Dugnader 2006

av Tor Resser

Her legg me ut informasjon og små notisar om korleis arbeidet skrid fram og om spesielle hendingar som elles finn stad i Gruo.

19. desember: Entreprenør har starta arbeidet med å bora og skyta ned lausfjellet over stoll-opninga bak Snikkarverkstaden. Den nye gruveopninga skal koma ti meter lenger inn enn den gamle.


18. desember: Dei første 60 metrane av jernbanetraseen forbi bad-tomta og fram mot Heishuset vart gravde ut.


11. desember: Plattforma rundt kraftanlegget nærmar seg ferdigstilling. Golvet er så godt som ferdig lagt, og trapp har kome på plass.

Lokomotivet som vart henta i Blåfalli, starta. Motoren gjekk med fin lyd og svært lite eksos, imponerande etter å ha stått parkert i ein tunnel 800 m.o.h. i 26 år !!

Frå Sparebankstiftelsen DnB Nor fekk Venelaget overrekt si til no største pengegåve: Ein sjekk på heile 500.000,- kroner! Pengane gjer det mogeleg å nå fleire av dei måla Venelaget har sett seg.


31. oktober: Fire sporvekslar er henta i Bergen. Vekslane vert leverte til Stord Yrkesskule, der dei skal byggjast om (ombygging frå 750 til 600 mm sporvidde) til bruk på gruvebanen.


30. oktober: Arbeidet med plattform rundt turbinanlegget held fram. To av passasjervognene har fått dekke. Lokomotiv og kastelastar kom med lastebil frå Blåfalli. Materiellet vart grundig spyla, før det vart trekt på provisorisk spor inn i Heishuset.


23. oktober: Arbeidet med å byggja plattform/scene framfor kraftanlegget i Heishuset har starta. Personvognene til gruvetoget har fått hjul og er snudd «den rette vegen».


21. oktober: Eit vanskeleg og krevjande prosjekt vart gjennomført med suksess, idet lokomotiv og kastelastemaskin som me har fått i gåve frå Sunnhordland Kraftlag, vart trekt ut av tunnelen ved Møsevatn i Kvinnherad. Maskinene vart køyrde med dumper ned til kraftstasjonen Blåfalli IV. Dei skal køyrast vidare på lastebil til Stord så snart me får transport.


16. oktober: Rydda i Heishuset og laga spor til å plassera lokomotivet «Bukken» på medan det vert reparert/overhala.


13-14. oktober: Eit arbeidslag på fem personar frå Venelaget og ein pensjonist frå SKL var i tunnelen ved Møsevatn 812 m.o.h. og gjorde førebuande arbeid for å kunna trekkja ut lokomotiv og kastelastemaskin som står i tunnelen: Hengt opp ekstra lys, fjerna dør og pigga/slege ned betongvegg i opninga, hengt opp kasteblokk i tunnelveggen, sveisa fast underlag til skjenene som loket skal dragast ut på, festa loket til skjenene, strekt ut wire, og lagt ut plank/tømmer til å trekkja materiellet på.


Share by: