Dugnader 2012

av Tor Resser

På denne sida legg me ut informasjon og bilete frå dugnadar hjå Venelaget for Gruo. Siste dugnad står øvst på sida

Måndag 10. desember 2012

Venelaget for Gruo hadde sin site dugnadskveld i 2012 måndag 10. desember. Arbeidet var litt her og litt der. Kulden kom litt som julekvelden på kjerringa. Skålene på toalettet stod framleis med vatn, og var fròsne. Leiar Ivar ordna opp, mellom anna ved å ha i frostvæske, og stengja vatnet inn. I lokstallen vart ein god del kasserte materialar skorne opp til vedbrenne, forutan rydding. Torbjørn dreiv vøling av den siste og finaste av hestevognene.

Under kaffipausen vart det opplyst at Venelaget for Gruo hadde hatt 1301 registrerte personar på vitjing og/eller omvising i andre halvår i år. Når ein reknar med 1259 registrerte personar i første halvår, har altså ikkje mindre enn 2560 personar vore i Gruo i 2012! Det har med andre ord vore eit travelt år for dei aktive medlemene i Venelaget, og dei tek difor juleferie med godt samvit. Første møte i 2013 vert måndag 7. januar.


Venelaget for Gruo takkar alle som har synt interesse for laget og kva det driv med og ønskjer alle ei god jul og eit godt nytt år.

2560 personar har vore på omvising i Gruo i 2012. På biletet frå «katedralen» i Høgåsen med Olav Hellesfjord med gul hjelm, som omvisar. Foto Tor Resser ©

Måndag 03 desember 2012

Ryddinga i lokstallen har halde fram.

I Smio, som vert nytta til museum for Stordø Kisgruber av Sunnhordland Museum, har Øyvind Koppang over ein periode halde på å registrera alle teikningar frå teikningsarkivet til Stordø Kisgruber, det vera seg teikningar av bygningar og teikningar av soler med stollar. Ein god del av materialet er registrert, men no vert det gjort på ein meir moderne og lettare måte å finna fram i. Frå kommunen er det henta opp “ein bråte” teikningar som ikkje er registrert og som har lege i kommunalt arkiv i rådhuset på Leirvik. Kommunen skal innreia eige arkivrom for Stordø Kisgruber i rådhuset. Når det er ferdig, skal teikningsmaterialet attende dit. Smio skal deretter reinskast som ustillingslokale for Sunnhordland Museum og koma attende som smie. Utstyr har Venelaget for Gruo alt sikra seg.

I stollen i Høgåsen, hovudstollen for togkøyringa, vart det gjort storarbeid i dag. Seks lengder, til saman 36 meter jernbanespor vart lagt og laska saman. Lengdene var ferdigspikra på sviller for ei god tid attende, no berre køyrt inn og lagt på plass. Lastinga vart gjort med truck ved Smio, der lengdene hadde lege lagra. Framme på loket, arbeidshesten Blåmann, var det talje skinnelengda vart hengt opp i og andre enden av skinnelengda vart plassert på ein ekstra hjulgang framom loket. Loket kunne så skubba dei ferdig spikra skjenelengdene innover i stollen.

Vidare må det leggjast grus i det nye sporet. Det kan verta ei utfordring i det kalde veret, då grushaugen truleg er botnfrosen.

Justering av spora for lasking. Frå venstre Thor Hauglid, Endre Solheim og Ivar J Helleland. Alle bileta fotot Tor Resser ©

Øyvind Koppang registrerer teikninga frå Stordø Kisgruber.

Lokomotivet Blåmann skuvar den ferdig spikra skinnelengda til endes på det lagte sporet.

Den ferdige skinnelenga er klar til å legjast ned. Til venstre Endre Solheim, til høgre Thor Hauglid. I bakgrunnen Olav Hellesfjord som dirigerer stopp for lokomotivet.

Måndag 26. november 2012

Dei siste par dugnadskveldane har det aller meste av arbeidet gått føre seg i lokstallen. Der er det gjennomført ei generalopprydding, etter at Leirvikhuset vart hive ut sist sommar. Mangt og mykje av rot og rape er hive ut. Vognene som hestane nytta i Gruo, tok mykje plass på golvet, og dei fleste er no hengde opp langs veggen, og sleden er hengt i taket. Over lok og jernbanevogner er det lagt ordentleg golv, som ein etasje, mest som mesanin. Trappa frå Leirvikhuset vert nytta som tilkomst. Den nye etasjen skal nyttast som lager for ting og tang i tillegg til materialar.

Materialar og ting og tang vert lagra på den nye etasjen.Oppe frå venstre Olav Hellesfjord, Øystein Kyvik og Fredrik Bjørnberg. Nede Ivan Slaggerud og Endre Solheim. Alle bileta foto Tor Resser ©

Golv vert lagt i den nye etasjen i vognstallen. Øystein Kyvik til venstre Fredrik Bjørnberg til høgre.

Olav Hellesfjord sagar golvbord, Øystein Kyvik er hjelpesmann.

Fredrik Bjørnberg er stødig med saga.

Torsdag 08. november 2012

I kveld var det reinhekla rock i Heishuset på Litlabø. Den årvisse nynorske barnebokfestivalen Falturiltu hadde lånt huset til ein rockekonsert. Låtene stod to unge band for, Dum Dum 36 og Black Light. I tillegg til konserten var festivalforfattar Ragnar Hovland med og las nokre tekstar han hadde skrive, mellom anna «Bror i business» som Odd Nordstoga har sett melodi til. Hovland stod òg for utdelinga av prisen til beste Sunnhordlandslåten 2012. Prisen gjekk til stordabuen Runar B. Mæland for låta «Fuglane». Mæland er oppvoksen på Litlabø, og kjenner såleis godt til Gruo. Han framførde låta til eige gitarspel.

Ragnar Hovland les frå «Åleine i Alpane». Alle bileta foto Tor Resser ©

Dum Dum 36.

Runar B. Mæland.

Måndag 22. oktober 2012

Dei siste måndagane har dugnadsøktene mykje gått med til sikringsarbeid. Det er sett opp gjerde på murkanten ved inngangen til nivå to i tårnet. Det same er gjort på plata framfor tårnet. Der er det gamle plankegjerdet rive, då det var meir eller mindre kome til sjelsår og alder. Solide bøylar er sett ned og kledd med netting. Vintersdagen når temperaturen kryp ned under null, frys dryppvatnet i gangane og lagar istappar frå taket. Kan vera fint å sjå på, men hindrar ofte tilkomsten til stollane, særleg inn under tårnet. Stollen til området ved heissjakta er utsett. For å freista bøta på all isen er det hengt opp presenning på portane ved inngangen til stollane. Til stollen i Sadalen er det elles køyrt inn meir grus, slik at det vert reinare å gå på for publikum som er på omvising.

Ei av dei gamle torv-vognene som Venelaget for Gruo overtok frå Lommedalsbanen i 2008, vert demontert. Kassen vert teken av og går til skrap, medan understellet med hjul skal nyttast til å byggja ei ny vogn på.

Ivan Slaggerud festar netting til gjerdet på plata framom sjakttårnet.

Øystein Kyvik på traktoren og Magne Røssland køyrer grus inn i Sadalen.

Joar Lyngås til venstre og Wilfred Sætre tettar porten til tårnstollen.

Torbjørn Marthinsen til venstre og Ansgar Vedå demonterer torvvogn.

Svein Jæger Koppang steikar lappar til kaffiøkta.

Ivan Slaggerud sveisar bøylene til gjerda på oppsida av sjakttårnet.

Rune Johannessen til venstre og Wilfred Sætre heng opp pressening i eine stollopninga for å freista hindra isdanning.

Ivar J. Helleland ryddar gamalt trevirke ved sjakttårnet.

Torsdag 04. oktober 2012

Etter dei store tilskipingane tidlegare i haust, to brudlaup og ein open dag, med mykje ekstraarbeid og “overtid”, og elles mange omvisingar i september, er arbeidet så smått kome attende i normale folder. Mellom anna er det rydda ein del ikring togstallen. Skrapjern er samla og levert til attvinning. Til saman vart det levert ikring åtte tonn skrapstål av ulike sortar.

Arbeidet i sjakttårnet er ferdig, og i hovudstollen er arbeidet byrja med å leggja skjener vidare innover frå Høgåsen stasjon. Måndag 1. oktober vart det lagt tre skjenelengder, til saman 18 meter spor. Dermed er sporet kome om lag til tømmeroverbygget. Her skal ein del av tømmeret fjernast og nytt setjast opp.

Stålet vart henta av spesialbil med eigen grabb. Alle bileta foto Tor Resser ©

Skarpstål vert henta fram, frå venstre Olav Hellesfjord, Torbjørn Marthinsen, Ivan Slaggerud og Endre Solheim.

Åtte tonn skarpstål klar til levering.

Laurdag 15. september 2012

Open dag i regn:


Venelaget for Gruo bad folk inn til open dag 15. september. Tidlegare år har det vore fint vèr på dei opne dagane 1. mai og ein laurdag midt i september. Slik vart det ikkje på septemberdagen i år, grått og regnbyger. Det såg likevel ikkje ut til å leggja ein dempar på publikumstilstrøyminga. Folk kom, nærast i hopetal. Kor mange som vitja Gruo denne dagen er uvisst men sju – kan henda opp mot åtte – hundre var det nok. Det vart selt ikring 600 billettar til dei ulike omvisingane. Størst tilstrøyming var det til togkøyring inn i Høgåsen.

I år var det fleire nye attraksjonar.


I gruvegangane var det kome personfigurar som illustrerte gruvearbeidarar i ulike posisjonar. Figurane er svært livaktige og er laga av den lokale kunstnaren Grethe Angen.


I Heishuset var det kafè og det var opne dører både i arbeidarbustaden i parken og i museet i smio.

Sjakttårnet var ope for publikum med Olav Hellesfjord som omvisar i trappa til høgre.

Born på skattejakt etter klinkekuler i sandkassen.

Alltid interesse for omvising i fjellet, her frå «domkyrkja» i Høgåsen. Foto Tor Resser © Sjå òg galleriet under.

Galleriet syner figur med gravse,

Pilkat mot ballongar.

To figurar «tek seg ein pause».

Mange ville reisa med tog inn i fjellet.

Onsdag 12. september 2012

Kultur- og ressursutvalet (KURE) i Hordaland fylkeskommune var på rundreise i Sunnhordland. Venelaget for Gruo, Sunnhordland Museum og Stord kommune har gått saman om å få utarbeidd ein plan for gruveområdet for å kunna søkja om offentlege midlar til utvikling. Vona er å få midlar til planane frå fylkeskommunen. KURE hadde sett av 20 minutt i Gruo, og vart teken med på togtur inn i Høgåsen. Leiar i Venelaget for Gruo, Ivar Helleland, hadde orientert medlemene på bussturen og heldt fram i Gruo. Medlemene i KURE var svært oppglødde og imponerte over kva dei fekk sjå den korte tida. Alt på bussturen vidare gjorde KURE vedtak om at administrasjonen skal koma med sak med framlegg til tiltak for å stø under arbeidet som vert gjort ved Litlabø gruver på Stord. Saka bør drøfta korleis arbeidet i regi av Venelaget og Sunnordland museum med omsyn til skjøtsel og formidling av dei tekniske og industrielle kulturminna kan styrkjast. Leiar Ivar Helleland i Venelaget for Gruo er særs nøgd med utfallet av turen så langt. Han har lagt ned mykje arbeid i å få ein plan for området.

Kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune fekk omvising i fjellet, her i Høgåsen, ved leiar i VfG Ivar J. Helleland, til venstre. Foto Tor Resser ©

Måndag 10. september 2012

No er det full fart i dugnadsarbeidet. Tilkomsten til trappa frå gruveplanet og ned til Kiselva og brua over til parken vart rydda for små tre og anna, i tillegg til at øvste trinnet i trappa vart teke bort for å gi lettare tilkomst. I Heistårnet vart siste spikeren slegen i nytt golv i øvste nivå, der hjulet for wiren til nordre sjakta heng. Arbeidet med å restaurera akkumulatorloket (batteridrive elektrisk lok) har starta. I kveld vart boltar og mutrar som held elektromotoren, losna, og motoren kan hentast ut.

Laurdag 08. september 2012

Sunnhordland Kraftlag nytta Gruo til familiedag. Ikring 90 personar av smått og stort melde seg på. Dei fekk vera med på togkøyring, guida vandring i gruvegangane, guida tur i heistårnet, fleire typar leikar for borna, ponniriding og skattejakt i sandkassen. Den nye spesialbygde vogna for rullestolar vart teken i bruk til det føremålet ho er ætla til. I matøkta vart det servert grillmat frå profesjonelle grillkokkar frå Haugesund.

Omvisning i sjakttårnet. Omvisar Olav Hellesfjord med gul hjelm til venstre. Alle bileta foto Tor Resser ©

Kasting på boksar var populært.

Robert Skogvold (t.h.) vart første rullestolbrukaren som fekk ta i bruk den nybygde jernbanevogna. Gitteret vert lagt ned når rullestolen skal inn i og ut frå vogna.

Omvisning i den store hallen i Høgåsen.

Laurdag 01. september 2012

Endå eit brudlaup i Gruo !

Laurdag 1. september vart det på nytt arrangert brudlaup i Gruo. Brureparet heitte Rebekka Moe og John Einar Aase. Vigslinga fann stad i Stord kyrkje, men festen vart halden i Heishuset. Les meir og sjå foto på denne sida.

Laurdag 25. august 2012

Brudlaup i Gruo !

Laurdag 25. august 2012 var det brudlaup i Gruo. Vigslinga gjekk føre seg i den store hallen i Høgåsen som Venelaget for Gruo omtalar som «Katedralen». Festen vart avvikla i Heishuset. Brureparet, Marte Rommetveit frå Stord, kjend røyst og andlet i NRK, og Sigurd Sele, skodespelar og trubadur frå Bømlo, hadde bede inn 90 gjester, familie, vener og kjende.

Les meir og sjå foto frå det spesielle arrangementet på denne sida.

Måndag 25. juni 2012

Oppsummering av dei siste vekene: Venelaget for Gruo har hatt ei heller travel tid med omvisningar. Fleire skuleklassar har vore på kveldsomvisning saman med foreldre og føresette, i mange tilfelle som ei avslutning av skuleåret. Dei fleste skuleklassane har vore frå Stord, men òg frå Rimbareid skule i Fitjar. Det er særleg hyggjeleg. Særleg travelt var det i veke 23, då det var omvisning frå tysdag til fredag forutan søndagen. Stord kommunestyre var i Gruo 21. juni etter eit langt kommunestyremøte. Av 35 medlemer møtte 24 i Gruo, der det var servering i Heishuset etter synfaringa.


Dugnadsarbeidet elles går framover på fleire plan. Den spesialtilpassa jernbanevogna for rullestol er så godt som ferdig. I sjakttårnet er det meste av rekkverka på trappene ferdige. På grunnplanet er det rydda og heissjakta med korgene er sikra. I Heishuset er kjøkenet utvida i den forstand at alt “rot” som ikkje har med kjøkenet å gjera er lempa ut. Toalettet bak kjøkenet er demontert, og i staden har det kome inn to oppvaskmaskinar; ein steamar og ein vanleg oppvaskmaskin. Langs veggane er det skrudd opp hyller for lagring av nytt servise o.l..


I kveld vart det batteridrivne gruveloket frå 1957 teke i nærare augesyn. Det synte seg at el-motoren faktisk kunne dreiast utan problem. Batteri er tilgjengeleg, og planen er at loket skal gå på skjenene for eigen motor.


Venelaget for Gruo kjem til å ta sommarferie frå 7. juli til 6.august.

Stord kommunestyre på vitjing i Gruo Omvisar Olav Hellesfjord med gulhjelm. Alle bileta foto Tor Resser ©

Rydding i sjakttårnet. Nærast Olav Hellesfjord, bak Kim Amlien.

Torbjørn Marthinsen inspiserer motoren i det batteridrivne gruvelokomotivet.

Tysdag 22. mai 2012

Det etterlengta nye golvet i Heishuset er endeleg ferdig lagt. Det gamle golvet vart pussa med grovt sandpapir på spesialmaskin. Det var ein noko langtekkeleg jobb. Golvet vart så støvsugd med industrimaskin og endeleg tørka over med ein fuktig mopp. Måndag 21. mai kom endeleg grunninga på. Tysdag 22. mai vart topplaget lagt ut, av kunnige folk med medlemer frå Venelaget for Gruo som kjappe medhjelparar. På eit par-tre timar var arbeidet gjort, og alt dagen etter kunne det nye golvet takast i bruk, då det var omvising for ein femteklasse frå Rimbareid skule i Fitjar. Golvet har fått ein varm grøn farge, er slitesterkt og lett å halda reint. Venelaget for Gruo er nøgde med resultatet.

Ivan Slaggerud festar netting til gjerdet på plata framom sjakttårnet.

Tysdag 01. mai 2012

Open dag i Gruo som Venelaget for Gruo arrangerte, vart ein suksess. Det hjelpte nok godt på at dagen vart ein flott vårdag med sol frå skyfri himmel og god temperatur. Små og store kosa seg, og turane med toget inn i hovudstollen var svært populære. Over 600 betalande tok kortturen med toget inn og ut att. Så var det 137 som tok den lange turen med kombinasjon av togtur og rusletur i gruva på ein dryg time med guiding på vegen. Kafeen selde svært godt. Nytt i år og svært populært var seniorkorps med eldre musikarar frå ulike korps på Stord og eit par unge. Dirigent var Norvald Nilsen. Venelaget for Gruo er sjølve svært nøgde med arrangementet og responsen, og registrerte utelukkande vellete frå dei mange besøkjande.

Kø for å køyra tog

Mykje folk i godveret.

Seniororkestert spelte.

Omvising i fjellet, her ved sjakta under tårnet.

Måndag 23. april 2012

Oppsummering av anleggsarbeidet dei siste vekene: Arbeidet med å setja opp namneskilt kringom i anlegget, både i gruvegangane og ute i dagen, har halde fram. Inne i gruva er det kome nye skilt både ved Sadalen Grube og Ekebrekken Søndre. Ute i dagen er endeleg skilt med «Gruo Stasjon» kome opp. I hovudstollen er arbeidet med å montera elektrisk anlegg vidare innover frå Høgåsen Stasjon kome godt i gang.


Plata framom tårnet er reinska for alle trappene som var lagra der, til saman ni trapper. Treverk som er teke ut frå tårnet og lagt på plata, er hive i steinsiloen saman med rusk og rask m.m. Deretter er plata spylt. Arbeidet med å montera stålbøyler rundt plata i staden for det gamle og dårlege rekkverket av tre, har teke til. Det vert bora hol i betongen og bøylene gyst fast. På innsida av rekkverket vert det strekt netting.

Ivan Slaggerud spyler plata framfor tårnet.

Trappene er tekne ned frå plata framom tårnet,

Skilt Sadalen Gruve vert montert, frå venstre Fredrik Bjørnberg, Olav Hellesfjord og Wilfred Sætre nærast

Joar Lyngås og Ansgar Vedå monterer skilt Gruo Stasjon

Måndag 26. mars 2012

I Gruo har mykje av arbeidet dei siste vekene gått med til å laga betre tilhøve for publikum i hallen i gruva i Høgåsen. Arbeidet er så godt som ferdig. Tilhengaren til traktoren har fått nye karmar. Dei gamle var utslitne og vel så det. I tårnet er arbeidet med å laga handrè og rekkverk på trappene kome i gang. Når alle trappene har fått rekkverk på plass, kan tårnet opnast for ålmenta.


Omvisingssesongen er så smått byrja. I mars månad har det vore fire omvisningar i Gruo, den siste denne månaden vert med elevar frå 5. klasse og foreldre frå Leirvik skule, torsdag 29. mars.

Ansgar Vedå nærast og Johannes Vetås lagar ny karm på traktortilhengaren.

Elevar frå 5. klasse med foreldre på vitjing hjå VfG. Omvisar Ivar J. Helleland til venstre. Båe bileta foto Tor Resser ©

Laurdag 24. mars 2012

Venelaget for Gruo stilte med tre mann på Stend i Fana for å hjelpa Osbanens Venner med å byggja ei fin kurve i sporet mellom stasjonsbygningen og Osbanen sin nyoppførde vognhall. Osbanens Venner hadde bede Venelaget for Gruo om hjelp til arbeidet, då dei sjølve ikkje hadde nok utstyr å hjelpa seg med, heller ikkje hadde dei erfaring frå bøying av skjener. I det fine veret gjekk arbeidet handlaust. Samarbeidet mellom karar frå begge foreiningane gjekk svært godt, og før representantane frå Gruo reiste heim kunne lokomotivet med passasjervogn køyra ut av vognhallen, gjennom nybygd kurve og fram til stasjonsbygningen. Osbanens Venner lét vel om arbeidet og var vel nøgde.

Ivar J. Helleland til venstre og Sven Lindseth bøyer skinner på Osbanen.

Osbanens Venner har lokomotiv og personvogn. I bakgrunnen vognhallen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 12. mars 2012

Årsmøte i Venelaget for Gruo vart halde i heishuset. Det møtte 27 medlemer. 

Torsdag 08. mars 2012

Sparebanken Vest har etter søknad tildelt Venelaget for Gruo 25.000,- kroner. Venelaget for Gruo er svært takksam for tilskottet.

Måndag 05. mars 2012

Arbeidet dei siste dugnadsøktene har vore retta mot to oppgåver: bygging av ny vogn og tilrettelegging av fleire delar av gruva for publikum. I lok- og vognstallen vert det jobba med å fullføra den nye jernbanevogna for rullestolar. Vogna byrjar ta form (sjå foto under). I hovudstollen i gruva har det vore arbeidd med å drenera i stollen lenger innover i stollen. Etter kvart som rennesteinen langs eine sida av stollen vert reinska, renn vatnet godt, men arbeidet må gjerast fleire gonger, då vatnet renn i ein så sterk straum at det dreg med seg mykje slam. I den store hallen, med opning opp til dagen i Høgåsen, har Venelaget byrja byggja platting for publikum. Massar er flytta og boks lagt ned. Over boksen vert det lagt pallar.

Rullestolvogna byrjar å ta form.

Olav Hellesfjord til venstre og Rune Johannessen legg ut pallar til platting i storhallen i Høgåsen. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 23. januar 2012

Eit nytt år er alt godt i gang, og Venelaget for Gruo har allereie halde fleire dugnadsøkter.

I tårnet er siste del av trappa opp til øvste nivå så godt som ferdig, det manglar fire trinn som skal monterast. I hovudstollen i gruva er arbeidet med å leggja spor lenger innover frå Høgåsen stasjon påbyrja. Ein del tømmer som er rive, er trekt ut og kulverten på eine sida er opna for å få drenert vatnet. I den store hallen med opning opp til Høgåsen vert det planert ein del for å gi betre plass for publikum.

Førarhytta på Venelaget sin traktor er demontert, slik at traktoren kan koma seg inn i gruvegangane, der det er lågt under taket. Traktoren gjer eit uvurdelerg arbeid i gruva. I stallen går arbeidet mot slutten med ny, spesialbygd vogn innretta for rullestolar. Vidare vert det arbeidd med skilt som skal hengjast opp ulike stader kring på området, i stollane og ute i dagen.

I tårnet er det sett inn to lufttørkarar, for å få ut mest mogeleg av kondensen som samlar seg i bygget.

Arbeid med skilt, dette skal til Sadalen gruve. Alle bileta foto Tor Resser ©

Thor Hauglid sagar til ein vange til trappa opp til øvste nivå i sjakttårnet. Bak Kim Amlien.

Torbjørn Marthinsen og Olav Hellesfjord gjer klart rive tømmer som skal ut av stoll Høgåsen.

Førarhytta på traktoren er teke av for å koma inn i stoll Høgåsen der traktoren gjorde «kars arbeid» i storhallen.

Share by: