Dugnader 2008

av Tor Resser

Her legg me ut informasjon og små notisar om korleis arbeidet skrid fram og om spesielle hendingar som elles finn stad i Gruo.

30. desember: Dør er sett inn i sjakttårnet slik at det er mogeleg å gå inn i det frå oppsida, frå golvnivået der det tidlegare var hus for kjerrat og tomvogner som skulle ned att i gruva. Døra vert sjølvsagt halden låst.


4. desember: Boka «Nye og gamle spor i Gruo – Jernbaneminne frå Stord» vart høgtidleg lansert i heishuset i Gruo.


10. november: For første gong i Venelaget si soge vart det køyrt lokomotiv inn i hovudstollen. Loket «Blåmann» var vel ti meter inne i stollen. Loket vert nytta til å køyra ferdig spikra sporlengder (seksjonar) inn i stollen, og sporet vert laska saman fortløpande.


3. november: Lageret av sviller er tomt, og nye sviller er tinga. I Heishuset er det rydda, og sporet ute og framom sjakttårnet er ettergrusa. Det er gravd plass til ein lift, slik at ein skal kunne koma til dei høgare delane av sjakttårnet – målet er å få inspisert tårnet og tetta taket før vinteren set inn. Arbeid med å montera lys på lokomotivet «Blåmann» er påbyrja.


27. oktober: Venelaget for Gruo fekk utdelt Stord kommune sin kulturpris for 2008. Den høgtidlege utdelinga skjedde på Kulturkvelden i Stord kulturhus.


20. oktober: I den blaute, mørke og kalde hausttida vert det meste av arbeidsinnsatsen konsentrert om gruvegangane: Spikring av sporseksjonar pågår i lokstallen – seksjonane vert transporterte inn i gruva seinare. Grusing i sporet i stollen ved sjakttårnet pågår, likeins reinsking i dreneringsgrøfta i hovudstollen. Gamle skjener er fjerna frå hovudstollen.


11. oktober: Lokomotivet «Oksen» (opph. frå Odda Smelteverk) starta for første gong på mange år. Motoren gjekk stort sett fint, men treng litt justering. Ein gamal torvvagg er omgjort til lastevogn.


6. oktober: Hovudkabelen for den permanente straumforsyninga vart strekt fram til første kryssen. I hovudstollen er dreneringsgrøfta reinska.


4. oktober: Jernbanesporet frå smio til stollopninga bak snikkarverkstaden er grusa. Utkøyring av grus skjedde med lokomotiv og nybygt vagg. Straumforsyninga i gruva er forbetra.


29. september: Ein nybygt grusvagg med endetipp vart montert på eit eldre vaggunderstell og er no klår til å takast i bruk – vaggen skal nyttast til køyring av grus til sporet i skjeringa bak snikkarverkstaden og vidare innover i stollen. Dørane til sjakttårnet er opna, og ny lås er montert.


22. september: Jernbanesporet i stollen ved sjakttårnet er forsterka: Gamle sviller og skjener er gode som nye, medan dogs var i dårleg forfatning. Sporet er difor spikra på nytt. I tillegg er det køyrt på ny grus. Grusing av sporet inn bak snikkarverkstaden er påbyrja.


13. september: Venelaget for Gruo arrangerte Open dag på gruveområdet i samarbeid med Sunnhordland Geologiforening, Never Mind MC og Stord-Fitjar hundeklubb. Uteservering vart stelt i stand på plassen midt mellom vedbuo og Heishuset. To lok med vogner var i drift samstundes og køyrde nesten 40 turar kvar i løpet av dagen. Det var guiding inne i Heishuset, Smio og på plattinga oppe ved sjakttårnet. Bra ver og rundt 1000 interesserte besøkjande.


8. september: Den lange og krappe kurva mellom smio og snikkarverkstaden er ferdig bygt – tog kan no køyra heilt fram mot portalen til hovudstollen.


1. september: Gruveopninga der transportbeltet til skeideanlegget tidlegare gjekk ut, vart gjenopna: Muren vart pigga ned, og deretter vart det montert ein port. Gruvegangen her går inn til sjakttårnet og støyter saman med den den andre stollen like innforbi.


25. august: Ytterlegare 800 meter skjener (tilsvarar 400 meter bane) vart levert på Litlabø. Skjenene stammar frå same anlegget som dei skjenene laget har nytta tidlegare, og er av same dimensjonen. Store mengdar singel er levert for om lag ei veke sidan.


28. juni: Indre kurveskjene i den lange kurva mellom smio og snikkarverkstaden er ferdig bøygd. Spor lagt vidare fram til stollopninga.


18. juni: Ei gledeleg og viktig gåve: Sparebanken Vest hadde gåveutdeling, og Venelaget for Gruo mottok 300.000 kroner! Gåva er sjølvsagt til stor oppmuntring, men ho er óg svært viktig for at laget skal koma vidare i arbeidet med bygging av jernbane og ikkje minst sikring av fjell i gruvegangane.


16. juni: Arbeidsinnsatsen vert retta mot jernbanen. Sporet er snart framme ved hovudstollen. Bøying av skjener i den lange kurva som går inn mellom smio og snikkarverkstaden pågår. Sviller og skjener er lagt ut på heile strekninga. Kanskje er banen framme ved stollen før sommarferien?


28. mai: Diverse materiell vart motteke i gåve frå museet Lommedalsbanen i Bærum: Eit 8-tonns Levahn diesellok, tre V-vaggar, nokre traller og delar til sporvekslar. Vaggane er svært like steinvaggane som var i bruk i Gruo. Lokomotivet er konstruksjonsmessig likt vårt lok «Bukken», men noko større.


26. mai: Banetraseen gjennom kurva frå Smio og inn mot hovudstollen er gruslagt og klår for sporlegging.


28. april: For første gong sidan 1968: Tog inne i gruva på Litlabø! Lokomotivet «Geito» med ei flatvogn køyrde inn i stollen ved sjakttårnet i halvnitida om kvelden, etter at sporet i stollen var knytt saman med spornettet ute. Spora lengst inne i stollen er originale, frå då gruva var i drift.


21. april: Det er no køyrbart spor fram til stollopninga ved sjakttårnet, men enno manglar tre meter spor inne i stollen før sporsambandet er heilt ferdig. Arbeidet med å grava ut banetraseen frå smio og fram mot opninga for hovudstollen bak snikkarverkstaden har starta. Vidare er det påbyrja arbeid med å byggja ein 3/2 m3 vagg for transport av sand og singel i anleggsarbeidet. Vaggen skal byggjast på originale hjulgangar og lager frå Stordø.


14. april: Hovudkabelen for straum vart strekt innover i stollen ved sjakttårnet, fram til første kryssen, og ein kabel vidare til neste kryss. Sporet under porten i stollopninga er senka og klårfjort for samankopling med sporet i friluft. Den eine passasjervogna har fått ein «ny» aksling.


31. mars: I stollen inn til sjakttårnet er det gamle jernbanesporet senka, i tillegg er mange av svillene skifta ut. Det gamle sporet er forlengja ut mot dagen, og det manglar no lite på at sporet vert knytt saman med det nylagte spornettet ute.
Arbeidet med å byggja om lokomotivet «Bukken» til 600 mm sporvidde har starta. Loket har fått nye lykter både framme og bak, og nye leidningar.


1. mars: Ein stor og viktig dag i laget si historie. Ved hjelp av innleigd kran vart lokomotiva «Geito» og «Blåmann» løfta ut frå Heishuset og plasserte på det nylagte jernbanesporet. Det same vart dei tre passasjervognene. Materiellet vart deretter prøvekøyrt. Både lok, vogner og spor bestod generalprøven! Alt gjekk knirkefritt. Utpå ettermiddagen vart både lok og vogner køyrt inn i den nye stallen i Vedbuo. Sjå foto på Foto-sida vår.


29. februar: På lokomotivet «Blåmann» er bremser og kjededrev ferdig montert. Lokomotivet er såleis klart til å takast i bruk, etter å ha vorte ombygt frå 900 mm til 600 mm sporvidde.


25. februar: Dei tre passasjervognene er gjort klåre til å kunna flyttast ut på jernbanesporet. Sporet i lok- og vognstallen er forlengja. To varselskilt om fare for tog er sette opp ved tilkomstvegane til gruveplanet, og reinsking av sporet pågår.


16. februar: Ein viktig milepel vart nådd, idet dei nye portane til vedbuo er ferdige. Vedbuo kan no takast i bruk som lok- og vognstall.


11. februar: Ettersom det meste av arbeidet med jernbanen ute er ferdig, skal no mykje av innsatsen flyttast inn i gruva. Som førebuande arbeid vart det i dag utarbeidd dekningskart for sambandsutstyr i gruva.


24. januar: Akslane til lokomotivet «Blåmann» er ferdig avdreidde og hjula er komne på plass med sporvidde 600 mm. Akslar med hjul er vidare monterte under loket.


21. januar: Trasé for sidespor inn mot stollen ved sjakttårnet er gravd ut.


19. januar: Jernbanesporet frå Heishuset er endeleg knytt saman med sidesporet som går inn til lok- og vognstallen.


7. januar: Første dugnaden i 2008. Arbeidslaga jobbar med jernbanesporet, overhaling av lokomotiv og straumforsyning til gruva.

Share by: