Dugnader 2010

av Tor Resser

På denne sida legg me ut informasjon og bilete frå dugnadar hjå Venelaget for Gruo. Siste dugnad står øvst på sida

Det går mot jul: For andre gong er heistårnet i gruo komen med i den lokale peparkakebyen på Leirvik. Tårnet er laga av Malene, 5 år, Kåre, 4 år, Henrik, 3 år og Angelica, 3 år. Førre gongen tårnet dukka opp i peparkakebyen, var i desember 2007 (sjå lenger ned på denne sida).

Måndag 29. november 2010

I heishuset er det påbyrja montering av vegg mot varmeanlegget. Veggen skal bidra til støyreduksjon, samstundes som han vil gi god plass for opphenging av informasjon, gamle foto o.a. I lokstallen heldt arbeidet fram med å setja i stand den trykkluftdrivne kastelastemaskinen, konkret ved at det vart montert nye luftslangar til erstatning for dei gamle, som var morkne. I sjakttårnet vart det bygt rullestillas opp til nivå 2. I gruva er det observert ein del istappar og issvullar, dette vert hogt vekk i forkant av neste omvisning.

Måndag 22. november 2010

Den trykkluftdrivne kastelastemaskinen som i 2006 vart henta ut frå fjellet ovanfor kraftstasjonen Blåfalli IV i Kvinnherad, vart i dag prøvekøyrt for første gong. Maskinen synte seg å fungera, men nokre morkne luftslangar må skiftast.

I hovudstollen vert det jobba med å fjerna gamal overbygging i tre. Overbygginga var roten, og etter konferering med geolog vil det verta vurdert om jernbanesporet kan forlengjast vidare innover i stollen.

I sjakttårnet er det nye golvet på nivå 1 så godt som komplett, og det er no montert lys for vidare arbeid på nivå 2. Rotne materialar er kasta ut. Materialar til å byggja stillas er bore inn i tårnet. I heishuset er fotoutstillinga utvida.

Torsdag 11. november 2010

Som del av Falturiltu, den årlege barnebokfestivalen på Stord, vart det arrangert eit tilbod i Heishuset i Gruo: Forfattar Maria Parr, som har skrive fleire barnebøker, hadde opplesing frå boka «Tonje Glimmerdal». I tillegg var det musikk frå elevera ved Stord kulturskule. Rundt 60 personar, der fleirtalet var born, var til stades. Heishuset kan nyttast til så mangt! Foto frå seansen finn du under «Opplevingar» på foto-sida.

Måndag 08. november 2010

Inst i den eine stollen, der dei guida fotturane endar, er det lagt ei treplatting slik at det vert betre plass og reinare å gå. Siste spikeren i plattinga vart slegen i kveld. Golvet i stollen her har vorte planert og drenert av maskin og deretter lege og tørka ei tid før plattinga vart lagt.

Plattinga inst i stoll Sadalen er ferdig spikra. Foto: Tor Resser ©

Måndag 04. oktober 2010

Minigravar var i arbeid inne i hovudstollen for å flytta massar, reinska i rennesteinen og planera for endå ei sporlengde (6 meter).

Ole Petter Almås køyrer minigravaren medan Endre Solheim lyser- Foto: Tor Resser ©

Måndag 13. september 2010

Lokomotivet «Bukken» var ute på prøvetur – det var første gongen lokomotivet køyrde for eigen maskin sidan det vart parkert i fjellet i Kvinnherad i 1980. Loket gjekk svært fint og var til og med ein tur inn i hovudstollen. Det må gjerast noko tilpassing i den eine sporvekselen, då «Bukken» har større hjul enn dei andre loka og det synte seg å verta litt for trongt i vekselen.

Lokomotivet «Bukken» på første pøvetur etter endra sporvidde. Foto: Tor Resser ©

Laurdag 11. september 2010

Venelaget for Gruo arrangerte open dag frå klokka 11 til 17, med omvisning i heishuset, smio og arbeidarbustaden. Veret synte seg ikkje frå si beste side, men ein heil del besøkjande vart det likevel. 61 personar reiste med gruvetoget, og 47 personar var med på rusleturar inne i gruvegangane.

Olav Hellesfjord, med gul hjelm, var omvisar i stollane på open dag. Foto: Tor Resser ©

Måndag 06. september 2010

Det vart arbeidd med å gjera passasjervognene lågare slik at dei kan smyga seg under det lågaste partiet på nylagt spor i hovudstollen. På lokomotivet «Bukken» pågjekk montering av nymåla deksel.

Måndag 30. august 2010

Lokomotivet «Bukken» trilla på jernbanesporet i Gruo for aller første gong. Rett nok skjedde det ikkje for eigen maskin, men loket vart vekselvis skubba og trekt av «Geito». Til stor glede vart det registrert at «Bukken» gjekk svært fint i dei krappe kurvene. I hovudstollen i Høgåsen vart det lagt ytterlegare tre skjenelengder, dvs 18 meter spor innover. Dermed er sporet lagt så langt inn som det er mogeleg i denne omgangen.

Måndag 16. august 2010

Lokomotivet «Bukken» har kome på sporet att. I dag kom hjula på plass på lokomotivet, og loket står no parkert på 600 mm sporvidde inst i vedbuo. Loket er med andre ord ferdig etter ombygt frå 750 mm sporvidde, og no står det att å måla og montera ulike deksel og overbygg til loket.

Måndag 28. juni 2010

Siste dugnadsarbeid før sommarferien. Dagen vart markert med kaffi og jordbær på første avsatsen i sjakttårnet. Neste arbeidsøkt vert første måndagen i august.

Måndag 21. juni 2010

Den nye ståltrappa til første avsatsen inne i sjakttårnet kom på plass. Arbeidet med å leggja golv skreid vidare. På lokomotivet «Bukken» er lagera måla.

Måndag 07. juni 2010

På lokomotivet «Bukken» er no alle lagera sette på plass på akslingane. Neste steget vert å heisa opp akslingane og festa lagera til lok-ramma.

Laurdag 29. mai 2010

Venelaget for Gruo arrangerte «Open dag», med omvisning i heishuset, smio og arbeidarbustaden. Toget tok passasjerar med inn i gruva, og det var guida fotturar i stollane inne i fjellet. Veret synte seg frå si beste side, folk lét til å kosa seg, og oppmøtet var bra. Det vesle gruvetoget frakta i alt 140 personar i løpet av dagen.

Måndag 10. mai 2010

Den store aluminiumstrappa vart trekt inn i sjakttårnet, der ho etter kvart skal reisast opp for å tena som tilkomst til ein av dei høgare etasjane i tårnet.

Foto: Tor Resser ©

Måndag 26. april 2010

Det vert framleis jobba med lokomotivet «Bukken». Noko skruing står att. I tillegg vert alle deksel som har vore tekne av, måla. Toalettbrakka er beisa utvendig. I sjakttårnet vart dei første bjelkane til nytt golv høgare oppe frakta opp og delvis kappa til og lagt på plass.

Tysdag 23. og onsdag 24. mars 2010

To karar frå Risa var i arbeid i stollane og reinska med spett, bora og bolta. Det meste gjekk som planlagt. På grunn av at det synte seg umogeleg å få ein sakselift inn i «Den blå grotte», der det er høgt under taket, måtte det i staden nyttast stige. Liften hadde både for lite bakkeklaring og var i tillegg for høg til å gå gjennom dei lågaste partia i stollen inn til grotta.

Det var i det store og heile lite å reinska, bortsett frå dei inste 100 – 150 metrane til den blå grotte. Hola for bolting var to meter lange. Minst 18 tonn skal ein bolt tola. Til saman vart det sett inn 18 boltar, tre av dei ute ved portalen. Tryggleiken i gruva er dermed sikra for lang tid framover.

Borer hol for bolting av fjellet i stollen

Taket i stoll Høgåsen vert reinska for lause steinar. Båe bileta foto Tor Resser ©

18. februar 2010

Stillas vart montert innvendig i sjakttårnet slik at det vert tryggare å arbeida i høgda når nye golv skal leggjast på dei ulike nivåa i tårnet. Fagkunnige stillasbyggjarar frå Aker hjelpte til med å få stillaset på plass.

15. februar 2010

Alle kablar til lys i gruvegangane er ferdig strekte. Det manglar no å kopla til anlegget. Lysarmaturane er klåre til å monterast. På lokomotivet «Bukken» vert det jobba med å få hjulgangane tilbake på plass – gjengene på akslingane har teke litt skade i prosessen med å få hjula av og på akslingane.

11. januar 2010

På grunn av at sprengkulda hadde ført til at vatnet i slangen frå lensepumpa i gruva var frosen, måtte innsats setjast inn på å skifta slange. På taket over kontoret i heishuset er det sett opp vegg, og golvlegging pågår. Det nye rommet skal verta lager.

04. januar 2010

Første dugnadsøkt i 2010. Provisorisk lys, kablar og anna vart plukka ned frå stollane. Det vart deretter reingjort, kveila opp og lagt på lager. I heishuset og vedbuo vart det rydda.

Share by: