Brudlaup 2

av Tor Resser

Brudlaup i Gruo 2

Laurdag 1. september 2012 – nøyaktig ei veke etter at det første brudlaupet vart halde i Gruo – var det på ny brudlaup i Gruo.

Denne gongen var det Rebekka Moe og John Einar Aase som sa eit endeleg ja til kvarandre. At dei ville høgtida brudlaupet i Gruo var nærast naturleg, då dei bur på Gjerde, haugen bak Heishuset. Sjølve vigslinga fann stad i Stord kyrkje, medan brudlaupsfesten vart halden i Heishuset i Gruo.

Medan brureparet var til fotograf, vart gjestene tekne imot av medlemer frå Venelaget for Gruo og vist inn under sjakttårnet, der det vart servert forfriskingar. Deretter vart gjestene tekne inn i “Katedralen” i Høgåsen, dit brureparet kom i stasvogna med toget. I “Katredralen var det ein kort konsert med Nils Horn og bandet hans. Då brureparet kom køyrande ut att med toget, stod gjestene langs sporet og hylla dei. Utpå kvelden var det fyrverkeri, sjølv om veret ikkje var det beste.

Venelaget for Gruo kjem venteleg ikkje til å ha fleire brudlaup i Gruo.


Dei sju borda i Heishuset var fint pynta

Gjestene fekk forfriskingar under tårnet medan dei venta på brureparet.

Brureparet Rebekka Moe og John Einar Aase.

Konsert i “Katedralen” i Høgåsen.

Nils Horn med band spelte.

Brureparet køyrde i stasvogn inn til og ut frå Høgåsen

Gjestene har sessa seg til fest i Heishuset. Alle bileta foto Tor Resser ©

Share by: