Dugnader 2015

av Tor Resser

På denne sida legg me ut informasjon og bilete frå dugnadar hjå Venelaget for Gruo. Siste dugnad står øvst på sida

Onsdag 16. desember 2015

I tre dagar arbeidde fire ivrige karar frå dugnadsgjengen til Venelaget for Gruo med å riva den gamle smio ved Børtveit kraftstasjon. Måndag vart det gjort førebuande arbeid til å riva. Vannbord vart fjerna, spiker og boltar vart delvis fjerna for å gjera klar til å ta av taket. Vurderinga var at det var enklast (?) å ta det i ein del.


Tysdag morgon byrja arbeidet med å løysa resten av spiker og anna som heldt taket på plass. Kasteblokk og wire frå Torbjørn Martinsen unike jekk vart montert. Dermed var det berre (!) å jekka i veg, og stogga når spiker og anna hengde seg fast eller kilte seg.


Arbeidet tok det meste av dagen, men til slutt kom taket på bakken der det vart delt i to med motorsag for å få det på tilhengjar. Like stor utfordring som å få taket ned, var det glatte føret. Vatnet på asfalten etter regnet måndag, fraus om natta og gjorde det ikkje så lite farleg å fota seg. Men ingen lårhalsar vart knekte.


Onsdag sto veggene for tur til å verta tekne ned. Etter kvart som boltane på ramma vart kuta,gjekk denne delen av arbeidet «som ein leik». Eit par timar og heile huset var pakka og stroppa, utan at ei einsate glasrute i vindauga vart knust, klart til å hentast av kranbil.


Ein lecavegg mot eit lager(dynamitt)skur var så dårleg at veggen vart velta inn i grunnmuren til smio. Lagerskuret (utan dynamitt) fekk venelaget og tek det med til Gruo.


Grunnmuren til smio er teikna og målt slik at ny mur kan byggjast i Gruo til å reisa smio på, litt etter kvart.

Taket i to delar plassert på hengaren.

Den fjerde veggen med vindauge vert teke varsamt ned. Med ryggen til Wilfred Sætre, til høgre Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland bak Marthinsen.

Tommelen opp fro velgjort arbeid, syner frå venstre Ivar J. Helleland, Torbjørn Marthinsen, Wilfred Sætre og Knut Ekse. Alle bileta foto Tor Resser ©

Taker er så smått losna frå resten av huset.

– Det heng på noko der, peikar Torbjørn Marthinsen, som òg styrer jekken som løfta taket. Til høgre Knut Ekse

Kasteblokk for å dra taket av. Mykje spiker å passa på.

Torbjørn Marthinsen spettar for å få taket over kanten på veggen.

Onsdag 09. desember 2015

Dugnadsgjengen i Venelaget for Gruo tok julefri måndag 7. desember. Men det er likevel fire karar som held på litt til. Årsaka er den gamle smia ved Børtveit kraftstasjon. For ei tid sidan fek VfG tilbod frå Sunnhordland Kraftlag om å overta smia med innhald. Det har lenge vore ønskt at bygningen på Litlabø som hysa smio då gruvene var i drift, kunne førast attende som smie. I dag er det Sunnhordland Museum som har utstilling frå gruvedrifta i den gamle smia, eit tiltak museet ønskjer å halda fram.


Med den bakgrunn takka VfG ja til å ta over smia på Børtveit. Smia ved Stordø Kisgruber var viktig i gruvedrifta, drivarane kravde kvasse bor i arbeidet i gruva. I utgangspunktet vart børtveitsmia bygt i samband med bygginga av kraftstasjonen på Børtveit frå kring 1919. Bygningen er teken vare på og restaurert. Onsdag vart smia tømt for «innbu» og utstyr. Neste steg vert å flytta huset til gruveområdet på Litlabø. Planen er å gjera arbeidet innan få dagar.

Essa er den viktigaste delen i ei smie. Essa i smia på Børtveit er i betong og må byggjast ny på Litlabø. Alle bileta foto Tor Resser ©

Smia på Børtveit skal flyttast til gruveområdet på Litlabø.

Fire ivrige karar på flyttesjau, frå venstre Wilfred Sætre, Torbjørn Marthinsen. Ivar J. Helleland og Knut Ekse

Måndag 23 november 2015

Venelaget for Gruo har fått melding frå Hordaland fylkeskommune om at laget har fått ei eingongsløyving frå 2015-budsjette på kroner 100.000,00. Midlane skal nyttast til vidare arbeid med rehabilitering av sjakttårnet. Løyvinga kjem frå kultur- og idrettsavdelinga/seksjon for kulturminnevern og museum.

I byrjinga av månaden hadde IFER, samanslutning av 15 energiselskap frå Lyse i sør til BKK i nord, samrådingsmøte på Stord. Teknisk tilskipar var SKL Marked og hadde lagt samlinga til Litlabø og leigt Heishuset av Venelaget for Gruo. Samlinga var så vellukka at administrerande direktør i SKL Marked, Svein Hvidevoll, har sendt melding attende til VfG med ei helsing der det m.a. heiter at «- me takkar for godt opphald , vertskap og omvising av flotte karar. Begeistringa er stor, og me har ein gjest som syner det med ei gåve».


Leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen med gåva, ein digital projektor. Foto Tor Resser ©

Tysdag 10. november 2015

I 2006 fekk Venelaget for Gruo det eldste aggregatet frå Børtveir kraftstasjon. Aggregatet står no på utstilling i Heishsuet hjå Venelaget for Gruo. For ei tid sidan fekk VfG eit album med fotografi hjå Anders Børtveit. Bileta syner arbeidet med bygginga av røyrgata og stasjonsbygningen på Børtveit i perioden 1919 til 1922 då aggregatet vart sett i drift. Albumet er unikt for VfG og laget har laga ei tavle med 10 bilete og tekst som syner arbeidet. Bileta er tekne av ingeniør Bonde som følgde arbeidet med bygginga av anlegget.


Tysdag var Anders Børtveit beden til å sjå tavla med bileta. Han fortel at det var Borghils Fresvik som åtte albumet. Ho ville i utgangspunktet ikkje gje det frå seg, men via omvegar fekk Børtveit til slutt hand om det. Då VfG hadde montert aggregatet i Gruo, tykte han at albumet høyrde til hjå venelaget og ville gjera aggregatet komplett.


Anders Børtveit (87) var maskinmeister på anlegget i mange år, til det vart lagt ned i 1992. Samstundes med at han ver i Heishuset, fortald han til Ivar J. Helleland korleis aggregatet fungert, prosedyrane for start og stopp av turbinen.

Anders Børtveit, nærast, og Ivar J. Helleland ved tavla med bileta frå anleggstida på Børtveit.

Anders Børtveit syner prosedyren når vatnet skal setjast på turbinen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 09. november 2015

Arbeidet med sjakttårnet er avslutta for vinteren. Status per i dag er at dei sju vindusrammene er montert. I seks av dei er det òg montert glasruter. I tillegg er den eine av to lufterister montert.


Gjennom fleire år har rennesteinen på eine sida i stollane meir eller mindre grodd til av slam og slye. Vatnet renn dermed tregare ut av gruvegangnane. Dei er bygt slik at det er fall mot utgangen slik at vatnet alltid renn ut av gruva. Måndag vart vassrenna i Sadalen gruve gjort rein. Tre menn gjekk laus med piasavakost og reinska opp, slik at det vart godt «trykk» på vatnet.

Dei sju vindusrammene er montert i sjakttårnet. I seks er det montert glasruter. Bilete syner fire av rammene.

Tre karar med piasavakost reinka opp i rennesteinen. Wilgot Lorentsen nærast, Thor Hauglid og Kim Amlien. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 23 november 2015

Stor dag for Venelaget for Gruo. Endå ein gong har Sparebank 1 Stiftinga Kvinnherad dryssa milde gåver over venelaget. Ikkje mindre enn 150.000 kroner tok leiar av laget, Torbjørn Martinsen imot frå Jorunn Nordtveit, med i styret for stiftinga. Saman med leiaren var kasserar i VfG Åsta Lorentsen og prosjektleiar for arbeidet med sjakttårnet, Øvind Koppang.- Midlane skal nemleg nyttast til fase 2 for tårnet, utvendes arbeid med særleg tanke på sikring av taket.


Gåva frå stiftinga til VfG er den femte i rekkja. Til saman har laget motteke ikkje mindre enn 475.000 kroner frå stiftinga til arbeidet i Gruo, fleire gonger direkte til sjakttårnet. Ved arbeidet i tårnet er det i fase 1, som går mot slutten, investert godt over ein mill. kroner. Til fase 2 er det rekna med at det må investerast kring 1,1 mill kroner. Så langt har VfG fått eller har tilsegn om kring ein halv mill. kroner.

Leiar av laget, Torbjørn Marthinsen, opplyste at laget har lagt ned kring 50.000 dugnadstimar i Gruo, så langt.

I tillegg til VfG fekk sju andre lag og organisasjonar på Stord milde gåver frå stiftinga. Største summen fekk aksjonen «Flygel på Stord» med 250.000 kroner.

– Tusen takk for den store gåva, seier kasserar i Venelaget for Gruo, Åsta Lorentsen med ein god klem til Jorunn Nordtveit som overrekte gåva. Bak Torbjørn Marthinsen og Øvind Koppang til høgre. Foto Tor Resser ©

Måndag 19. oktober 2015

Stord kommune skipa til aktivitetsdagar 19. og 20. oktober. Lag og organisasjonar vart invitert til å «syna seg fram» med kva dei driv med. Kring 30 hadde takka ja og stillte på stands i Kulturhuset, mellom dei Venelaget for Gruo. Laget hadde med bilete og ein film som syner kva arbeid laget har lagt ned i Gruo gjennom dei siste åra. Diverre svikta publikum, frammøtet var serdeles skralt. Stord kommune, som tilskipar, hadde ikkje lyst tiltaket i lokalavisa, hadde, etter det som vart fortalt, berre gått ut på fjesboka, for dei som har slik.

Nokre få såg «skrytefilmen» til Venelaget for Gruo. Foto Tor Resser ©

Måndag 28. september 2015

Noko spesielt nytt er det ikkje på dugnadsfronten, bortsett frå at Åstad Lorentsen dei siste to måndagane har gjort ein stor innsats med å rydja buskar og kratt i Kiselvparken. Dei to siste av personvognene på togsettet har fått stigbrett for betre inn- og utkomst. I sjakttårner held arbeidet fram med å setja inn vindusrammene og lima glasrutene fast i rammene. Eit arbeid som tek tid då det er 20 glasruter i kvar ramme.I stoll Sadalen er arbeidet med å få nye, vasstette koplingsboksar godt i gang. Ved arbeidsslutt måndag sto fire boksar att å skifta i Sadalen. Når det er gjort, førstkomande måndag, skal både Sadalen og Blå grotte ha fått stabilt lys. Då står Høgåsen att.


Ein dreneringskum for vatne frå mellom anna gangane under sjakttårnet var gått tett. Vatnet rann ikkje ut i Kiselva men ut på planet. Ressursar vart sette inn for å få opna røyret frå kumen til elva. Målet var å få inn ein slange i røyret og blåsa reint med luft frå den stoe kompressoren.Det var trøblet å få slangen inn i røyret, då vatnet i kumen var skite og sikt nær null. Men takk vere ei pumpe som har vore nytta i gangen inn til tårnet, vart kumen etter kvart tømt på ein augneblink. Slangen vart ført inn i røyret, luft sett på og etter kort tid var røyret reint for skit. Samstundes vart kumen spylt for lausmasse slik at røyret ikkje skal gå tett att med det første.

Røyret er opna, skitvatnet strøymer ut i Kiselva. Alle bileta foto Tor Resser ©

Tett utløpsrøyr frå kummen førte til at vatnet rann ut på planet.

Trøblet å finna utløpsrøyret i kummen, Rune Johannessen til venstre, Wilfrd Sætre delvis skult og Richard Kvarven Myklebust følgjer med når Torbjørn Marthinsen freistar få slangen i røyret.

Richard Kvarven Myklebust styrer pumpa nede i kumen, frå venstre føgjer Torbjørn Marthinsen, Rune Johannessen, Ivan Slaggerud, Wilfred Sætre og Rune Marcussen med på lensinga.

Måndag 14. september 2015

I februar månad fekk Venelaget for Gruo hjelp av elektrikar Svein Egil Johansen til å skifta ut kontaktboksar på lysanlegget. Over lengre tid har det vore problem med jordfeil grunna fukt i gruvegangane og dermed i boksane. Dei nye bokasane er vasstette, og vart montert i gruvegangen til den Blå Grotte. Her har det ikkje vore jordfeil etter at dei nye boksane vart montert. No er arbeidet byrja med å skifta alle dei andre kontaktboksane, først i Sadalen gruve. Vona er at arbeidet kan vera avslutta i månadsskiftet oktober/november.


Måndag vart arbeidet med å mala grunnmuren på Heishuset ferdig, med retteleg godt resultat.


Tidlegare i år fekk VfG ei gamal brannpumpe hjå Apply Leirivk. Sprøyta er maken til ei Stordø Kisgruber kjøpte i 1958. Pumpa VfG fekk er årgang 1956 type API 900 med luftkjølt 28 hk folkevogn(VW) motor. På full guffe, 3000 omdr., leverer pumpa 900 l vatn i minuttet med 9 kg trykk pr. cm2. Pumpa har vore gjennom omfattande overhaling, og vart prøvekøyrt måndag.


Denne veka skal arbeidet med å fjerna all nedblesen skog i Høåsen ta til. Stormen Nina la ned «ein bråte» med tre over synkane i Høgåsen og øydela gjerde og stolpar. Omfattande sikringsarbeid må til så snart skogen er fjerna. VfG er oppmoda om å ikkje gå inn i dei opne hallane så lenge arbeidet med fjerning av sogen held på. Tre kan falla ned i synkane.

Omfattande skader på sikringsgjerde kring synkane i Høgåsen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Svein Egil Johansen er på ny i arbeid med å skifta ut kontaktboksane for lysanlegget.

Ansgar Vedå malte grunnmuren på Heishuset.

Full guffe på brannpumpa, frå venstre Richard Kvarven Myklebus, Rune Marcussen, Knut Ekse og Wilgot Lorentsen.

Måndag 31. august 2015

Endå ein gong, for tredje, har det vore freistnad på innbrot i gruvegangane hjå Venelaget for Gruo. Innbrytarane har freista klippa over både kjetting og hengelås ved porten til under tårnet. Ved porten til portalen til Høgåsen gruve er det kjettingen dei har freista klippa, utan resultat.


Arbeidet med vindauga i sjakttårnet går bra framover. Fem av sju vindusrammer er montert og i ei av rammene, midt på tårnet i front, er alle glasrutene sette inn. Rutene i det øvste vindauga er over halvdelen montert.


For å letta tilkomsten til passasjervognene er arbeidet i gang med å montera stigtrinn. Den gule vogna er først ut. Vona er at det vert lettare å «trokla» seg inn i vogna.


Heishuset skal få seg ein oppskinnar på grunnmuren. Før muren vert malt vart han høgtrykkspylt. Planen er at muren vert malt komande måndag, om veret tillet.

Ivar J. Helleland høgtrykkspylte grunnmure på Heishuset. Alle biletea foto Tor Resser ©

Kjettingen på porten til portalen til Høgåsen Gruve helt for tanga.

Rune Marcussen sliper reint det nye trinnet på vogna.

Søndag 23. august 2015

Dugnadsgjengen i Venelaget for Gruo saman med ektefellelr /sambuarar (28 personar) var på tur til Vigsnes Gruber på Karmøy sundag. Stord Turbuss var leigt inn for transporten med Harald Stautland som sjåfør. Ved Vigsnes Grubemuseum vart gjengen teken imot av Egil Vihovde som fortalde om gruvene. Vigsnes Gruber vann ut kopar og vart drivne i to periodar frå 1865 til 1972 då gruvene vart lagt ned.


Koparverket var i si tid ein stor arbeidsplass med kring 800 tilsette på det meste. Kring gruveanlegget vart det ein by på opp mot 3000 personar. Gruva gjekk ned til 730 meter, heisen var todelt, ned til 430 m og ei vidare ned til botnen. I dag er gruva vassfyllt.


Turen for venelaget var å sjå og få nye inntrykk. På den mueseale delen er Vigsnes Gruber langt føre Venelaget for Gruo sitt anlegg på Litlabø. Det var teke vare på mange av maskinane og utstyret då drifta vart lagt ned. I motsetnad til hjå Stordø Kisgruber der så godt som alt vart sanert, selt som skrap eller sett under vatn. Men Vigsnes har ikkje gruvegangar, jernbane og tog. Venelaget fekk fleire idèar for vidare drift av anlegget på Litlabø.

Rune Marcussen til venstre og Torbjørn Marthinsen gjorde stor augo då di fekk sjå ein nærast komplett verkstad frå den gongen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Egil Vihovde heilt til høgre fortel om Vigsnes Gruber til gjestene frå Venelaget for Gruo, kring modellen av anlegget.

Frå utstillingslokalet

Måndag 10. august 2015

Ferien er slutt, sommaren? er over og hausten så smått på innsteg. Venelaget for Gruo har teke opp att arbeidet kvar måndag ettermiddag/kveld. I dag var det aktivitetar på mange frontar. Golvet i Heishuset vart vaska. Brua frå parken over Kiselva har vore utan rekkverk på den eine sida ovar lang tid, utan at noko er gjort for å setja opp nytt rekkverk. VfG fann tida mogen til å gjera ein innsats for å sikra brua, om det i utgangspunktet ikkje er venelaget si sak. Det ligg til eigaren av gruveområdet, Stord kommune.


Sjakttårnet hadde ein aldri så liten merkedag måndag. Den første vindusramma vart sett inn. Til saman skal det monterast sju vindusrammer og to luifterister. Dei sistnemnde skal stå på nord- og vestsida av tårnet og vert ikkje synlege nede frå planet. I kvar av vindusrammene skal det setjast inn 20 glasruter, til saman 140 ruter, fortel prosjektleiar for arbeidet, Øyvind Koppang. Planen er at arbeidet skal vera ferdig i haust.

Den første vindusramma vert montert i sjakttårnet. Fredrik Bjørnberg til venstre og Øyvind Koppang til høgre sto for monteringa. Alle bileta foto Tor Resser ©

Ivar J. Helleland borar hol i brua til stolpane for rekkverket.

Torbjørn Marthinsen til venstre og Ivar J. Helleland legg siste hand på rekkverket på brua. Parken heilt til høgre i biletet.

Måndag 27. juli 2015

På ny har det vore innbrot hjå Venelaget for Gruo. Denne gongen inn til stoll Høgåsen. Leiar av laget, Torbjørn Marthinsen fortel at innbrotet må ha skjedd torsdag kveld eller natt til fredag i førre veke. Båe hemgelåsane til kjettingane som held porten til portalen ved inngangen til stollen, var klypte over. Han var i stollen torsdag, då var alt i orden. Då han kom att fredag, var porten open, og lyset i gangen var på. Den eine låsen åg på bakken, den andre hang i kjettingen.


– Det er farleg å ta seg inn i gruvegangane på eigahand. For ukjende er det fort gjort å gå seg vill. Vidare kan det vera livsfarleg dersom dei som tek seg inn fell i ein av synkane. Somme ev dei er ikkje sikra, då har du ikkje sjanse til å redda deg, seier Marthinsen. Han skjønar ikkje kvifor nokon har teke seg inn i stollen. Der er ikkje noko av verdi å stela.


Omvisingane VfG driv inne i fjellet, går ikkje til område som ikkje er sikra. Difor får ikkje nokon gå på eigahand, men må ha følgje. Måndag, i dag, var Marthinsen på ny ved porten til Høgåsen. Då oppdaga han at det var gjort freistnad på å klyppa den nye låsen, utan at det hadde lukast. Også på porten til gangen under sjakttårnet var det freista å klippa kjettingen, utan at det lukkast.


Tildraginga er meldt til politiet.

Dess to hengelåsane som låser porten ved portalen i Høgåsen, var klypte og ubedne har teke seg inn i gruvegangen.

Tydeleg merke etter saks på den nye hengelåsen på porten til Høgåsen, men stålet var for hardt denne gongen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 29. juni 2015

Som dei fleste etter kvart har skjøna, er det meste av arbeidskrafta hjå Venelaget for Gruo sett inn mot sjakttårnet. Forutan å få dei store vindusrammene opp i dei ulike nivåa i tårnet, vart det måndag òg laga opning i den store stålplata der det er montert dør på betongplatenivå, der grovknusaren stop. Opninga vert stengt med gitter for at ikkje uvedkomande skal ta seg inn i tårnet. Meininga med opninga er å gje best mogeleg luftsirkulasjon innvendes i tårnet. Dei mellombels treplatene som er montert i opningane til vindaugo, for å henidra vassinnsig ved regn, har synt seg effektive for å få luftsirkulasjon i tårnet. Det er lenge sidan det har vore så tørt som etter at platene vart montert.


Den store hallen i Sadalen gruve, nemnt som domkyrkja, er inn til vidare stengt for omvisingar. Årsaka er at det er falle ned noko mindre steinar. Hallen vert opna att når det er gjort fjellreinsk i området.


Venelaget for Gruo tek sommarferie frå dugnadsarbeidet i juli månad og startar opp att måndag 3. august. Som ei prøveordning i år, vil det vera personar frå venelaget i Heishuset kvar torsdag i juli månad for å gje informasjon til mogeleg interesserte frå kl. 1200 til kl.1800.


God sommar.

Rune Marcussen sveiser fast gitteret i opninga. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 22. juni 2015

Etter at Engelsen Entreprenør A/S i vår gjorde seg ferdig med det innvendes arbeidet i sjakttårnet, fase 1, har det vore stille i tårnet. No byrjar så smått arbeidet att, med fase 2. Det er i første omgang å få montert dei ni vindusrammene og deretter setja glas i rammene, eit arbeid som skal gå utetter hausten. Måndag vart stillasdeler borne inn og opp i tårnet, til dei to øvste nivåa. På det nest øvste nivået vart to stillas montert.


På det øvste nivået vart det noko meir utfordringar då rommet er trongt grunna det store wirehjulet og monteringa av det. Etter litt drøftinga fram og attende, vart det funne løysing også på den utfordringa. I staden for tremeter spir, skal det nytast einmeter nærast til veggen og vindauga. Stillaset vert montert komande måndag.

Richar Kvarven Myklebust monterer vange på det eine av dei to stillasa på nest øvste nivå i sjakttårnet.

Utfordrinag med å montera stillas på øvste nivå vert diskutert , frå venstre Richard Kvarven Myklebust, Jarle Lorentsen, Wilgoht Lorentsen, Rune Marcussen og prosjektleiar Øyvind Koppang. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 15. juni 2015

Ein liten merkedag for venelaget. Etter ein god del arbeid og tenkeverksemd, vart rasoverbygget på jernbanelina i Høgåsen endeleg ferdig sikra. Sporet er for lengst lagt 80 meter vidare innover gruvegangen frå rasoverbygget, men har ikkje vore nytta før sikringa var ferdig. Dermed vert togturen inn i fjellet monaleg lenger enn han har vore til no. Med tida skal det leggjast 36 meter spor til inn i Høgåsen. Det er ikkje avgjort kva tid det vert.


Dei nye vindusrammene til sjakttårnet er klare til å setjast inn. I kvar ramme vert ei glasrute montert i eiga ramme som kan opnast, for luftsirkulasjon. Knut Ekse har drive med tilpassing av dei små rammene og måndag vart den første montert.

Thor Hauglid trekk til den siste mutteren på bolten som sikrar den siste stolpen på rasovebygget. Boltar og mutrar er syrefast rustfritt stål, «og kjem til å stå til evig tid» som Torbjørn Marthinsen sa.

Putlearbeid å montera den litle ramma i den store. Men Knut Ekse til venstre og Fredrik Bjørnberg fiksar det òg, om det er små dimensjonar på skrue og muttar.  Båe bileta foto Tor Resser ©©

Måndag 01. juni 2015

Venelaget for Gruo har sikra seg brannsprøyte, ikkje av heilt ny dato, men heller ein veteran å rekna. Det var Rune Marcussen som kom over brannsprøyta på sin eigen arbeidsplass, Apply Leirvik, tidlegare Leirvik Sveis. Der hadde sprøyta stått ubrukt i årevis og var meir eller mindre klar for skraphaugen. Apply Leirvik gav sprøyta vedrelagsfritt til Venelaget.


I Stordø Kisgruber A/S sitt bedriftasblad nr 1 1958 har Torbjørn Marthinsen, den intest interesserte historikar som han er, funne artikkel om at Gruo kjøpte ny brannsprøyte det året. Eit samantreff eller ikkje, sprøyta Venelaghet fekk av Apply Leirivk er lik den Gruo kjøpte. Sprøyta er 1955-modell type API 900 og kosta med ein del utstyr, kr. 10.334,00 fritt levert Litlabø. Sprøyta har ein luftkjølt folkevogn(VW)motor på 28 hk. Ved 3000 omdreiingar levrte motoren 900 liter vatn i minuttet med eit trykk på 9 kg pr.cm2

Rune Marcussen med brannsprøyta Venelaget fekk av Apply Leirivik og i si tid vart kjøpt til Leirvik Sveis. Foto Tor Resser ©

Tysdag 26. mai 2015

Då måndagen denne veka «gjekk i vasken» grunna 2. pinsdag, vart dugnad i staden lagt til tysdagen. Loket Blåmann fekk seg ei ordentleg reingjering med avfetting og høgtrykkspylar. «Bademeister» var Richard Kvarven Myklebust.


Rammene til dei nye vindauga i sjakttårnet er komne til bruket. Før dei vert monert må det på kvar ramme monterast eitt av dei små vindaugo som kan opnast, for å få luftsirkulasjon i tårnet. Det arbeidet er så smått byrja.

I stoll Sadalen ved Stordøbenken har det vore ein del vassig. Tirsdag vart det lagt ned leidning under gangvegen for å drenera vatnet slik at det vert turrare for publikum.

Richard Kvarven Myklebust gav loket Blåmann ein ordentleg omgang med avfetting og høgtrykkspylar.

Leidningen er lagt ved Stordøbenken, i bakgrunnen, og grus vert lagt over. Med ryggen til Rune Marcussen og Torbjørn Marthinsen i bakgrunnen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 21. mai 2015

Kultur- og idrettsavdelina/kulturminnevern og museum i Hordaland fylkeskommune leigte Heishuset til møte i samband med arbeidet med kulturminneplanar i kommunane i Sunnhordland. Møtet varde heile dagen der det møtte 12 representantar frå fylket og kommunar. Etter ønskje frå fylkeskommunen orienterte leiaren i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen, møtet om Gruo og arbeidet venelaget har lagt ned for å syna ettertida om det som ein gong var.

Møtedeltakarane i Heishsuet i Gruo. Foto Tor Resser©

Måndag 18. mai 2015

Venelaget for Gruo har alt fått kommunal pris for godt tilgjenge. Rullestolar har fleire gonger vore inne i gruvegangane, både manuelle og eletriske. Måndag freista Olav Hellesfjord ein elektrisk scooter av typen Mini Crosser ofte nytta av rørslehemma. Denne hadde tre hjul, to bak og eitt framme. Sykkelen var lånt og Hellesfjord hadde ikkje køyrt ein slik tidlegare. Men det såg slettes ikkje slik ut. Mann og scooter «fòr som ein vind» gjennom gangane. Skjenen var heller ikkje til hinder innover i Høgåsen gruve.


Å køyra opp rampen til planet i den store hallen i Høgåsen var heller ikkje eit hinder.


Sadalen gruve er litt smalare enn Høgåsen med har ikkje skjener. Smalast er det inn til den blå grotte men klaringa var god både til fjellet og kulverten.

Vel inne i den blå grotte. Alle bileta foto Tor Resser©

Det var god plass til scooteren i Høgåsen gruve, her på veg inn i gruvegangen.

Køyra inn i og ut frå den store hallen i Høgåsen gjekk som ein leik. Her er Olav Hellesfjord på veg ut.

01. mai 2015

På ny ein vellukka open dag hjå Venelaget for Gruo. Dagen opna med at leiaren i laget, Torbjørn Marthinsen, køyrde i gong flysirena frå andre verdskrigen. Det sette nok ein støkk i livet hjå dei eldre som nok hugsar lyden godt. Tempen i lufta var låg dei første timane, men etter kvart som sola kom fram og nordavinden jaga skyene bort, vart det rettelg triveleg. Først i halv ellevetida byrja publikum å siga til. Parkeringsplassen vart sjølvsagt alt for lita. Ved Gruo stasjon vart det etter kvart køar med folk som ville køyra med tog inn i fjellet, og folk som ville på ein times omvising i gruvegangane. Til saman løyste 587 personar billettar, 252 på omvising, 335 på togtur inn i og ut av fjellet.


Hyggjeleg for VfG var det at Leif Sandberg viltja open dag for tredje gong. Han er son til Per C. Sandberg som først kom som overingeniør til Gruo tidleg på 1960-talet, og vart direktør etter at Ånen Bøe slutta. Sandbergfamilien drog frå Stord i 1965 då Per C. vart direktør for nefelingruvene på Stjernøya i Alta kommune. Då var Leif 9 år.


I Kafêen i heishuset var det fullt køyr, mest som sveitten ran av dei flittige damene bak disken. Omvising var det òg i Smio og arbeidarbustaden i parken. Seniororkesteret hadde i år teke plass utanfor Stigerkontoret og spreidde hyggjelege tonar til folket, stundevis i tevling med toget som køyrde framom.

Johannes Vetås var engasjert omvisar i arbeidarbustaden.

Seniororkesteret vart leia av Norvald Nilsen. Alle bileta foto Tor Resser ©

Togkøyring var som vanleg svært populært.

Hesteskyss var det også i år.

Leif Sandberg vitja open dag for tredje gong.

Trongt om plassen i kafêen i Heishuset.

27. april 2015

Overhalinga av loket Blåmann er ferdig. I dag rulla det ut på skinnene att. I heile vinter har Knut Ekse vore primus motor for overhalinga. Han har hatt hjelp og støtte frå andre i laget på ulike oppgåver. Primert har han teke seg av motoren, medan Rune Marcussen har teke seg av aksling og hjul. Dei to nemmnt, utan forkleinelse for dei andre som har vore med på arbeidet. Rune Johannessen var testkøyrar av loket på prøveturen, og var vel nøgd.


For betre tryggleik for lokkføraren når han køyrer med dei tre passasjervognene, er det montert «ryggekamera» på toget. Bak på bakarste vogn er det kamera, framme på framste vogn er det skjerm der lokføraren kan sjå skinnegangen på ein god måte når toget ryggar. Frå plassen på førarsetet ser ikkje føraren ordentleg over passasjervognene, om det kan vera noko som hindra på skinnegangen, born til dømes.


Ut over dette var det full aktivitet for å gjera klart til open dag 1. mai. I Heishuset vart golvet vasaka og bord sette ut og fekk lagt på dukar. I den nye parken, som får namnet Kiselvparken, vart det rydda og flisa resten av greiner, kvist og kvast. Rastebord er sette ut. Då er det berre å vona at veret vert så lagleg at publikum finn mon i å nytta parken og slappa av med ein god drøs.

Richard Kvarven Myklebust programerer skjermen lokføraren skal sjå biletet på medan Wilfred Sætre og Rune Johannessen følgjer spent med. Alle bileta foto Tor Resser ©

Knut Ekse har arbeidd med Blåmann i heile vinter, også med god hjelp frå andre i venelaget. Testkøyrar på prøveturen, Rune Johannessen, var nøgd med resultatet.

Leitar etter straumen til ryggekamera, frå venstre Rune Marcussen, Rune Johannessen og Wilfred Sætre.

20. april 2015

Ut frå mørkret og «gløymsla» til lyset og utstilling. Då venelaget fekk lokomotivet Bukken (det gule store av merke Levahn) av Sunnhordland Kraftlag i 2006, følgde det òg med ein lastekastar. Maskinen, driven av trykkluft, tek steinmassane i skuffa framom seg og kastar massen bak i vogna som heng på slep. Lastekastaren er maken til ein som i si tid vart nytta i gruvene på Litlabø. No er maskinen teken ut på planet utanfor lokstallen, sett på ei dreieskive som òg var vanleg i Gruo, m.a. er det ei liknande skive i gruvegangen Høgåsen utanfor ladestasjonen.


I lang tid har det lege ein stor haug med kvist og kvast og og anna skit ved vegen til parken og arbeidarbustaden. Måndag vart alt køyrt bort. Det var leigt minigravar til «litt av kvartgraving» på området, mellom anna fjerning av nemnde haug.


I tillegg vart gravaren nytta til å jamna ut eit lass med grus framføre Gruo stasjon. Ein kumm vart opna og reingjort slik at ei stikkrenne under vegen vart opna og spylt for drenering ut i Kiselsvo.

Thor Hauglid tek siste finpussen med gravse på den nye grusen framfor Gruo stasjon- Alle bileta foto Tor Resser ©

Lastekastaren er ute frå gøymsla og komen på utstilling i det fri, godt plassert på ei dreieskive ved sporet frå lokstallen.

Richard Kvarven Myklebust køyrde minigravaren og lasta traktortilhengaren.

17. april 2015

Ryddinga i den nye parken på andre sida av Kiselva er vorte intensivert. Måndag 13. april var det full dugnad i å flisa greiner og anna som ikkje vart nytta til ved, frå området. Sjølv med ein stor og effektiv flisar, vart ikkje alt «ete opp» . Flisaren må nok gjera ein ny innsats. Målet er at parken kan verta noko lunde presentabel til 1. mai. Det er alt kome to rastebord til området.


Fredag 17. mars stilte Olve Marvik med sin stubbefresar for å få bort alle stubane etter trea som er tekne ned. Dermed skal det ikkje verta «snublestubbar» når folk går inn i området. Ein effektiv måte å få bort alle stubbane. Marvik, som driv Marviken A/S, gjorde arbeidet gratis for Venelaget for Gruo.


Kva parken skal heita er ikkje avgjort. Har du framlegg til eit godt og fengjande namn, er du hjarteleg velkomen. Send framlegget til stiger@gruo.no. Der er ikkje premie å henta, men litt ære.

Fem i fullt arbeid med å flisa greiner og kvist og kvast frå parkområdet. Frå venstre Kim Amlien, Richard Kvarven Myklebust og Ivar J. Helleland. Bak, over brua, kjem Wilfred Sætre og Ivan Slaggerud med nytt tilfang.

Olve Marvik køyrde stubbefresaren med stødig hand så flisene fauk. Båe bileta foto Tor Resser ©

30. mars 2015

Dei to nye akslingane på den raude passasjervogna i togsettet vart ferdig montert måndag for ei veke sidan. Denne måndagen byrja arbeidet med å montera nye koplingar mellom vognene. Dei gamle koplingane var lite fleksible og fungerte ikkje godt nok i kurver og der skinnegangen var ujamn. Det nye er at kvar vogn får pullerar og feste med kjetting seg imellom. Dermed til vognene følgja kvar andre mykje betre i kurvane. Det heile skal vera ferdig før open dag 1. mai.


Heishuset vart klargjort innvendes for utlån 11. april. «Bakveggen» på biletgalleriet er ferdig og nye bilete vart sette inn. Mellom anna frå markeringa 1. mai 1996 då arbeidarmonumetet vart avduka. Fleir eldre personar som hadde arbeid i gruvene då dei vart i drift, er med på bileta. I dag er desse personane borte.


Området som skal verta park over den nye brua på andre sida av Kiselva, mot det kommunale industribygget, er rydda for det av tre og kratt som skulle bort.


Det er berre fire veker til 1. mai og open dag hå Venelaget for Gruo. Me har tronge for medhjelparar for å gje best mogeleg tilbod til publikum. Har du høve til å gje ei hand eller to ta kontakt med

Richard Kvarven Myklebust 926 82 452. Me kjem attende med program for dagen etter påske.

Slik vert den nye koplinga mellom passasjervogn og lokomotiv. Vognene får puller mot puller med kjetting som festeordning. Alle bileta foto Tor Resser ©

Dei gamle festa mellom vognene vert brent laus.

Rune Marcussen sveiser fast ein ny puller.

16. mars 2015

Aktiviteten var stor på dugnaden måndag.Ute vart det rydda skog på området der den nye brua går over Kiselva mot det kommunale industribygget. Planen er at området skal verta parkmessig, men først må det meste av krattskogen fjernast. Ein del tre, mest bjørk, vil stå att.


I Heishuset og delvis i lokstallen, vart tralla til å køyra dei runde borda i Heishuset under scenen når dei ikkje er i bruk, bygt ferdig. I kvart hjørne av tralla er det sveist på hjul som gjer at ho er lett å skuva inn under og trekka ut frå scenen. Ale dei ni runde borda får plass på tralla.


Arbeidet med å montera nye akslingar med hjul på den raude passasjervogna heldt fram måndag. Nye feste for oppheng av akslingane måtte sveisast på vogna etter at dei gamle opphenga var tekne av. Då dei «nye» hjula har mindre diameter enn dei gamle, måtte det nye berekningar til kor opphenge skulle plasserast slik at vogna får rett avstand til skinnegangen.


Arbeidet med å utvida biletgalleriet held fram i Heishuset. I lokstallen vert siste finpussen gjort på loket Blåmann før det vert sett ned på skjenen att og prøvekøyrt.


Ny kasserar i VfG er Åsta Lorentsen. Ho tek over etter Sigmund Lorentsen som ønskte å trekkja seg ut.

Rune Marcussen monterer den første akslingen med Torbjørn Marthinsen som medhjelpar, inne i vogna. Alle bileta foto Tor Resser ©

Ivar J. Helleland til høgre i bakgrunnen med motorsag og Kim Amlien rydda krattskogen på området mot det kommunale industrihuset.

Ivan Slaggerud til venstre og Wilgot Lorentsen bygde tralla og prøver at ho fungerer som planlagt.

09. mars 2015

Vegen lang veggen ved motorsykkelklubben har leneg vore dårleg, og den sist tida etter mykje regn, her vegen vorte verre enn nokon gong. Difor tok Venelaget for Gruo tak i problematikken måndag, tilgjenget til venelaget sitt område har mildt sagt vore elendig. Med traktor til å køyra grus, stilte to av karane i Vfg med grafse og rive for å jamna ut grusen traktoren køyrde til området. Vegen er vorten betre, utan dei store og djupe hola, så lenge det varer. Det vert arbeidd med å få fast dekke på vegen frå motorsykkelklubben til sporet ned til lokstallen. Vegen er kommunal, VfG har vore i kontakt med kommunen som, sjølvsagt, ikkje har midlar til fast dekke på dei kring 150 metrane. Venelaget arbeider vidare med å freista få ordna økonomien for å få fast dekke.


I Heishuset vert det arbeidd med å utvida biletgalleriet. I lokstallen er arbeidet byrja med å skifta nye akslingar med mindre hjul, på den raude personvogna.

Richard Kvarven Myklebust hentar grus med traktoren.

Thor Hauglid nærast og Rune Johannessen jamna ut grusen i hola. Båe bileta foto Tor Resser ©

23. februar 2015

Over tid har Venelaget for Gruo hatt problem med det elektriske anlegget i gruvegangane. Årsaka er jordfeil grunna fukt i kontaktane. Særleg i Sadalen og til den blå grotte har det stadig vore jordfeil. No har VfG fått hjelp av Svein Egil Johansen som ei prøveordnig, har skifta ut boksar med støpsel med tette koplingsboksar. Måndag vart ni nye boksar montert og tilsvarande gamle plukka ned.


Det kan vidare meldast at framakslingen på loket Blåmann er montert etter vølinga. Når bremser og drivkjede er montert er loket klart til prøvetur. I Heishuset er arbeidet med ny lagerplass til dei runde borda byrja. Dei skal på tralle inn under scenen ved Børtveitagregatet. Årsaka er at til no har bord som ikkje har vore i bruk, vore lagra bak biletgalleriet. Galleriet må utvidast og det skal gjerast på bakveggen til biletgalleriet.

Svein Egil Johansen monterer ein av dei tette koplingsboksane.

Koplingsboksen ferdig montert før loket vert sett på. Båe bileta foto Tor Resser ©

16. februar 2015

Årsmøte 2015


Måndag 16. februar vart det halde årsmøte i Venelaget for Gruo. 25 medlemer møtte der møtet vart leia av Ivar J. Helleland. Møtet vart avvikla roleg og snøgt. Ivar J. Helleland har site som leiar i så mange år at han ikkje sjølv hugsar kor mange, og hadde bede seg fri frå vervet. Derimot har Svein Jæger Koppang og Johannes Vetås god hått og fortel at Helleland har site som leiar i 12 år Valnemnda hadde innstilt på Torbjørn Marthinsen som ny leiar. Han vart valt med aklamasjon; det vart også resten av styret som i følgje vedtektene konstituerer seg sjølv.


ÅRSMØTE 16.02.2015

HEISHUSET

25 møtte

Opning ved leiar Ivar Helleland.

Saker:

1) Godkjenning av innkalling og dagsorden.

Ingen merknader.

2) Val av ordstyrar og referent.

Ivar Helleland vald til ordstyrar,

Svein J. Koppang vald til referent

3) Årsmeldig/Rapport om arbeidet i laget i ord og bilete.

Tor Resser sin DVD om arbeidet i laget året 2014 vart vist;

Ein DVD med flotte bilete frå dugnadsgjengen sin ulike gjeremål.

Årsmelding/»Året 2014i korte trekk « er sendt medlemene saman med innkalling til årsmøtet.

Pr. dato har dugnadsgjengen passert 40000 dugnadstimar,5009 timar i 2014!

Årsmeldinga samrøystes godkjent.

4) Årsrekneskap for 2014

Sigmund Lorentsen gjorde nærare greie for dei ulike postane.

Rekneskapen godkjend av revisor Helge Ottesen. Stor takk til revisor for hjelp og støtte.

Rekneskapen samrøystes godkjend av årsmøtet.


5)Val.

1) Vedtektsendring

Godkjent og vedteken.

2) Styret

Leiar: Torbjørn Marthinsen, ny, 1 år

Samrøystes vald.

Styremedlem: Sigmund Lorentsen; attval, 1 år

Styremedlem: Ivan Slaggerud, attval , 1 år

Styremedlem: Richard Kvarven Myklebust, ny, 2 år

Styremedlem: Wilgot Lorentsen, ny, 2 år

Samrøystes valde.

Varamedlem: Kim Amlien , ny, 1 år

Varamedlem: Ingebjørg Bosvik, ny, 1 år

Samrøystes valde.

3) Valnemnd

Svein J. Koppang

Ivar Helleland

Samrøystes valde.

4) Revisor

Svein Ottesen

Samrøys vald.


Stord,16.02.2015

Svein J. Koppang Ivar Helleland Sigmund Lorentsen Ivan Slaggerud

-referent-

25 medlemer i Venelaget for Gruo møtte til årsmøtet.

Påtroppande leiar i VfG Torbjørn Marthinsen, til høgre, takka Ivar J. Helleland for mange år som leiar i laget og overrekte blomar til Helleland.

Svein Jæger Koppang, til venstre, gav seg som skrivar og vart takka av Torbjørn Marthinsen.

Olav Hellesfjord, til høgre, gjekk ut av styret tidlegare og fekk blomar og takk frå Torbjørn Marthinsen, med ryggen til. Alle bileta foto Tor Resser ©

14. februar 2015

LivOGLyst i Gruo


Fredag og laurdag hadde nettverket for lokal utvikling, LivOGLyst, fylkeskonferanse på Stord. Med på konferansen var knapt 20 personar frå ulike stader i fylket, frå Hordaland fylkeskommune, Stord kommune og Venelaget for Gruo. Laurdag føremiddag var det sett av ein times tid til omvising i og informasjon om gruvene på Litlabø. Togturen gjekk inn i stoll Høgåsen og vandring ut, med Ivar J. Helleland som omvisar og forteljar. Som dei fleste som vitjar Venelaget for Gruo og får omvising på anlegget, var gjesten imponert over kva dei fekk sjå og høyra.


Frå Gruo gjekk turen til verven på Jensaneset der Sagvågen Kystlag tok imot.

Deltakarane på konferansen i storhallen i Høgåsen. Foto: Tor Resser ©

02. februar 2015

I dag monterte Rune Johannessen lyslist i monteren til arbeidarforeningen sine tidlegare faner. Dermed vil dei koma mykje betre til sin rett, slik du ser på biletet under.


I lokstallen held arbeidet fram med vedlikehald på loket Blåmann. For å bøta på kast i framakslingen er det sveist på og deretter er akslingen dreia til rett mål for akslingslageret .Dermed vart dreiebenken VfG fekk av Olav Leiv Ståløy på Radøy for ein del år attende, endeleg teken i bruk. Knut Ekse og Rune Marcussen sto for arbeidet med å få dreiebenken i gang. Aksling med hjul vart montert og Rune sto for arbeidet som gjekk svært bra. Dermed er voneleg endå ei årsak til avsporingar med loket falle bort.


Engelsen Entreprenør A/S er ferdig med arbeidet i sjakttårnet så langt.Brakker og utstyr vert tekne bort men området er framleis forbode å ta seg inn på då det er fåre for nedfall frå tårntaket. Det er òg sett opp gjerde på nedsida av tårnet, ved turstigen opp i Høgåsen. Men grunna stort vindfall i turstigen er det for tida ikkje mogeleg å ta seg fram.

Akslingen er ferdig dreia og lageret smett nett inn. Alle bileta foto Tor Resser ©

Lyslist montert.

Knut Ekse til høgre og Rune Marcussen har fått aksling med hjul i benken og gjer klar til dreiing.

Rune Marcussen sto for dreiinga.

19. januar 2015

Store øydeleggingar i Høgåsen


Uvêret Nina var serdeles hissig då ho fòr over Stord laurdag 10. januar. Hundrevis av kubikkmeter skog er lagde flate, særleg gjekk det ut over granskogen. I Høgåsen på Litlabø er fleire av dei inngjerda synkane til Gruvene vorte maltraktert til det ukjennande. Tre etter tre er lagde flate over gjerda og inn i synkane. Det vert eit formidabelt arbeid for Stord kommune, som er grunneigar i området, å få rydda opp. Truleg må det gjerast i samarbeid med Bergmeisteren som er ansvarleg for å sikra synkane. For tida er det vanskeleg å ta seg fram til dei verst råka synkane, men det kan vera opningar i gjerde. Det vert åtvara på det kraftigaste mot å ta seg inn bak gjerde. Det er livsfarleg å falla ned i ein synk.

Like nord for storsynken i Høgåsen er det nærast umogeleg å ta seg fram. Alle bileta foto Tor Resser ©

Ein gjerdestolpe på eit hjørne er broten ned .

Litt til venstre for midten av biletet kan me sjå eit gjerde som er brôte ned av tre.

Rotvelta grantre i kryss og krakje.

12. januar 2015

Då er me på han igjen i Venelaget for Gruo. Starten var måndag 5. januar, då var det berre å koma i gang. I dag vart det utført restarbeid i stoll Høgåsen med reinsking av jernbanesporet for sand som var for mykje etter grusinga. Seks menn i arbeid med spade, gravse og brett og river. Målet var å få fram toppen av svillene.


I lokstallen arbeider Knut Ekse og Torbjørn Marthinsen jamt og trutt vidare med loket Blåmann.


Frå Magne Hamre har VfG fått nokre gamle bilete frå Gruo, slik det ein gong var. Venelaget er svært takksam for velviljen frå Hamre og syner to av bileta.

VfG sin biletansvarlege Svein J. Koppang fortel at huset er det same som i dag står i parken i Gruo.

Fire menn i arbeid med å fjerna sand frå sporet i stoll Høgåsen. Nærast Kim Amlien og Olav Hellesfjord. Foto Tor Resser ©

Interiør frå vaskeriet.

Share by: