Omvisningar 2021

av Tor Resser

På denne sida legg me ut bilete frå omvisingar hjå Venelaget for Gruo. Siste omvising står øvst på sida

Tysdag 30. november 2021

Tysdag tok Ivar J. Helleland imot filmregisør og skodespelar Brit Johanne Landa og forfattar Per Jan Ingebrigtsen. Bakgrunnen for vitjinga var for å sjå om gruvene på Litlabø kunne eigna seg for å laga film med utgangspunkt i Ingebrigtsen sitt skodespel To lyse hundar og der skodespelet Ri vinden vert fletta inn. Både Landa og Ingebrigtsen var nærast i ekstase over kva dei fekk sjå og kunna nytta gruvegangane og dei stor hallane til innspeling.

Per Jan Ingebrigtsen til venstre og Brit Johanne Landa på synfaring i den store hallen i Høgåsen gruve saman med Ivar J. Helleland.

Brit Johanne Landa. Båe bileta foto Tor Resser ©

Brit Johanne Landa skal byrja å skriva manus til filmen frå dei to teaterstykka. Ho fortel at filmmanus må vera langt kortare enn teatermanus. Det kan vera aktuelt å få Helge Jordal og Reni Folgerø i to sentrale roller. Det er ikkje avgjort kva tid det vert innspeling; manus må skrivast, skodespelarar engasjerast og ikkje minst, finansieringa må vera ordna.


Brit Johanne Landa er vaskekte halsnøyjente med beina godt planta på jorda. Tok filmutdanninga i Amerika og har laga fleire kortfilmar ho har fått prisar for. Filmen Sjelestyrke har hausta mange utmerkingar og filmen 800 001 vart i september i år heidra med beste eksperimentale film ved Oniros Film Awards i New York.

Måndag 15. november 2021

Fem born, som har siste året i barnehagen, og to vaksne frå Nysæter barnehage vitja Venelaget for Gruo måndag. Dei vart tekne i mot av leiar i laget Torbjørn Marthinsen. Han fortalde bitte lite om gruva og kor lange gangane er. Filmen vart synt før borna skreiv seg inn i gjesteboka. Hjelmar på hovudet og toget vart entra med Thor Hauglid som lokførar. Han tok følgjet inn i Høgåsen gruvegang og ut att til portalen. Vandringa inn til den blå grotte vart noko utanom det vanlege då lyset var gått i gangen. Det vart vansdring i mørkret med lommelykt og hjelmlykt. I grottta som ikkje var blå men svart då det ikkje var lys, song dei ein song. Ute i Heishuset att fekk dei diplom for å ha vore i grotta, av Ivar J. Helleland.

Gjestene frå Nysæter barnehage i den blå grotte saman med Ivar J. Helleland. Foto Tor Resser ©

Torsdag 28. oktober 2021

Etter å ha gått frå Sagvåg skule til Gruo var dei heller våte då dei 25 elevane, 4 lærarstudentane frå HVL-campus Stord og læraren kom til Heishuset torsdag sein morgon. Studentane har tre veker praksis hjå 6. trin ved skulen. Dei ønskte gruvesamfunnet nærare å kjenna og etter turen til Gruo skal elevane arbeida med forteljing som ein lekk i norskfaget. Studentane ønskte å ha gruo som bakteppe, som det seiest.

Gjesten vart mottekne av leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen, som òg fortalde om gruveområdet. Geir Magne Hamnes fortalde m.a. om steinsamlinga og fjellet i gruo. Filmen om Stordø Kisgruber 1960 vart synt og Thor Hauglid tok gjesten på toget inn i Høgåsen. I gruvegangane var det sparsomt med lys grunna det fuktige vêret og det var berre lys i den ytste delen av Høgåsen der den store hallen berre hadde dagslys frå storsynken. I Sadalen var det ikkje lys, berre i gangen inn til gangdelet til Blå grotte.Dermed vart det diverre ei amputert omvising, men dei kom inn i den store hallen i Høgåsen og fekk orientering der. På vandring ut att var det fleire stogg med orientering frå Torbjørn Marthinsen.


Attende i Heishuset åt elvane nista før dei gjekk attende til skulen der dei skal skriva forteljing om opplevinga i Gruo.

I ladehallen i Høgåsen framførte elvane ein song. Foto Tor Resser ©

Laurdag 16. oktober 2021

Denne helga hadde Hordaland sogelag lokalhistoriske dagar på Stord der det òg vart avvikla årsmøte sundag. Laurdagen var sett av til vitjing til Stordø Kisgruber med eit mangslunge program. Dei 29 utsendingane vart ønskt velkomne av Kjellbjørg Lunde frå Stord Sogeleg og leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen ønskte velkomen til Gruo og Venelaget for Gruo. Ordførar Gaute S. Epland fortalde om Stord kommune, Torbjørn Marthinsen fortalde om gruveanlegget og Ivar J. Helleland om det å veksa opp i gruvesamfunnet. Filmen om Stordø Kisgruber vart òg synt.


Deltakarane fekk servert kaffi/te og litt å bita i då dei kom og betasuppe til lunsj. Gjestene fekk hjelm på hovudet, entra toget i to puljer med Rune Marcussen som lokførar og tok dei inn i fjellet. Der var det omvising med Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland som forteljarar i Sadalen gruvegang.

Til lunsj vart det servert betasuppe.

Torbjørn Marthinsen til høgre var omvisar og forteljar for den eine gruppa…..

…og Ivar J. Helleland, med ryggen til, var forteljar og omvisar for den andre gruppa. Alle bileta foto Tor Resser ©

Ute i dagen att vart det servert kaffi/te og endå noko å bita i før utsendingane vart «slepte fri» og kunne ta seg rundt å sjå anlegget frå utsida. Ingvild Skaret Sortland, Britt Furre og Bjørg Helleland gjorde ein formidabel innsats med mat og servering. Utsendingane skrytte uhemma av opplevinga i Gruo.

Onsdag 13. oktober 2021

Formannskapet i Stord kommune hadde lagt møtet til Stordø Kisgruber og Heishuset onsdag. Ordførar Gaute S. Epland fortalde at det var tidlegare ordførar Harry Herstad som i si tid ønskte eit formannskapsmøte lagt til Gruo, men så døydde han brått og tanken vart lagt bort. Epland ønskte å ta tanken opp att og no var tida inne.

Før sjølve formannskapsmøtet orienterte Geir Magne Hamnes frå Venelaget for Gruo om laget og arbeidet og vidare planar. Fleire av medlemene i formannskapet roste VfG for arbeidet laget har lagt ned og ordføraren nemnde at området er «skatten i Stord». Kanskje kan det verta kommunal løyving til drifta i budsjettet for 2023. For komande år er budsjette alt ferdig.

Geir Magne Hamnes, ståande, orienterer formannskapet om VfG.

Formannskapet i gruvegangen under Sjakttårnet, til høgre Torbjørn Marthinsnen. Båe bileta foto Tor Resser

Vidare la Ole Jakob Eide frå Atheno fram ideane og tankane om Gruo som turistmål komande sommar, som eit pilotprosjekt. Då skal det vera faste opningstider i sommarmånadene, omvisarar og forteljarar henta utanfrå VfG, som får betaling for arbeidet. Dei vert administret av Visit Sunnhordland/Geopark Sunnhordland.

Leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, fortalde kort om gruveområdet, storleik o.l., før det vart ei kort omvising i gruvegangen inn under Sjakttårnet, og tur opp i tårnet.

Onsdag 29. september 2021

To omvisingar onsdag, Kartverket Vestland, kontoret Bergen, seks personar, om føremiddagen og If skadeforsikring, 18 personar, om ettermiddagen. I denne gruppa var tilsette frå Ålesund i nord til Rogaland i sør. Båe gruppene vart helsa velkomne av leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen. Han fortalde òg om gruveanlegget medan Ivar J. Helleland fortalde om korleis det var å veksa opp i eit gruvesamfunn. Han kåserte òg for If-gruppa om raidet på Stordø Kisgruber natta 24. januar 1943. Det var etter særleg ønskje frå Rune Eikeland, frå stordkontoret.

Kartverket Vestland fekk fottur inn til den store hallen i Sadalen gruve med Ivar J. Helleland som forteljar og omvisar.

Kartverket Vestland, konoret Bergen, vart tekne imot av Ivar J. Helleland til venstre og leiar av VfG Torbjørn Marthinsen til høgre.

Ivar J. Helleland fortel om korleis det var å veksa opp i gruvesamfunnet til If skadeforsikring. Båe bileta foto Tor Resser ©

If Skadeforsikring fekk togkøyring inn i Høgåsen gruve og ut att til portalen der dei steig av og vart delt i to grupper. Geir Magne Hamnes forteljar og omvisar for den eine gruppa og Ivar J. Helleland for den andre. Turen gjekk inn i Sadalen gruve.

Laurdag 11. september 2021

Samfunnet tek så smått til å koma attende til normale former att. Mellom anna med at Venelaget for Gruo laurdag fekk vitjing av geologistudentar frå UiB., for første gong sidan 2019, grunna kovid-19. Ut av bussen kom eit tjuetals studentar og professorane Ingunn Thorseth og Rolf Birger Pedersen. Dei var svært nøgde med å endeleg vera attende hjå VfG, som på si side var nøgd med å får vitjing att.


I Heishuset fekk gjesten den vanlege informasjonen om gruveanlegget ved leiar Torbjørn Marthinsen og om livet i gruo ved Ivar J. Helleland. Filmen med glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt, før gjestene fekk hjelm på hovudet og gjekk ut i regnet til Sadalen og Høgåsen gruvegangar. Omvisarar og forteljarar var Marthinsen og Helleland, litt om kvar andre. Vandringa enda allar inst i Høgåsen gruvegang, der studentane vart «slepte laus» og dei kunne forska og leita etter interessante mineral på eigahand. Det vart opplyst at ein student har teke mastergraden der m.a. studiar av gruvene på Litlabø gjekk inn i mastergradarbeidet. Steinsamlinga til VfG vart nøye studert.

Allar inst i Høgåsen gruvegang, til høgre Rune Marcussen frå VfG, vidare mot venstre professorane Ingunn Thorseth og Rolf Birger Pedersen..

Studentane var ivrige etter å leita etter interessante mineral. Båe bileta foto Tor Resser ©

Torsdag 2. september 2021

3. trinn ved Litlabø skule hadde omvising inne i Sadalen gruve tysdag. Torsdag fekk dei omvising på utsida av gruva, opp til storsynken i Høgåsen. Som vanleg var det Torbjørn Marthinsen som viste veg og fortalde. På turen gjekk dei framom fleire opne, inngjerda synkar (hòl) ned i gruva. Turen gjekk rundt Høgåsen til Jappaløkjen og vart avslutta på den gamle idrettsplassen ved Rødkleiv etter ein times tid.

Klassen ved gjerdet rundt storsynken i Høgåsen. Til venstre vegvisar Torbjørn Marthinsen. Foto Tor Resser ©

Tysdag 31. august 2021

To nye trinn frå Litlabø skule møtte hjå Venelaget for Gruo tysdag. Først ut var trinn 3, 12 elevar, fem omvisarar og lærar, som ville ha togtur inn i fjellet og omvising, med eigne omvisarar. I vår vart det laga kurs for interesserte elevar som kunne tenkja seg å fortelja og visa om. Omvisarar var Lotte, Mathea, Noah, Nataniel og Teodor. Turen gjekk i Sadalen gruve med stogg fleire stader på vegen der omvisarane fortalde kort.

Trin 3 i den store hallen i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Første trinn klare til å entra Sjakttårnet, i bakgrunnen. Med cap til høgre i bakgrunnen, Torbjørn Marthinsen. Foto Tor Reser ©

Litt seinare tysdag kom trinn 1., 12 elevar og to tilsette, Dei fekk tur opp i Sjakttårnet slik første trinn ved skulen vil få framover. Dei vart òg tekne med ein snartur inn under tårnet og til sjakta med Torbjørn Marthinsen som leiar.

Tysdag hadde Stord kommune vitjing av representantar frå seksjon for kulturarv frå Vestland fylkeskommune. M.a. ønskte kulturetaten i Stord kommune at gjestene, Berit Vik og Rune Naustvik, fekk ein tur til Stordø Kisgruber. Frå kommunen møtte Ragnhild Tveit og Per Jarle Valvatne. Dei vart tekne imot av leiar i VfG Torbjørn Marthinsen. I Heishuset fekk dei informasjon om gruveanlegget og storleiken, særleg under bakken. Vidare var det vandring inn til den store hallen i Høgåsen. Gjestene var imponert og oppglødde over kva dei fekk oppleva, om dei ikkje hadde tid til å sjå alt.

I den store hallen i Høgåsen gruve. Frå venstre Berit Vik, Torbjørn Marthinsen, Ragnhild Tveit, Per Jarle Valvatne og Rune Naustvik. Foto Tor Resser ©

Måndag 30. august 2021

Kontakten og samarbeidet mellom Venelaget for Gruo og Litlabø skule held fram i haust. Først ut var trinn 2. 12 elevar og ein lærar møtte i Heishuset og fekk innføring i kva som er i huset, og informasjon om gruvegangane, både på kart og i røyndom. Dei vart tekne med på ein kort tur i gruvegangen under Sjakttårnet og ein sving bortom sjakta.

Trinn 2 ved Litlabø skule som snarast er ei sving innom gruvegangen under Sjakttårnet. Til høgre Torbjørn Marthinsen som var forteljar og omvisar. Foto Tor Resser ©

Onsdag 11. august 2021

Eit godt førtitals medlemer frå Austevoll Pensjonistlag vitja Venelaget for Gruo onsdag. Dei vart tekne imot av leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen. Han orinterte om gruveområdet medan Ivar J, Helleland fortalde om gruvesamfunnet. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber vart synt. 18 av gjestene, delt i to grupper leia av Torbjørn Marthinsen og Ivar J. Helleland, vart med på gruvevandring i Sadalen gruve. Dels køyrt inn med toget, dels tur til fots.Gjestene skreiv seg òg inn i gjesteboka.

Den eine gruppa vart leia av Torbjørn Marthinsen, med kvit t-skjorte.

Ivar J. Helleland, med kvit t-skjorte i bakgrunnen, leia den andre gruppa. Her i den store hallen i Sadalen gruve. Båe bileta foto Tor Resser ©

Onsdag 30. juni 2021

Den etter måte nye leiaren for eining kultur i Stord kommune, Anne Lene Østvold Jordåen , har gjeve uttrykk for å vitja og få orientering om Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo. Onsdag tok ho turn til Gruo, med seg hadde ho Ragnhild Tveit og Trond Onarheim frå same eining. Leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen, og Ivar J. Helleland tok gjestene imot. Dei orientert om gruveområdet og det vart òg fortald om kor tungt det til tider har vore å få ordentleg kontak med Stord kommune. Kommunikasjonen eingingane mellom har ikkje vore god nok, er intrykket VfG sit att med. Filmen om Stordø Kisgruber 1960 vart synt.

Med hjelm på hovudet vart dei køyrd inn i stoll Høgåsen og gjekk av på Høgåsen stasjon. Derfå var det vandring vidare inn i stoll Sadalen, til plata. Heile vegen vart dei grundig «fora» med informasjon om gruvene og gruvesystemet. Ikkje langt frå tre timar tok heile omvisinga. Gjestene var særs godt nøgde med kva dei fekk høyra og sjå, og har gjort seg kjende med arbeide VfG har lagt ned med tett opp mot 70.000 dugnadstimar.

Torbjørn Marthinsen syner ei minisvovelkisåre i stoll Sadalen, Til venstre Ragnhild Tveit og Anne Lene Østvold Jordåen, til høgre Trond Onarheim. Fotot Tor Resser ©

Onsdag 16. juni 2021

Valvatna FUS Barnehage vart den siste barnehagen som vitja Stordø Kisgruber og Venelaget for Gruo før sommaren. 16 ivrige born og tre tilsette vart tekne imot av Ivar J. Helleand i Heishuset. Han samtalte med borna som var ivrige til å snakka og å stilla spørsmål. Det var endå til nokon som hadde oldefar som hadde arbeidd i gruo då den var i produksjon. Gjestene fekk sjå filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 og sat som lys og følgde med.

Etter å ha skrive seg inn i gjesteboka, med eller utan påhalden penn, fekk dei hjelm på hovudet og vart køyrt med tog, med Torbjørn Marthinsen som lokførar, inn i Høgåsen gruve og ut att til portalen der dei gjekk av og Ivar tok dei med, synte veg og fortalde inn til den blå grotte. Der song gjestene, lyset vart sløkt slik at dei fekk sjå og kjenna kor mørkt er er i gruva utan lys.

I gangdelet Sadalen gruve og blå grotte vart det sunge om grevlingen som heng i taket. Foto Tor Resser ©

Tysdag 15. juni 2021

Tysdag var siste omvising for skuleklassar hjå Venelaget for Gruo våren 2021. Då vitja to klassar , A og D, frå Stord ungdomsskule Stordø Kisgruber og venelaget. Klasse C og B vitja gruo måndag, til saman 115 elevar og lærarar, 58 måndag og 57 tysdag. I heishuset vart dei tekne imot og fekk informasjon om gruvedrifta og gruvesamfunnet. Filmen med glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt.


 Elevane vart delt i tre grupper kvar av dagane, fekk hjelm på hovudet og vart køyrt med tog inn i Høgåsen gruve og ut att til opninga der dei gjekk av. Geir Magne Hamnes, Ivar J. Helleland og Torbjørn Marthinsen var omvisarara og forteljarar i Sadalen gruve.

Elevane fekk informasjon og såg filmen om Stordø Kisgruber i Heishuset. Foto Tor Resser ©

Søndag 13. juni 2021

Søndag inviterte Stord og Nysæter sokn til felles familiegudsteneste i parken i Gruo. Med på gudstenesta var prestane Jørgen Knudsen og Olav J. Oma, kyrkjelydspedagog Elisabeth Fauskanger og organist Noah Wibe. Venelaget for Gruo var invitert til å fortelja litt om arbeidet og oppgåvene. Leiar av VfG, Thorbjørn Marthinsen, gav ei stutt utgreiing for lyden.


Det var høve til omvising i Sjakttårnet og 24 personar melde seg på. Dei vart delt i to grupper kvar på 12 med Ivar J. Helleland som forteljar og leiar i eine gruppa og Torbjørn Marthinsen som leiar av den andre gruppa.

Felles familiegudsteneste i parken i Gruo søndag

Prestane Jørgen Knutsen og Ole J. Oma leia gudstenesta.

Torbjørn Marthinsen, i midten med kvit T-skjorte, leia den eine av gruppene i Sjakttårnet. Båe bileta foto Tor Resser ©

Veke 23

Litlabø skule og Venelaget for Gruo har hatt godt samarbeid og i veke 23 vart samarbeidet ført vidare. Skulen hadde sett av fire av fem skuledagar til omvising i gruo. Det spesielle var at elevar frå skulen var forteljarar (guidar) for elevane på skulen. Varierande prestasjonar somme hadde det i seg å guida, ung alder til tross, andre vart meir usikre. Men alt i alt ei ny oppleving for dei 10 elevane som fekk høve til å guida. Følgjande var guidar:

Nora og Andreas, Nora får rettleiing av leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen.

Noah

Theo og Emira,

Mathea Lovise og Alva Louise

Lotte, får lyshjelp av Torbjørn Marthinsen. Alle foto Tor Resser ©

Dorthe og Amalie, foto Litlabø skule ©

Fredag 4. juni 2021

68 elevar og 6 lærarar mønstra hjå Venelaget for Gruo fredag morgon etter å ha sykla frå Nordbygdo ungdomsskule, om Sagvåg, til Litlabø. Sykleturen gjekk godt, ei punktering men det var like før målgang. Leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen ønskte gjestene velkomne til Stordø Kisgruber og venelaget. Han fortalde om gruva og storleiken, særleg det som er under baken som ikkkje er å sjå. Ivar J. Hellleland skule, i utgangspunktet, fortelja om samfunnet Gruo, men det vart stilt så mange spørsmål at den forteljinga måtte han stort sett hoppa over.


Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt, elevane vart delt i tre grupper før dei skreiv seg i gjesteboka, fekk hjelm på hovudet og vart køyrde med tog inn i Høgåsen gruve. Ute att ved inngangen gjekk gruppene av og vart tekne med inn i Sadalen gruve. Geir Magne Hamnes var leiar for den eine gruppa med Knut Ekse som følgjar bak, Ivar J. Hellleland leia den andre gruppa med Bjørg Helleland som føgjar bak, og Torbjørm Marthinsen var lokførara for alle gruppene og var leiar for siste gruppa med Britt Furre som følgjar bak. Omvisinga i gruva gjekk greit og elevane var gode å spørja om det eine og hint

Elevane frå Nordbygdo ungdomsskule får høyra om gruveområdet av Torbjørn Marthinsen, til venstre i biletet, i Heishuset. Foto Tor Resser ©

Onsdag 2. juni 2021

63 elevar og lærarar frå 6. trinn ved Langeland skule sette seg på sykkelsetet og trødde til Litlabø og Stordø Kisgruber. Der vart dei tekne imot av leiaren i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen. Dei tre klassane, A, B og C tok seg ei matøkt før dei vart bedne inn i Heishuset der leiaren i VfG fortalde om gruveområdet og samfunnet den gongen . Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt.

Leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen i kvit T-skjorte, fortel om gruvesamfunnet.

Langelandelevane hadde matøkt på utsida av Heishuset. Båe bileta foto Tor Resser ©

Elevane fek hjelm på hovudet og vart klassevis tekne med på tog med Thor Hauglid som førar, inn i fjellet der vandringa gjekk i Sadalen gruve. Wilfred Sætre var vegvisar og forteljar for klasse A med Knut Ekse som sikring bak. Klasse B hadde geologen til VfG, Geir Magne Hamnes som forteljar og kjentmann med Britt Furre som sikring bak. Klasse C fekk Torbjørn Marthinsen som kjentmann og forteljar med togførar Thor Hauglid som sikring bak.

Tysdag 1. juni 2021

Også i år ønskte Sagvåg Maritime Fus barnehage å leiga Heishuset hjå Venelaget for Gruo til avslutningsfest for borna som sluttar i sommar og byrjar i 1. klasse på skule til hausten. Fetsen byrja med togtur for borna inn i Høgåsen og ut att til Høgåsen stasjon. I den store hallen song borna to songar, to gongar for stolte foreldre og føresette. Attende i heishuset heldt festen fram med helsingar, gåver og anna til borna.

Dei 13 borna song for foreldre og føresettei hallen i Høgåsen gruve.

Stolte tilhøyrarar koste seg då borna song. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 31. mai 2021

20 kvinner frå Skjold Bygdekvinnelag vitja Venelaget for Gruo måndag kveld. Laget var på blåtur, berre dei mest innvigde visste kor ferda skulle enda, men før så langt hadde dei vorte villeia med å køyra «halve Haugalandet» på kryss og tvers. Leiar av venelaget, Torbjørn Marthinsen, tok gjestene imot og fortalde deretter om gruveanlegget. Ivar J. Helleland fortalde om gruvesamfunnet den gongen. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber 1960 vart synt. Med hjelm på frisyren entra kvinnene toget med Thor Hauglid som lokkførar til inst i Høgåsen gruve og ut att til portalen. Der steig gjestene av og Ivar J. Helleland fortalde og synte veg til den store hallen i Sadalen gruve.


Frå hallen gjekk gjestene attende til toget som tok dei til heishuset. Der vart det servert betasuppe, kaffi og kringle ved Ingvild Skaret Sortland, Britt Furre og Karin Folvik Bergenhus, medan drøsen gjekk.

Ivar J. Helleland til høgre fortel om den 450 millionar år gamle fjellformasjonen i den store hallen i Sadalen gruve. Foto Tor Resser ©

Fredag 21. mai 2021

3. klasse B stud.spes. ved Stord vidaregåande skule vitja Venelaget for Gruo fredag. Ønskjet var å gå djupare i lokalsoga. Klassen, 20 elevar og ein lærar, vart tekne imot av leiar for venelaget Torbjørn Marthinsen. Han gav ei orientering om gruveanlegget medan Ivar J. Helleland fortalde om dagleglivet i gruo den gongen. Filmen Glimt frå Stordø Kisgruber vart synt, før gjesten fekk hjelm på hovudet vart tekne på tog, med Thor Hauglid som lokføra, i to grupper inn i fjellet med Helleland og Marthinsen som kjentmenn og forteljarar. Bakdamer var Ingvild Skaret Sortland og Britt Furre.

Klasse 3 b studie spes. frå Stord vgs får orientering om gruveanlegget, av Torbjørn Marthinsen, i Heishuset. Foto Tor Resser ©

Søndag 9. mai 2021

16 medlemer frå Norsk Geologisk Forening avd. Bergen vitja Venelaget for Gruo søndag.Dei vart tekne imot av leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen etter å ha skrive seg på «koronaliste». Marthinsen fortalde om gruva, medan Ivar J. Helleland fortalde om gruvesamfunnet den gongen. Filmen med glimt frå Stordø Kisgruber vart synt før gjestene vart hjelma opp og delt i to grupper, åtte i kvar, og gjekk til Sadalen gruve. Leiar og forteljar for eine gruppa var Geir Magne Hamnes med Torbjørn Marthinsen som bakmann.


Gjestene tykte vel om omvisinga og kva dei fekk sjå og oppleva. Mellom anna fekk dei med seg steinprøver dei kunne ta heim og undersøkja nærare. Vel ute i dagen att rigga dei seg til med gril og mat like utanfor døra til Heishuset, der dei kunne trekkja inn då regnet kom.

Geir Magne Hamnes til høgre var leiar og forteljar for den eine gruppa.

Ivar J. Hellenad nærast med grøn hjelm, med Wilfred Sætre som bakmann, var leiar og forteljar for den andre gruppa,Her i den store hallen i Sadalen gruve. Båe bileta foto Tor Resser ©

Måndag 26. april 2021

Ny barnehage som ikkje har vore hjå Venelaget for Gruo før. Måndag kom 10 spente born og tre vaksne frå Dåfjorden barnehage til Gruo og vart tekne imot av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Etter ei kort innføring om gruva vart filmen frå 1960 synt før gjesten vart hjelma opp og entra toget med Thor Hauglid som lokførar. Han køyrde til endes på sporet og ut att og stogga ved portalen. Der steig gjestene av og Torbjørn tok dei med inn til den blå grotte. Lyset vart sløkt og dei fekk oppleva kor mørkt det kan vera i gruvegangane. Ute att ved toget, fekk borna plukka seg ein stein å ta med seg heim som eit minne om turen, i tillegg til at dei fekk diplom for å ha gått tur retur den blå grotte.

På vandringa inn i gruvegangen fekk borna freiste seg med bor i fjellet, som ein «ordentleg gruveslusk». Foto Tor Resser ©

Måndag 26. april 2021

Ny barnehage som ikkje har vore hjå Venelaget for Gruo før. Måndag kom 10 spente born og tre vaksne frå Dåfjorden barnehage til Gruo og vart tekne imot av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Etter ei kort innføring om gruva vart filmen frå 1960 synt før gjesten vart hjelma opp og entra toget med Thor Hauglid som lokførar. Han køyrde til endes på sporet og ut att og stogga ved portalen. Der steig gjestene av og Torbjørn tok dei med inn til den blå grotte. Lyset vart sløkt og dei fekk oppleva kor mørkt det kan vera i gruvegangane. Ute att ved toget, fekk borna plukka seg ein stein å ta med seg heim som eit minne om turen, i tillegg til at dei fekk diplom for å ha gått tur retur den blå grotte.

På vandringa inn i gruvegangen fekk borna freiste seg med bor i fjellet, som ein «ordentleg gruveslusk». Foto Tor Resser ©

Måndag 26. april 2021

Ny barnehage som ikkje har vore hjå Venelaget for Gruo før. Måndag kom 10 spente born og tre vaksne frå Dåfjorden barnehage til Gruo og vart tekne imot av leiar av VfG, Torbjørn Marthinsen. Etter ei kort innføring om gruva vart filmen frå 1960 synt før gjesten vart hjelma opp og entra toget med Thor Hauglid som lokførar. Han køyrde til endes på sporet og ut att og stogga ved portalen. Der steig gjestene av og Torbjørn tok dei med inn til den blå grotte. Lyset vart sløkt og dei fekk oppleva kor mørkt det kan vera i gruvegangane. Ute att ved toget, fekk borna plukka seg ein stein å ta med seg heim som eit minne om turen, i tillegg til at dei fekk diplom for å ha gått tur retur den blå grotte.

På vandringa inn i gruvegangen fekk borna freiste seg med bor i fjellet, som ein «ordentleg gruveslusk». Foto Tor Resser ©

Torsdag 8. april 2021

Siste klasse ut frå Litlabø skule for å få omvising på området til Venelaget for Gruo, var 1. klasse. Dei vart ikkje tekne med til den tidlegare dammen i litle Dyråsen, men inn og opp til øvste avsats i Sjakttårnet, og under Sjakttårnet, for å få ei viss kjensle av å vera inne i fjellet. Som vanleg på desse turane var det leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, som synte veg og fortalde til dei 13 elevane og to vaksne som var med.


For meir info om kvifor klassen ved skulen vert tekne med på omvising, scroll ned til tysdag 9. mars.

Klassen komen inn i Sjakttårnet der dei fekk sjå korgene, til venstre, som gjekk ned gjennom den 750 meter djupe sjakta. I orange jakke Torbjørn Marthinsen. Foto: Tor Resser ©

Fredag 26. mars 2021

7. klasse frå Litlabø skule var den siste som fekk tur til Dyråsen i år. 12 elevar og ein lærar møtte i Heishuset. Der gav leiar av Venelaget for Gruo, Torbørn Marthinsen, den vanlege orienteringa om gruveområdet over og særleg under bakken.


Turen gjekk om Børtveitsmio til Dyråsen og inn i det som ein gong var siste bassenget til vatnet som vart nyta i vaskeriet til Stordø Kisgruber.


For meir informasjon scroll ned til tysdag 9. mars.

Saknar de 1. klasse, kjem den onsdag 8. april. Klassen har ikkje vore i Sjakttårnet, og vert teken med der.

7. klasse i bassenget der vatnet kom inn frå hovudbassenget i Jappaløkjen. Torbørn Marthinsen til venstre i orange jakke. Foto Tor Resser ©

Torsdag 25. mars 2021

Då var turen komen til den nest yngste klassen, klasse 2, til å ta turen til Dyråsen. 16 elevar og tre vaksne stilte i Heishuset der leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen fortalde om gruva, gangane, freista syna kor stort gruveområdet er, ikkje minst under jorda, og han fortalde om vaskeriet. På veg mot Dyråsen gjekk turen m.a. innom smio frå Børtveit.

I Dyråsen gjekk turen i den tidlegare dammen som leverte vatn til vaskeriet. Inst i dammen fek dei sjå kor vatnet kom inn frå Jappaløkjen.


For meir informasjon scroll ned til tysdag 9. mars

2.klasse samla inst i den tidlegare dammen til vaskeriet. Torbjørn Marthinsen i orange jakke, var vegvisar og forteljar.Vatnet kom ut av hòlet til høgre i biletet. Foto Tor Resser ©

Tysdag 23. mars 2021

Tysdag var det 6. klasse, 14 elevar og tre tilsette, ved Litlabø skule som tok turen til Dyråsen, åsen bak der vaskeriet til Stordø Kisgruber låg. Åsen var viktig for vassforsyniga til vaskeriet, og til busetnaden kring verksemda. I åsen var det bygt eit vassbasseng. Turleiar og forteljar var Torbjørn Marthinsen, nyleg attvald som leia av Venelaget for Gruo .Før turen ut i terrenget, vart det ein svipp innom Heishuset der det vart fortald litt meir om vaskeriet og kor dei ulike bygningane på anlegget låg.


Meir info. scroll ned til tysdag 9. mars.

6. klasse i dyråsen der vatnet kom inn i bassenget gjennom opninga litt til venstre for midten i biletet. Heilt til venstre Torbjørn Marthinsen. Foto Tor Resser ©

Måndag 22. mars 2021

Tiltaket med å syna elvar og lærarar området til Stord Kisgruber held fram, etter ein koronastopp. Måndag var turen komen til 4. klasse for å få omvising i Dyråsen. Elevane, 17 pluss tre lærarar, møtte i Heishuset der dei fekk eta nistematen og fekk informasjon om området av leiar i Venelaget for Gruo, Torbjørn Marthinsen.


For meir info sjå under, tysdag 9. mars.

Elevane i den tidlegare dammen for vatnet til vaskeriet til Stordø Kisgruber. Vatnet vart henta frå Jappaløkjen og kom til dammen i Dyråsen gjennom opninga til venstre i biletet. Foto Tor Resser ©

Tysdag 9. mars 2021

Ny omvising, litt utanfor det tradisjonelle gruveområdet. Våren 2020 fekk dei sjuk klassane ved Litlabø skule omvising i Sjakttårnet på gruveområdet. Tiltaket vart gjort for å at elevane skal få vita korleis det var i området då det var gruvedrift og å knytta eit tettare band mellom skulen og Venelaget for Gruo då gruveområdet ligg i nærmiljøet til skulen og er såleis granne.


Tiltaket held fram i år og turen går til Dyråsen, åsen bak der vaskeriet ein gong låg. I åsen var det sett opp transformatorstasjon og bygt dam for vatnet som vart nytta i vaskeriet for å vaska ut svovelkisen frå berget. Mange har nok gått turen til Dyråsen, men det er nok dei som ikkje veit kva vatnet i dammen vart nytta til.


Første pulje ut var 3. klasse, 19 elevar og to lærarar. Dammen er borte og attgrodd, men demninga og røyret inn til og ut frå dammen syner framleis. Dammen fekk vatnet frå Jappaløkjen gjennom ei bygt renne fram til dammmen via ein viadukt bygt kring 1910-1911, over eit dalføre. I 1922 var det lagt røyr i bakken gjennom dalen til dammen og viadukten vart riven.

Elevane ved trafostasjonen i Dyråsen. Kjentmann og forteljar var leiar i VfG, Torbjørn Marthinsen, som peikar på eit tilsutla maleri på veggen. Foto Tor Resser ©

Tysdag 23. februar 2021

NbArk, Barnas Røde Kors, ønskte å koma på omvising hjå Venelaget for Gruo. Det var dei velkomne til, men på ein måte litt amputert omvising. For det første koronarestriksjonar, for det andre nett over med ein kald vinter som hadde sett mykje av det elektriske anlegget uta av funksjon, og for det tredje is i gruvegangane, som gjestene helst ville sjå.


Men bArk kom likevel, 11 born og seks vaksne. Dei vart tekne imot av leiar av laget Torbjørn Marthinsen, etter at dei var smitteprotokollbokførte og vaska hender med antibac. Marthinsen fortalde kort om anlegget, filmen om Stordø Kisgruber vart synt før turen gjekk til topps i Sjakttårnet med Ivar J. Helleland som trappeførar og forteljar. Lyset var borte i tårnet men bArk hadde med eigne lykter.

Ein del av gjesten på den første avsatsen i Sjakttårnet. Her vart vognene frå gruva, fulle av stein, tekne ut av heiskorgene og køyrt ut til kolportøren, til venstre , der vognene vart vende oppned og steinen fall ned i storknusaren. Til høgre Ivar J. Helleland. Foto Tor Resser ©

Share by: