Dugnader 2007

av Tor Resser

Her legg me ut informasjon og små notisar om korleis arbeidet skrid fram og om spesielle hendingar som elles finn stad i Gruo.

Venelaget for Gruo ønskjer godt nyttår med eit spesielt bilete: Takk til Neset kunst og kulturbarnehage i Sagvåg som har laga ein flott peparkakemodell av sjakttårnet. Tårnet dukka plutseleg opp i den lokale peparkakebyen på Leirvik.

10. desember: Sporvekselen framom sjakttårnet er komen på plass, og sporet mellom dei to vekslane på hovudsporet er ferdig lagt.

12. november: Oppsumering sidan førre melding: Hausten har arbeidsgjengen prioritert sporlegging. Hovudsporet er lagt forbi stigerkontoret. Vidare er sidesporet frå vekselen og inn til Vedbuo lagt, og inne i vedbuo er det det eine av to spor lagt. Toalettbrakka er ferdig utvendig – med ny kledning, nye vindauge, ny dør og nytt tak. Det vert jobba med å leggja opp hovudstraumforsyning i gruva. Samstundes vert det jobba med å forlengja hovudsporet vidare mot Snikkarverkstaden og å laga ny port i Vedbuo for sporet.


15. september: Eit stort arrangement gjekk av stabelen då Venelaget for Gruo arrangerte omvisning for 235 etterkomarar etter Berthe Karine og Ole Engebretsen Koppang. Les meir her.


31. august: Eit flott byggverk kom til syne då forskalingane rundt den nye portalen vart rive! Sjå foto av portalen på framsida.


29. august: Forskaling og armering til den nye portalen i hovudinngangen til gruva (stollen på sole 2) var endeleg klår. Støyping vart utført på tidleg ettermiddag.


27. august: Starta arbeidet med å spikra ny kledning på den gamle brakka som skal verta toaletthus.


14. juli: Kjøpt og fått i hus ein bytte-/delemotor til lokomotivet «Bukken».


25. juni: Jernbanesporet har fått si første kurve. Sporet er no over 100 meter langt. Langs turstiane er det sett opp nye merke-pålar for ein del pålar som var komne vekk. Scena rundt kraftstasjonen er ferdig måla.


18. juni: Ei eldre Moelven-brakke er motteken i gåve og plassert på sida av Heishuset. Brakka skal renoverast og på sikt tena som toalettbygg for museet.


5. juni: Motteke to sporvekslar som er ombygde og reparerte ved Stord Yrkesskule (jfr. melding 31. oktober 2006). Vidare er 270 nye impregnerte jernbanesviller leverte.


4. juni: Sporet frå badtomta til Heishuset er laska saman og prøvekøyrt med tralle. Justering av sporet pågår.


1. juni: Ca. 800 meter jernbanespor er motteke frå Nittedal Torvindustri i Solør. Med på lasset var to sporvekslar for 600 mm sporvidde. Skjenedimensjon er 18 kg/m.


21. mai: Kablane for hovudstraumforsyninga er ferdig lagt fram til gruva og grøfta er fylt igjen.
Lokomotivet «Blåmann» er ferdig nymåla. Det same er turbinanlegget.
140 nye sviller er ferdig kappa og sendt til impregnering.


14. mai: Har byrja å bøya jernbaneskjener for kurvene.


28. april: Alt klart for legging av straumkablar fram til gruveopninga. Arbeidet med å fornya det elektriske anlegget på lokomotivet «Bukken» har starta. Måling av turbinanlegget pågår.


21. april: Byrja grava grøft for hovudstraumforsyninga til gruva. Om lag 60 meter jernbanespor er spikra.


26. mars: Årsmøte er halde i Venelaget for Gruo.
Eit entusiastisk lag jobbar vidare etter dei vedtekne planane. I skrivande stund pågår: Måling av kraftanlegg, forskaling av portal til gruveopninga, passasjervognene er snart ferdigbygde, ombygging av eit lokomotiv til 600 mm sporvidde, legging av jernbanespor, ….. Framover vil mykje innsats verta retta mot det sistnemnde punktet.


19. mars: Kraftstasjonen er ferdig montert og scena rundt med rekkverk er klar. Arbeidet med å måla og pussa anlegget startar.
Den delen av «Vedbuo» som Venelaget for Gruo skal disponera er ferdig rydda og klargjort for skjenelegging. Bygget vert lok- og vognstall.


12. mars: Elevar frå Stord Yrkesskule starta arbeidet med å forskala for ny portal for inngangen til hovudstollen i gruva.
Kraftstasjonen: Kontrolltavlene med lys er ferdig monterte.


19. februar: Dei første 18 metrane med jernbanespor er lagt framom tomta frå det tidlegare badet.

Share by: