Dugnader 2009

av Tor Resser

Her legg me ut informasjon og små notisar om korleis arbeidet skrid fram og om spesielle hendingar som elles finn stad i Gruo.

10. desember: Lokomotivet «Oksen» og ein Eimco kastelastemaskin vart flytta inn i lok- og vognstallen. Lastemaskinen stod tidlegare i heishuset, og «Oksen» har stått til pynt ute sidan Venelaget overtok loket våren 2008. Provisorisk spor vart lagt etter kvart som materiellet nærma seg stallen, på den måten at bakre enden av sporet vart nytta om att etter kvart som lok og lastemaskin hadde flytta seg framover. Operasjonen tok fem timar.


30. november: Permanent lys er kome opp i den såkalla stoll «F». Inne i grotta der stollen endar, er det hengt opp armatur med blå lysrøyr. Det provisoriske lyset i stollen er plukka ned. Det er klårt for kopling av permanent lys i hovudstollen der jernbanesporet ligg. I tillegg er arbeidet med å få opp permanent lys inn mot og i sjaktområdet byrja.


23. november: Ein av lokomotivet «Bukken» sine akslingar har fått hjula skikkeleg på plass. Arbeid med den andre akslingen pågår. Permanent lys er ferdig montert og teke i bruk i den eine stollen. Vidare er wire og kabel for permanent lys er strekt i hovudstollen, der toget skal køyra.


16. november: Arbeidet held fram med grusing i stollane, til dels vert det ettergrusa somme stader der det er trong for det. Samstundes vert det jobba med å få etablert permanent lys i gruva, stikkontaktar vert kopla. Hjula til lokomotivet «Bukken» vert sakte, men sikkert pressa på plass på akslingane.


5. oktober: Grusa den sist lagde delen av sporet i hovudstollen, dvs 18 meter. Ulike typar sambandsutstyr er testa i gruva, og det vert utarbeidd eit sambandskart som syner kvar antenner og signalforsterkarar må plasserast. Av tryggleiksomsyn skal det etablerast radiosamband i alle delane av gruva der publikum vert teke med inn.


25. september: Synfaring i gruva saman med ein ingeniør frå Bergvesenet. Alle stollane og ortane som skal opnast for publikum, vart saumfare. Konklusjonen var at det ikkje er fare for ras, men noko sikringsarbeid må gjerast eit par stader.


21. september: I hovudstollen vart to nye skjeneelengder lagt på plass. Det vert elles jobba med å få orden på lyssetjinga i gruva. Nyleg er dei permanente straumkablane til gruva teke i bruk, og anleggsstraumen er slegen av.


12. september: Open dag vart arrangert i samarbeid med Sunnhordland Geologiforening. Veret synte seg ikkje frå si beste side – det var grått og vått store delar av dagen. Likevel såg fleire hundre interesserte menneske sitt snitt til å ta turen oppom Gruo. Venelaget hadde utstilling i heishuset, og hadde guidar stasjonert både der, i smia og i arbeidarbustaden. Toget køyrde nesten kontinuerleg med passasjerar over gruveplanet og inn i hovudstollen, og inne i fjellet vart det arrangert guida vandreturar – eit populært innslag som vekte mykje åtgaum.


17. august: Ein del større materiell vart flytta ut frå heishuset og inn i lok- og vognstallen. Mellom det som var på flyttefot, var lokomotivet «Bukken» (i delar), kastelastemaskinen, dreiebenk, vogner og fleire pallar med delar. Føremålet er å la heishuset gå over frå å vera verkstad til utstillingslokale, i tråd med opphavleg plan. Vidare verkstadarbeid vert utført i lok- og vognstallen.


3. august: Første dugnadskveld etter ferien. Innsatsen konsentrert om vidare rydding og sporlegging i lok- og vognstallen. I heishuset vert det laga trappehus for tilkomst til «loftet». Etter kvart skal alle stolane som står nede i salen, lagrast på «loftet». I lok- og vognstallen er materialar som Venelaget har fått, ribba for spiker og lagde til lagring oppe under taket. Venelaget sin truck – med løfteevne 10 tonn – er overhala og klår til teneste. Vidare vert det jobba med kablar og skap i gruva.


30. juni: Skriftlege avtalar med Stord kommune om bruk av grunn, gruvegangar og bygningane heishuset, sjakttårnet og vedbuo er på plass.


29. juni: Siste dugnad før sommarferien. Montert bremsene på lokomotivet «Bukken». Gruvegangane er så godt som ferdig grusa. Toalettbrakka vert måla, og det nye inngangspartiet i heishuset er på plass og ferdig beisa.

19. mai: På lokomotivet «Bukken» vert alle lause deksel pussa og slipa for lause målingsflak og deretter mønja. Den nye toalettbrakka er framleis under arbeid, men målet nærmar seg. I gruva går elektroarbeidet framover med montering av festepunkt for wire og kabel.


5. mai: Politisk utval i Stord kommune, Komite for næring, miljø og kultur, var på synfaring i Gruo, og lét vèl over det dei fekk oppleva.


1. mai: Venelaget for Gruo arrangerte open ettermiddag i Gruo, arrangementet inkluderte mellom anna gruvevandring inn til heissjakta, demonstrasjonskøyring av gruvetoget, og sal av kaffi, brus og lappar. Dagen vart svært vellukka, å døma etter attendemeldingane som kom. Veret var fint, myke folk og god stemning. Talet på besøkjande var mellom 200 og 300.
På festen i Samfunnshuset seinare på kvelden fekk Venelaget for Gruo overrekt ei gåve på 10.000 krpner frå Norsk Arbeidsmandsforbund i Oslo og avdeling 6 Vest.


28. april: Fire elektrikarar frå Aker tok del på dugnad. Eitt lag strekte og stripsa lyskabel og monterte stikkontaktar innover i gruva. Eit anna lag arbeidde i fordelingsskap og monterte straummålar.


15. april: Venelaget har i gåve fått ein gaffeltruck som vil koma til god nytte i arbeidet.


14. april: Dei siste hjula på lokomotivet «Bukken» er pressa av akslingane. Arbeidet med omsporing av lokomotivet har vore noko komplisert, men no ser dei største utfordringane ut til å vera løyste. Inne i gruva pågår førebuingar til å hengja opp lyskablar. I kjellaren i heishuset er eit mindre rom delt av – til delar og rekvisita.


7. april: Storinnsats med å kopla opp fordelingsskapa med hovudkabelen i gruva. Fem mann kopla fire skap på rekordtid.


16. mars: Årsmøte i Venelaget for Gruo. Markering av 10.000 dugnadstimar utan ein einaste skade.


14. mars: Arbeid med sikring rundt «Storsynken». Lause gjerdestolpar vart festa med stag, no står dei godt fast.


2. mars: I sjakttårnet er golvet på nivå 2 rive, og legging av nytt dekke er påbyrja. Elles held arbeidsinnsatsen fram med reinsking av grøfter i gruvegangane. På lokomotivet «Bukken» er alle skjold og deksel tekne av, som førebuing til sliping av måling.


28. februar: Venelaget for Gruo hadde fått fundamenta frå tre store brakkeriggar, mot å stå for rivinga. Rivingsjobben vart gjort i løpet av nokre laurdagstimar, og resultatet vart eit stort lass med gode materialar.


25. januar: Dugnadsinnsatsen vert retta mot arbeid inne i gruva: Sporet i hovudstollen er grusa. I ein annan gang er det gravd ut mykje gjørme, og grøftene er drenerte. Toalettbrakka er i ferd med å verta innreidd. Akslingane frå lokomotivet «Bukken» er ferdig avdreidde.


5. januar: Første dugnadsøkt i Gruo i 2009.

Share by: