta foto Tor Resser ©

Måndag 13. november 2017

Taket på Børtveitsmio vart tetta og baksida vart bordkledd der kledning mangla. Arbeidet vart gjort i dagslys då det er mørkt når den vanlege dugnaden byrjar. I kjøkenet vert stenadarne langs veggen reist. Og vedkløyvaren går sin vande gang, som han har gjort i mange veker. Endå er det fleire økter att, før allel kubbane er kløyvde. Men det går rette vegen.

Thor Hauglid har utretteleg køyrt vedkløyvaren veke etter veke, eit par timar kvar måndag kveld. Fotot Tor Resser ©

Måndag 06. november 2017

Arbeidet med å gjera ferdig Børtveitsmio held fram. Utvendes arbeid kan berre gjerast i dagslys, ei økt Wilfred Sætre tok i dag. I vanleg dugnadstid held vedkløyvinga fram, etter kvart minkar det på kubbane, men framleis ligg dei største att. I kjøkenet byrja så smått innreiinga med å leggja ramma for stendarane.

I Sjakttårnet vart det gjort førebuingar til «kablane» som skal strekkjast frå Heishuset over hjula i tårnet ned til korgene. Det vert ikkje nytta wire, som det var då heisen var i bruk, men 32mm 3-slått Manilla, om lag same dimensjon som på wire’en. Gjennom golva i tårnet er det skore opningar med foring av plastrøyr for ikkje å få slitasje på tauet.

Torbjørn Marthinsen sagar hòl for foringa tauet skal gå gjennom.

Foringa vert slått på plass. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 02. november 2017

Til neste år emnar NRK på ein ny programserie frå kringom i landet. Før endeleg start må programfolka øva seg og i den samanheng var eit programlag fleire stader på Stord denne veka, Kværner Stord, Høgskulen og biblioteket. Torsdag enda dei opp i Gruo hjå Venelaget for Gruo. Den raude tråen i denne sendinga, ho gjekk berre ut lokalt på NRK Hordaland nett, var bryllupstrendar. Då det har vore tre bryllup i Gruo, to av dei med vigslar i den store hallen i Høgåsen, såg NRK dette til å vera svært spektakulært, som det heiter.


Produksjone var ikkje av dei store, likevel tok det det meste av dagen å rigga seg til. Sendestart var klokka 2000 der Ivar J. hellenad tok programmleiar Charlotte Haarvik Sanden med på togtur inn i Høgåsen gruve og til den store hallen der vigslingane vart gjort ved dei to bryllupa. Elles var det inetvju med fleire tilreisande personar, melom andre ordførar Peder Sjo Slettebø frå Kvinnherad. Som kjemt skal ordførarane frå neste år kunna gjera borgalege vigslar. Programleiar Oddgeir Øystese hadde òg samtale med Marit Hildal Hauglid og Jørgen Bakke Skauge som gifta seg i Høgåsen i sommar.


Etter sending var NRK-folka svært oppglødde, det heile hadde gått fint og dei gav inntrykk av at dei godt kunne tenkja seg å koma attende å laga eit program som gjekk ut på riksnettet. Berre tida vil syna om det slår til.

Programleiar Oddgeir Øystese i samtale med ordførar Peder Sjo Slettebø.

Jørgen Bakke Skauge og Marith Hildal Hauglid gifta seg i Gruo i sommar og fortaled om deira oppleving. (Bilete er teke frå NRK-monitor)

Vel blåst. Alle aktørane i produkasjonen jublar etter sending. Alle bileta foto Tor Resser ©

Mykje utstyr og mange meter kabel skulle på plass før sending.

Rune Johannessen fekk æra av å opna programmet med å pensa inn på rett spor. (Biletet er teke frå NRK-monitor.)

Progammleiar Charlotte Haarvik Sanden i samtale med Ivar J Helleland i Høgåsen. Med kamera Arild Eskeland.

Studio var sett på vegen ved skjenegangen ned til lokstallen. Tre kamera var i aksjon.

Måndag 30. oktober 2017

Kjøkenet hadde prioritet i dag sjølv om lys i stollane og vedkløyving òg sto på programmet. Kjøkengolvet skulle rettast av. Fire karar st0 på med å blanda sjølvnivellerande avrettingsmasse og rulla det ut på golvet. Drillen som vispen var kopla til, var godt varm då siste bøta var ferdig blanda. Rune Marcussen, «kjøkensjef» for moderniseringa av kjøkenet, hadde leigt inn Harald Gjøsæther som kunnig på arbeidet. 

Massen vert tømt på golvet…….

…….og rulla ut med spesial(pigg)rulle. Alle bileta foto Tor Resser ©

Første steg på arbeidet med å reta av golvet var priming, Harald Gjøsæther med rulla.

Full fart i balding av massen, Harald Gjøsæther tømer sekken i bøtta medan Rune Marcussen køyrer vispen.

Måndag 23. oktober 2017

Kranbil var tinga for å løfta taket på Børtveirsmio. Då smio vart demontert vart taket skore i to langsetter. Det gjekk snøgt å løfta det på plass att. Litt lirking og dei to delen kom ned på stendarane. Dei to delene vart knept saman og forsvarleg festa med skruer.


I kjøkenet i Heishuset vart avløp justert og isopor og armering lagt før området som var hogge opp, vart støypt att.

Rune Marcussen kontrollerer at høgda på avløpet er rett.

Betongmørtel vert blanda.

Knut Inge Øien Hovin jamnar ut betongen.

Siste finpuss av betongen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Del to av taket svevar inn over smio.

Rune Johannessen styrer del to ned.

Wilfred Sætre festar taket med solide skruer.

Taket er på smio, arbeidet vidare vert å bordkle og gjera ferdig innvendes med esse, arbeidsbenk og anbolt, mellom anna.

Onsdag 18. oktober 2017

I strålande haustvêr vart den fjerde vegggen sett på plass på Børtveitsmio onsdag føremiddag. Vidare vart det murt vegg med betongblokker langs med og bak der essa skal byggjast. Taket på smio vert heist på seinare, venteleg måndag.

Essa kjem i dette hjørnet. Det skal leggjast to høgder med betongblokker opp til treveggen.

Sven Lindseth skjer til blokker til veggen langs med og bak essa. Alle bileta foto Tor Resser ©

Den fjerde sida er komen opp, vert støtta av Wilfred Sætre til venstre vidare Sven Lindseth og Ivar J. Helleland.

Ei lita justering av stenderen for å få veggen heilt på plass. Torbjørn Martinsen med saga, i bakgrunnen Ivar J. Helleland

Fire vegger utan tak, som kjem.

Måndag 16. oktober 2017

Endeleg, i dag byrja arbeidet med å reisa Børtveitsmio. Smio vart teken ned ved Børtveit kraftstajon for eit par år sidan. Det vart ein del «fram og attende » før løyve til å byggja ho oppatt i Gruo vart gjeve. I utgangspunktet skulle det vore søkt om å få riva ho. Alt dette er lagt bak. Måndag føremiddag stilt fire karar klare til å få smio opp att. Torbjørn Marthinsen hadde montert ei «spesialanording» på trucken til å løfta veggene med. Det fungerte veldig bra, til trucken sa takk for seg. Ville ikkje kopla inn korkje framover eller bakover. Traktor vart henta for å slepa vrangpeisen til lokstallen.


Då utstyret var vel demontert og siste svingen inn i stallen skulle gjerast, trykte Torbjørn på starten på trucken og motoren starta. -Kan henda han går òg, undrast han. Og sandeleg, han kopla inn. På med løftegearet att, og arbeidet heldt fram.


Tre vegger vart reist måndag og ramma festa til muren med ekspansjonsboltar. Veggene vart forsvarleg sikra for vind og vêr då mørkret byrja siga på og regne sa stopp for kvelden.


Planen er at den fjerde veggen vert montert onsdag. Veggen er i nokså dårleg stand slik at ein del av han må byggjast ny.

Wilfred Sætre med rygen til og Sven Lindseth styrer på plass langveggen med døropninga.

Wilfred Sætre forborer hòl i ramma ………..

…….. og Torbjørn Marthinsen bore hôl for ekspansjonsbolten i muren medan Rune Johannessen syg opp støvet med støvsugaren.

Så langt på skiftet måndag, tre vegger montert. Alle bileta foto Tor Resser ©

Trucken vert slept til lokstallen med Ivar J. Helleand ved rattet, Torbjørn Marthinsen køyrer traktoren

Vegg nr. to vert styrt på plass av Sven Lindseth nærast og Wilfred Sætre.

Litt justeringar måtte til etter lang tid lagring. Det ordna Torbjørn Marthinsen snøgt med motorsaga.

Stort beter i lodd kan ikkje veggen verta, slår Torbjørn Marthinsen fast.

Måndag 09. oktober 2017

Arbeidet med kjøkenet går framover, det vil seia vegger vert rivne, golvbelegg fjerna og golv justert. Vedkløyvinga held fram, det er vorte store mengder kubbar som skal kløvast til handterleg for å leggjast i sekk til tørk. Planen om å få ny «wire» mellom Heishuset og Sjakttårnet er klar og trasèen er rydda; eit par bjørketre måtte ned og nokre greiner på eit større tre.

Basardamene tok seg på tak og sorterte årene , men ny basar vert det ikkje før om eit års tid, om det går slik damene legg opp til.


Baklemmen til traktortilhengjaren har skarnta i årevis. Måndag vart ny lemm ferdig og montert. Den gamle bordgangen var aldeles «gåen», men beslaga var gode og vart nytta om att på den nye lemmen.

To av basardamene til venelaget, Britt Furre til venstre og Jorunn Skaret Vedå sorterer årer til «den store gullmedalje» . Tredje basardama, Ingvild Skaret Sortland, var ikkje komen då biletet vart teke.

Wifred Sætre festar eitt av hengslebeslaga på den nye baklemmen på tilhengjaren. Fredrik Bjørnberg følgjer med. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 02. oktober 2017

Litt av kvart å hengja fingrane i. Trass dårleg vèr med regn, vart det gjort ein del utearbeid. Eit par karar reinska skjenegangen frå porten til tårnet og ut mot pensen.


Plankane, som ligg i skjenegangen der den nye asfalten byrjar/sluttar, måtte leggjast like breie som asfalten og vart skøytt kring halvannan meter.


Arbeidet med å slå hòl i murveggen på kjøkenet for ny dør vart avslutta og stein køyrt ut. Småstein og støv vart støvsugt og riving av vegger byrja. På bakveggen var trevirket nede ved golvet øydelagt av fukt som hadde trengt inn frå utsida. Der må drenerast noko for å halda vatnet borte. Sjølve arbeidet med restureringa av kjøkenet går elles etter planen. Ei utfordring vert å få orden på golvet då det syner seg av det er to nivå på våt- og tørrdelen av romma.

Knut Inge Øien Hovin i arbeid med støvsugaren, i bakgrunnen Rune Marcussen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Keneth Johansen, nærast, og Rune Johannessen reinskar skjenegangen.

Torbjørn Marthinsen lengjer plankelaget i skjenegangen ved den nye asfalten.

Måndag 25. september 2017

Full guffe på dugnaden i dag på fleire område. Ute var det opprydding av dei fellte grantrea. Alle kubbane vart samla til kløyving ved skuret ved lokstallen. Eit tungt arbeid som kravde sin mann, for ikkje sei tre sterke karar som køyrde trillebåre Sven Lindseth,og sekkehjul Thor Hauglid og Gunnar Almås.

I Heishuset røynde Rune Marcussen seg ut på del av veggen i kjøkenet der det skal lagast ny dør. Først med å laga splitt i veggen så på «an med slegge for å slå ned mursteinen. Tungt og støvet arbeid. Det allar meste av veggen fekk han slått ned. Komande måndag, når støvet hat lagt seg, skal steinen køyrast ut.


I stoll Høgåsen har lysanlegget vore ustabilt då fukt treng inn i koplingsboksane. Koplingsboksane i stoll Sadalen vart skifta ut med tette boksar for fukt i teid attende, lysanlegget har vore stabilt sidan. Måndag byrja elektrikar SveinEgil Johannsen arbeidet med å montera nye koplingsboksar i stoll Høgåsen og held dermed fram arbeidet har utførte i stoll Sadalen. Venelaget ser med glede fram til arbeidet er ferdig, det er mange boksar, alt kan ikkje gjerast på ein kveld.

Rune Marcussen knuser veggen med slegge.

Svein Egil Johannsen er fagmannen som monterer nye fukttette koplingsboksar. Rune Johannesnen til venstre Ivar J. Helleland følgjer ivrig med. Alle bileta foto Tor Resser ©

Måndag 11. september 2017

Dugnaden i dag var «den store flisedagen». Me hadde leigt fliskuttar for å få flist opp mest mogeleg av buskar, kratt og greiner som var skore ned i skråninga mot Sjakttårnet og stigen til tårnet. Fem seks menn byrja arbeidet tidleg føremiddag og heldt på meir eller mindre samanhengande til kvelden. Då var det meste gjort. Att å flisa er greinene frå grantera som er tekne ned. I tillegg til at det siste av dei store granrtera, som vart teke ned sist måndag, skal skjerast opp til ved.


I Heishuset vart «våtdelen» av kjøkenet rydda for å gjera klart til å laga ny døropning i mursteinsveggen.

Store dimensjonar på den siste store grana som vart teken ned sist måndag, syner Thor Hauglid. Alle bileta foto Tor Resser.

Fliskuttaren fekk retteleg køyrt seg måndag. Her er det Kim Amlien som matar.

Langs stien opp mot Sjakttårnet vart det òg rydda.

Måndag 04. september 2017

Ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko, vert det sagt. Måndag var ein stor dag for Venelaget for Gruo. Vegen frå motorsykkelklubben til skinnegangen, som kryssar vegen før stigerkontoret, vart asfaltert. Langt over to år har venelaget venta på asfalten. Og det var ikkje kva asfalt som helst som vart lagt. Det hadde seg nemleg slik at asfaltverket på Karmøy skulle levera ei båtlast av typen motorvegasfalt til E39 ved Kristiansand. Leveringa vart avbestilt dagen før, utan at folket på asfaltverket fekk melding og asfalten vart produsert. Difor vart m.a. venelaget tilgodesett med den kraftige og slitesterke asfalten utan auka kostnader for venelaget. Ei lise å sleppe den hôlete vegen i framtida.


Det skjedde mykje meir på dugnaden måndag. Den siste av dei store granane opp mot sjakttårnet måtte i bakken. Treet var ikkje heilt viljug til å ta farvel med rota, men Torbjørn, som kan dette med trefelling, var likevel lurast og til sist låg tre flatt. Det kryssa gangvegen frå Gjerde, men greiner vart rydda slik at vegen vart open for ferdsle.


I Heishuset skal kjøkenet fornyast og oppgraderast. Arbeidet med å riva delar av ein vegg byrja. Når arbeidet er ferdig utpå seinhausten/vinteren er kjøkenet voret meir moderne og med betre plass.

Opnare og lysare då grana var nede.

Arbeidet med å oppgradera kjøkenet i Heishuset tok til måndag. M.a. skal delar av veggen til høgre fjernast. Alle bileta foto Tor Resser ©

Gjengen frå Lemminkäinen legg asfalten.

Glimrande med ny asfalt, kan Knut Inge Øien Hovin slå fast.

Slik var vegen.

Grana midt i biletet vart teken ned.

Måndag 21. august 2017

Hovudarbeidet i dag var å laggja attende skjenegangen, som kryssar vegen til Heishuset, som vart teke opp sist måndag. Sven Lindseth reingjorde skjenegangen for grus og sand, og lagt ned kring 5 cm høgare enn han låg. Årsaka for å heva skjenegangen, er asfalten som skal leggjast på vegen frå motorsykkelklubben Neverminde til skjenegangen.


Venelaget er så heldig å ha ein dugande anleggsarbeidar, Knut Inge Øien Hovin, som medlem. Han hadde fått låna liten gravemaskin og kompaktor hjå arbeidsgjevaren Engelsen Anlegg. Han grov, nivelrte og fann rette høgda på trasèen før skjenegangne vat lagt ned att. Til det var Richard Kvarven til god hjelp med lastebil med krane. Etter godt tre timar arbeid var sporet på plass att med grusing ferdig.


Venelaget for Gruo takkar Engelsen Anlegg for velviljen med utlån av utstyr til arbeidet.

Skjenegangen vert lagt ned i trasèen, til venstre Rune Marcussen, Knut Inge Øien Hovin styrer.

Laskene vart festa med boltar. Rune Marcussen skruer mutteren medan Knut Inge Øien Hovin hald mot på bolten. Alle bileta foto Tor Resser ©

Knut Inge Øien Hovin ryddar trasèen for skjenegangen.

Rune Marcussen køyrer kompaktoren.

Rett høgde slår Knut Inge Øien Hovin fast. Bak Richard Kvarven. Med kompaktoren Rune Marcussen. 

Måndag 14. august 2017

Det er ikkje alltid veret vert slik vermeldinga meiner det skal verta. Heller ikkje slik sist veke då planen var å få malt steinsiloen ved portalen til sjaktheisen på to dagar. Første strøket onsdag gjekk rimeleg bra, men seinare utetter veka vart det for vått. Først i dag, måndag, vart malinga endeleg ferdig. Karane som tok eit tak med malarrulle i liftkorga var Thor Hauglid, Rune Marcussen, Torbjørn Marthinsen og Rune Johannessen. Venelaget er glade for, og ikkje så lite stolte over, at arbeidet endeleg er fullført.


Det var stor aktivitet på anna hald måndag. Etter fleire års venting har venelaget endeleg fått lovnad om at firma skal koma å leggja asfalt på vegen frå motorsykkelklubben til skjenegangen som svingar ned til lokstallen. Skjenelengda i svingen vart fjerna, for å verta lagt ned att i rett høgde når asfalten er lagt. Voneleg kjem det svarte dekket i denne veka slik at den dårlege og hòlete vegen vert ordentleg, til glede for alle som vitjar venelaget.

Rune Marcussen løfter skjenegangen med trucken. Til venstre Torbjørn Marthinsen og lengst borte Gunnar Almås.

Thor Hauglid med kløyvaren og Ivar J. Helleland som sekkeleggjar av veden hade høgt tempo i arbeidet. Alle bileta foto Tor Resser ©

Thor Hauglid i full rulle med første strøket onsdag.

Rune Johannessen er komen ned på bakken etter å ha rulla ferdig resten av siste strøket.

Slik såg det ut før malinga.

Måndag 07. august 2017

Sidan i fjor haust då Sjakttårnet vart pussa opp og malt, har planen vore at venelaget sjølv skulle mala siloen som står ved inngangen til sjaktstollen. No er arbeidet byrja. Lift er leigt for heile denne veka og måndag vart veggane på siloen høgtrykkspylt. Det var ikkje lite skit som hadde festa seg. 


Planen vidare utetter veka er at siloen vart malt onsdag og torsdag, vermeldinga seier at desse to dagane kan det verta opphald. Då får me vona at det held stikk. Arbeidet elles måndag var å rydda opp etter alle småtre og buskar som måtte fjernast for å koma til siloen. Det vart òg kløyvt ved.

Rune Johannessen spyler veggane på siloen. Foto Tor Resser ©

Måndag 31. juli 2017

Så er det på «an igjen. ferien er over for dei fleste, kvardagen byrjar, også for dugnadsgjengen. Rett nok var ikkje oppmøtet så allverda i dag, men likevel nok til at det vart ei god økt. På vegen (stien) opp til sjakttårnet, er det framleis mange kubbar att etter dei store grantrea som vart tekne ned i vinter. Noko er kløyvt og lagt i sekker, men brorparten står att å kløyva. Kløyvinga skal gjerast på planet ved skuten atmed lokstallen, difor vart resterande kubbar langs stien henta ned, to tilhengjarlass på traktoren vart lasta og køyrt. Endå er det att eit «lite» lass som vert teke ved eit seinare høve.

– Slik skal de kløyva store kubbar for å få dei mindre og meir handterlege, syner Torbjørn Marthinsen og høgg øksa i kanten på kubben, ikkje inne på flata. Rune Marcussen nærast og Sven Lindseth tek imot lærdomen.

To traktortilhengjarar med kubbar lasta Sven Lindseth, nærast, Torbjørn Marthinsen og Rune Marcussen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 26. juni 2017

Etter ein etter måten hektisk seinvår/tidlegsommar med ganske mange omvisingar dei siste par månadene, hadde dugnadsgjengen i Venelaget for Gruo siste dugnadskveld måndag 26. juni. Økta vart nytta til å grusa ein del av planet lengst borte frå Heishuset, området vert ofte nytta til parkering for gjester. Grusen har lenge stått lagra i store sekker.


Dei to Run’ane i VfG, Marcussen og Johannessen spylte røyr inn til og ut frå ein avløpskumme for skit, slam og grus. Kummen har utløp til Kiselvo sjølv om det ikkje er nokon røyrstuss i muren som syner kor, vatnet berre kjem ut mellom steinane i muren.


Kvelden vart avslutta med grillfest der basardamene sytte for grillmaten.


Den faste måndagsdugnaden tek pause fram til måndag 31. juli.


God sommar! til dykk alle og takk for følgjet dette halve året.

Basardamene Jorunn Skaret Vedå til venstre, Britt Furre og Ingvild Skaret Sortland serverte grillmat til dugnadsgjengen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Med trucken snudde Torbjørn Martinsen sekkene opp ned for å få gusen lett ut. Til høgre Sven Lindsteh.

Ivar J. Helleland, til venstre, Thor Hauglid og Sven Lindseth drog grusen ut.

Laurdag 10. juni 2017

Så har det skjedd endå ein gong på berre eit par veker, uvedkomande har teke seg inn i gruvegangane på Litlabø. Denne gongen er det porten inn til området undet Sjakttårnet som er utsett for hærverk. Ei sprosse i porten er bøygd og fjerna, dermed er det nok opning til at mindre personar kan smyga seg inn. Dei har først freista brekka ned stenge på toppen av porten utan at det lukkast. Innbrotet må ha skjedd natt til laurdag. Då folk frå Venelaget for Gruo kom om morgonen for å førebu omvising laurdag føremiddag, oppdaga dei innbrotet. Det var òg omvising fredag kveld, då var alt normalt.


Til alt hell har VfG ein særdeles kreativ leiar, Torbjørn Marthinsen, som «på strak arm» tenkte ut korleis porten skal sikrast. VfG hadde ein stålport som Marthinsen krympa litt i lengda og bygde litt høgare. Han arbeidde på spreng med å kutta med vinkelslipar og sveisa for å få det heile «sydd saman» og montert før ny omvising om ettemiddagen. Med hjelp av Ivar J. Helleland og Ansgar Vedå vart den nye porten hekta utanpå den gamle som ei mellombels løysing.


Innbrota vil verta melde til politiet.

Den nye proten heng på den gamle, som ei mellombels løysing. Alle bileta foto Tor Resser ©

I sprosse er bøygd og knekt og små personar kan ta seg inn i gruvegange

Torbjørn Marthinsen, med ryggen til, og Ivar J. Helleland gjer seg klare til å heisa den nye porten utanpå den gamle.

Tysdag 06. juni 2017

Rydde og oppgraderingsabeid i den store hallen i Høgåsen gruve. Bakgrunnen er at det seinare i sommar skal vera bryllaupsvigsle i hallen. Ein del dårlege pallar vart skifta ut med nye. Betre podium vart bygt om att. På gangvegen inn i hallen vart ny netting montert, slik at det vert tryggare å gå. Gangvegen vert tidvis glatt når han vert våt.


Litt lenger ute i gruvegangen, ved inngangne til dei to figurane som symboliserer arbeidarane, vart det lagt ny pallar i staden for dei som var utslitne. Knut Ekse «slåst» med truck’en som ikkje vil starta. Men i dag var det teikn til liv, utan at han heilt kan forklarar kvifor. I skuret vart det rydda, gamle bosspann vart kassert og pallar lagt ut klare til å ta imot veden som er lagt i sekker, til tørk.

Ivar J. Helleland til venstre og Thor Hauglid monterer nytt podium.

Torbjørn Marthinsen spikrar fast ny netting på gangvegen opp til hallen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 29. mai 2017

På nytt har uvedkomande teke seg inn i gruvegangane på Litlabø. Stengingane venelaget gjorde måndag for ei veke sidan under porten til Høgåsen, har fungert. Denne gongen hadde inntregjarane gått til åttak på sjølve porten. Metallstrips som held nettingen til portramma, var klipte av nede til venstre der det òg mangla ei sprosse. Dermed kunne nettingen bøyast så mykje ut at personar kunne ta seg inn.


Portramma er aluminium, gitteret er stål. Gitteret kunne difor ikkje sveisast fast til ramma. Rune Marcussen i samråd med Torbjørn Marthinsen meinte det enklaste ville vera å skrua ned porten og ta han på hengar til Apply Leirvik avd. Seilneset i Sagvåg. (Marcussen sin arbeidsplass når han ikkje er i Aslaksvikjo). På Seilneset vart porten m.a. forsterka i kvart hjørne, manglande sprosse vart sett på. Venelaget rettar ein hjarteleg takk til Arne Johannesen og Håvard Hansen på Seilneset for velvilje og hjelp.


Av anna arbeid måndag kan nemnast at brurevogna vart vaska og reingjort og sete montert for bryllaup seinare i sommar. Vedkøyvinga heldt fram.

Metallstrips som held gitteret til portramma, var klipt av .

Ny sprosse og hjørneforsteking på porten. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 22. mai 2017

Mykje tyder på at uvedkomande har, i alle høve heilt klart freista, å ta seg inn i stoll Høgåsen. Ein stein som har tetta eit hôl under porten i portalen til Høgåsen er teken bort og grus grove vekk. Tidlegare har det òg vore freista klippa hengelåsen til porten i portalen, utan at det lukkast.


Å ta seg inn i ein mørk gruvegang og i tillegg ikkje vera kjent, er svært farleg. Der er fleire opne synkar framande kan falla i med tragisk utfall. Måndag vart holet under proten tetta med,store steinar og grus vart lagt over i høgd med skjenegangen. Vona er at tiltaket skal hindra at uvedkomande freistar å ta seg inn i gruvegangane.

Hôlet er tetta, grusen går jamt med skjenegangen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Gjennom dette hôlet under porten i portalen til Høgåsen, kan nokon freista å ta seg inn i gruvegangen.

Knut Inge Øien Hovin gravsar grus ned på fyllinga. I bakgrunnen lokførar Rune Marcussen.

Måndag 08. mai 2017

Tysdag 2. mai var det synfaring i den hogne skogen som høyrer til Stordø Kisgruber sitt område i Høgåsen og derikring. Med på synfaringa var folk frå Stord kommune som er eigar av området, og Venelaget for Gruo som m.a. har merka fleire turløyper i området. Etter at skogen vart hoggen, mykje av årsaka var vandaliseringa orkanen Nina gjore for nokre år sidan med stort vindfall av tre, har det vore til dels vanskeleg å ta seg fram då terrenget vart «sundkøyrt» av tunge skogsmaskinar


Frå kommunen si side vart det lova at der det er turvande , skal turvegane vølast slik at det vert betre å ta seg fram. Også brua over Stordalselva (Fiskarelva) hadde dårleg gangdekke. Venelaget for Gruo ved leiar Torbjørn Marthinsen og Svein Jægrer Koppang meinet arbeidet med nytt dekke kunne VfG leggja, om kommunen heldt materialar.


Kommunen ved Ole Tufteland tok venelaget på ordet, alt tordag var materiala komne på plass og måndag gjekk venelaget «til åtak» på brua. Ikkje utan dramaitikk. Vegen fram er dårleg, somme stader smal og synte det seg, litt for smal for traktoren, ved eit myrhòl. Det enda med at bakhjulet på venstre sida sklei ned i myra og sette seg til slutt fast.


Men leiar Torbjørn er på ingen måte «tapt bak ein stol» Han strauk rett heim, henta ein jekk og freste opp den dårlege vegen med Land Roveren. Jekken vart festa kring ein granstubbe, andre enden i traktoren, med jekking og varsamt gasspådrag på traktoren, vart han lirka opp av gjørma. Traktor og hengar kom vel fram til elva. Det gamle gangdekket på brua vart fjerna i ein fart, spiker trekt ut og teke vare på.


På hengaren vart aggregat til sirkelsaga og to karar skar materialane i rette lenger medan tre karar bora gangdekket fast i berestolpane. På ein times tid eller så var det ny bru over Stordalselva (Fiskarelva).

Ivar J. Helleland i elva passar til gangborda medan Thor Hauglid på kne og Knut Inge Øien Hovin festar med skruar.

Ein glad dugnadsgjeng på ny bru, frå venstre Sven Lindseth, Rune Johannessen, Knut Inge Øien Hovin, Thor Hauglid og Ivar J. Helleland. Alle bileta foto Tor Resser ©

Traktoren sette seg fast i gjørmehòlet.

Rune Johannessen pumpar jekken medan Torbjørn Marthinsen gjev varsamt gasspådrag på traktoren.

Det gamle gangdekket på brua var skrøpeleg, mest farleg å gå på.

Rune Johannessen fører saga medan Sven Lindseth er handlangar.

Måndag 01. mai 2017

Venelaget for Gruo kan endå ein gong notera seg for ein vellukka open dag. Vêret var topp med strålande sol og nesten vårlege temperaturar, i alle høve eit stykke ut på dagen. Publikum rann til jamt og trutt. Kor mange som var innom området er vanskeleg å seia. Nytt i år var at tårnet vart opna for publikum. Dei fekk koma inn og opp mest til topps i puljer på 15-20 personar. Det var kø for å sleppa til.


Kring 260 personar verta guida opp i tårnet av Rune Marcussen.


Og så var det togkøyring inn i fjellet. Det har alltid vore populært og var det ikkje minst i år, 590 billettar vart løyste og lokkførararne Per Ivar Tautra og Knut Ekse køyrde tur på tur. Tre avsporingar sytte den bakerste vogna for, men det tykte dei som var med på desse turane berre var spanande og eksotisk.


Dei tre guidane for fotturar inn i fjellet og Sadalen gruve hadde med seg til saman 114 interesserte personar. Dei fekk vita mangt og mykje om og frå gruvene. Størst inntrykk gjorde nok den store hallen i Sadalen, men òg arbeidet VfG har lagt ned i dugnadstimar som ligg kring 50.000 til saman.


For borna var det ballkst mot bokspyramide.


Seniororkesteret kom i år som mange år tidlegare og gav konsert klokka 1200. Alltid kjekt å høyra på.


Museet i smio var ope, det same var arbeidarbustaden i parken.


Kafêen i Heishuset var som vanleg populær. Damene bak disken sto på og serverte alt dei makta; kaker, vaflar, saft, kaffi, pølser og is. Det vart selt mykje is på pinne. Mange nytta høvet til å sjå den store biletsamlinga venelaget har i Heishuset. Ein ekstra spiss på turen inn i Heishuset var at Børtveitaggregatet tusla og gjekk i det stille.

Seniororkesteret speltet og måtte av og til kjempa om lyden mot lokomotivet som køyrde framom. Men dei lot seg ikkje merka av det.

Frå museet i smio, her med omvisar Svein J. Koppang i blå kjeledress, som omvisar.

Full rulle i kafêen. Alle bileta fotot Tor Resser ©

Først opp så langt publikum fekk koma var Tristan og Solfrid Furre som her ser på den storslegne utsikten.

Stor interesse for «tårnklatring» i bratte og smale trapper.

590 passasjerar og tre avsporingar med toget inn i fjellet med Per Ivar Tautra til høgre og Knut Ekse som lokførarar..

Torbjørn Marthinsen til venstre, guidar ei gruppe i den store hallen i Sadalen gruve.

Måndag 24. april 2017

Frå dødsbuet etter Sjur Hjøllo har Venelaget for Gruo fått ein del gjenstandar og skrifter. Mellom anna ein hjelm med lykt og tilhøyrande batteriboks. Hjøllo var gift med Svanhild Valvatne dotter til verksmeister ved Stordø Kisgruber A/S, Einar Valvatne. Utstyret nytta nok Valvatne når han var nede i gruva. Hjelm og batteriboks er av skotsk fabrikat. På batteriboksen står:


Edison Electric Cap lamp ModelK1-PMX. Batteriboksen kan festast til buksbeltet til arbeidaren. I hjelmen står årstalet 1954. Kva tid Stordø Kisgruber byrja med hjelm med lykt er uvisst, men truleg kring 1954. Slik sett er utstyret VfG har fått, eitt av dei første som vart teke i bruk ved Stordø Kisgruber.


Svein J. Koppang har lese bedriftsbladet Stordøkis frå 1953 der han har funne bilete av gruvearbeidar med karbidlykt og huve. Året etter vart det sett ned eit sikringsutval ved gruva. M.a. skulle utvalet koma med retningsliner for tiltak som skulle redusera faren for ulukker og skadar. Men i bladet Stordøkis står det ikkje noko om at utvalet konkret peika på hjelm med batteriboks, eller andre konkrete tiltak.


Ansgar Vedå meiner å hugsa at stigerkontoret vart utvida i 1954 for å gje plass til lading av batteri.


Venelaget for Gruo takkar på det hjartelegste for gåva frå Sjur Hjøllo sitt dødsbu.

Hjelmen med batteriboks VfG har fått frå dødsbuet etter Sjur Hjøllo. Karbidlykta i midten var lyskjelda gruvearbeidaren ved Stordø Kisgruber nytta fram til kring 1954. Foto Tor Resser ©

Laurdag 22. april 2017

Knapt 30 modige kvinner og menn hadde funne vegen til Stordø Kisgruber laurdag kveld. Årsaka var filmframsyning av grøssarfilmen «Død Snø», norsk skrekkfilm frå 2009. Framsyninga var ein lekk i Stord Filmklubb sin skrekkfilmfestival. Tilskipar av framsyninga var forutan filmklubben, Stord Fotoklubb og Venelaget for Gruo som stilte med rom for framsyning og transport inn i gruvegangen med tog. Framsyninga var i den tidlegare ladestasjone for el-lokomotiv i Høgåsen gruve. Lokalet eigna seg godt til denne typen framsyning, det var andre gongen skrekkfilm vart synt her.


Filmen handlar om ein venegjeng som er på ein triveleg påsketur i fjelle, triveleg til dei møter nazizombiar. Då vert det ikkje så triveleg lenger……… meir grøss og gru.

Filmframsyninga var i den tidlegare ladestasjonen for el-lok i Høgåsen gruve.

Gjestene vart møtt av spøkelse med både lyd og lys i gruvegangen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Tysdag 18. april 2017

Grunna påske, 2. påskedag var måndag, heiv venelaget seg på dugnad tysdag i staden. Årsaka er at det berre ville vore ei dugnadsøkt til open dag 1. mai dersom ikkje tysdag vart teken i bruk. Greiner og kvist og kvast der det i vinter vart hogge langs Kiselva bak lokstallen vart rydda ferdig.


På planet vart gamle, utslitne pallar samla og klare til destruksjon. Anna vart òg samla og lagra. Lageret til klede, hjelmar, sko m.m.i Heishuset er rydda og systematisert av «basardamene».


Skjenegangen krev stadig ettersyn. Det vart drive varmretting av skjener ved den eine av sporvekslarane. Endane av skjenene ved ei laske vart heva kring 10 millimeter.


Venelaget for Gruo minner på ope hus i Gruo 1. mai frå kl 1000 til kl 1600. Velkomne. Togkøyring inn i fjellet, guida turar i gruvegangane, ballkast for borna, kafè i Heishuset, og gutane i «gamlekorpset» spelar i år som mage år før.

Richard Kvarven til venstre, Sven Lindseth og Gunnar Almås ned på bakken og ser at hjula går fint på skjenene gjennom sporvekslaren. Alle bileta foto Tor Resser ©

Thor Hauglid i full gang med brakasaksa ved rydding langs Kiselva.

Rune Marcussen varmar skjena for å retta opp i skøyten. Lenger bakover i biletet er det tydeleg å sjå at skjenegangen går litt «opp og ned».

Måndag 10. april 2017

I dag skal det verta skryt til Venelaget for Gruo. Det er ikkje kvar dag laget får så mykje skryt på ein gong som etter geocahingsamlinga i Gruo 1. april. Sjå om samlinga på Omvisingar.

Etter samlinga rann det inn på attendemeldingar på fjesboksida til Kim Amlien. BenteB skreiv m.a. «Takk for flott, innholdsrik og interessant event. Omvisingen i gruva var en opplevelse. Ekstra kjekt var det med en kunnskapsrik guide som også var flinkt til å formidle historien», skriv ho og kjem gjerne att. Team Bramo frå Bergen skreiv m.a. om gruvefilmen frå 1960 at det «var interessant å se hvordan driften av gruvene artet seg i etterkrigstiden, og ikke minst hvor levende samfunnet på Litlabø fremsto den gangen. (……) Deretter startet omvisnigen med et helt team av guider ledet av nesten 80 år gamle Ivar som selv hadde jobbet i anlegget. (…..) Tusen takk for et fantastisk event, kimamlien. Skulle gjerne gitt deg et dryss av favorittstjerner dersom det var mulig. Vi håper du kommer til å arrangere flere eventer i Gruo i fremtiden, for dette gav absolutt mersmak».


gebrei tykkjer «WOW for en plass og event.» han vedgår aldri å ha vore i gruo før og venta seg mykje, noko som vart innfridd til fulle. Fantastisk opplegg han vonar vert teke opp att ein gong. thomfre, saman med Heltinnen, skriv m.a. at» I tillegg til at det i seg selv faktisk er ganske kult å vandre rundt i gruvegangene, gjør historien fra de engasjerte og dyktige guidene det hele til en opplevelse. Dette er folk som brenner for gruva, og det merkes!». (thomfre har laga ein video du kan finna på YouTube med tittel Innn i berget det blå).


Oss to tykte turen inn i fjellet var ei fantastisk oppleving, inn i ei verd dei ikkje kunne forestilla seg mykkje takk vere ein entusiastisk ildsjel av ein omvisar som gjorde ein kjempejobb. «Tusen, tusen takk til Ivar og tusen takk også til resten av Gruo`s venelag for jobben de har utført på dugnad og for å få oss til å føle oss så velkomne og ivaretatt underveis», skriv Oss to.


Dette får vera nokk skryt til VfG og Kim denne gongen, sjølv om det var mange fleire som sende melding.


Gruvefilmen frå 1960 vekte åtgaum og vart synt før turen gjekk inn i fjellet. Foto Tor Resser ©

Måndag 03. april 2017

God dugnadsøkt i dag, og ei overrasking. Venelaget har i fleire år ønskt ein ordentleg støvsugar, helst av industritypen som òg syg vatn. Nokon hadde snakka saman, og i dag kom Rune Marcussen med ein flunkande ny Nilfisk Aero 26. Maskinen, utsalspris 2.600 kroner, var gjeve av byggjevarebutikken Montèr på Stord og Nilfisk i samarbeid. Venelaget takka på det hjartelegste.


I området mellom lokstallen og Kiselvo er det teke ned nokre tre, her rydda Thor Hauglid for greiner og kvist og kvast slik at gangvegen langs elva vert framkomeleg. Litt rydding står att. Rune Johannessen tok ei ny økt med vedkløyvaren. Det minkar stadig med kubbar som skal kløyvast og aukar med sekker klare til tørk.


Kring Sjakttårnet vart det rydda, både på plattinga på framsida, der pallar og anna etter tårnarbeidet vart køyrt bort, og på avsatsen over, på baksida. Dei gamle stigane opp mot trafokiosken, trappene til kiosken og til det som er att av det gamle heistårnet er rydda for mose.

Sven Lindseth byrja å pussa muren til Børtveitsmio forige måndag og avslutta arbeidet denne måndagen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Rune Marcussen prøver den nye støvsugaren Nilfisk Aero 26.

Rune Johannessen har hat fleire økter med vedkløyvaren og vil nok få fleire til før alle kubbane er kløvde.

Knut Ekse til venstre og Ivar J. Helleland ryddar bak Sjakttårnet.

Måndag 27. mars 2017

Full fart i dugnaden. Rune Johannessen kløyver grankubbar oppe ved Sjakttårnet. Støyping av ringmuren til Børtveitsmio gjek handlaust utan problem. Noko av førearbeidet var alt gjort og resten av blokkene vart fylt med støyp. Fire-fem blandemaskinsatsar måtte til før arbeidet var ferdig.


Ein annan gjeng byrja vedlikehald av skjenegangen som fleire stader har sige. Årsaka skal vera at svillene er lagt på jord i staden for på pukk som det berre er mellom svillene. Den alltid aktive kasseraren til VfG, Åsta Lorentsen, gjekk ihuga i gang med vårarbeidet, klypte visne buskar og småtre.


I kaffipausen vart opplegget til open dag 1. mai drøfta. Arbeidet med Børtveitsmio vart sett på vent til etter 1. mai, dei resterande dugnadsdagane til då, skal nyttast til å gjera klart til den opne dagen. Det vart mellom anna drøfta om Sjakttårnet skulle vera ope for publikum på open dag. Det var semje om at det ikkje er mogeleg då det vil krevja fleire vakter i tårnet enn det venelaget rår over denne dagen. Men det er fritt fram for publikum å gå opp til tårnet, området er ikkje avsperra i år slik det var i fjor.


Altså, hugs open dag 1. mai og ver velkomne.

Knut Inge Øien Hovin nærast og Ivar J. Helleland dyttar grus kring lause sviller.

Full fart i dugnadsarbeidet måndag. I framgrunnen med saks Åsta Lorentsen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Gunnar Almås tømer ein ny sats støyp i trillebåra til Sven Lindseth.

Wilfred Sætre til venstre og Gunnar Almås dyttar støyp i blokkene.

Ringmuren til Børttveitsmio er ferdig støypt.

Torsdag 16. mars 2017

Då arbeidet med Sjakttårnet fase 2, utvendes rehabilitering var sluttført, meinte VfG at det ville vera på sin plass å be inn dei som hadde vore med på arbeidet og dei som hadde gjeve økonomisk støtte, til ei samkome. Både for å sjå resultatet, og få ei omvising i gruvegangane. Mange av dei innbedne hadde ikkje vore inne i fjellet. Det drog litt ut med å få til samkoma, men torsdag samlast eit godt trettitals personar i Heishuset. I god blanding av gjester og dugnadsgjengen frå VfG.

Leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, ønskte velkomen før leiar av arbeidet fase 2, Rune Mracussen, orienterte og synte video frå arbeidet. Turen inn i fjellet tok leiaren av VfG seg av og fortalde om verksemda då gruvene vart drivne. Attende i Heishuset vart det servert betasuppe, kaffi og kvit dame. Det vart òg synt film om gruvedrifta på 1960-talet og «skrytefilm» om kva VfG har gjort i gruvene.


Gjestene var imponert over kva dei hadde sett og høyrt. Ordførar Harry Herstad tykte det hadde vore særdeles kjekk omvising og uttrykte det i ord og med å gje ein bukett blomar til VfG ved leiaren.

Frå omvisinga inne i fjelet, her frå den store hallen i Sadalen gruve.

Takk og godord frå ordførar Harry Herstad og blomar til VfG tekne imot av leiar Thorbjørn Marthinsen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 13. mars 2017

Plata til Børtveitsmio vart støypt i dag. Betongbilen svinga inn kloka 1200, tromla ut 1,3 kub.m. betong og på mindre enn 20 minuttar var plata ferdig. Det regna godt, men det skal jo vera bra i herdeprosessen. Mengda som vart levert var nøyaktig nok, ikkje meir overskot enn det som måtte til for å få ei jamn rett overflate.


På dugnaden om kvelden heiv Kenneth Johansen og Gunnar Almås seg på vegvedlikehald. Dei byrja eit bort imot håplaust arbeid med å fylla hòla i vegen framom motorsykkelklubben. Hòla er vortne som små innsjøar. Det har i lengre tid vore tale om å leggja asfalt på vegen bort til skinnegangen mot togstallen. Leiar i VfG TorbjørnMarthinsen har vor i samtale med vegmynde i Stord kommune og Lemminkäinen som skal leggja asfalten. Det kan skje kring førstkomande månadsskifte. Me gler oss.


I Sjakttårnet vart det rydda i dei tre øvste avsatsane. Der er det vorte rimeleg presentabelt.

Wilfred Sætre til venstre og Sven Lindseth jamnar flata. I bakgrunnen Torbjørn Marthinsen.

Kenneth Johansen til venstre og Gunnar Almås hadde bort imot eit håplaust arbeid med å fylla grus i alle veghòla. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 06. mars 2017

Arbeidet med å reisa Børtveitsmio att, byrja så smått i dag. Første steget på vegen var å få lagt ramma der plata skal støypast. Sven Lindseth, Wilfred Sætre og Gunnar Almås var dei utførande arbeidarane. Ramma vart lagt i vater og alle vinklar vart rette etter litt finjustering her og der. Til slutt stemte måla på centimeteren.


Skogsarbeidet med den store grana haldt fram. Torbjørn Marthinsen styrde motorsaga gjennom det tjukkaste nedre delen av stamma. Rune Johannessen og Knut Ekse kløyvde kubbar til den store gullmedaljen. Då mørkret kom var 11 sekker med gran kløyvt, og ein sekk med bjørk, som Torbjørn Martinsen kløyvde med øks.


Laurdag 4. mars var Heishuset leigt ut til 40-års dag. 42 gjester var bedne til festen som etter gjesteboka hadde ei fin feststund.

Ramma til plata for Børtveitsmio er lagt og Gunnar Almås framme og Wilfred Sætre kontrollerer at måla stemmer. Bak til høgre Sven Lindseth. Bilete Tor Resser ©

Måndag 27. februar 2017

Dagane vert lengre, arbeid ute kan ta til med dagslys ein god time og så. Måndag vart det rydda på vegen frå Gjerde mot Sjakttårnet der dei to store grantrea vart lagt ned i vinter. Det har vore rydda ein sti i alt av greiner og kubbar. Men måndag vart vegen gjort rein for hinder. Att står å rydda stigen mellom vegen og stigerkontoret. Kubbane skal kløyvast og leggjast i sekk til tørk. Skatet skal flisast.


Måndag vart det avgjort at arbeidet med å reisa «Børtveitsmio» endelg kan ta til. Sven Lindseth, Gunnar Almås og Wilfred Sætre er ansvarshavande for arbeidet som tek til neste måndag. Etter trong kan dei henta inn fleire frå laget. Det vart òg vedteke at Gruo stasjon skal malast i same raudfarge som stigerkontoret. Arbeidet skal gjerast til våren/sommaren alt etter vèret.

Eit par av «gamlekarane», Gunnar Almås og Sven Lindseth til høgre, i arbeid med å rydda vegen og å samla kubbane. Bilete Tor Resser ©

Måndag 20. februar 2017

Kring 30 medlemer av Venelaget for Gruo møtte på årsmøtet i Heishuset måndag. Årsmeldinga i bilete og video vart synt med utfyllande kommentarar ved Ivar J. Helleland. Rekneskapen vart lagt fram ved rekneskapsførar Sigmund Lorentsen og kasserar Åsta Lorentsen, revidert av Svein Ottesen. Balansen syner ein eigenkapital pr 31.12. 2016 på 565.231 kroner og ei gjeld på 88.315 kroner. Største utgiftsposten i 2016 var oppgradering av Sjakttårnet på noko over 900.000 kroner.


Ved vala sa sitjande leiar, Torbjørn Marthinsen, seg viljug til å ta eitt år til. Leiaren vert valt for eitt år om gongen. Styret elles vert valt for to år, Åsta Lorentsen og Ivan Slaggerud sto ikkje på val i år. Richard Kvarven sto på val og vart attvald for to nye år. Wilgot Lorentsen sto på val men ønskte ikkje å halda fram to nye år. I hans sat vart valt Rune Marcussen.

På varaplassene til styret vart Ingebjørg Bosvik og Thor Hauglid valde for eitt år. Valnemnda Kim Amlien og Øystein Kyvik tok attval. Svein Ottesen held fram som revisor.

Etter årsmøtet var det kaffi og noko å bita i medan drøsen gjekk kring borda.


Her kjem eit fyldig referat frå årsmøtet ført i «pennen» av Svein J. Koppang:


ÅRSMØTE I VENELAGET FOR GRUO


Leiar Torbjørn Marthinsen ønskte dei 30 frammøtte velkomne til årsmøte i Heishuset på Litlabø måndag 20.02. 2017. Ivar Helleland vart vald til møteleiar og Svein J. Koppang vart vald til referent.


Årsmeldinga vart i år også vist i bilete flott laga av Tor Resser. Også i 2016 har tårnet vore prioritert. Rune Marcussen overtok leiinga av tårnprosjektet og har leia det på ein framifrå måte. Det er gjort eit imponerande arbeid der Venelaget har lagt ned mange dugnadstimar. Venelaget er og svært godt nøgd med arbeidet til Sunnhordland Sandblåsing og stillasfirma Dalto A/S. Heile Tårnet er no nymåla og tett og ser flott ut. Me har mange å takka for økonomisk støtte til dette arbeidet. Me har halde budsjettet og skal koma vel i hamn med arbeidet. Me har tre lokomotiv i drift og om lag 700 m lang jernbane. Smia frå Børtveit skal setjast opp i Smieparken ved Kiselvbrua. Dette arbeidet skal gjerast no til våren. Elles driv me med arbeid inne i gruvegangane, me arbeider med lokomotiva, me arbeider med biletsamlinga, og me gjer anna arbeid på området. FRP politikar Sigbjørn Framnes saman med bl.a. partikollega Helge Andre Njåstad og Laila Reiertsen frå Stortinget besøkte oss og viste stor interesse for arbeidet vårt.


Me set stor pris på at skular og barnehagar har oss fast på årsplanen sin og bruker oss flittig. Det same har no geologistudentane og lærarar ved Universitetet i Bergen. 1.mai har me vår årlege Open dag med mykje folk.

Venelaget har vel 150 medlemer, dei fleste av desse er passive medlemer som støttar laget med kontingent. Me tar gjerne mot fleire passive medlemer, og me tar svært gjerne imot aktive medlemer. Me er ein gjeng på ca. 15 – 20 menn og damer som gjer dugnad kvar måndag kveld.


Nokre driftige damer har laga basar for oss og fått inn pengar som me kan bruka til drift og vedlikehald. Det har blitt ein viktig og stor del av budsjettet vårt.

Sigmund Lorentsen og Åsta Lorentsen gjekk gjennom rekneskapen. Svein Ottesen har vore revisor.


Det nye styret ser slik ut: Leiar: Torbjørn Marthinsen Styremedlem: Åsta Lorentsen Styremedlem: Ivan Slaggerud Styremedlem: Richard Kvarven Myklebust Styremedlem: Rune Marcussen Varamedlem: Thor Hauglid Varamedlem: Ingebjørg Bosvik

Revisor: Svein Ottesen Valnemnd: Øystein Kyvik og Kim Amlien


Kvelden vart avslutta med kaffi, kaker og prat.

Svein Jæger Koppang – ref

Kring 30 medlemer av Venelaget for Gruo møtte til årsmøtet. Bilete Tor Resser ©

Måndag 06. februar 2017

Sven Lindseth heldt fram arbeidet frå sist måndag med å tetta hòlet i veggen i Sjakttårnet. Då området som skulle støypast i var etter måten stort, valde han å gjera arbeidet i to omgangar slik at grovarbeidet fekk herda før finpussinga kunne gjerast.


Ivar J. Helleland gjekk synfaring i gruvegangane for å sjå etter mogeleg nedfall av stein. Noko som vert gjort med jamne mellomrom og protokollført. Ved synfaringa denne gongen vart det funne noko nedfall i den store hallen i Sadalen og i den store hallen i Høgåsen. Ikkje så mykje, men litt meir enn vanleg.


Jim Fowler og Rune Johannessen monterte naudstopp for kokoverket på utsida av inngangsdøra til Heishuset. Skulle det byrja brenna i verket, kan det stoggast frå utsida av huset.


NB Hugs årsmøtet 20. februar klokka 1800 i Heisthuset.

Sven Lindseth kliner mørtel på området der hòlet i tårnveggen var.

Fast fjell, konstaterer Ivar J. Helleland når han kjenner i sprekken i fjellet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 30. januar 2017

Rimeleg god aktivitet på dugnaden i dag. I Sjakttårnet byrja arbeidet med å tetta eit hol i veggen på platået på baksida. Ei stålplate gjekk gennom veggen, då tårnet var i bruk var det ope her men vart murt att med lecastein då anlegget vart avvikla. Under stålplata var det opning og vatn rann inn i tårnet. Måndag vart ein del av stålplata kutta på utsida av veggen og trekt ut. Neste dugnad skal hòlet murast att.


Kokkoverket i Heishuset har surra og gått i mange år for å gje varme på kalde dagar. Men vedlikehald og reingjering har det vorte mindre av dei same åra. Måndag tok Rune Marcussen arbeidet med å reingjera verket, og det var ikkje så lite sot og skit han reinska ut.


I haust vart det montert motor til å trekkja Børtveitaggregatet rundt slik at publikum kan sjå korleis det fungerer. Litt justeringsarbeid sto att og Fredrik Bjørnberg og Knut Ekse sto for arbeidet.

Fredrik Bjørnberg til høgre og Knut Ekse gjer dei siste justeringane på motoren.

Store fingrar i små rom gjer det trong å arbeida. Alle bileta foto Tor Resser ©

Sven Lindseth deler stålplata på utsida av veggen.

Gunnar Almås trekk den avskorne delen ut på innsida av veggen.

Rune Marcussen plukka sund kokkoverket og gjorde det reint.

Tysdag 18. april 2017

Godt nytt år til dykk alle. Så er det «på «an igjen» med nytt år og nye oppgåver. For Venelaget for Gruo byrja året godt. Me fekk nemleg vitjing av Terje Dreyer. Med seg hadde han nivelleringkikkert med stativ. Kikkerten hadde han nytta då han arbeidde ved Stordø Kisgruber. Han fekk kikkerten med seg då han slutta.


Terje Dreyer er frå Troms og kom til Stordø Kisgruber i 1965 etter å ha vore tilsett ved ulike gruber kringom i landet, men som alle etter kvart vart lagt ned. Terje Dreyer er utdanna stiger men vart tilsett som verksmeister ved Stordø Kis. Han var tilsett ved gruvene til 1970 då dei vart endeleg nedlagt. Til då hadde det vore ei ørlita von om å få opna gruvene att. Sidan var han tilsett ved teknisk etat i Stord kommune.

Ved inspeksjon av gruvegangane måndag, vart det registrert høg vasstand i den gamle gruvegangen som i dag ligg kanpt to meter lågare enn nivået i dag. Dagens gruvegang til Sadalen gruve kryssar den gamle to stader med like mange bruer. Ved den første brua frå inngangen har det aldri vore synleg vatn så lenge VfG har drive på anlegget. Måndag sto vatnet tett opp under brua.


Noko har skjedd med dreneringa, det vart freista å staka opp dreneringsrøyret frå gruvegangen utan at det lukkast. Ved inngangen til den gamle gruvegangen vart det reinska for ein del steinar for å få betre utløpe. Vatn- og avlaupsavdelinag i kommunen skulle kontaktast for å gå inn i drensrøyret med kamera for å sjå kva som stengjer.

Sven Lindseth til høgre, Gunnar Almås og Thor Hauglid på»alle fire» reinskar for betre utløp frå den gamle gruvegangen. Alle bileta foto Tor Resser ©.

Terje Dreyer med nivelleringskikkerten han gav til venelaget.

Det har aldri stått vatn under denne brua så lenge VfG har drive i gruo.

Share by: